Referat årsmøte 2018

Referat frå årsmøtet i Stord sogelag 2018


Tysdag 6.mars 2018 heldt Stord sogelag årsmøte på Stord folkebibliotek i Kulturhuset. 23 personar hadde møtt fram for å høyre Odd Naustdal kåsere over emnet: Frå sildolje til Nordsjøolje.


Etter dette interessante kåseriet om utviklinga av Stord verft, fann det formelle årsmøtet stad. Jakob Gullberg blei vald til møteleiar.Til referent vart Turid Tresselt Melheim vald. Ingen hadde merknader til innkallinga, og så vel årsmeldinga som rekneskapen vart samrøystes godkjende. Det var heller ingen kommentarar til at kontingenten ikkje skulle endrast.


Liv Astrid Økland har vore leiar av valnemnda, og ho gjekk gjennom innstillinga deira som vart følgd. Det kom ingen andre framlegg.


Styret har no denne samansettinga:

Leiar:                    Kjellbjørg Lunde- ny                              Vald for eitt år.

Styremedlemmer: Asbjørn Aasheim – attval                       Vald for to år.

Atle Bjørm Mæhle- attval                         Vald for to år.

Gunnar Strand- ikkje på val                       Eitt år att.

Peggy Husevik Bærøy- ikkje på val    Eitt år att.


Varamedlemmer:

Bjørn Bjørlykke – attval                                  Vald for eitt år.

Jens Litlabø- attval                                          Vald for eitt år.


Revisor:                Bjørnar Withbro- attval                                  Vald for eitt år.

 

Valnemnd:         

Nils Tore Gram Økland- leiar

Lars Mæland

Turid Tresselt Melheim

 

Turid Tresselt Melheim

-referent-