Telefonen før i tida

Foto: Oddbjørn Kvålsvold

Tradisjonen fortel at det var konsul Joakim Andersen som kjøpte ein telefon på verdsutstillinga i Philadelphia i 1876 direkte av Alexander G. Bell, same året som Bell fann opp nyhendet. Han monterte den som kommunikasjon mellom sin private heim og verksemda si i Ålesund. Dette var fire år før telefonen offisielt kom til Noreg.


Sjølv har eg barneminne frå då eg var med inne på ein liten bygdetelegraf i slutten av krigsåra. Sentralbordet på denne type stasjonar var samtidas livsnerve i kommunikasjonen med omverda. Her vart samtalar til dei som hadde telefon i nærområdet kobla saman. Vidare vart samtalane med omverda planlagde og sette opp. Koblingsbordet på telegrafstasjonen var eit teknisk vidunder for forvitne barneaugo. Her var eit «virr var» av leidningar med kontaktpinnar i enden, desse vart plassert i dei forskjellege koblingshol. Øvst på betjeningspanelet var det klokker som registrerte taletid og periodar. Når samtalen var kobla opp, starta dei ei av klokkene. Når samtalen hadde vart i 3 minuttar, gav klokka lyd, og ekspeditøren kobla seg inn på samtalen (lyttespaken) og opplyste at ein periode var oppbrukt. Kunden avslutta då, eller tinga ein ny periode på 3 min.

På grunn av at få hadde telefon, var bodsending ein viktig del av drifta. Då måtte den som fekk bod, koma på stasjonen og melda seg for samtalen, eller hjå ein som hadde telefon i nærområdet. Stasjonen knytte da opp samtalen på nytt. Dette var ein manuell operasjon som kunne ta tid, då det var få linjer, og berre ein samtale per linje. Telegram i samband med viktige meldingar eller helsing til bryllaup og konfirmasjonar var ein viktig del av kommunikasjonen i samtida. I bryllaup vart dei handskrivne telegramhelsingane som kom med bod frå stasjonen, lesne opp av kjøkemeisteren. Festtelegramma hadde spesiell fin utforming, med store rosebukettar og med det norske flagg etter at okkupantene hadde kapitulert.

I ein samtale med Torgils Engevik som voks opp på Eskeland, skildrar han eit tidsbilde frå sin barndom. Hadde familien trong for bodsending etter t.d. doktor og dyrlekjar, måtte dei traska stien og bygdevegen ned til Nilsen på Rommetveit. Butikkmannen var ein av dei få som hadde telefon før siste verdskrig. Torgils meiner at heima hjå han kom telefonen først under 2. verdskrigen. Då vart det bygd ei linja til Eskeland, via Haugland og Presthaug, med signala 2, 3 og 4 ring. Gardane i områda skiftest litt med å ha telefonen i huset, for dette medførte ekstraarbeid og ansvar for telefonrekninga. Felles telefon bygde på tillit, der dei andre brukarane skulle notera ned kvar sin del av fellesrekninga.



I heimen til Sæbjørn A. Dale på Dale var det telefon i heile hans oppvekst. Sæbjørn fortel at det var få som hadde telefon på denne tid, og bodsending var ein jobb for ungane. Han minnest at det ikkje var kjekt å gå skogsstien inn til Falkåsen med bod til dei to nybrotsmennene som budde der inne, Valde og Wilhelmsen i mørke haustkveldar. Sjølv om folk telefonerte lite, så førte samankalling av lossegjengane til sildoljefabrikken på Kjøtteinen, til mange bodturar. Stasjonane var som tidlegare fortald manuelle, og telefonistane på stasjonen kjende godt til det som skjedde i bygdene. Som eit døme på dette fortel Sæbjærn om då kona Oslaug skulle kjøpa ny symaskin. Ho gjorde avtale med ein agent over telefonen om at han skulle koma til Dale og demonstrera maskina. Men før han rakk å koma, kom ein konkurrent og spurde om ho var interessert i ein demonstrasjon av symaskin? Om dette var tilfeldig eller «lekkasje» , skal vera usagt.


Munnlege kjelder:           Torgils Engevik f. 1929     Sæbjørn A. Dale f. 1929

Digital kjelde:                      wikipedia.org

 

Sunnhordland» 19.3.18.


Oddbjørn Kvålsvold