Sosiale møteplassar i vår nære fortid
Mange av dei sosiale møteplassane me eldre nytta i ungdomsåra er ikkje i bruk lenger. Våre barn og barnebarn vaks inn i ei tid der mykje av kontakten med jamaldrande går føre seg i den digitale verda eller etablerte restaurantar. Men om me tenkjer oss 60 år attende var bruken av Ungdomshallen, Turnhallen, Samhald og Samfunnshuset viktige arena for det sosiale liv både for ungdom og dei eldre. Eg minnast at mange av oss som budde på Hybelhuset til Stord Verft i slutten av 1950-åra, tok bussen frå Leirvik for å sjå filmar eller delta på dansetilstilling i Samfunnshuset. Men i 1971 vart hotellet til Tveita på Bjelland opna og i 1976 vart «Condeep Dansebar» teke i bruk. Same året opna òg første restauranten på Vikjo, Panorama Restaurant og Pub. Etter kvart fekk mange «smaken på» restaurantlivet og gradvis innarbeidde me ein ny livsstil.
I ein samtale med Astrid Stokken i 2015 fekk eg innblikk i «livet bak kulissane», i ein av dei tradisjonsrike møteplassane i Stord kommune, Samfunnshuset på Litlabø. Astrid og mannen Mikal Stokken hadde vaktmeisteroppgåve og reinhald av huset i 20 år. Desse to drifta det i lag med kokkane Ødegård, Fjellheim og Bergeland, og kjenner det meste av soga til eit hus med sjel. Innleidningsvis fortel Astrid om korleis heile bygda var med og realiserte planen om ei storstova for bygdelaga Litlabø og Sagvåg. Ikkje minst var det mange som ytte mykje til fellesskapet gjennom å arbeida overtid i Gruo, der betalinga gjekk til Samfunnshuset. Jau, bygda var stolt over det flotte huset når det stod ferdig og dei kunne ta det i bruk våren 1955. Ekteparet var vaktmeistrar i ein tidsbolk med mange aktivitetar i Samfunnshuset, og fortel om ei travel tid. Her var bryllaup, jubileumsfeiringar og dansefestar, men og gymnastikk-grupper, song- og musikkøvingar og ikkje minst vart biblioteket svært populært. I 50-60åra var utelivstilbodet for ungdommar laurdagsdans i Samhald, Samfunnshuset eller Turnhallen.
Med så mykje bruk av Samfunnshuset var reinhald og vask mellom dei forskjellige arrangementa ei travel tid for vaktmeistrane og Mikal måtte ofte vera «glasmeister» etter laurdagsdansen. Astrid dreiv med litt sal av brus, smågodt og sjokolade, – eit populært tiltak. Spesielt var tida rundt avslutninga av dansane litt ekstra travel. Ho og mannen måtte saumfara huset før dei gjekk heim, for ofte var det nokon som hadde sovna bak flygelet eller på do. I garderoben vart det trongt og mange ville få tak i klede og drosje i ein fart. Det hendte det «flaut blod», men ikkje ofte. Ho fortel at hjelparar frå lensmannskontoret kom innom og ordna opp når det var trong for det.
Ei hending som vart eit livsminne, var då ho fann ein sovande mann i renna på herretoalettet. Ho fekk vekt han og tinga drosje, men drosjesjåføren kjende ei «ram lukt» og ville ikkje køyra han til Vikjo. Astrid forhandla med sjåføren slik at han skulle venta, så tok ho med den hjelpelause inn på lageret for «gløymte klede». Her gjennomførte dei av- og påkledning og han sjangla med ho ut til drosjen, iført treningsdrakt og ein varm vinterfrakk. Etter episoden hende det at Astrid råka på mannen og kvar gong fekk ho helsinga, «du skal ha takk for at du fekk meg heim den kvelden».
- Munnleg kjelde: Astrid Stokken – (1921- 2017)
- Skriftleg kjelde: «Soga om Sagvåg» v/ Asbjørn Aasheim – 2012
«Sunnhordland» 12. januar 2021
Oddbjørn Kvålsvold

