Som førstereiskokk på Islandsfiske
Mange unggutar frå Stord har prøvd seg som fiskarar i ungdommen, og for nokre vart første turen på islandsfisket eit sterkt livsminne. Fleire av dei eg har hatt samtalar med, skildrar islandsfisket som ein elddåp på veg mot vaksenlivet. Hardt arbeid, lite svevn i periodar og mykje slingring i grov sjø i datida sin fiskebåtstandard. Fleire av forteljarane mine lova seg sjølv at dei aldri meir skulle på drivgarnsfiske ved Island når båten var på heimveg. Men i songen heiter det; «… der leika det fisk ned i kavet, og den leiken, den ville han sjå». Og slik vart det for mange, ny sesong og ny tur til fiskefelta ved Island.
Ein av forteljarane mine, Erik N. Saue, mønstra på MS «Joøy» sommaren 1946 for å vera med til Island. Etter ein periode på fraktefart vart båten «befrakta» av Oskar Nilsen frå Espevær og utrusta for islandsfiske. Då Erik N. var ein av dei yngste ombord med litt kokeerfaring frå fraktefart, vart han plassert i byssa som kokk for eit mannskap på åtte. Då båten låg i sildabyen og provianterte, nytta Erik N. høve til å kjøpe « Haugesund husmorskoles kokebok», eit hjelpemiddel den unge kokken fekk god nytte av. Byssa på «Joøy» var kolfyrt og brøda vart sett til heving oppå ei vatnpanne med fare for å «dansa» skott i mellom, og steikeomnstemperaturen vart kontrollert med å «stikka neven inn», fortel Erik N.
I den første tida fekk den unge kokken variert kvalitet på brøda. Gjærklumpane vart gamle og «utgått på dato», sjølv om dei vart oppbevarte i salt. Ja, det vart nokre «løgne» brød, men alle åtte ombord overlevde med meg som kokk, fortel Erik N. med eit glimt i auga. Men brødkvaliteten steig monaleg etter at han trefte på Malvin Alsaker i Siglufjord på Island. Malvin var stuert på eit marinefarty som hadde vaktoppgåver under islandsfisket, og av han fekk Erik N. ein boks med amerikansk tørrgjær. Kokken på «Joøy» fekk no meir taket på brødbakinga, og dette redda kanskje førstereiskokken sitt ettermæle som bakar.
Islandsturane varte i om lag to månader og ofte var det mykje «vær» som til dels hemma fisket. Dei fyrste åra etter siste verdskrigen var det drivgarnsfiske han var med på. «Joøy» hadde 100 garn i lenke som vart trekte kl. 4 om morgonen, og så gjekk det i eit, til fangsta var avvølt og garnlenka klar for neste sett. Kvar 4. time var det kaffipause og matøkt med frukost kl. 8 om morgonen, samt ein liten kaffipause med røyk når midtblåsa på garnlenka kom over rekka. Første året Erik N. var med, vart silda skarpsalta i tønner etter at hovud og slo var fjerna med eit velretta snitt med kniven. I kvar tønne vart det flolagt 300-350 skarpsalta sild før tønnenene med lok vart plasserte i rommet. Her vart det bora hol i dei, etterfylt med lake og sponsa. Reiskapen som vart nytta på denne tid, var garn av bomull, og dei måtte stellast godt skulle dei vara og ikkje få «varmgong». Etter at silda var rista av på dekk, vart garna greidde og påstrødde salt og gjort klar til neste sett. Erik N. fortel at det gjekk med to tønner salt til kvart sett.
I dei verste periodane med storm og tung sjø måtte fiskeflåten gå til lands, og det vart både trongt og livleg i hamnene. Det hendte at islendingane sette inn «mottiltak» når det var landligge, fortel Erik N., dei stengte vinmonopolet, og unggutane måtte passa seg for å ikkje koma i trøbbel og få juling når dei gjekk på land. Fiskaren frå Vikanes fortel om mange turar med fiskebåt i farvatna ved Island, og ofte var det kryddasild som vart foredla. Denne silda vart konservert med ei blanding av fint salt, sukker og krydder som vart blanda på dekk. Her vart sild flolagt i botn og topp, mens midtpartiet vart tømt opp i tønna og det vart lagt ein haug på toppen av tønna før dei fylte opp med lake. Etter at dei hadde stått og sige i 3 timar vart tønnelokket pressa på plass så laken skvatt. På dette fisket var det sedvane at alle mann fekk ei tønne sild i tillegg til hyra, fortel Erik N., som fekk sin elddåp på islandsfisket i 1946.
Munnleg kjelde: Erik N. Saue f. 1924
«Sunnhordland» måndag 13.februar 2017
Oddbjørn Kvålsvold


