Slik vaska og stelte me klede før i tida

Foto: Oddbjørn Kvålsvold

I vår nære fortid var klevasken ein viktig del av «kvinnfolkarbeidet» i alle hushald. Dette var eit storarbeid som både var tungt fysisk og tidkrevjande før moderne vaskemaskiner vart vanlege. Mange kokte kviteklede i eldhus og transporterte kleda til skylling i vassdrag. Andre tok med seg «storvasken» i delar av året til vasskjelda der det var rigga til eldstad. Spesielt i langvarig turre periodar og vintrar med turrfrost vart det vassmangel for mange. Trong for stabil vasstilgang auka, ikkje minst etter at vaskemaskinene vart meir og meir vanlege utover i 1950-åra, og elektrisk kraft vart utbygd. Skriftlege kjelder fortel at i 1959 hadde 53 % av hushalda vaskemaskin, og i 1973 heile 72 %. (Kjelde: Store norske leksikon)


Kona mi har oppvekstminne frå vaskedagane, som dei vaksne utførte i eldhuset kvar 14. dag. I eit hushald på 8 -10 var det mykje klede som skulle vaskast, turkast, strykast og rullast. I eldhuset vart klede lagde i bløyt i heimelaga stampar kvelden før vaskedagen. Dette var store trestampar som far hennar hadde laga på verkstaden. Vaskedagen starta med at mora og tenestejenta fyrte opp under koparkjelen i grua. Denne vart fylt med kviteklede som var såpa inn med heimekokt såpa, laga av kaustisk soda, vatn og talg. Det vart òg tilsett «Blenda» i dette vatnet. Etter eit godt oppkok vart kleda teke over i trestampane og vidare handsaming på vaskebrett. Desse var laga med småbylgjete skureflate av sink eller glas. Kvitekleda vart etter vask lagde over i nye trestampar for skylling og fekk stå i rennande vatn til neste dag. Då vart dei hende over nokre trebukkar for avrenning, før dei fekk sin plass på dei mange tørkesnorene ute. Kulørte klede vart vaska i stampar med vaskebrett og varmt såpevatn frå koparkjelen i grua og utblanda til passe temperatur. Desse vart skylte og lagde på krakkar for avrenning før dei vart plasserte på tørkesnorene. Før dei tok til med alle ullkleda, vart nytt vatn varma opp i koparkjelen. Ja, på denne tida vart det nytta underklede og lange sokkar av ull, både av vaksne og ungar. Alle lubbar og andre ullklede fekk ein omgang med innsåping og skuring på vaskebrettet før dei vart skylte i varmt vatn og lagde på krakken for avrenning.


Etter kvart som jenteflokken på 4 voks til, måtte dei delta både i eldhuset og med handsaminga av klede etter turking på snorene. Alle sengeklede og dukar skulle brettast saman og klargjorde for rulling. Sedvane i samtida var at skjorter og blusar skulle strykast. Før dei fekk elektriske strykejern i heimen, nytta dei to strykejern som dei vekselvis varma opp på vedomnen i kjøkkenet. Ullklede vart sorterte og vurderte om det var trong for bøting. Alle lubbar og strømper av ull som det kunne strikkast ny hel eller fot i, vart lagde til sides. Desse vart tekne med på stølen om sumaren for reparasjon. 



Det høyrer med til minna frå vaskedagane at faren kjøpte vaskemaskin då straumen kom til gards i 1953. Denne var laga av «smedbrørne» på Aga. Vaskekassen var av tre, og hadde skovl montert i sida og med motor plassert nede på fundamentet. Dette effektiviserte vaskedagane monaleg, no fekk både kvite- og kulørte klede ein omgang i den «firkanta kassa med Hoover-rotor», og trongen for skuring på  vaskebrett vart redusert.


Munnleg kjelde: Kona mi Aslaug


«Sunnhordland. 15 .februar. 2019»


Oddbjørn Kvålsvold