Mitt møte med industrien
Ein maidag i 1958 stempla eg inn ved Stord Verft for første gang. Dette var ein stor dag i ein 17- årings liv, og ei avgjer som fekk vesentleg innverknad til mitt seinare livslaup. Lærlingkontrakten ved Stord’ s største verksemd og miljøet eg vart ein del av, vart med å forma mitt vaksenliv og interesser fram til pensjonistalderen. Verftet hadde på denne tid vel 800 tilsette, men var i sterk vekst. Det var stor trong for arbeidskraft, og arbeidsfolk vart henta inn frå heile landet.
Det var personalsjefen, Harald Lindeflaten, som tok imot meg på personalkontoret. Lite visste eg den gang om kva det innebar og byrja i skipsbyggarlæra og verta industriarbeidar. Etter samtalen på personalkontoret vart eg geleida ned til arbeidsleiar Olav Andersen, sjefen på ”Universitetet”. Han hadde ansvar for ei mørk krå nede i gamle plateverkstad 1, der det vart laga mindre komponentar/ utstyr til båtane. Her var mykje nytt og skummelt å oppleva for meg, – spesielt hugsar eg skjerebrennaren. Den slengte ut eldtunger og small og var ein villstyring kvar gong eg skulle tenna den. Men heldigvis var det folk i nærleiken, som forbarma seg over denne nye bondeguten. Eg var nok meir fortruleg med hestar og motorsag, enn ein rebelsk acetylen/oksygen brennar. Dei få dagane eg var på «universitetet», kjendest lange og lite givande. Men så kom redninga. Platearbeidar Trygve Olsen kom og henta meg. Eg skulle vera med han og fagsveisar Victor Gillstrøm og ferdiggjæra den nye opplæringsavdelinga. Snart kom det fleire nytilsette og dei òg, skulle vera med på det første kombinerte plate og sveisekurset som verftet arrangerte i 1958.
Dei første dagane på opplæringa førte og til ei vond og vanskeleg vakenatt. Eg svei og brann på auga og trudde eg held på å miste synet, men Trygve hadde forklaringa, eg hadde hatt sveiseglimt. Opplæringsleiar Hans Knutsen hadde ansvar for teorien på kurset. Med sine treklossar fekk han oss til å sjå konstruksjonar forma seg på ei flat teikning. Med grunnriss, oppriss, sideriss og snitt. Ja, etter kvart dukka bileta av kneplater, webbar og maskinfundament fram i hovuda våre. Treklossane til Knutsen var eit pedagogisk opplegg som gav oss ei god tilnærming og innføring i teiknelesing, sjølv om mange i byrjinga vitsa med leikeklossane til ingeniør Knutsen.
Etter nokre veker som hybelbuar på Kårevik Pensjonat, sto det nye hybelhuset på Bjelland klart til innflytting. Dette var etter samtidas standard, eit godt tilbod, med rom i to storleikar, med ein eller to soveplassar og tekjøkken. Det var felles dusj og toalett i midtpartiet i kvar etasje og på badegolvet i dusjrommet vaska vi arbeidsbuksene med grønsåpa og skurekost. Eg flytta inn på ein tomannshybel i lag med Arne Vik frå Fitjar. Hybelen kosta kr 45 pr månad for kvar av oss, så det vart få kroner att i lønningsposen den veka dei trekte leiga og skatt. Lønna var kr 1.25 pr. time det første halvåret, med nokre kroner i akkordtildeling av og til. Etter kort tid utvikla det seg eit nært og godt venskap mellom læregutane. Både på jobb, den 3-årige tekniske kveldsskulen og i fritida. På hybelhuset budde mange av oss som var innflyttarar; Leif Skogseth, Ottar Flotve og Kåre Kvalvik frå Hardanger og Karl Olav Vestvik og Arne Vik frå Fitjar for å nemne nokre.
For meg var tida som læregut ved Stord Verft ei god og trygg tid. Her var eit miljø som inkluderte og tok vare på unggutane. Eg vart kjent med mange flinke og kjekke fagfolk, i eit industrimiljø med ei fantastisk utvikling. Me vart ein del av dei som la grunnlaget for Stord og Sunnhordland som kompetanse- og industrisenter. Berre det å oppleva dette miljøet som læregut, var stort i samtida.
«Sunnhordland» 6. okt. 2021
Oddbjørn Kvålsvold

