Lønningsposar og klingane mynt

Lønningsdagen med utdeling av lønningsposen, vert hugsa som ei høgdepunkt av mange. Sjølv om innhaldet ikkje var overraskande, så fekk ein kvitta seg med uteståande gjeld og nokre kunne få realisera nye innkjøp. Når eg byrja på Kjøtteinen i 1958 kom arbeidsleiaren rundt med lønninga på fredag, og mange av hybelboarane reiv i eit patentsmørbrød på Tesalongen om kvelden. Dette var lenge før fredagspilsen var lansert i enkelte miljø. Lønna gav lite slingringsmon til «utskjeielser» for folk flest.


Frå 1971 var det slutt på klingande mynt i lønningsposane på Kjøtteinen. Lønna til arbeidstakarane ute i produksjonen, vart overført banken direkte. Alle som ynskje det, fekk utdelt sjekkhefte. Funksjonærane ved verftet hadde «prøvekøyrt» sjekksystemet i nærmare 10 år. Stord Sparebank og Sunnhordlandsbanken etablerte eit vekslingskontor ved verftet. Dette hadde kontortid kvar fredag mellom kl1130 til kl1300. Her fekk dei som ynskte kontantar, ta ut lønna. Etter nokre år, gjekk sjekk ut på dato og betalingskort vart ein mellomstasjon, mot det «pengelause samfunn»?


Ei av informantane mine, Anna Barmen, har fortald livsminner frå arbeidet med lønningsposane. Dette var eit tidkrevjande og møysommeleg arbeid, når fleire hundre lønningsposar skulle klargjerast kvar veke. Ho byrja på AS Stord i 1950 og var med å rekna ut lønn og fordelte kroner og ører i kvar enkelt pose. På denne tid hadde deler av administrasjonen kontor nede på kaien, og dei var nærmaste nabo til sildoljefabrikken. Her var det kontorfasilitetar for disponent Onar Onarheim, rekneskapsjef Markus Fostervoll, kasserar Trygve Grøsvik, rekneskapsførar Otto Andersen og sekretær Reidar Johannesen. Og på forrommet satt kontordamene. Borte i eit hjørne var det telefonteneste, og her kom folk frå fiskebåtane og lånte telefonen. Anna hugsar at i sildesesongen var det stor trafikk framom arbeidsplassen hennar, lufta vart «parfymert» av fiskarane som skulle ringa.


Informanten fortel at dei nytta ei sylindrisk «sveivemaskin», for å rekna ut lønna for kvar enkelt. Ein type reknemaskin, som vart brukt av mange på denne tid. Grunnlaget for lønnsutrekninga, lønnssats og timegrunnlag var det «timekontoret» som leverte jentene. Vidare måtte dei forskjellige trekk som kvar enkelt lønnsmottakar hadde, trekkast frå. Utbetalt forskot, husleiga, skatt og avgifter var vanleg, og så barnebidrag for nokre. Når sluttsummen var avstemt, vart pengane tinga i banken.


Løparguten som til vanleg sykla, kom denne dagen i drosje med pengane frå Vikjo. Han hadde med seg både store og små settlar, og myntar ned til 1 og 2 øringar. Kontorpulten hennar var fylt opp med pengar og lønningskonvoluttar denne dagen . Pengane skulle leggast i dei ferdig lønningsposane. Beløpet i og utanpå posen måtte stemma til siste øre og avstemmas mot uttak i bank. I sildesongen var det mange «lossegjengar» som skulle ha løn, og nye lønningsposar skulle vera klar til utlønning kvar veka.


Anna hugsar at nokre få, ynskte spesialhandsaming. Kvar gong dei fekk akkordoppgjer, ville dei at summen skulle delast på to lønningsposar. Me kan anta at den eine posen fekk konemor på vanleg måte, men at den andre posen var til meir privat bruk, kanskje til hygge og glede?


Munnleg kjelde:           Anna Barmen – f. 1929

Skriftleg kjelde:           «System- Posten»


«Sunnhordland» 20.mars 2015


Oddbjørn Kvålsvold