Hushjelpene før i tida
Hushjelp var eit arbeidsforhold som var vanlig i mange husstandar tidligare. Både på gardar og i mange større hushald vart det ofte tilsett ei ungjente. Men mange plassar vart dette eit arbeidsforhold som varte i mange år. I enkelte høve gjekk arbeidsforholdet over til å fungera som hushalderske. Søster til mi bestemor tok teneste på ein gard 18 år gamal. Etter nokre år døydde gOardkona berre 46 år gamal, og grandtante overtok ansvaret for fem små born og hushaldet på garden. Da enkemannen på garden døydde 17 år seinare, vart eldste sonen brukar, men grandtante heldt fram i arbeidsforholdet til ho vart pensjonist.
Statistikken fortel at i 1930 var det 120000 hushjelper i Norge, men berre 15000 i 1960. Kor mange det er i dag veit eg ikkje, men tekniske hjelpemiddel i hushaldet og likestillingskampen har nok ført til endå større nedgang for denne typen arbeidsplassar. Riktig nok ser det ut til at stadig fleire ynskjer hushjelpa attende i familien. Enten som reingjeringshjelp eller praktikant, eller begge deler.
Eg veit at bestemors søster hadde det godt som tenestejenta og hushalderske, men dette var slett ikkje slik i alle arbeidsforhold på denne tid. Mange historier er dokumentert om både fysisk og psykisk overgrep på ungjenter som var i arbeidsforhold. Når det gjaldt arbeidstid og fritid vart dette fyrst lovmessigt regulert i 1948, da den første Hushjelplova vart vedteke av Stortinget. Lova var privatrettsleg, slik at «den fornermete part» måtte fremma sit krav, men no fekk desse arbeidstakarane ein juridisk rett til regulert arbeidstid og fritid. Arbeidstilsynet gav rådgjevande hjelp til partane i tolkingsspørsmål.
I 1959 var ho som seinare vart kona mi på utkikk etter arbeid på Stord. Dette var ein periode det ikkje var så flust med arbeid for unge jenter her. Men så oppdaga me at ein bonde på Haugland skulle ha «husmorvikar», med kunnskap om mjølking, gardsdrift og husstell. Det var Johannes Haugland som ville tilsettja hushjelp med erfaring frå gard og husmorskule, då kona Marta hadde termin ut på nyåret og venta 5. barnet. Ungjenta frå Hardanger søkte og fekk husposten på Haugland. På garden var det 4 mjølkekyr, sauer og ei grisepurke som skulle ha stell, i tillegg til hushaldet. Johannes dreiv lastebilkøyring og hadde dessutan faste brøyteoppdrag om vinteren.
Dagen starta med å laga til frukost for dei tre ungane som skulle vera klar til skulebussen. Dei dagane Johannes måtte tidleg ut med lastebilen til transportoppdrag eller snøbrøyting, var det jobben til hushjelpa å stella i floren. Det var handmjølking på Haugland og ein heil jobb med fjøsstellet, før mjølkeholkane kunne transporterast opp til mjølkerampen.
Hushjelparbeidet på Haugland var variert med både ute- og innearbeid. Livsminna om laurdagane da ho fekk hjelp av småguten Arne med baksten er artige. Om våren skulle sauene klyppast og Johannes leigde inn Sara Tyse som medhjelpar. Aslaug hugsar at dei sat på bakken på papirsekker og nytta vanlege sauesakser. Under dette arbeidet sakna ho dei spesialkrakkane faren hadde laga til slikt arbeid heime i Hardanger. Når slåtten tok til, vart det arbeid ute med riva, hesjing og vending av høyet, som delvis vart tørka på bakkane. Eit tidsbilete kona har frå Haugland, var å sjå mannen til Sara, Elling, koma køyrande på «knallerten» opp bakkane. Desse mopedane (motor/pedalar) hadde så lita dragkraft at Elling måtte «spe på med fotpedalane», beina gjekk som trommestikker, fortel ho.
Om sommaren vart det planlagt dåpsfest på Haugland, den nyfødde Marit Johanne skulle døypast. Hushjelpa skulle ha ansvaret for festmiddagen og servering, og ho visste at ein av gjestene var husstellærar. Ja, ho var rimeleg spent på førehand, men måltidet vart vellukka, så livsminna frå husposten på Haugland er gode.
Munnleg kjelde: Aslaug Kvålsvold
Digital kjelde: ub.uib.n
——
«Sunnhordland» 27 desember 2019.
Oddbjørn Kvålsvold

