Gardsdrengen på Høyland i 1950
Endre Nagel- Alne som har vore busett på eit småbruk ved Falkåsen store delar av vaksenlivet, fortalde meg at han i 1950 hadde vore dreng på Høyland. På denne tid var det Marta Høyland, enka etter Nils Olsson Høyland som dreiv bnr. 1 og 2. Endre meiner å hugsa at ein eldre bror hadde vore dreng på Høyland tidlegare og systera hadde vore tenestejenta på nabogarden, slik at Marta hadde kjennskap til familien hans i Vikebygd.
Den 17 år gamle ungdommen var van med gardsarbeid frå oppvekståra, noko som kom godt med, for han var åleine mannfolk på garden. Til å stella hus og dyr hadde Marta hjelp av Anny Landa. På garden var det ein eldre hest som snart vart ein god medhjelpar for Endre, ein grei arbeidshest, men litt «sær». Kvar gong han køyrde gjennom gardstunet måtte han passe godt på, vist ikkje tok merra ein sving framom stovehusdøra og stoppa opp. Her stod den «gadd» til nokon kom ut med ein godbit i neven. Ute på beite hadde hesten ein annan uvane, han gjekk eit skritt og to til sides når Endre strekte fram handa for å ta den i grima. Dette løyste den hestevante med å bruka ein liten stiv strengstubb med krok som han huka i grimeringen.
Vårarbeidet tok til med å arbeida opp potet og grønsakåkeren etter vinterdvale og køyra ut husdyrmøka. Bikkvogna vart fylt opp med greip i møkakjellaren og tømt ut i dynger på åkrane, og seinare spreidd utover med greip. Alle som har sjølvoppleving av dette arbeidet i tenåra, veit kva slit det er for ryggmusklane å handsama dyremøk med greip. Me set stor pris på den tekniske revolusjonen i jordbruket. Endre fekk ut møkka, pløgde, harva og jamna ut åkrane, klart for potetsetjing, såing og planting av grønsakene. Når blautgjødsla i landkummen skulle køyrast ut, nytta drengen ein stor trekasse med lôk og med spreiar bak. Eit retteleg skittarbeid, men eit viktig ledd i næringskjeda.
Høyonna var ei travel tid, minnest drengen, han visste at skulle ein sikra godt turrhøy, måtte ein spela på lag med veret. Ein sundag han sykla til kino på Folkets Hus var det truande skyar på himmelen, og på Høyland sto fleire turre hesjer. I midtpausen då maskinisten skulle skifta filmrull var han ute å vurderte veret, det hadde hopa seg opp med truande uvêrsskyer. Han droppa då siste del av filmen og sykla attende til Høyland. Her fekk han hjelp til å riva turrhøyet ut av hesjene og køyrde fleire høylass av beste kvalitet inn i løa. Som ein kuriositet i samband med dette fortalde Endre, at månadslønna for «høyonn-månaden» vart heva til kr. 200. Etter avtalen var lønna kr. 150 pr. månad med fri kost og husvære.
Endre Nagel-Alne fortel òg om eit køyreoppdrag med hesten som han aldri vil gløyma. Det var ei kvinne på Høyland, Anette Kambo, som skulle gravleggjast og Knut Helland skulle låne hest og kjerre for å køyra kista frå heimen på Bjelland til den gamle gravplassen i Frugarden. Gravferdsdagen vart Helland sjuk og kunne ikkje køyra, så Endre vart «beordra» av Marta til oppgåva. For ein 17-år gamal gut var dette ei ærefullt oppgåve, men som førte med seg stor spenning. Grindene vart teke av høyvogna, som vart vaska og pynta med granbar. Prosesjonen med kista starta ved heimen, køyrde vegen ned til Vikjo og inn Borggata til den gamle gravplassen. Endre hugsar godt spenninga han kjente på, ikkje minst å halda passe fart, slik at dei sørgande med presten i spissen fekk gå i ein verdig prosesjon. I etterkant ser han på dette som ein viktig del av livsminna sine.
Munnleg kjelde: Endre Nagel- Alne f. 1933
«Sunnhordland» 19.oktober 2020
Oddbjørn Kvålsvold

