Før fryseboksane vart allemannseiga

Foto: Privat

For oss litt eldre har det vore eit livslaup med store omveltingar og utvikling både på godt og vondt. Mange av dei som har delt livsminne med meg, fortel om ein livsstil og kvardag i den nære fortida som me i dag lett fortrenger. I denne vesle artikkelen vil eg ta fram nokre minne frå dei første åra etter at kona og eg etablerte familielivet, ei tid då mange familiar mangla eigen fryseboks. Dette var i 1963, og me fekk kjennskap til at ved Stord meieri var det høve til å få leiga fryseboks. Meieriet på Leirvik var på denne tid ein viktig institusjon, ikkje berre for bonden som her fekk levera mjølk, men òg for oss som budde på Leirvik og i nærområda. Her var butikkutsal av mjølkeprodukta dei foredla eller kjøpte inn frå andre meiri, jentene bak disken skar stykka frå «slipesteinsosten» med streng etter kunden sitt ynskje. For oss som budde i Lønningsåsen på denne tida, vart difor utleigeboksane på meieriet ei praktisk løysing som me hadde stor nytte av.

På meieriet henta me mjølk i små spann og seinare literflasker med aluminiumskork, i transportnett. Spann vart òg nytta når me kjøpte blod hjå slaktar Grov oppe i Borggata, som kona laga blodpølsa, korv og blodpannekaker av. Næringsrik og billig mat for ein liten familie som måtte «setja tæring etter næring».


For kona som var van med stort hushald og tradisjonar frå gard, vart leiga av fryseboks på Stord meieri ein viktig del av eit rasjonelt hushald. Me og mange andre kjøpte inn matvarer i stort på denne tida, og pakka og merka «porsjonspakkar» for nedfrysing til middagsmat. Eg hugsar at min omgangsven Leif Irgens skaffa kvalkjøt (Nise) frå Halsenøy, og Godtfred Gangdal var vår faste leverandør av fisk i ein periode. Fisken vart bearbeidd til koke- og steikfisk samt store haugar med fiskekaker. Høveleg middagar vart så sirleg pakka inn i gråpapir, merka og mellomlagra i innleigd fryseboks. Mange kjøpte kjøt i stort som dei sjølve, salta, speka og hermetiserte på Norgesglas. Me kjøpte kjøt «i stort» både hjå slaktar Grov i Borggata og bonden på Landa, så middagane vart oftast henta frå fryseboksen på meieriet, og seinare hjå Granli på Bjelland.


Ein av forteljarane mine, Sigurd Nonås, vart tilsett ved det nybygde meieriet som bøndene på Stord bygde i Osen i slutten av 1950 åra. Han var fagutdanna elektrikar og fekk tilbod om maskinistjobben av meieristen Harpnes. Nonås hadde ansvaret for stimkjel og det tekniske ved meieriet heilt fram til drifta vart avvikla på 80- talet. Han fortel om dei 50 fryseboksane som vart tilrettelagde for utleige. Fryseboksane var bygde i to storleikar, 25 og 5o liter og folk hadde tilgjenge i opningstida for butikkavdelinga. Her fekk me «leigetakarar» låna nøkkelen til fryserommet der boksar var plasserte frå golv til tak, og kvar sine boksar sikra med eigne hengelås. Men utover på 1960- talet minka det på interessa for utleigeboksane i meieribygget, fortel Sigurd Nonås. Familiane på Vikjo og nærområda hadde fått betre økonomi og kjøpte eigen fryseboks. Vidare var det ei ulempe for brukarane at frysevarene berre kunne hentast i «butikktida».


I ein samtale med John Granli fortel han om etableringa av fryseromet på Bjelland i 1963 med utleigeboksane. Granli såg trongen i samtida for familiane som enno ikkje hadde kjøpt eigen fryseboks og innreia garasjen som fryserom. Dette var boksar med kapasitet på 50, 75 og 100 liter til årsleige på 50, 75 og 100 kroner. Utleigeboksane på Bjelland var populære, og han måtte utvida arealet fleire gongar. Ja, i ein periode var det innreia 200 boksar som vart leigde ut. Ikkje minst var den lange opningstida hjå Granli ein føremon, så han overtok mange av meieriet sine leigetakarar etter kvart. Men alt har si tid, slik og med utleigeboksane. Etter kvart som folk fekk betre økonomi òg kjøpte eigne fryseboksar, vart sørvisverksemda på Bjelland avvikla i 1974, og kjøleromma nytta til andre føremål.


Munnlege kjelder:

Sigurd Nonås – f. 1930

John Granli – f. 1932


«Sunnhordland» måndag 29.august 2016

 


Oddbjørn Kvålsvold