Ein arbeidsmann fortel om vegarbeidet i Uføro
I ein samtale eg hadde med Odd Hetlesæter i 2013 fortalde han òg om sitt liv som anleggsarbeidar og ombygging av køyreveg gjennom Uføro. Vegen hadde vore eit sakn i mange ti-år for denne delen av heradet. Allereie i 1912 vedtok Stord heradsstyre å letta sambandet mellom Mehammar og Agdestein ved å byggja «ein gang / rideveg» som det heittte i vedtaket. Seinare var det år om anna sysselsettingsarbeid både før og etter siste verdskrigen på vegstrekka nordover, fortel Odd. Noko av vegen innover bøane på Agdestein mot Uførehaugen var delvis ferdig då Odd Hetlesæter vart med på anlegget i 1950-åra saman med Johannes Agdestein, Samson Borrevik og Peder Førland.
Dette var ei tid då vegarbeid var hardt fysisk arbeid og fjerning av lausmassar utført med grafse, trau og trillebåre. Etter påfyll av 4-5 trau i båra vart denne trilla til tippen på utlagte skinnegang. Det var mykje lausmassar i vegtraseen som måtte vekk før dei kunne laga murfot og ta til med dei mange murane. Når murarbeidet byrja, vart det rigga til ein svingbar bomkrane med bensinmotor. Denne vart nytta til å løfta stein på plass, men òg mykje stein vart lagt på plass med spett. Desse vart sorterte ut av skotstein frå røysa og lasta opp med steinbukk på toskinnetralla for transport. Nokre stader var terrenget svært krevjande, minnast Odd, og fortel om at mange steinar vart vaska med skrubbekost før dei vart lagt ned i forskalinga og støypte fast. Etter ei tid fekk dei ein kompressor som hadde luftkapasitet til 3 boremaskiner slik at kvart av dei tre arbeidslaga til Johannes Agdestein, Odd Hetlesæter og Louis Rasmussen hadde kvar sin borehammar. Som me veit ber Uføro sitt namn med rette, og Odd fortel meg om dei mange problema arbeidslaga hadde i det krevjande terrenget. Restane etter dei mange jordskreda i området var lausmassar som måtte vekk før veg kunne byggjast. Her utvikla dei ein rasjonell arbeidsmåte i staden for å gå laus på mold, grus og stein med grafsa, brett og trillebår. Først letta dei i restane etter skreda med ei kraftig dynamittsalve, før dei leia vatn i 3 tommars røyr frå ein bekk inn i skredmassane. Resultatet var at det heile glei utføre skrenten og skråberget vart reint, men Langenuen var gråfarga i lange tider.
Dei største skjeringane på 15 – 16 meter vart tekne ut ved galleridrift. Uttaket av det største fjellpartiet vart sprengt ut i tre høgder, minnast Odd. Dei nytta to borehol på mest 5 meter og det siste på 6 meter djupne. Ja, heile «klumpane» vart slengde ut og hamna i sjøen med bulder og brak.
Mykje av utstyret dei etter kvart fekk på anlegget kom frå Etne, både smia og kvilebrakkene kom derifrå. Som me hugsar hadde anlegget to tunnellar, og påslaget for søre tunnellen vart driven med handboring, men frå nordsida var vegfolk kome på plass med moderne utstyr, m.a. vart det nytta bulldosar til masseutskifting i eit område med mykje leira.
For stordsamfunnet var det ein stor dag då bilvegen gjennom Uføro vart opna i 1965. Sjølv hadde eg ikkje bil på den tida , men eg hugsar då naboen inviterte meg med på den første turen rundt Stord. Eit storhende! I dag har me godt av å stoppa opp litt og reflektera over denne type verdiskaping, eit veganlegg som vart bygd i ei anna tid, ei tid då det ikkje var maskinene og tekniske hjelpemidlar som utførte grovarbeidet og slitet, men sterke ryggar og godt trena muskelmasse.
Munnleg kjelde: Odd Hetlesæter (1927-2015)
«Sunnhordland» 10.11.18
Oddbjørn Kvålsvold

