Dei første lastebilane til Sverre Litlabø

Foto: Privat

Mange av forteljarane mine har livsminne som er knytt opp mot den verksemda som Sverre Litlabø (1919- 1990) dreiv på Stord. Sverre var berre 19 år då han fekk ansvaret for den første lastebilen som vart innkjøpt på Nedre Litlabø. Dette var i 1938 og forteljaren min, bror hans Ole, hugsar at den hadde tipp for lasteplanet, men måtte bruka handsveiv. Dette var ein amerikansk Dodge med enkle hjul også bak, og som lasta 2 – 2 ½ tonn.


Ole Litlabø har mange minne frå turane med broren som grindgut. Ja, for grinder var det mange av på Stord på denne tid og det det var ein ærefull jobb med status å verta tilbydd ein grindgutjobb. Når det var tett mellom grindene, sto han klar på stigbrettet med eit godt grep i dørhandtaket. Så hoppa han av og opna og lukka grindene etter kvart som dei skrangla seg fram på grusvegane. På nokre turar låg grindopnaren på skjermen framme og «klora» seg fast i lykta. Den eldste lastebilen til Sverre, vart og rigga med benkeplass til ca. 20 personar og nytta til turkøyring.


Under krigen var det mange bileigarar som fekk montert vedgassgeneratorar på kjøretøya. Det var ein liten sylinder som produserte gass ved ufullstendig forbrenning av ved, knott eller torv. På grunn av bensinmangelen fekk og Sverre Litlabø laga og montert slikt utstyr ved bilverkstaden til Ingebrigtsen i Smio på Leirvik. Då utstyret var montert på lastebilen og klart for prøvekøyring, gjekk brannalarmen i kommunen. Det var gamle internatbygningen på Rommetveit som sto i brann, i januar 1943. Ingebrigtsen som var med i brannvernet, lasta opp brannpumpa og det vetle slokkingsutstyret som var tilgjengeleg på Vikjo, og tok utrykkinga som ein prøvetur med ny vedgenerator på lastebilen. Internatet brann ned, men det er ei anna soga.


Etter krigen kjøpte Sverre Litlabø ein Ford, med V 8 motor, denne vart ferdigstilt i tunet på Nedre Litlabø. Faren som var smed, bygde lasteplanet med tipp, og rigga med benker, slik at bilen kunne nyttast til turkjøring. Lastebilane til Sverre Litlabø fekk seinare montert meir «profesjonelt» overbygg på lasteplanet. Etter kvart vart det montert røyrbøylar over lasteplanet, og onkelen som var skomakar, sydde presenning. Han køyrde turar til fjells og rundt omkring på stemner. Vidare er det mange som hugsar dei lengre turane med overnatting under vegs, til turnstevner og andre arrangement på støvete grusvegar. Sverre fekk godkjenning til å nytta lastebilen til transport av folk og plasserte då ein plakat i frontvindauga med tekst «Turbilløyve».


Før ferjene gjorde sitt inntog i Sunnhordland, vart bilen til Sverre ofte transportert på tvers over lukekarmane på ein båt til fastlandet. Ole fortel at broren hadde mykje materialkøyring frå Flatdal i Telemark til Bjoa. I periodar gjekk lastebilen nærmast i skytteltrafikk med byggemateriale, som vart lasta over på skøyter for vidare sjøtransport til Stord.



Første bilen med hydraulisk tipp vart innkjøpt i 1952, ein Diamond. Seinare vart turbussdrift ein del av næringsgrunnlaget. Diamond’en er teke vare på av familien, og står i garasjen i Se. Den minner oss om næringsverksemda som Sverre Litlabø dreiv, og som var til glede og nytte for mange i vår nære fortid.

 

Munnleg kjelde: Ole Litlabø f. 1932

 

«Sunnhordland» 17. juli 2015


Oddbjørn Kvålsvold