Då korn og brødmat var viktig

Foto: Privat

Før dei fyrste bekkekvernene kom i bruk utover på 1200- og 1300 – talet og folk tok til å steikja flatbrød, var brødmat ein del av kosthaldet vårt. Kjelder fortel om bakt brød- brødtallerken lenge før bekkekvernene vart tekne i bruk. Dette var flatt brød av bygg- eller havremjøl, som var opptil ¾ centimeter tjukke. Brødtallerkane vart steikte på begge sider før ein la på kjøtt, fisk eller ost. Det var kvinnene som malte korn på handkverner og steikte brødtallerkar for nokre dagar om gongen. Erfaringa tilsa at heilt korn var lettare å halda fritt for giftig kornmugg. Etter at ein tok til å mala kornet på bekkekverner, fekk kvinnene større mengder som måtte haldast muggfritt. Ja, heile mjølbingen kunne verta ubrukeleg, om mjølet ikkje vart nytta innan kort tid. Ein reknar med at det var i denne tidsbolken det vart vanleg å steika og nytta flatbrød til dei fleste måltida i norske bygder. Brødmat har difor lange tradisjonar i vårt kosthald. Enno lever nokre som hugsar attende til ein oppvekst der dei baka potet og mjølkekaker kvar veka. Vidare var Hardingkaker, krotekaker og flatbrød ein viktig del av kosthaldet og nytta til dei fleste måltida i mange bygder.


Det vesle fallet i Frugardselva var eit av dei første som vart nytta her ikring til kverndrift, fortel Ola Høyland i Stord bygdebok. I same boka er det sitert frå ei takstforretning frå 1708: … «… saga og kverna hadde årgangsvatn. Til kverna kunne dei koma langveges frå særdeles naar tørre aarganger infalder». Då Tomas Olai Olsen dødde i 1916, overtok sønene Ole, Albert og Anders drifta av mølla i Frugardselva. Ein av forteljarane mine, Gunnar Oma, hugsar at han var med å hjelpte til med transport av korn frå sjøhuset og opp til mølla i sine barneår. Det kom sendingar som skulle hentast på kaien på Leirvik, og noko kom med båt til bua ved sjøen. Her var Gunnar med og tok i mot når båtane kom frå Tysnes, Halsenøy, Fjellberg og Bjoalandet med kornlast. Nokre kom roande, mens andre nytta seksæringsbåt med segl eller motorbåt. Sjøbua til møllarane hadde opning og vinda ut mot sjøen, som dei nytta til å heisa opp sekkene med. Gunnar minnest at skøytene kom ikkje heilt inn til bua på grunn av ein bergnabbe i sjøen. For ein unggut var det alltid spanande å fylgja med når sekkene kom «seilande» over rekka inn mot døropninga.


Brødrene som drifta mølla ønskte ikkje at ungar skulle opphalda seg i møllebygningane, for det kunne føra til uhell. Men Gunnar, som voks opp i nabohuset til Anders Olsen på Døso, fekk lov. Han fortel om vekta som var plassert innføre dørstokken der kornsekkene vart vogne og vekta notert. Kornet vart så tømt i ei luka som førte ned til underetasjen der tørkene var plasserte. Eit opphald i tørkene var første del av prosessen før vidare foredling av kornet. Ola Høyland skriv i bygdeboka at brørne held fram med utbygging og modernisering av kverna så ho vart ei moderne bygdemylna. Faren hadde tidlegare skifta ut vasshjulet med turbin og montert grynkvern og siktmaskin. Men korndyrkinga minka av nokre år etter siste verdskrigen, og i 1950åra var det slutt med mølla i Frugården.


Per Høyland har fortalt meg om bakartradisjonane dei hadde på Høylandsgarden i hans oppvekst. Dei hadde fyrgryta og steikehella i eldhuset og seinare i kjellaren. Hardingkaker, lefser og mjølkekaker var alltid på bordet ved helg og høgtid, mens potetkaker var kvardagskost . Det var mor til Per og systera som oftast bakte, men til dei store høgtidene vart Maria Solhaug innleigt som bakstekona. Under siste verdskrig vart det dyrka bygg, havre, rug og kveite på Høyland. Men etter krigen minka det på korndyrking i Sunnhordlandsbygdene, fortel Per, og siste året dei hadde kornåker på heimagarden var i 1955.



Munnleg kjelde:    Gunnar Oma f.1924

Per Høyland f.1931

Skriftlege kjelder:   Riddervoll og Andersen -«Middelalderens matkultur» – 2003

Ola Høyland – Stord bygdebok bind III