Takk til informantane
Når ein har fått god hjelp av nokon så er det folkeskikk å takka for hjelpa. Difor vil eg skrive nokre ord, til dei som har fortalt sine livsminne til meg. Som styremedlem i Stord Sogelag, tok eg på meg å samla inn minnestoff frå levde liv på Stord. Eit lite prosjekt som eg har arbeidd med det siste halvanna året. Dette arbeidet har gjeve meg mange gode stunder, i samtale med kjende og ukjende eldre frå heile kommunen.
I vedtektene til sogelaget står det at laget skal: «… leggja vekt på innsamling av munnlege tradisjonar, arbeidarminne og arbeidslivshistorie». Difor har laget samla inn lokalhistorisk stoff heilt frå det vart skipa i 1995. Materialet vert brukt i Årsskrift eller arkivert og systematisert i samarbeid med Stord folkebibliotek.
Det materialet som eg i samtalane har teke opp digitalt, fortel om ein kvardag og livsstil som dei unge i dag ikkje fattar. Ja, me eldre har og godt av og stoppa opp litt- og tenkja attende til vår eigen barndom. I dag registrerer eg at nokon kvar av oss, har lett for å verta ein del av det sutre-samfunn som Fugelli omtalar.
Dei livsminna og arbeidslivsforteljingane som informantane har bidrege med, er sogelaget stor takk skuldig. Den eldste er fødd i 1915 og dei andre i 20 – 30 åra. Dei har fortalt om ei verkelegheit der dei alle, aller fleste, måtte setja «tæring etter næring».
Mange spanande forteljingar arbeid, for sjølv kunne tena pengar til ein sykkel eller dress, eller hjelpa til heimen med økonomien. Historia om eit arbeidsliv der dei køyrde med lastebil rundt Stua, Litlabø, Sagvåg og Tveita og samla opp arbeidsfolk på lasteplanet. Arbeidsdagane vart og ofte lange, for dei som var så heldige og fekk sesongarbeid ved samlebandet i hermetikkindustrien eller på sildelossing.
Mange unge gutar som reiste på Is-landsfiskei 18-20 årsalderen fekk og ein «elddåp» i arbeidslivet. Det vart to månader med tungt fysisk arbeid og lite søvn. Mange lovde seg sjølv, – aldri, aldri meir. Men når neste sesongen stod for døra, fortel informantar, «eg måtte berre ta ein ny tur, for det var ikkje anna arbeid og oppdriva».
Skuleveg frå Føyno til Hatland skule ville ikkje dagens foreldre godteke. Ungane rodde og segla over fjorden med eldre søsken. Dei traska gjennom mark og dårleg brøytte bygdevegar på tresko. Ei spanande arbeidslivshistorie fortel ein som var med Johannes Gravdal til Hitra for å foredla krabbe. No er han i sitt nittiande år, men hugsar enno mange de- taljar om turen han som unggut var med på. Gravdal tok med seg nøkkelpersonar frå Sunnhordland og nokre unggutar, og reiste med kutteren «Sagvåg» på 79 fot til fabrikken han leigde i Trøndelag.
For sogelaget har alle livsminna stor historisk verdi. Om temaet er, vegutbygginga i Uføro, tvangsleveringa frå gardsdrifta, mjølkekøyring med hest, eit liv som handverkar, forretningsdrift med sirupsfat i kjellaren, eller oppvekståra i Gruvo eller Vikjo. Dette er vår nære historiske fortid som me må ta vare på. Mange vel å sjølv føre livsminna sine i «pennen», som ein del av arven til barn og barnebarn og at sogelaget får kopi av det ein vil dela med andre. Men mest mogleg «stemmer frå levde liv» bør takast vare på, eventuelt at ein tek kontakt med Stord sogelag.
Eg vil og avslutta med ei takk, til alle som har gjeve oss høve til å gjennomføra desse digitale opptaka.
Med helsing
Oddbjørn Kvålsvold
Stord sogelag, styremedlem

