Barneminne frå julehøgtid

Foto: Oddbjørn Kvålsvold

Mellom dei gode livsminne mange av oss eldre har, er julehelgene med gode opplevingar, gange rundt juletreet og familievitjingar. Tida vår generasjon voks opp i, var ikkje nett spekka med eksklusive opplevingar og turar til fjerne himmelstrok. Verda for dei fleste i denne tidsbolken var heimen, grenda og nærmaste tettstad. Men jula var ei høgtid som me hugsar mange detaljar frå, sjølv om tilgang på glitter og stas var små i mellomkrigstida, under siste verdskrigen, og langt inn i 1950-åra. På skulen var det juleførebuing med pugging av julesongar og salmevers og dei minste klassane laga juletrepynt, flettakorger og pynteband.


Astrid Lothe som voks opp på nedre Litlabø, har mange gode livsminne frå juletradisjonar. Ei storhending var det når ho fekk vera med mora, som var styremedlem i Samvirkelaget på Litlabø, og sjå på juleutstillinga og handla før jul. Styrar Kjærland opna dørene slik at styret med familiar fekk gå og handla i ro og mak kvelden før den «offentlege opninga». Sjølv om utvalet var spartansk sett med dagens augo, var dette ei hending som festa seg i barneminnet.


Julevitjing til familie og vener var òg ein tradisjon som var årviss i hennar oppvekstår. På Nysæter var det ein arbeidskamerat av faren som dei reiste til, og på Vatna var det tradisjon med sledetur til Agnes og Andreas Vatne 2. dag jul. I Astrid sine oppvekstår var det alltid snø på denne tida av året, og turen til Vatna gjekk gjennom Vikjo med slede, over gamle Frugårdsbrua og Ådland til Vatna. På Vatna vart hesten spent frå, og fekk husrom i stallen med ein godbit i krubba. Gjestene fekk servert det beste ein kunne by på minnest Astrid, og etterpå vart det servert kaffi og julekaker, – minst 7 sortar. Heimturen i sleden (kane) med ljomande bjølleklang og glitrande brøytekantar er livsminne som Astrid har teke vare på.


Gunnar Oma som voks opp på Døso, delte livsminne frå sitt levde liv med meg i 2012. Gunnar fortel om dei gode minne han har frå barneåra tross vanskelege økonomiske tider som mange opplevde i mellomkrigsåra. Han minnest med glede ein tradisjon som mora sin familie i Strandebarm heldt i hevd i mange år, å senda utover ein stor blå trekasse som var fylt opp med tradisjonsmat frå Hardanger. Julepølse, røykekjøt, spekemat og andre gardsprodukt saman med eit flott juletre vart henta på kaien på Vikjo. Når den store stappfulle kassen vart opna i heimen på Døso, spreidde det seg ei eim av lukke og velvære i heimen, fortel Gunnar.



Av dei gode livsminne frå barneåra fortel han om faren som alltid las juleevangeliet på julekvelden og pakkeopning der det var få, men kjærkomne pakkar som born og vaksne sette pris på. Faren var flink til å forma ting, han laga ofte praktiske leiker i trevyrke som ungane hadde nytte og glede av. Julefestane i bedehuset og i Yngresforeininga med gange rundt den store julegrana er gode livsminne.


Munnlege kjelder:

Astrid Lothe – f. 1936

Gunnar Oma – f. 1924


Oddbjørn Kvålsvold