Aleinemor måtte rømma frå huset
Mange av dei som var busette på Bjelland under siste verdskrigen, fekk heilt spesielle krigsminne frå barneåra. Då okkupantane tok til å byggja ut «Bjelland fort» i 1942, vart fleire av dei som budde i området tvangsevakuerte. Tyske offiserar banka på dørene og forlangte at dei måtte flytta frå heimane på kort varsel. Etter som det no tynnest i rekkene av dei som opplevde denne dramatikken, har eg sikra lydopptak frå nokre som i sine første leveår vart kasta ut av heimen av okkupantane.
For enkelte vart det ekstra krevjande å flytta frå heimen på Bjelland. Amalie Balchen som på denne tid var «åleinemor», fekk ordre om å flytta frå huset deira i Knarrevegen på kort varsel. Mannen hennar Christian d.e., var sjømann og reiste på innlandsjøane i Canada då krigen braut ut. Men åleinemora var heldig og fekk flytta med dei to borna, Christian 2 år og Birgit 11 år, til familiefolk som åtte småbruket Solvang ved Furuly Helseheim. Her disponerte dei eit stoverom og delte kjøkken med husfolket, som var søstera til mora og hennar mann. Eigedommen Solvang var eit jordstykke på ca. 5 mål, og dei hadde både kyr, gris og høns i uthuset. Sjølv om Birgit og familien var jaga ut av det trygge tilværet av krigsherrane, har ho mange gode minne frå interneringsperioden. Men òg minne frå dei gongene krigshandlingane kom nær innpå sit att, med lågtfykande allierte fly som bomba båtar på Leirvik.
Forteljaren min, Birgit Framnes, hugsar at det var eit sørgjeleg syn å koma attende til heimen på Bjelland. Huset som var bygd nett før Hitler invaderte Noreg, var sterkt prega av bruken til «herrefolket». Golv og dørstokkar var nedslitne av røffe soldatsko og vegger var tilgrisa med bileter av «gledespiker». Delar av hagen var grave opp, og ein bunkers bygde på eigedommen.
Den generasjonen som no held på og forlèt oss, har livsminne om dramatikk, redselkjensler og sakn av heimen, som okkupantane hadde røva i frå dei, minne som dei fleste av oss vart sparte for. Men dei har òg opplevinga, gjensynet av ein heim som var sterkt prega av Wehrmachts bruk som ein del av sitt livsminne. I bladet Sunnhordland finn eg 28.august 1945 fyljande: «Folket på Bjelland fekk i går varsel om at husi deira er frigjevne og at dei no kan flytta inn att. Batteriet står som før, men vaktmannskapet skal bu i brakka». I same avis står og ei lysing om høve til å søkja erstatning ved «Skader påført bygninger og løsøre gjennom overgrep fra N.S. eller tyskere».
Ei viss økonomisk erstatning fekk dei som vart jaga frå heimane der Bjelland fort vart bygd, men me veit at det er hendingar i eit menneskeliv som ikkje kan viskast ut med økonomiske vederlag.
Munnleg kjelde: Birgit Framnes f. 1931
«Sunnhordland» 29. april 2019
Oddbjørn Kvålsvold

