Stord  sogelag
  • Meny

  • Årsmelding 2013

    STORD SOGELAG

    Styret 2013

    Leiar: Lars Mæland

    Nestleiar: Nils Tore Gram Økland

    Styremedlem: Oddbjørn Kvålsvold

    Kasserar: Peggy Husevik Bærøy

    Skrivar : Turid Tresselt Melheim

    Varamedlemmer: Jens Litlabø og Bjørn Bjørlykke

    Revisor: Odd Stuve Rommetveit

    Valnemnd: Arne Sortland

    Jakob Gullberg

    Atle Bjørn Mæhle

    Medlemstal

    Ved årsskiftet 2013/2014 hadde Stord sogelag 133 medlemmer. Av desse var 114 personlege medlemmer, 15 familiar og 4 institusjonsmedlemmer.

    Lagsaktivitet 2013

    Styremøte

    Det har vore 7 styremøte, 07.02, 19.03, 18.04, 23.05, 03.09, 31.10 og 05.12. Alle, med unntak av møtet den 07.02, har vore i kantina til bladet Sunnhordland. Møtet den 07.02 vart halde på HSH. Styremøtet i desember var dugnadsmøte i samband med utsending av årsskriftet.

    I 2013 har desse oppgåvene stått i fokus for styret sitt arbeid:

    • Aktuelle utbyggingssaker i Stord kommune med fokus på steinalderbustaden i Djupadalen. Dessverre gjekk dette kulturhistoriske området tapt for all framtid.
    • Oddbjørn Kvålsvold har halde fram sitt arbeid og gjort lydopptak av livsminnet til 25 nye informantar i 2013. No har han totalt hatt samtalar med 66 personar og har 55 timar med opptak.
    • Historisk spalte i bladet Sunnhordland. Desse innslaga har stått på trykk i 2013:

    01.02 Egil Nysæter:» Likestilling» i 1745 – då Dordi fekk arva ein brorpart

    01.03 Ørjan Baugstø Iversen: Avaldsnes og Kongsgardprosjektet

    12.04 Egil Nysæter: Tredje påskedag – og andre påskedagar som aldri kjem att

    10.05 Atle Bjørn Mæhle: Skispor i havgapet

    14.06 Bjørn Bjørlykke: Stord sogelag på nett

    19.07 Turid T. Melheim: Den gongen ei kvinne frå Sunnhordland skreiv seg inn i rettshistoria

    02.08 Egil Nysæter: Eit husmannsplass der ingen skulle tru …

    30.08 Jens Litlabø: Prestegardsbyte i Stord

    27.09 Turid T. Melheim: I hine harde dager

    18.10 Oddbjørn Kvålsvold: Transport av ved frå Hetlesæter

    15.11 Egil Nysæter: Flaks at lærarskulen blei lagd til Stord

    13.12 Oddbjørn Kvålsvold: Folkebada i Gruo og Turnhallen

    Årsmøte i Hordaland sogelag og lokalhistoriske dagar

    I samarbeid med styret i Hardanger Historielag vart det skipa til årsmøte i Hordaland sogelag og lokalhistoriske dagar i Tyssedal og Odda helga 16.og 17. mars. Temaet  var industrihistorie. Frå Stord sogelag møtte Oddbjørn Kvålsvold og Bjørn Bjørlykke.

    Tilskipingar i 2013

    Årsmøte  21. februar

    Det var ca. 20 som møtte på årsmøtet. Som vanleg fann møtet stad på biblioteket i Kulturhuset. Etter at årsmøtesakene var tatt opp, blei det servert kaffi/te og snittar. Deretter fortalde konservator i Karmøy kommune, Ørjan Baugstø Iversen, om dei utgravingane som no går føre på Avaldsnes og Kongsgardprosjektet.

    Museumsmøte  05. mars

    Dette var eit felles arrangement der Sunnhordland Museum og Stord sogelag stod som tilskiparar. Møtet fann stad i museumshallen, og  det var ein temakveld med fokus på kvinner i lokalpolitikken. Desse hadde innslag på møtet: Jakob Gullberg : Om kvinner i lokalpolitikken, Tore Lande Moe: Kvinnene i arbeidslivet utanfor heimen, Mikal Heldal: Dei kloke konene, Kjellbjørg Lunde: Kvinnerørsla si rolle og Knut Rage: Cilla Gad og Karen Mowatt.  Dette var eit engasjerande tema som hadde samla ca. 80/90 frammøtte, storparten kvinner.

    Rusletur Osen/ Vikabekkjen/Landåsen 28. mai

    Frammøtet var ved Grand kl.18, og ca. 40/50 hadde møtt fram denne ettermiddagen for å vere med på vandringa langs Vikabekkjen der Odd Stuve Rommetveit og Per Høyland var omvisarar. Då me kom til toppen av Vabakkjen , orienterte Øivind Bratthammer, ansvarleg for bygginga av krysset der, om utbygginga.

    Medlemstur til Karmøy 07.september

    Sogelaget inviterte i år til medlemstur på Karmøy, men dessverre var det så få påmelde at denne turen blei avlyst.

    Ope møte på Stord prestegard 26. september kl.19

    Mange hadde funne vegen til Stord prestegard denne kvelden der prost Theodorsen opna heimen sin og tok vel imot alle dei frammøtte. Jens Litlabø og Bjørn Arve Lunde snakka om det historiske stoffet som er knytt opp rundt prestegarden, mens Nils Tore Økland sette dette stoffet i samband med at Lærarskulen er 175 år i 2014. Dette var ein svært triveleg og vellukka kveld.

    Skrivestove 14. november på  Tveita gard

    Til Skrivestova hadde sogelaget invitert dei som har levert stoff til årsskriftet. Møtet var også ope for andre interesserte. Det var 13 som deltok, og det er framleis slik at menn dominerer på dette årlege arrangementet. Laget har ein jobb å gjere for å få fleire skriveføre kvinner til å levere bidrag.

    Årsskriftet 2013

    I 2013 har desse vore i skriftstyret: Lars Mæland, Bjørn Bjørlykke, Magne Misje og Jakob Gullberg. Mæland har vore leiar. Det er minnestoffet som dominerer i årsskriftet 2013. Årsskriftet  er på om lag 114 sider, og det vert sendt til medlemmene i desember og elles lagt ut for sal i lokale butikkar. Det har vist seg å vere ei så populær julegåve at skriftstyret vurderer å auke opplaget frå 500 eksemplar til 600 eksemplar.

    Årsskriftet  i 2013 inneheld desse artiklane:

    Oddbjørn Kvålsvold og Bjørn Bjørlykke: Vognfabrikken på Horneland

    Selma Lønning: Potetfarten frå Fitjar til Bergen

    Odd Stuve Rommetveit: Vikabekkjen – frå Osen til Landåsen

    Anstein Lohndal: Då bygdemuseet og sogelaget for sunnhordlandsbygdene vart organisert i 1913 – eit attersyn

    Kåre Angeltveit: Rotadisc – tørke

    Asbjørn Aasheim: Krigsseglarane frå Stord

    Ole Grindvik: Mine fyrste og mine siste ski

    Oddbjørn Kvålsvold: Hermetikkindustrien på Leirvik

    Arna Vik Misje: Krisesenteret i Sunnhordland

    Kåre Angeltveit: Minne frå skulegang og leik

    Bjørn Bjørlykke: Vidsteen i Aasens fotspor – om å sitja einsleg på ei øy

    Oddbjørn Kvålsvold: Losje Kvernbit og ungdomslaget NGU

    Lars Mæland: På leit etter slekta di? Ta ein tur i banken

     

    Oddbjørn Kvålsvold                  Nils Tore Gram Økland                       Peggy Husevik Bærøy

    Lars Mæland                                                                   Turid Tresselt Melheim

    -leiar-                                                                              – skrivar-