Bjørn Bjørlykke

Meny

HOVUDSIDE

Heimesida er utforma og drifta av Bjørn Bjørlykke ved hjelp av  designprogrammet WordPress 

Bruk  meny-kategoriane   til  å finna fram på heimesida.

Aktuelt

MINNEMARKERING  HATLAND,  STORD  MÅNDAG 27. mai 2024 kl 13.00

Stord sogelag skipar til ei minnemarkering ved minnesteinen på Hatland, heilt i starten på Digernesvegen.  Dette skjer ettersom det i desse dagar er 100 år sidan John Hatland vart fødd og 80 år sidan han vart avretta på Trandum ved slutten av siste verdskrig. Det vert fleire innslag i minnemarkeringa. Elevar frå Langeland skule deltar. Det vert kulturelle og musikalske innslag. Minnestunda er open for alle.
Minnesteinen vart avduka i 2002. Ordførar, iniativtakarar, Langeland Skule, Stord sogelag m. fl. var tilstades. 

Velkomne!

RUSLETUR   2   2024      

RUSLETUR  LANGELAND,  STORD 28.5.24  17.30

Sogelaget inviterer til ny rusletur.  Tysdag 28. mai kl 17.30  møtest interesserte på parkeringsplassen ved Langeland skule.  Etter velkomst  ruslar me bortom tunet til Tor og Addy Langeland.  Derfrå vidare til ruinane etter gamleskulen på Langeland. Steinar og grunnmurar syner tydleg kor den skulen ein gong sto. Strid, då som no, gjorde at den vart flytta. Vigdis D.D vil fortelja. Vidare skal me rusla ned til ein beredskapskjellar. Før mest for poteter og anna reservemat, no kanskje meir ein bustad for tussar og skrømt.  

Så tek me snarvegen opp til tunet til Marit og  Andreas Hjartåker.  Her vil me på få høyra gards- og driftssoga, om hus i rikt monn, hendingar og kanskje ein anekdote eller to,  slik det høver seg på ein rusletur.  Garden, vid som har er,  hadde rettar også utanom gardsgrensa. Med demning ved utløpet frå Skiphaugsvatnet vart vatnet nytta nedover grannegarden Eldøy, der det var både kvern og sag.  Og av alle ting har dei dynamitthus innom gardsgrensene. Og for nokre tiår sidan hadde dei til og med flyplassplanar. 

Familiesoga på Langeland har Åsta L. kontroll på. Ho kan fleire slektsledd på rams.             ….. slektar ikkje frå Langeland utan grunn…….   Det vil garantert bli innslag frå dei deltakande ruslarane.  

Som vanleg vert turen avrunda med lett servering og oppsummering på Langelandstunet. 

Velkomne !

——-

Årsmøtereferat 2024

Årsmøte 2024 er sett til 13.mars kl 19 i Museumhallen. 

kl 19-20  Ope møte: Øyvind Tesdal fortel vidare om Olaf Hanssen som Botanikar, stemnearrangør og boksamlar.

Matøkt

kl 20 – 21 Årsmøte. Saker som medlemmer ynskjer å ta opp til drøfting og avgjerd  på årsmøtet, må vera styret i hende seinast 14 dagar før årsmøtet vert halde.

Vel møtt!

—–

Førebels plan om vandreturar

Tur 1. Ut på våren i området Dyvik, Melkevik, Stokken. Dag Jørund Lønning aktuell turleiar.

Tur 2. Tidleg i juni i Vatnadalen med Gunnar Strand som turleiar.

Tur 3. August i Langelands-området

Tur 4. I september til Haugland og Kvednastølen

———–

 

 

Årsskriftet 2023 er i sal på vanlege plassar.