Stord sogelag

Meny

Årsmøtereferat 2024

Referat frå årsmrøte 2024

Årsmøte i Stord Sogelag (org.nr. 996 829 405) vart halde onsdag 13.04.2024 kl. 20.00 på Sunnhordland  museum etter skriftleg innkalling datert 29.01.2024 (e-post) og påminning 12.04.2024 (e-post).

1.   Konstituering

a.   Leiaren i laget, Kjellbjørg Lunde, ønska velkommen til årsmøte. b.   20 medlemmar  møtte.

c.   Jacob Gullberg vart valt til møteleiar.

d.   Åsta Lorentsen vart valt til referent medan Gunnar Strand og Åse Stautland vart valde til å godkjenna og skriva under referatet.

e.   lnnkalling  og sakliste vart godkjent.

Vedtaka var einstemmige.

2.   Årsmelding for  året 2023

Årsmeldinga vart sendt til medlemmene  i e-post 12.04.2024. Årsmeldinga vart vist på

«storskjerm» og leiaren, Kjellbjørg Lunde, gjekk igjennom og refererte hovudpunkta. Det kom ikkje fram merknadar til årsmeldinga.

Vedtak: Årsmøtet  godkjente årsmeldinga for 2023.

3.   Rekneskapenfor2023

Rekneskapen vart lagt fram. Kasseraren gjekk igjennom postane og kom med utfyllande kommentarar.  Rekneskapen viser eit overskot på kr 15 677 etter samla inntekter på kr 131 715 og kostnader pa kr 116 038. Trykking av årsskrift utgjer største kostnaden på kr 80 200.

Rekneskapen  for 2023 er revidert av Peggy Husevik Brerøy då den valte revisoren,

Jostein Eldøy, har meldt fråfall grunna sjukdom. Denne løysinga  vart godkjent av årsmøte

Vedtak: Årsmøte  godkjente rekneskapen for 2023.

4.   Medlemskontingent for 2025

Styret har vurdert medlemskontingenten og kom med framlegg om at den blir uendra for 2025, kr 300 per år per medlem.

Vedtak: Årsmøte  godkjente dette.

5.   Forslag til årsmøte

Det er ikkje kommen inn forslag til arsmøte fra medlemmar. Styret Ia fram to forslag:

a.   Styret tar ein gjennomgang  av vedtektene.

b.   Sogelaget  utnemner Bjørn Bjørlykke til heidersmedlem. Bjørn Bjørlykke  har gjort ein stor innsats for sogelaget, han har

• vore med i skriftstyret frå 1996 til 2023

• vore med i styret som skrivar 2004, 2005, 2006, 2007 – leiar  2008, 2009, 2010- varamedlem frå 2011 til 2023

• bygd opp og drifta heimesida stordsoglag.no   fra 2002 til 2023 (heimesida er tufta pa «Worldpress  Websitedesign» med litt konsulenthjelp fra Per Arne Flatberg, Snasent AS, Bergen)

• hatt eigne artiklar: Vidsteen i Aasens fotspor 1996, Vidsteen i Aasens fotspor (revidert)  2013, Oddbjørn Kvalsvoll og Bjørn Bjørlykke: Vognfabrikken pa Homeland 2013.

Vedtak: Årsmøte støtta og godkjende begge forslaga.

6.   Val til styret

Av styrets medlemmar  og varamedlemmar  er følgjande på val:

a.   Leiar (val for 1 år)

b.  2 styremedlemmar (val for 2 år)

c.   2 varamedlemmar (val for 1 år).

Aile unntatt 1 varamedlem  har sagt frå seg attval.

Valnemnd: Jens Litlabø (leiar), Eli Lillebø og Annbjørg Luggenes.

Valnemnda hadde fatt kandidatar til styremedlemmar men ikkje nokon kandidat som ville ta leiarvervet. Odd Stuve Rommetveit, valt som styremedlem for 2 år i 2023, hadde difor sagt seg villig til å gå inn i leiarvervet. Dette førte med seg val av erstattar for han, det vii sei val av 3 nye styremedlemmar.

Vedtak: Styret i Stord sogelag:

• Leiar: Odd Stuve Rommetveit (ny, valt for 2024)

• Styremedlem: Gunnar Strand (ikkje på val, valt for 2023-2024)

• Styremedlem: Ingrid Nysreter Mongstad (ny, valt for 2024-2025)

• Styremedlem:  Einar Bjelland (ny, valt for 2024-2025)

• Styremedlem: Eline Bruntveit (ny, valt for 2024-2025)

• Varamedlem: Peggy Husevik Brerøy (attval, valt for 2024)

• Varamedlem;  Kjell Dagfinn Mongstad (ny, valt for 2024) Vala, både nyvala og attvalet, var einstemmige.

Styret konstituerer seg sjølv, i samsvar med vedtektene.

7.   Val av valnemnd

Arsmøte vel valnemnda. Det vart noko diskusjon om kva praksis sogelaget har hatt nar det gjeld val av valnemnd. Ved røysting fekk forslaget om attval for valnemnda eit klart fleirtal.

Vedtak: Valnemnd for 2024 er Jens Litlabø (leiar), Eli Lillebø og Annbjørg  Luggenes.

8.   Val av revisor

Jostein Eldøy hadde meldt frå om at han grunna helsa ikkje ønskjer attval. Det kom forslag om Leif Jacob Sydnes som revisor.

Vedtak: Leif Jacob Sydnes vart valt til revisor.

9.  lnnspel til arbeid i 2024

Årsmøte  hadde følgjande innspel:

  Forsetja aåarrangera rusleturar.

• Det er kostbart å trykka årsskriftet. Sogelaget bør vurdera å ta inn annonser eller eventuelt be om støtte/pengegåver  og så setja takk til desse inn i årsskriftet.

10. Leiarskifte

Odd Stuve Rommetveit takka for tilliten som ny leiar. Han takka ogsa Kjellbjørg  Lunde og styremedlemmane som no går ut for innsatsen dei har gjort for sogelaget.

Kjellbjørg Lunde takka for seg og rosa støttespelarane ho har hatt med seg. Ho viste ogsaå til arbeidet med Hatland skule som ho kjem til å følga vidare.

11. Ope møte før årsmøtet starta

Sogelaget har sam tradisjon å ha eit ope møte i forkant av arsmøte, dette også i år.

I år var leiaren i Os Sogelag, Øyvind Tesdal, invitert til a fortelja meir om tema «Olaf

Hanssen – Botanikar- Stemnearrangør- Boksamlar». Olaf Hanssen var tilsett i Gruo

som materialforvaltar i perioden 1910 – 1923. Han var ein mann med «mange jern i ilden» som sette spar etter seg, men han har likevel vore lite kjent for oss. Sja også årsmeldinga  der dette tema er omtala.

F0r arsmøte starta var det ei matøkt.

Stord,   Referent:

Asta Lorentsen

Referat godkjent:

Ase Stautland Gunnar Strand