Årsmøtereferat 2023
STORD SOGELAG Referat frå årsmøtet 2023 s. 1 av 2
Årsmøtet 2023 i Stord Sogelag vart halde i Sunnhordland Museum sine lokale på Stord 23. mars 2023 kl 19.00
Før årsmøtet – kl 18.00 – hadde Øystein Skår frå Vestland Fylkeskommune eit times foredrag med tittelen – 8000-års historie langs ny E39-trasé –
Han hadde vore med på stikkprøvebaserte utgravingar på den nye Europavegtraséen over Stord og Tysnes. For Stord galdt det strekninga mellom Ådland og Jektavik. Foredraget var interessant og godt opplysande for dei om lag 50 frammøtte.
Årsmøtet starta kl 19.00. Det var utlyst i lokalavisa Sunnhordland og ved e-post til sogelagsmedlemmene. 40 medlemmer var frammøtte.
- Velkomst og opning med val av møteleiar og referent. Leiar Kjellbjørg Lunde ynskte velkommen.
- Til møteleiar vart Odd Stuve Rommetveit valt.
- Til referent vart Gunnar Strand valt.
- Godkjenning av innkalling og sakliste.
- Innkalling og sakliste vart godkjent.
- Personar til å godkjenna og skriva under protokollen.
- Åsta Lorentsen og Oddbjørn Kvålsvold vart valte.
- Årsmelding 2022
- Leiar Kjellbjørg Lunde las opp årsmeldinga for 2022, og gav nokre utfyllande kommentar på spørsmål. Årsmelding gir eit heilskapleg bilete over aktiviteten som laget hadde i 2022. Den gir også oversikt over styret og tillitsvalte elles, pluss skriftstyret. Vedtak: Årsmøtet godkjente årsmeldinga for 2022.
- Rekneskap 2022
- Kasserar gjekk gjennon hovudpunkta i rekneskapen for 2022. Den har samla inntekter på kr 114 695 og kostnader på kr 116 943 Det gir eit underskot på kr 2 248
- Største einskildposten på kostnadssida (kr 79 984) er trykking av årsskriftet 2022.
- Revisor Peggy H. Bærøy har gått gjennom og godkjent rekneskapen med si signering. Vedtak: Årsmøtet godkjente rekneskapen for 2022.
- Fastsetjing av medlemskontingent for 2024.
- Framlegget frå styret var at noverande kontingentsats på kr 300 per år per medlem skulle gjelda også for 2024.
- Vedtak: Årsmøtet godkjente dette.
- Innkomne forslag
- Det var ikkje kome inn forslag til styret eller årsmøtet.
STORD SOGELAG Årsmøtet 2023 s. 2 av 2
- Val 2023 Styret Leiar vert valt for 1 år. Styremedlemmer for 2 år. Varamedlemmer for 1 år. Valnemnda v/Atle Bjørn Mæhle la fram følgjande forslag: Leiar: attval på Kjellbjørg Lunde 1 år Styremedlemmer: attval på Odd Stuve Rommetveit 2 år (kasserar) og Gunnar Strand 2 år.
(Styremedlemmene Asbjørn Aasheim (sekretær) og Liv Ingrid Grov stod ikkje på val.)
Varamedlemmer: Bjørn Bjørlykke (attval) og Peggy H. Bærøy, (nyval) begge for 1 år.
Årsmøtet valte ovanståande personar i samsvar med valnemnda sine framlegg.
- Val av revisor: Jostein Eldøy valt for 1 år. (2023)
10- Val av valnemnd
Årsmøtet valte desse til valnemnd for årsmøtet i 2024: Leiar Jens Litlabø, med Eli Lillebø og Annbjørg Luggenes som medlemmer.
Årsmøtet vart avslutta kl 20.15
——————————————————
Attvalt leiar Kjellbjørg Lunde takka for ny tillit, og takka også alle medspelarar for deira innsats og arbeid for sogelaget. Spesielt vart Jens Litlabø og Atle Bjørn Mæhle nemnde, i tillegg til skriftstyret for Årsskrift 2022. Etter årsmøtet vart det på tradisjonelt vis fremja ymse idear og innspel for det vidare arbeidet i sogelaget.
Referent: Gunnar Strand
Referat godkjent:
Åsta Lorentsen:
Oddbjørn Kvålsvold:
- Skriftstyret 2023
- Årsmøtereferat 2024