Stord sogelag

Meny

Med Stord sogelag på rusletur i Gruo august 2023

Torsdag 24.8. var over førti  frammøtte med på rusletur i Gruo med Ivar J. Helleland som turvert. Han sveipa innom alle sosiale lag i det gamle gruvesamfunnet frå Rødkleiv  via  Midtbyen, Parken, Gjerde og Stigerboligane,  til  «Solsida» på den andre sida av vegen. Der var me innom «Messen» og bustadane til overingeniør og direktør.  Turen enda opp  ved Maria Berg  som var den eldste gruve-bustaden på «Solsida.»

Helleland understreka det gode samhaldet mellom dei ulike arbeidargruppene i Gruo. Ungane kunne ferdast fritt og kunne gjerne få «ei skive med sukker på» i dei husa dei var innom. Livleg uteleik gav spenning, men òg ei eineståande samkjensle. Men det gjekk ei sosial grense mot dei som budde på «Solsida». Dit var det mange frå  arbeidarsida, både born og vaksne, som ikkje våga  seg. Likevel kunne ungane på «Solsida» gjerne søkja saman med dei på hi sida. Totalt sett må det ha vore eit spennande soisialt hopehav.

 

Med Ivar Helleland på rusletur i Gruo