Stord  sogelag
  • Meny

  • Årsmelding 2012

    STORD SOGELAG

    Styret 2012

    • Leiar: Atle Bjørn Mæhle
    • Nestleiar: Nils Tore Gram Økland
    • Styremedlem: Oddbjørn Kvålsvold
    • Kasserar: Peggy Husevik Bærøy
    • Skrivar: Turid Tresselt Melheim
    • Varamedlemmer: Jens Litlabø,  Bjørn Bjørlykke

    Revisor: Odd Stuve Rommetveit

    Valnemnd: Åsa Rygg (leiar),   Arne Sortland,         Jakob Gullberg

    Medlemstal

    Ved årsskiftet 2012/2013 hadde Stord sogelag 123 medlemmer. Av desse var 99 personlege medlemmer, 17 familiar og 7 institusjonsmedlemmer.

    Lagsaktivitet 2012

    Styremøte

    Det har vore 9 styremøte, 19.01, 13.03, 12.04, 10.05, 07.06, 23.08, 20.09, 01.11 og 06.12. Alle med unntak av eitt har vore på HSH. Styremøtet 13.03 fann stad heime hos leiaren. Møtet i desember var samstundes dugnadskveld i samband med utsending av årsskriftet.

    I 2012 har desse oppgåvene stått i fokus for styret sitt arbeid:

    a)     Oddbjørn Kvålsvold har gjort lydopptak av livsminnet til 38 personar fødde mellom 1915 og 1939. Desse personane kjem frå ulike delar av kommunen. Samla ligg det føre ca. 30 timar med opptak.

    b)    Samarbeid med tre barnehagar om «adopsjon» av ulike historiske minne i nærmiljøet deira.

    c)     Historisk spalte i bladet Sunnhordland. Desse innslaga har stått på trykk i 2012:

    28.09 Atle Bjørn Mæhle: Gammal eik på Langehaugen

    26.10 Egil Nysæter: Då Rogaland blei styrt frå Stord

    23.11 Egil Nysæter: Til Kristiansund med god grunn

    21.12 Nils T. Økland: Jula og dei farlege maktene

    d)    Sogelaget har fått logo med utgangspunkt i eika på Langehaugen

    Lokalhistoriske dagar og årsmøte i Hordaland sogelag

    I samarbeid med styret i Stord sogelag vart det skipa til årsmøte i Hordaland sogelag og lokalhistoriske dagar på Stord helga 17. og 18. mars 2012. Tema for arrangementet var: Skipsbygging. Om lag 37 deltakarar frå sogelaga rundt om i fylket deltok. Årsmøtedelegatar frå Stord sogelag var: Atle Bjørn Mæhle og Nils Tore G. Økland. I ettertid har styret i sogelaget motteke positive tilbakemeldingar for avviklinga av arrangementet.

    Tilskipingar i 2012

    Årsmøte 20. februar

    Det var ca. 20 som møtte på årsmøtet som fann stad på biblioteket i Kulturhuset. Etter møtet vart det servert kaffi/te og snittar. Deretter heldt Bård Gram Økland eit interessant foredrag om arkeologien på Stord.

    Kulturhistorisk samling 05.juni kl.18  

    Denne ettermiddagen hadde om lag 40 personar funne vegen til naustet til Ansgar Vikanes der han fortalde om båtar, fiske og utstyr. Dette var eit vellukka arrangement med mange positive tilbakemeldingar.

    Kulturminnedagen 08.09

    Tema for årets kulturminnedag var møteplassar, og i samarbeid med Sunnhordland museum arrangerte sogelaget denne dagen ei byvandring på Leirvik der Tore Lande Moe var omvisar. Rundt 40 personar var med på vandringa.

    Medlemstur til Bergen 15.09

    Dei 15 deltakarane hadde ein minnerik dag i Bergen der ein først fekk ei omvising inne på Gamlehaugen og deretter i parken rundt denne særeigne bygningen. Seinare på dagen var det byvandring med Egil Ertresvaag som guide. Han hadde mykje spennande å fortelje frå området rundt Strandkaien, Klosteret og Nøstet.

    Museumsmøte 23.10

    Eit interessant tema, Frå røykstove til signalbygg, stod på plakaten då årets museumsmøte  fann stad på Sunnhordland museum. Rundt 40 personar hadde møtt fram for å høyre arkitekt Jo Kjetil Nielsen fortelje om byggeskikk i fortid, samtid og framtid medan konservator Tore Lande Moe drog historiske liner i sunnhordlandsarkitekturen. Møtet var eit samarbeid mellom Sunnhordland museum og Stord sogelag.

    Skrivestove 15.11

    Denne kvelden hadde sogelaget invitert deltakarar til å delta på eit inspirasjonsmøte for å få inn fleire livsminne. Rundt 20 deltakarar møtte på Tveita gard. Arrangementet har fått mange positive tilbakemeldingar, men ein hadde gjerne sett at fleire kvinner deltok.

    Årsskriftet 2012

    I 2012 har desse vore i skriftstyret: Lars Mæland, Bjørn Bjørlykke, Magne Misje og Jakob Gullberg. Mæland har vore leiar. Også i årsskriftet 2012 er det minnestoff som dominerer. Årsskriftet 2012 er på om lag 113 sider, og det vert sendt til medlemmene og elles lagt ut for sal hos dei lokale bokhandlarane.

    Årsskriftet i 2012 inneheld desse artiklane:

    • Harald Kvarme: Minnesmerket over falne ved Stord kyrkje
    • Oddbjørn Kvålsvold: Læregut ved Stord Verft
    • Bjarne Korsvik: «Å eg minnest så vel denne stad» – Koløyo i si glanstid
    • Anstein Lohndal: Stadnamn på Føyno med Nautøyo og holmane
    • Liv Ingrid Grov: Om leik og idrett på Grov
    • Kåre Angeltveit: Sukkerpresser, utvikling og produksjon
    • Alf Mathisen: Gjestgjevarar og kremmarar
    • Lars Mæland: Folk i gruo – biletsamling
    • Anstein Lohndal: Frå Stord i 1912 – eit par hundreårsminne
    • Kåre Angeltveit: Besten og Besto på Eskeland

     

    Oddbjørn Kvålsvold                     Nils Tore Gram Økland                             Peggy Husevik Bærøy

    Atle Bjørn Mæhle   (Leiar)                                                                               Turid Tresselt Melheim (Skrivar)