Stord  sogelag
  • Meny

  • Vedtekter for Stord sogelag

    –   vedtekne på skipingsmøte 5.april 1995

    § 1       Føremål

    Laget heiter Stord sogelag, og det skal ha heile Stord som arbeidsområde. Gjennom allment lokalhistorisk arbeide med skriftlege og munnlege kjelder og ved tilskipingar av ymse slag skal laget ha til mål å skapa interesse for den lokale historia og stimulera medlemene til å ta opp arbeid med lokalhistoriske emne. Laget skal også arbeida for vern av materielle kulturminne, og leggja vekt på innsamling av munnlege tradisjonar, arbeidarminne og arbeidslivshistorie,

    § 2       Medlemer

    Alle som betaler medlemspengar i laget, vert medlemer og har røysterett på årsmøtet. Etter framlegg av styret kan personar som på ein framifrå måte har støtta opp om arbeidet i laget over lengre tid, veljast av årsmøtet til æresmedlemer i sogelaget. – Stord sogelag skal vera medlem av Hordaland sogelag og Landslaget for lokalhistorie.

    § 3       Årsmøtet

    Laget held årsmøte innan utgangen av mars kvart år. Det skal kunngjerast i lokalblada 4 veker i førevegen. På årsmøtet skal ein ha desse sakene føre;

    a.    Årsmelding

    b.    Rekneskap

    c.    Val av styret

    Styret skal vera samansett av 5 medlemer og 2 varamedlemer. Ein skal om mogeleg ta omsyn til geografisk spreiing. Leiaren ska! veljast ved særskild val av årsmøtet. – Stryet vel sjølv nestleiar, skrivar og kasserar. Leiar og varamedlemer skal veljast for 1 år om gongen. Dei andre styremedlemene vert valde for 2 år, men slika t berre 2 står på val kvart år. –

    d.    Val av revisor (revisorar)

    e.   Val av valnemnd på tre medlemer

    f.   Fastsetjing av medlemspengar for komande år

    g.  Årsmøtet drøftar det vidare arbeidet framover og dreg opp hovudlinjer for dette. Det set ned dei nemnder og utval som trengst for å ta seg av arbeidsoppgåvene. Saker som medlemer ynskjer å ta opp til drøfting og avgjerd på årsmøtet, må vera styret i hende seinast 14 dagar før årsmøtet vert halde.

    § 4  Styret

    Styret skal halda minst 4 styremøte årleg. Det er vedtaksført når leiar eller nestleiar og minst 2 styremedlemer er til stades. Det skal førast møtebok og rekneskap. På årsmøtet skal styret leggja fram årsmelding og revidert rekneskap.

    §5        Omframt årsmøte

    Når styret finn det turvande, eller minst 1/3 av medlemene krev det, skal det kallast inn til omframt årsmøte. På dette møtet kan ein berre drøfta og gjera vedtak i den saka (dei sakene) som gav grunnlag for innkallinga av omframt -årsmøtet.

    § 6       Vedtektsendringar

    Årsmøtet, eller eit omframt årsmøte, kan gjera endringar i desse vedtektene når minst 2/3 av dei frammøtte røystar for det. Framlegg til endring må vera styret i hende minst 1 månad

    før årsmøtet. Medlemene skal ha melding om dette saman med innkallinga ti! årsmøtet,

    §7        Oppløysing av Stord sogelag

    Vedtak om oppløysing av laget kan gjerast på eit vanleg årsmøte når minst av dei frammøtte røyster for det. Frameigg om oppløysing må vera kjent for alle medlemene i laget minst 3 månader før årsmøtet. –

    Dersom laget vert oppløyst, skal all eige førast over til Stord kulturkontor, som tek vare på verdiane og all anna eige (materiale) til nytt sogelag vert skipa.