Stord sogelag

Meny

Stord sogelag i samspel med andre lag

Samspelet

Stord sogelag har sitt spelerom mellom  Sunnhordland museum  på den eine sida og på den andre sida  lokale museum og bygdelag på

Stord som t.d.  Venelaget for Litlabø gruver, Omnshuset på Huglo, Huglo bygdelag,  Sagvåg bygdalag,  Verven på Jensaneset, Stord maritime museum, Venelaget for parken, Kværners industrimuseum Stord. Stord sogelag og Sunnhordland museum har  minst ei felles tilskiping kvart år.

Elles har me tematiske rusleturar på ulike stader i kommunen og på øya, ofte i samarbeid med dei lokale museumsinstitusjonane eller bygdelaga.

Kvart år har me ein medlemstur til ulike  kulturminne  også i andre kommunar. Me har ma. vore på medlemstur til Fitjarøyane, Gamle Bergen, Solstråleøya på Tysnes, Romsa i Vindafjord. Dessutan følgjer me opp   kulturminnedagar.

Årleg gjev me ut eit årsskrift  med stor  tematisk spennvidde, frå grundige historiske artiklar til meir personlege livsminne.