Bjørn Bjørlykke

Meny

Årsmøtet 2017: Bilete frå Stord i tidlegare tider.

Stord sogelag – referat årsmøte 2017

Tid: 21. februar klokka 19.30

Stad: Folkebiblioteket, Stord kulturhus

Frammøtte: Kring 30 medlemer tok del på den formelle delen av årsmøtet, kring 40 tok del i den opne delen av tilstellinga der Asbjørn Aasheim fortalde og viste bilete frå Stord i tidlegare tider.

 

1.Godkjenning av innkalling og sakliste.

Godkjent utan merknader.

2.Val av ordstyrar og referent: Jakob Gullberg vald til ordstyrar. Lars Mæland til referent.

3.Årsmelding 2016.

Lars Mæland gjekk gjennom årsmeldinga, som viser eit nytt år med god aktivitet i sogelaget, som hadde 156 medlemmer ved årsskiftet. Styret har hatt sju styremøte, prosjekt adopsjon kulturminne har vore viktig del av arbeidet i 2016, innsamlinga av livsminne held fram, samarbeidet sogelaget/Sunnhordland museum er formalisert, historisk spalte har vore fast innslag i Sunnhordland. Sjå vedlagde årsmelding for detaljar. Bjørnar Withbro kom med ei oppmoding om å ta vare på alle artiklane i trykt form, Oddbjørn Kvålsvold sa at han har samla kring 100 livsminne på ein minnepinne. Årsmeldinga godkjent.

4.Rekneskap 2016

Kasserar Peggy Husevik Bærøy presenterte årsrekneskapen, som viste at laget har sunn økonomi og fekk eit overskot på kroner 22.797,70. Medlemspengar er største inntektskjelde, laget er takksam for tildelte kulturmidlar frå Stord kommune. Sjå vedlagde revisorgodkjende årsrekneskap for detaljar.

5.Fastsetjing kontingent 2017.

Styret foreslo uendra kontingent for 2017.

  1. Val av styre

Valnemnda har hatt Jon Kyvik som leiar, Liv Astrid Økland og Nils Tore Gram Økland som medlemer. Sistnemnde la fram valnemnda sitt forslag til styre for 2017:

Leiar (vald for eitt år): Turid T. Melheim (attval)

Styremedlemer (valde for to år): Peggy Husevik Bærøy (attval), Gunnar Strand (ny)

Styremedlemer som ikkje står på val: Atle Bjørn Mæhle, Asbjørn Aasheim.

Varamedlemer (valde for eitt år): Bjørn Bjørlykke, Jens Litlabø

Reviso (vald for eitt år): Bjørnar Withbro

Ingen andre forslag kom på møtet, alle valde ved akklamasjon.

 

7.Val av valnemnd

Liv Astrid Økland –leiar 1 år igjen

Nils Tore Gram Økland – 2 år igjen

Lars Mæland – 3 år igjen

 

8.Innkomne forslag

Det var ikkje kome inn forslag frå medlemene, og det formelle årsmøtet blei avslutta.

 

Styret etterlyste innspel frå medlemene, og Tore Lande Moe minna om den store Kannelønning-samlinga på Sunnhordland museum, der ein treng hjelp til å få på plass namn på fleste mogeleg av dei som er med på fotosamlinga. Han viste også til Krogstad-samlinga same staden, der ein treng hjelp til å få tak i historia på bileta.

Det kom framlegg om å invitera kommunikasjonssjef Odd Naustdal til eit sogelagsmøte, for å fortelja og visa bilete/film frå historia til nøkkelverksemda Kværner Stord, ei bedrift som starta med sildoljefabrikken på Kjøtteinen i 1919.