Stord sogelag

Meny

Skrivestove 2015

«Torsdag 13.nov  var det kveldsete  i kjellarstova på Nordre Tveita. Det var ei lukka samling for bidragsytarar til årsskriftet, i tillegg til særleg inviterte.

Hovudtema var denne gongen innsamling av foto. Harald Vesterheim  fortalte om digitalisering av gamle foto, og korleis dei i Fitjar byggjer opp ei tilgjengeleg samling av gamle foto. Han held på og registrerer fitjarbilete som er samla inn ved Fitjar kulturkontor og i andre biletsamlingar. Opplysningar om bileta vert lagt inn i eit databaseprogram, men mange av dei eldre bileta av personar er desverre ukjende for oss enno.

Den siste tilveksten til samlinga er scanning av 215 av 364 flyfoto frå flyseskapet Widerøe. Desse vart tilbodne kommunane då selskapet Fjellanger-Widerøe vart skipa tidleg på 70-talet og samlinga som Fitjar kommune kjøpte i 1974 er på 356 fargeopptak og 8 i svart/kvit. Negativa til desse bileta vert no sende til Nasjonalbiblioteket som scannar bileta og kjem også til å presentera dei på internett som del i ein nasjonal plan. Fitjar kommune får tilgang til dei digitaliserte bileta i full oppløysing.
Det er papirkopiar av desse bileta i storleik 5×8 eg har scanna. Dei fleste bileta er frå tidleg på 60-talet.

I høve 20-årsjubiletet til  Stord sogelag  fortalde  Anstein Lohndal om  bakgrunnen for skipinga,og  om korleis sogelaget arbeidde dei første åra.

Her er nokre foto frå kveldseta på Nordre Tveita:

Anstein Lohndal fortel om skipinga av Stord sogelag 1995

Anstein Lohndal fortel om skipinga av Stord sogelag 1995

Harald Vesterheim synte og fortalde om gamle foto frå Fitjar

Harald Vesterheim synte og fortalde om gamle foto frå Fitjar

Lars Mæland og Jon Kyvik i samtale om årsskriftet

Lars Mæland og Jon Kyvik i samtale om årsskriftet

 

 

 

 

 

Kva er dette? Jens Litlabø syner fram ein merkeleg gjenstand

Kva er dette? Jens Litlabø syner fram ein merkeleg gjenstand

Ein del av dei 15 frammøtte

Ein del av dei 15 frammøtte