Stord sogelag

Meny

Skomakar-kurs 2015

Frå Stordnytt: — 01 november 2015

Kursa seg i treskomakar-kunsten

tresko1_fb_615

Mykje «graving» når ein lagar tresko, her er det Jens Litlabø og Øyvind Heggland som får tips frå kurslærar Helge Hisdal frå Samnanger og Mikal Heldal frå Hordaland Sogelag.

 

 

Godt 100 år i retur vart det i Os og Samnanger kommune laga om lag 80.000 par tresko for sal årleg. Ei viktig attåtnæring til gardsdrift og i mange heimar fanst det kvasse holjarn og borar til å laga skorne med. Like fram til for 50-år sidan var det fleire fabrikkar i fylket vårt som med maskinelt utstyr serieprodusert tresko. Etter kvart som «kjøpeskor» overtok marknaden minka det på kvardagsleg klakking frå treskor. Nokre eldsjeler held likevel handverket i hevd, mellom desse Samnanger Historielag med Helge Hisdal som leiar. I regi av Hordaland sogelag vart det i helga halde kurs i treskolaging på Stord med Hisdal som lærar. Arenaen var sløydsalen på Stord Ungdomsskule der fem handverkinteresserte karar hadde som mål få ein sko gåande, med ein olderkubbe som utgangpunkt.

tresko3_fb_615Hans Andersen har sjølv smidd ein del av utstyret han brukte til treskoforminga. Helge Hisdal med eit par eksemplar av ferdige produkt. Dette er handverk.

 

 

– Older er den mjukaste veden å jobba med. Furu og bjørk vart også brukt til skor, opplyste Hisdal. På stubben vart det rissa inn kva som skulle holast til opning i skoen, og kva som skulle gravast ut til hette over tærne. Regelen er ein tredel til tå, to tredel til opning. Stubben vert øksa grovt til skoform før han vert sett fast i krakken og utholing kan byrja. Kvass reiskap er avgjerande viktig. Kurshaldaren har med eit heilt arsenal av borar og holjarn. Utstyr av denne typen vart oftast smidd av skolagaren sjølv, det var ikkje få på butikken. På spørsmål om brukstida for eit treskopar, svarar sogelagsleiaren frå Samnanger:

– Ein godt laga tresko varde lenger enn ein sesong. Det kom litt an på om ungane fann dei høvande til skreining på is og snø, då vart det gjerne til at dei smidde litt av hælane for å få fart og då gjekk brukstida ned.

tresko2_fb_615

Kvasse og kraftige borar er avgjerande  for å letta jobben. Ekspertane klarde 3-4 par for dagen