Stord sogelag

Meny

Faste avisspalter 2016

«Sunnhordland»  måndag 19. desember  2016

Julabåten

Egil Nysæter

I gamle dagar var «julebåten» eit velkjent nasjonalt fenomen. Det var det siste skipet før jul frå Amerika til dei store byane med passasjerar, post og appelsinar og andre eksotiske varer. Den siste julebåten kom til Bergen i 1967. Tre år tidlegare melde «Sunnhordland» at julebåten «Bergensfjord» var komen til Bergen med 553 passasjerar om bord etter ein fin sju dagars tur over «dammen». Båten som hadde med 2000 sekker med post, vart motteke med musikk og song.

Men også Stord hadde lenge sin «julabåt». Men den var av eit anna slag, ein fast tradisjon godt formidla i denne avisa. Den 26. november 1926 kunne ein under overskrifta «Utlodning til hjelp for dei fatige til jul», lesa at fru fylkeslækjar Backer «som no i mange år har gjeve ein ting til utlodning for fatige til jul, hev iår forært ein færingsbåt til dette fyremålet.» Lodd var å få kjøpt hos kjøpmann K. Knudsen og i Mjelkeutsalet på Leirvik, hos Saue i Sagvåg og hos Søreide på Seminariet (Rommetveit). Rikka (Ulrikke) Backer var gift med distriktslege og fylkeslege Paul Backer som Backertunet er oppkalla etter. Båten vart bygd hos Sigurd Oma i Strandebarm, og skulle vera ferdig til 15. desember kunne soknepresten opplysa. Det galdt å ta lodd: «for iår er der desværre så altfor mange som kan trænge en håndsrekning til jul.»

Ideen hadde ho nok fått frå Leirviks kvinneforening for sjømannsmisjonen som då i nokre år, i alle fall sidan 1921, hadde toppa sin årlege basar med ein færingsbåt. Fru Backer stod for innkjøp av båten i tolv år, til og med 1937. Det året døydde Paul Backer 75 år gammal då han var på sjukebesøk i Storavikjo i Fitjar, og Rikka flytta året etter til Bergen.

Men julabåten var då blitt ein fast tradisjon som soknerådet tok over. Færingen, ein strandebarmar, var eit fast innslag på Vikjo før jul. Til å byrja med stod den i mange år utanfor K. Knudsen oppe i Borggata. Og til i 1960-åra vart den levert frå den same båtbyggjaren. Men ei ny tid banka på. I 1966 hadde båten fått litt nyare «sveis» akterut, slik at det var lettare å bruka påhengsmotor. I 1968 og fleire år frametter var båten av plast. Men trebåtar var ikkje gått heilt av moten. Eitt år er det tale om ein Ranabåt, så kom det ein strandebarmar og også oselvarar (bygd på Sunnhordland Industri og på Tysnes).

I 1967 skreiv formannen i soknerådet, Per Almås, at det også då var ein og annan som trong til ei hjelpande hand «trass i at samfunnet no yter mykje til sosial hjelp.» Blei overskotet større enn det som trongst til utdeling, hadde difor soknerådet vedteke at det overskytande skulle gå til kyrkjebygg for Sagvåg og Litlabø, ein gong nemnt som «Solhøgda kyrkje»! Berre få år etter gjekk så heile overskotet til den planlagde kyrkja, og i 1984 skifta soknerådet namnet til «Kyrkjebåten», men den vart framleis her i avisa omtalt som «Julabåten». I alt kom det inn ein million kroner til kyrkja. Rett før jul 1991, for 25 år sidan, var det kyrkjevigsle på Nysæter. Det var difor ikkje så unaturleg at 1992 vart siste året (skal ein tru «Sunnhordland») med ein julabåt som del av julestemninga på Vikjo.

Kjelde: Sunnhordland sitt digitale arkiv, der du også kan sjå kven som vann båtane.

 

«Sunnhordland»  måndag 5. desember  2016

Då korn og brødmat var viktig

Oddbjørn Kvålvold

Før dei fyrste bekkekvernene kom i bruk utover på 1200- og 1300 – talet og folk tok til å steikja flatbrød, var brødmat ein del av kosthaldet vårt. Kjelder fortel om bakt brød- brødtallerken lenge før bekkekvernene vart tekne i bruk. Dette var flatt brød av bygg- eller havremjøl, som var opptil ¾ centimeter tjukke. Brødtallerkane vart steikte på begge sider før ein la på kjøtt, fisk eller ost. Det var kvinnene som malte korn på handkverner og steikte brødtallerkar for nokre dagar om gongen. Erfaringa tilsa at heilt korn var lettare å halda fritt for giftig kornmugg. Etter at ein tok til å mala kornet på bekkekverner, fekk kvinnene større mengder som måtte haldast muggfritt. Ja, heile mjølbingen kunne verta ubrukeleg, om mjølet ikkje vart nytta innan kort tid. Ein reknar med at det var i denne tidsbolken det vart vanleg å steika og nytta flatbrød til dei fleste måltida i norske bygder. Brødmat har difor lange tradisjonar i vårt kosthald. Enno lever nokre som hugsar attende til ein oppvekst der dei baka potet og mjølkekaker kvar veka. Vidare var Hardingkaker, krotekaker og flatbrød ein viktig del av kosthaldet og nytta til dei fleste måltida i mange bygder.

Bakeutstyr (Foto: Oddbjørn Kvålvold)

Bakeutstyr (Foto: Oddbjørn Kvålvold)

Det vesle fallet i Frugardselva var eit av dei første som vart nytta her ikring til kverndrift, fortel Ola Høyland i Stord bygdebok. I same boka er det sitert frå ei takstforretning frå 1708: … «… saga og kverna hadde årgangsvatn. Til kverna kunne dei koma langveges frå særdeles naar tørre aarganger infalder». Då Tomas Olai Olsen dødde i 1916, overtok sønene Ole, Albert og Anders drifta av mølla i Frugardselva. Ein av forteljarane mine, Gunnar Oma, hugsar at han var med å hjelpte til med transport av korn frå sjøhuset og opp til mølla i sine barneår. Det kom sendingar som skulle hentast på kaien på Leirvik, og noko kom med båt til bua ved sjøen. Her var Gunnar med og tok i mot når båtane kom frå Tysnes, Halsenøy, Fjellberg og Bjoalandet med kornlast. Nokre kom roande, mens andre nytta seksæringsbåt med segl eller motorbåt. Sjøbua til møllarane hadde opning og vinda ut mot sjøen, som dei nytta til å heisa opp sekkene med. Gunnar minnest at skøytene kom ikkje heilt inn til bua på grunn av ein bergnabbe i sjøen. For ein unggut var det alltid spanande å fylgja med når sekkene kom «seilande» over rekka inn mot døropninga.

Brødrene som drifta mølla ønskte ikkje at ungar skulle opphalda seg i møllebygningane, for det kunne føra til uhell. Men Gunnar, som voks opp i nabohuset til Anders Olsen på Døso, fekk lov. Han fortel om vekta som var plassert innføre dørstokken der kornsekkene vart vogne og vekta notert. Kornet vart så tømt i ei luka som førte ned til underetasjen der tørkene var plasserte. Eit opphald i tørkene var første del av prosessen før vidare foredling av kornet. Ola Høyland skriv i bygdeboka at brørne held fram med utbygging og modernisering av kverna så ho vart ei moderne bygdemylna. Faren hadde tidlegare skifta ut vasshjulet med turbin og montert grynkvern og siktmaskin. Men korndyrkinga minka av nokre år etter siste verdskrigen, og i 1950åra var det slutt med mølla i Frugården.

Per Høyland har fortalt meg om bakartradisjonane dei hadde på Høylandsgarden i hans oppvekst. Dei hadde fyrgryta og steikehella i eldhuset og seinare i kjellaren. Hardingkaker, lefser og mjølkekaker var alltid på bordet ved helg og høgtid, mens potetkaker var kvardagskost . Det var mor til Per og systera som oftast bakte, men til dei store høgtidene vart Maria Solhaug innleigt som bakstekona. Under siste verdskrig vart det dyrka bygg, havre, rug og kveite på Høyland. Men etter krigen minka det på korndyrking i Sunnhordlandsbygdene, fortel Per, og siste året dei hadde kornåker på heimagarden var i 1955.

Munnleg kjelde:        Gunnar Oma f.1924

Per Høyland f.1931

Skriftlege kjelder:      Riddervoll og Andersen -«Middelalderens matkultur» – 2003

Ola Høyland – Stord bygdebok bind III

 

 

«Sunnhordland»  måndag 21. november  2016

Ishusa – ein lagerplass for naturis

Oddbjørn Kvålsvold

Ishus var lager for å ta vare på naturis i blokker som ein kunne nytta om sumaren og utover hausten til kjøling av matvarer. Husa var ofte isolerte med doble vegger, og det var nytta sagflis eller halm som isolasjonsmaterial. Isen vart saga ut av ferskvatn og isblokkene stabla i ishuset og nytta til kjøling av fisk, kjøt og mjølkeprodukt. Bruken av ishus og issaging dabba av etter at det vart utvikla kjøle- og fryseteknologi slik me kjenner til i dag. Skriftlege kjelder fortel at teknikken med lagring av isblokker, som vart nytta i «kjølerom», var kjend av persarane f. Kr. fødsel. I ein periode rundt 1900 talet var Noreg største eksportør i verda, av is til land som Storbritannia, Nederland og Spania (ca. 500000 tonn pr. år).

 Biletet viser MS Mesja framføre ishuset på Vikanes. Foto: privat

Biletet viser MS Mesja framføre ishuset på Vikanes. Foto: privat

I ein samtale med Per Høyland fortel han om ishuset som stod på garden Høyland, 20 – 30 meter frå austre kanten av Tveitavatnet mot Vabakkjen (Ishussvingen). Dette vart bygd i byrjinga av 1930- åra som ein del av drifta til det første meieriet som bøndene på Stord bygde i Borggata i 1933 – 34. Per fortel om korleis dei skar is på Tveitavatnet, og denne vart transportert til ishuset for mellomlagring. Bøndene nytta trekksag og skar laus blokker på ca. 60×60 cm. Desse vart transporterte til lagerhuset som me i dag berre ser litt av grunnmuren på. Per Høyland meiner at lageret var omlag 40 m2, og i bruk heilt ut i 1950- åra. På meieriet vart mjølkespann sett opp i store kar med vatn, og ein nytta isblokkene til nedkjøling i sommarhalvåret. Men det hende at det var milde vintrar før i tida òg, så Per hugsar at meieriet måtte spara på islageret sitt.

Men dette varierte, og i 1947 var det mykje god is på Tveitavatnet, fortel Torbjørn Haga. Dette året var han med og skar is på dugnad saman med andre frå mjølkekøyrelaget i Haga. Isblokkene som var 12-15 cm tjukke dette året, vart dregne opp av den opne råka med spesiallaga trekkrokar. Inne i lagerhuset vart det strødd sagflis mellom isblokkene etter kvart som laga vart stabla opp, fortel Torbjørn. I dei siste åra meieriet i Borggata var i

 Ansgar Vikanes syner meg saga og issaksa som dei nytta. Foto: Oddbjørn Kvålsvold

Ansgar Vikanes syner meg saga og issaksa som dei nytta. Foto: Oddbjørn Kvålsvold

bruk vart det installert frysemaskineri slik at trongen for isblokker minka og ishuset ved Tveitavatnet vart ståande til forfall.

Eit mindre kjent ishus vart bygd på Vikanes i siste delen av 1920- åra. I ein samtale med Ansgar Vikanes fortel han om faren, Severin Jakobsson Vikanes (1876- 1971), som var med og bygde sjøhus nord på eigendommen som det òg vart lagra is i. Ansgar har i mange år samla utstyr som vart nytta i samband med fisket, og har teke vare på verktøy dei brukte til skjering og transport av is. Isblokkene vart skorne i Stokktjødna litt sør for flyplassen og dregne ned langs vasseidet til sjøen med issakser. Så vart isen frakta over Dyvikvågen til det nybygde sjøhuset på Vikanes, og her vart blokkene stabla inn og «pakka» i sagmo. Sagbladet som vart nytta i Stokkatjødna til skjeringa, reknar Ansgar var frå ei av oppgangssagene i Sagvåg. Til drifta av ishuset på Vikanes høyrer og med ei iskvern som dei nytta til å knusa blokkene. Isen som dei leverte i kassar, var knust til terningar, og i hovudsak brukt til nedkjøling av brisling, fortel Ansgar.

Ei rekneskapsbok som Ansgar Vikanes har teke vare på, fortel om «Levering av is for 1928». Dei første 10 kassane vart leverte til «Brislingbørsen» for kr 18.70. Same mottakar fekk heile 141 kassar med is 5. juni 1928. Sjølv om desse var hovudmottakar av is frå Vikanes, vart det òg levert til andre. Det er m.a. notert 20 kassar til ein «Gjøsæter på Bømlo» i juli same år. Sjøhuset på Vikanes vart bygd som islager og under siste verdskrigen nytta som kornlager (kriselager), hugsar Ansgar. Han fortel at lageret vart oppsøkt av rotter og mus, og i guteåra fekk han ansvar med tilsynet av dei to kattane som vart «tilsette» som vaktmannskap på mjøllageret.

 

Skriftleg kjelde:            wikipedia.org

Munnleg kjelder:             Per Høyland f. 1931

Torbjørn Haga f.1927

Ansgar Vikanes f. 1932

 

 

 

 

«Sunnhordland»  måndag 7. november  2016

Minne fra kommunesalen i Trudvang

Oddbjørn Kvålsvold

Ein av veteranane i styre og stell på Stord, Johann Belsvik, var ungdomskandidat på lista til kommunistane i 1951 og vart vald inn som 1. varamann. Ein av representantane deira hadde mykje sjukefråver, og Belsvik møtte på mest alle møta. Denne fyrste perioden i politikken vart såleis starten på eit stort samfunnsengasjement som har kjenneteikna Johann gjennom heile livslaupet og langt inn i pensjonisttilværet. Eg har vore så heldig at han har delt mange av livsminna sine med meg, men her vil eg berre fortelja nokre minneglimt frå då «gamlekarane» styrte kommunen frå salen i Trudvang, der Ola Høyland og Onar Onarheim hadde ansvaret for ordførarklubba.

Representantane satt på denne tid på benker langs langbord, dei borgarlege ved eit og arbeidarpartiet og kommunistane sine representantar langs det andre. Her var mykje nytt å forholda seg til fortel Johann, sjølv om han hadde organisasjonserfaring både frå ungdoms- og idrottslag. Nokre av representantane ved det «raude langbordet» nytta snus og skråtobakk og hadde ein spyttebakk under bordet. Denne levde sit eige liv og vandra att og fram under kommunestyremøtet, transportert med beina. Johann hugsar at Knut Huseth frå AP og Andreas Rekve som representerte kommunistane, samarbeidde flittig for å sikra at spyttebakken kom på rett plass til rett tid. Belsvik kan ikkje minnast at dei borgarlege hadde eit slikt hjelpemiddel tilgjengeleg under sitt bord. Den første tida Johann var medlem av kommunestyret sat Ola Høyland i ordførarstolen, og seinare tok Onar Onarheim over styringa. Høyland var ein tolmodig ordstyrar og tillèt at representantane hadde både 3 og 4 innlegg til same sak. Johann fortel om ei sak som kom opp heilt på tampen av eit møte. Fleire frå Gruo vart sterkt engasjerte, og debatten ville ingen ende ta. Då høyrde han Rasmus Rommetveit som var formannskapssekretær og skreiv referat, kviskra til ordførar Høyland: «Ola, Ola, du må gripa inn og stoppa dette, for eg har ført inn referatet i protokollen».

 

Når Johann tenkjer attende til dei første åra i denne «aldrande forsamlinga», så minnest han fleire episodar der hans store engasjement i enkelte saker opprørte fleire av dei borgarlege representantane. Ja, det hende fleire gonger at ordførar Høyland og seinare Onarheim måtte kakka i bordet for å roa ned den engasjerte Belsvik. Spesielt i saker som galdt dei unge i stordsamfunnet, eller hadde ein sosial profil, vart han ofte kvass i replikkane, vedgår han. Ei slik sak var då kommunestyret handsama kommunal garanti og tilskotslån for husbyggjarar. Eit fleirtal ynskte forskjellige satsar, noko for dei etablerte, og lågare summar for dei som var meir usikre lånetakarar. Dette pirra Johan sin «sosiale intelligens» til brestepunktet og han heldt eit engasjert innlegg om at det ikkje var rett av kommunen å gjera skilnad på folk. Ei av dei borgarlege representantane, Elisabet Dale, tok då ordet og forkynte moderlig. «Eg har så lyst å koma over bordet og rista han der Belsvik i luggen» Dette var ein av dei få gongene den alvorsfulle forsamlinga braut ut i ein braklått, minnast han.

Då Onarheim tok over ordførarklubba, vart det eit lite vegskilje. Han var meir rasjonell i si ordførargjerning og bad representantane ikkje gjenta seg sjølv i mange og lange innlegg. Johann fortel om fleire frå gruvemiljøet som var aktive og bad ofte om ordet til sakene. Han hugsar spesielt ei sak som vart langdryg med mange innlegg. Ein av representantane frå det borgarlege langbordet var advokat Leif Baugstø, som og var ein aktiv debatant. Han bad ofte om ordet, og i denne saka for fjerde gongen, men Onarheim summerte opp og sa at saka no var godt opplyst, og han ville ta ho opp til avrøysting. Men advokat Baugstø forkynte. «Jei hadde hånden i været». Men ordføraren repliserte: «Me dreg ikke ordskiftet lenger ut», og gjekk vidare på sakslista. Dette resulterte i at representanten Baugstø samla saman papira og la dei i den brune konvolutten. Han reiste seg så og gjekk mot døra, stoppa ved kakkelomnen og putta konvolutten inn i flammane. Ordføraren kvakk til og spurde. «Hva er dette for noe»? Representanten som var på veg ut døra, snudde seg og forkynte. «Jei går nu hjem, for jeg har visst ikke noe mere på dette møte å gjøre».

Munnleg kjelde: Johann Belsvik f. 1929

 

 

 

 

«Sunnhordland»  måndag 24 oktober  2016

Leva av å klippa andre

Egil Nysæter

Den 4. november 1904 opna Hans Jacobsen ein «Barber & Frisørforretning i Snedker Johnsens Hus» (i Smio) på Leirvik. Der kunne ein også få kjøpt sigarar og sigarettar. Jacobsen hadde tidlegare vore barber i Haugesund. Planen var å ha ope tysdag og fredag, men snart var det berre tale om fredag i ein annonse med overskrifta «Forandring!». Og så vart det ikkje innrykt fleire annonsar frå Jacobsen.

Annonsane stod i denne avisa som nett har gjort heile avisarkivet frå 1902 til i dag lett tilgjengeleg på nettet. Som einaste lokalavis i landet? Det er lett å spå at tiltaket vil vera eit løft for den lokalhistoriske granskinga i distriktet. Dei fleste kjeldene i denne artikkelen er henta ved søk i arkivet.

Me kan ikkje leva av å klippa kvarandre, heiter det. Men samtidig veit me at fleire og fleire nettopp lever av å klippa andre eller yta heilt andre tenester. Barber Jacobsen synest ikkje ha hatt særleg suksess, han var nok for tidleg ute, og reiste vel tilbake til Haugesund. Få år seinare finn me han utvandra til Amerika.

Det skulle gå nokre år før neste barber og frisør dukka opp. Våren 1911 averterer Christopher Thorgersen, frå Haugesund, at han opnar salong i fotograf Kannelønnings hus. Han sikrar seg også redaksjonell omtale i avisa. Opningstida er tre timar om dagen, men heile dagen om laurdagen. «Søndag Form. er det anledning til at blive barberet i Hjemmene». Og han lokkar med barbering «efter amerikansk Methode», dvs. kort ved øyrene og i nakken. Men det hjelper ikkje. Siste spor i avisa er året etter.

Men så, 13. august 1913, opna bergensaren R. Pettersen ein ny og permanent barber- og frisørsalong på Stord. Faget hadde han lært i Bergen der det var mange frisørar. Pettersen heldt det gåande til i 1924. Då selde han salongen til Einar Hauan (1902-1975) frå Stavanger. Avisa omtalte han slik: «Hr. Hauan kan bruka både kniv og saks so handfritt at det er ikkje meir, enn du har sett deg godt til rettes i stolen, so er du ferdeg og ser ut som ein ny toskilling.» Heime i Stavanger hadde han begynt som «såpegut» då han var ni år. Etter fire års læretid starta han 18 år gammal eigen salong i Hillevåg. Hauan var ein dugande fagmann som slo seg til for godt på Vikjo. Alt i 1928 tilbaud han «Ondulation, klip, Hårvask og macage (massasje)» utført av eigen damefrisør. Sønene Frank og Kurt følgde i farens fotspor. Og då Kurt Hauan måtte leggja ned salongen i 1990, vart som han skreiv «eit viktig trekk i gatebilete» på Vikjo borte.

Etter kvart kom det fleire frisørar både på Leirvik og elles i Stord kommune. I 1957 var dei så mange at dei skipa Stord dame- og herrefrisørlaug (seinare Sunnhordland Frisørlaug). Dei første medlemene var May Mathisen, Einar Hauan, Kirsten Dahle, Borghild Ytredal, Agnes Kyvik og Reidun Koppang.

I dag skal det finnast nær 40 frisørsalongar, inkludert såkalla «kjellarfrisørar», i kommunen. Og sjølvsagt er det samla talet på frisørar langt høgare. Veksten frå den spede starten for vel hundre år sidan har i alle fall vore formidabel, sjølv når ein veit at folketalet no er fem gonger så høgt.

 

 

 

 

«Sunnhordland»  måndag 10 oktober  2016

Før i tida – då bilcamping var det store

Oddbjørn Kvålsvold

 Nabojenta Marit i lag med mora Alvhild Landa, og brørne Nils og Gunnar i 1967. Foto: privat

Nabojenta Marit i lag med mora Alvhild Landa, og brørne Nils og Gunnar i 1967. Foto: privat

I mange år var bilcamping ein del av sumarferien for mange familiar. Folk flest hadde fått høve til eigen bil, då me gjekk inn i 1970-åra. Å dra på ferietur med bil og telt vart ein livsstil. I ein samtale med dottera i nabohuset fortel ho om dei gode minna frå barndommen med campingtur kvar sumar. Dette var i siste delen av 1960-åra og den vesle Austin‘en skulle romma foreldra og born med utstyr for tre veker. Plassen vart utnytta til brestepunktet og det var alltid faren som pakka inn i bilen. Alle såg fram til at me kunne pakka og ta fatt på den årlege store hendinga. Og far var nøyen med at bilen ikkje skulle overlastast, han vog alltid både utstyr og folk på badevekta før innlastinga tok til, fortel ho.

Dette var ein generasjon som fekk oppleva fridommen som campinglivet gav, og som mange 50 -60 åringar i dag har gode minne frå. Desse bilturane etter skranglete grusvegar i lag med foreldra, og kveldar med leik, moro, kakao og kos vert hugsa. Campinglivet for min familie tok til etter at me kjøpte oss bil og eit lite hustelt i 1970 og hadde prøvetelting ei helg på Osterneset. Her hausta me nyttig lærdom. Både å reisa og ta ned teltet vart eit lagarbeid som få klarte fortare. Alle hadde sine faste oppgåver, og sjølv minstemann var delaktig med å få luft i madrassane. Ferieturen

hadde alltid innlagt ei vekes stopp hjå familien min i Trøndelag. Utstyret dei fleste bilturistane nytta på denne tid var enkelt, men funksjonelt. Eit lite hustelt med myggtett innertelt som hadde plass til fire smale luftmadrassar. Samanleggbart campingbord med fire krakkar, propanutstyr med kokebluss og kokesett med steikepanne og kaffikjel i aluminium.Som mange campingturistar gjorde flakka me mykje rundt, låg kanskje 2 – 3 netter på same plassen, men så bar det vidare. Me prøvde å planlegga reiseruta gjennom nye dalføre kvart år. Og i ei NAF-bok som me har teke vare på, er dei fleste reiserutene stipla inn. Av denne går det fram at det er få dalføre og vegar i sør og midt Noreg vi ikkje har køyrd gjennom. På vegen

Middagsmåltid på campingvis. Foto: privat

Middagsmåltid på campingvis. Foto: privat

nordover til Trøndelag hadde vi og fleire gonger ei vekes stopp på Bærøy ved Kragerø. Verkstadklubben ved Stord Verft hadde fleire hytter der, og ungane likte seg godt med høg sumartemperatur, bade- og båtliv. Familiedagen som vart arrangert på Bærøy for kvar gruppa, med leik og moro både for ungar og vaksne, er gode sommarminne. Den lengste bilturen me hadde i lag, var då me skulle vitja ein familie i Stamsund. Dette var ein tur på over 500 mil, og som vi brukte fire veker på. Køyrde austover til Bottenvika og langs kystbyane til Haparanda, gjennom Finnland og inn i Troms. Vidare ut gjennom Vesterålen og med stopp i Stamsund og i Trøndelag på vegen sørover.

I dag har denne reisemåten «gått ut på dato», men for 40 – 50 år sidan var teltturane den årlige store opplevinga. For mange familiar var desse vekene der ein budde i tronge telt i fleire veker, og måtte samhandla heile tida, ei viktig side av sosialiseringa. Campinglivet er framleis populært, men med ein annan standard. Dei flottaste og store bubilane eller campingvognene gjev nok ei anna kjensle av luksus og speglar meir av dagens trong og moderne krav til livsstil.

 

 

 

 

 

 

«Sunnhordland»  måndag 26 september  2016

Utfordrande skuleveg og mykje pugging og song

Oddbjørn Kvålsvold

Bilete av skulepultane slik me eldste hugsar dei. Foto: Oddbjørn Kvålsvold

Bilete av skulepultane slik me eldste hugsar dei. Foto: Oddbjørn Kvålsvold

Mange av dei eldre har fortald meg livsminne frå skuletida si i Stordskulen, ei tid og ein skule som er monaleg annleis enn den våre barnebarn og oldebarn får oppleva. For dei fleste er minna frå denne tida gode og kjekke, for dei vonde er nok trengde langt bak i hjernebarken. Skuleminna eg vil skriva om denne gongen, er frå Nordbygda.

Olav Hetlesæter vaks opp under fjellet på Hetlesæter og hadde ein utfordrande skuleveg. Dei to første skuleåra gjekk han til Rommetveit, men seinare til Agdestein. Olav fortel om lærarinna si ved Agdestein skule, Eli Hannisdal, som han meiner var ein svært god pedagog. Olav som sjølv tok lærarutdaning , fortel om lærarinna som kom syklande på skrale grusvegar frå Hystad, men som hadde overskot til å vera med på uteaktivitetar med elevane. I undervisninga av dei sju elevane på ulike klassetrinn fekk dei eldste prøva seg som «hjelpelærarar» , fortel Olav, noko han meiner var med å gav ei effektiv læring for dei samla klassetrinna. Heimeleksene med puggetrening av tekstar og salmar utanåt gav øving og kunnskap som elevane hadde stor nytte av seinare i livet, meiner den pensjonerte læraren.

Torgils Engevik som budde på Øvre Eskeland, fortel om ein skuledag der ein song mykje og pugging var ein del av det pedagogiske opplegget. «Himmelske fader» og «Med Jesus vil eg fara» var faste opningssongar i skulane på denne tid, og salmevers og songar vart innøvde som puggeleke heime. Lærarinna Bjørg Stuland i førsteklassen utnytta skuledagen godt, men i friminuttane var det leik og moro og dei slo mykje ball. Skuleåret var tilrettelagt med fri annakvar veke. Torgils fortel at songkunnskapen og puggeleksene frå grunnskulen har vore til stor nytte seinare i livet. Ja, songane som vart innøvd i «friveka», er ballast som han har hatt stor glede av gjennom eit langt liv.

Torgils Engevik tok til i småskulen på Rommetveit i 1936. Skulle han fylgja «storvegen» frå Eskeland til Rommetveit, var vegstrekka 3,5 kilometer, men som oftast gjekk dei snarvegen gjennom marka. Han minnest at Orrestegsbekken kunne vera vanskeleg å passera haust og vår, men dei visste råd. Dei klauv på gjerdet over den flaum store bekken, med godt tak i toppstrengen. Lenger nede var det og ein plass som var vanskeleg å koma over, fortel Torgils. For å hjelpa på dette arrangerte ungane dugnad, – dei bar til steinar. Desse vart plasserte til trakkesteinar for å koma mest mogleg tørrbeint over bekken. For sjuåringane er dette utfordringar som enno er lagra i minnet.

Som den flinke forteljaren Torgils er, må eg ta med eit livsminne frå skuletida på Rommeteit. Lærar Arne Stuland hadde hatt ein episode med ein gut frå Grov. Som den strenge læraren Stuland var, ville han tukta han litt. Guten stakk opp trappa til 2. etg. og læraren var på veg etter han. Nett då kom rektor Eskeland inn døra, og han ville vita «kva som sto på»? Lærar Stuland forklarte at guten hadde bede han, «kyssa seg i revo». Rektor Eskeland sin kommentar var: «Ja, ja, det kan vel ikkje hasta so».

Munnlege kjelder:   Olav Hetlesæter (1931-2016)    og  Torgils Engevik f. 1929

 

 

«Sunnhordland»  måndag 12 september  2016

Rasjonering og husbygging i etterkrigstida

Oddbjørn Kvålsvold

Trillebåra -modell Fjellvedt

Trillebåra -modell Fjellvedt

Mange av dei som enno lever har minne om ei tid då det ikkje berre var lommeboka som sette grensene for når ein kunne byggja seg hus. Sjølv hugsar eg at foreldra mine søkte om byggeløyve alt i 1948, men fekk dette viktige dokumentet i hende først i 1951. Alle viktige byggemateriale skulle nyttast til gjenreising av landet og brukast til størst nytte for fellesskapet. Gjenreisingsdirektoratet som vart oppretta i1946, hadde tilsyn med byggeverksemda i landet og skreiv ut tilvisingar på materialar. Dei førte og kontroll med forsyningsnemnda i fylket si handsaming av søknader om bustad og landbruksbygg. Men og på andre område var det for lite varetilfang. Rasjonering av mjølk og mjølkeprodukta varte til hausten 1949, og for sukker, te og kaffi måtte ein nytta rasjoneringskort fram til hausten 1952. For å kjøpa klede vart det nytta kort (merke) fram til 1954, og regulering av bustadbygging og bilsal varte til 1960.

Gudrun og Kurt Nysæter budde i Sagvåg då planane deira om å byggja eige hus vart alvor i byrjinga av 1950-åra. Dette var ei tid då det enno var vanskeleg å få tak i byggemateriale, og dette fekk ekteparet Nysæter merka. Kurt arbeidde på Kjøtteinen der ein venegjeng fekk festa tomt hjå Bjarne Johannesen i Øvre Hageby. For dei unge var det å byggja eige hus i 1950-åra eit stort løft, som kravde stor eigeninnsats og nøktern standard skulle ein lukkast. Kurt fortel at han måtte køyra vekk mold og lausmassa frå området der huset skulle plasserast med trillebåre. Dette var det viktigaste hjelpemidle han hadde saman med grafse, brett, spett og «rå» muskelkraft. Det vart lange ettermiddagar og kveldar i tomta etter arbeidsdagen på verftet, og seine kvelden før han sykla heim til Sagvåg. Etter at fjellet var reinska, fekk Kurt ein kjenning til å bora tomta og sprenga ut husgrunnen. På denne tid vart det ikkje nytta maskinell utgraving av fjellmassane, så det var mykje stein som skulle transporterast vekk manuelt. Etter at grunnen var avretta og forskaling sett opp, vart betong blanda på byggjeplassen. Ja, det vart ei stor lette for oss husbyggarar på Stord då W. Engelsen Ettf. sette opp blandeverket på Brattestø i første halvdelen av 1960-åra og me kunne få kjøpa ferdigbetong.

Kurt minnest at det var vanskeleg å skaffa materialane til huset. Han kjøpte tømmer og fekk dette skore til bjelkar, sperrer og stenderar, og så hjelpte broren Olav han med å setja opp reisverket. Broren var bygningsmann og hjelpte han til huset fekk tak på. Kurt arbeidde vidare med å slå på papp og kledning utvendig, og kle reisverket innvendig med trefiberplater. Bindingsverkshuset til familien Nysæter vart ikkje isolert i yttervegger med det same, men etterisolert fleire år seinare. Nysæter fortel om problema han hadde med å skaffa golv til huset. Dette ordna seg då Valvatna høvleri & trelastforretning fekk inn ei last med golvbord og han fekk kjøpa ein del av dette. Sjølv om huset vart teke i bruk hausten 1952, så stod det att mykje arbeid, fortel Kurt Nysæter.

Husa på Vestlandet vart ofte bygde utan isolasjon i yttervegger og golv langt inn i 1950-åra. Ein av veteranane innan byggefaget på Stord, Torgils Engevik, har fortald meg om byggemåtar. Han meiner å hugsa at isolasjonsmatter av glasvatt fyrst vart teke i bruk i 1955 – 56 på Stord. Men enkelte nytta både sagflis, leira og kutterspon til isolasjon i golv. Avispapir har og vorte brukt til tetting og isolasjon mot trekk. Alt i 1930-åra vart noko mineralullisolasjon importert frå USA, og norsk produksjon av glasvatt tok til i same periode. I Noreg var det først etter 2. verdskrig me tok i bruk moderne isolasjonsmateriale i bustadhus, men materialrasjoneringa og kostnaden var eit hinder dei første åra etter krigen.

Munnleg kjelde:            Kurt Nysæter f. 1923

Digital kjelde:                        Arkivverket – Riksarkivet

 

 

«Sunnhordland»  måndag 29.august 2016

 

Før fryseboksane vart allemannseiga

Oddbjørn Kvålsvold

Mjølkenettet frå 1960-åra

Mjølkenettet frå 1960-åra

For oss litt eldre har det vore eit livslaup med store omveltingar og utvikling både på godt og vondt. Mange av dei som har delt livsminne med meg, fortel om ein livsstil og kvardag i den nære fortida som me i dag lett fortrenger. I denne vesle artikkelen vil eg ta fram nokre minne frå dei første åra etter at kona og eg etablerte familielivet, ei tid då mange familiar mangla eigen fryseboks. Dette var i 1963, og me fekk kjennskap til at ved Stord meieri var det høve til å få leiga fryseboks. Meieriet på Leirvik var på denne tid ein viktig institusjon, ikkje berre for bonden som her fekk levera mjølk, men òg for oss som budde på Leirvik og i nærområda. Her var butikkutsal av mjølkeprodukta dei foredla eller kjøpte inn frå andre meiri, jentene bak disken skar stykka frå «slipesteinsosten» med streng etter kunden sitt ynskje. For oss som budde i Lønningsåsen på denne tida, vart difor utleigeboksane på meieriet ei praktisk løysing som me hadde stor nytte av.

På meieriet henta me mjølk i små spann og seinare literflasker med aluminiumskork, i transportnett. Spann vart òg nytta når me kjøpte blod hjå slaktar Grov oppe i Borggata, som kona laga blodpølsa, korv og blodpannekaker av. Næringsrik og billig mat for ein liten familie som måtte «setja tæring etter næring».

For kona som var van med stort hushald og tradisjonar frå gard, vart leiga av fryseboks på Stord meieri ein viktig del av eit rasjonelt hushald. Me og mange andre kjøpte inn matvarer i stort på denne tida, og pakka og merka «porsjonspakkar» for nedfrysing til middagsmat. Eg hugsar at min omgangsven Leif Irgens skaffa kvalkjøt (Nise) frå Halsenøy, og Godtfred Gangdal var vår faste leverandør av fisk i ein periode. Fisken vart bearbeidd til koke- og steikfisk samt store haugar med fiskekaker. Høveleg middagar vart så sirleg pakka inn i gråpapir, merka og mellomlagra i innleigd fryseboks. Mange kjøpte kjøt i stort som dei sjølve, salta, speka og hermetiserte på Norgesglas. Me kjøpte kjøt «i stort» både hjå slaktar Grov i Borggata og bonden på Landa, så middagane vart oftast henta frå fryseboksen på meieriet, og seinare hjå Granli på Bjelland.

Ein av forteljarane mine, Sigurd Nonås, vart tilsett ved det nybygde meieriet som bøndene på Stord bygde i Osen i slutten av 1950 åra. Han var fagutdanna elektrikar og fekk tilbod om maskinistjobben av meieristen Harpnes. Nonås hadde ansvaret for stimkjel og det tekniske ved meieriet heilt fram til drifta vart avvikla på 80- talet. Han fortel om dei 50 fryseboksane som vart tilrettelagde for utleige. Fryseboksane var bygde i to storleikar, 25 og 5o liter og folk hadde tilgjenge i opningstida for butikkavdelinga. Her fekk me «leigetakarar» låna nøkkelen til fryserommet der boksar var plasserte frå golv til tak, og kvar sine boksar sikra med eigne hengelås. Men utover på 1960- talet minka det på interessa for utleigeboksane i meieribygget, fortel Sigurd Nonås. Familiane på Vikjo og nærområda hadde fått betre økonomi og kjøpte eigen fryseboks. Vidare var det ei ulempe for brukarane at frysevarene berre kunne hentast i «butikktida».

I ein samtale med John Granli fortel han om etableringa av fryseromet på Bjelland i 1963 med utleigeboksane. Granli såg trongen i samtida for familiane som enno ikkje hadde kjøpt eigen fryseboks og innreia garasjen som fryserom. Dette var boksar med kapasitet på 50, 75 og 100 liter til årsleige på 50, 75 og 100 kroner. Utleigeboksane på Bjelland var populære, og han måtte utvida arealet fleire gongar. Ja, i ein periode var det innreia 200 boksar som vart leigde ut. Ikkje minst var den lange opningstida hjå Granli ein føremon, så han overtok mange av meieriet sine leigetakarar etter kvart. Men alt har si tid, slik og med utleigeboksane. Etter kvart som folk fekk betre økonomi òg kjøpte eigne fryseboksar, vart sørvisverksemda på Bjelland avvikla i 1974, og kjøleromma nytta til andre føremål.

Munnlege kjelder:

Sigurd Nonås – f. 1930

John Granli – f. 1932

 

 

 

«Sunnhordland»  måndag 12. september 2016

«Sunnhordland»  måndag 15.august 2016

Som tenestefolk i Hardanger

Oddbjørn Kvålsvold

Lang stige med stag. Foto: Oddbjørn Kvålsvold

Lang stige med stag. Foto: Oddbjørn Kvålsvold

I den tradisjonelle jordbruksfamilien vart gardsbruka drivne som familieføretak. Her var både kvinner, menn og born viktige for drifta av garden, og alle hadde sine faste oppgåver. Ja, for går vi berre 50 år attende var det klare skilje mellom kva som var kvinne- eller mannsarbeid. I tillegg hadde dei fleste gardane gjerne tenestefolk som taus og dreng, men og kårfolka hadde ofte pliktdagar i høve til kåravtalen. Enkelte driftsformer krevde ekstra stor arbeidsinnsats i delar av årshjulet. I Hardanger var det trong for tenestefolk til hausting i frukt og bærsesongen, og mange ungdomar frå Sunnhordland og ikkje minst Stord har delteke. Mange av dei eg har hatt samtale med, har livsminne frå både eit og fleire år som tenestefolk inne i fruktbygdene.

Ein av dei som har fortalt meg om glade ungdomsår på fruktgard i Hardanger, er Anker M. Gravdal. Anker var berre 16 år då han og Audun Matre tok teneste på Haustveit i Sørfjorden. Det var i 1946 dei tok dampbåten «Rosendal» frå Leirvik med kurs inn Hardangerfjorden. Anker fortel at båtreisa som starta på laurdags ettermiddag, først enda i Granvin utpå søndagen. «Rosendal» hadde då kryssa fjorden mange gonger. Reisa vidare gjekk med MS «Granvin» som gjekk i Oddaruta inn Sørfjorden, og bonden kom og henta dei på kaien i Grimo med hest og kjerre.

Men for gutane som hadde vakse opp på Vikjo, virka ei grissgrendt bygd inne i fjorden noko vekkgjømt og stussleg med høge fjell og lite himmel. Anker trur bonden registrerte dette, for han merka at dei vart pusha på for å verta kjende med bygdeungdommen. Og etter kvart kom det fleire tenestefolk, både på garden dei jobba på og i nabolaget. Bonden hadde tinga to andre gutar frå Fana, og så kom to jenter heilt frå Lofoten i arbeidsgjengen. Vidare var det i hushaldet på garden ein drikkfeldig bergenser som dei kalla «Blåsen», men han trur Anker var utplassert for å betra livsstilen sin. Anker hugsar og to jenter frå Sagvåg som hadde teneste på ein gard på Hauso. Gravdal fortel om mange fine minne frå dei gongene ungdomsgjengen rodde over til Lofthus på bygdedans. Ungdomshuset Krossvoll på Lofthus er eit staseleg lokale, der bygdefolk og tilreisande frå begge sider av fjorden har svinga seg gjennom årtider. Turane attende over speilblank fjord vert hugsa, og ikkje minst den gongen dei hadde drege båten for lite opp og husbonden fann denne «henslengt» på tvers i fjøresteinane. Bonden vart så sint at han fræste, fortel Anker, – og dei fekk aldri låna han meir. Men jentene frå Sagvåg godprata med husbonden sin, slik at dei hadde båt tilgjengeleg når dei trong det.

Frukttrea på denne tid var svært høge, og henting av bær og frukt gav mange problem. For dei utan tidlegare erfaring vart flytting og plassering av lange stegar på tynne toppgreiner vanskeleg. Spesielt der det var bratt og ulendt måtte ein vera påpasselege skulle både ein sjølv og hentelaupen unngå å detta ned. Dei lange stigane måtte stagast med tau bak dersom greinene var tynne. I fint haustver var det kjekt å henta frukt. Men minna om kalde haustdagar med regn og valleslette, då ein vart blaut frå handledda og heilt ned i skorne, er av dei mindre kjekke minna, fortel Anker.

Husbonden til Anker var ungkar og hadde stort lager av heimeprodusert «tørstedrikke» av ymse slag. Når veka var omme og det hadde vore god framdrift i arbeidet, spanderte han drikka på tenestefolka. Da dette vart oppdaga, hugsar Anker at «gamlemor» på garden forkynte. «Nei, dette vil eg ha slutt på. Eg som kjem frå Huglo vil ikkje ha på meg at gutane frå Vikjo, får tilvenning til sterke drykker under teneste hjå min familie i Hardanger».

Munnleg kjelde: Anker M. Gravdal – (1930 – 2016)

 

 

«Sunnhordland»  måndag 8.august 2016

Slik var det å veksa opp i mellomkrikstida

Oddbjørn Kvålsvold

Sørebø møblar

Sørebø møblar

Minna frå oppveksten i 1940 åra kan synast uverkeleg for oss i dag. Nokre av dei eg har hatt samtalar med voks opp på gardar og småbruk. Arbeidet på garden for å skaffa ei utkoma som familien kunne leva av, var hovudaktiviteten for dei vaksne, men òg for ungane etter kvart som dei voks til. Denne foreldregenerasjonen arbeidde frå dei stod opp om morgonen til dei la seg om kvelden. På nokre av dei mindre bruka hadde husbonden og arbeid utanom gardsdrifta, slik som på Eskeland der Torgils Engevik, fødd i 1929, voks opp.

Torgils fortel om syskenflokken på 11 som måtte ta delt i arbeidet på garden etter kvart som dei voks til. På ein gard med stort hushald og mange levande i floren, var vassbering noko av det første han hugsar av «pliktarbeid». Trebøttene som faren hadde lagga vart tette, men tunge – minnest Torgils. Å riva eller dra ut høy frå høystabben var òg arbeid som syskenflokken hjelpte til med. Fôret skulle aldri dragast ned frå toppen av stabben, for da minka det fortare på vinterfòret. Fôrløysa om våren var mest årviss for talet vinterfóra dyr sto fast, sjølv om det var eit år med skral avling. 1. mai vart kyrne oftast slepte på beite i utmarka, endå det var sein vår og lyngen brun. I denne perioden måtte dyra passast på slik at dei ikkje kom på avvege. Desse gjetedagane vart dei utrusta med nista, som oftast sur mjølk på eit Norgesglas, lubbesild og kalde poteter.

I ein samtale med Øygun Skulstad som er fødd i 1925, fortel ho om oppvekstår i heimen på Skotabergsida, ein kvardag som står fjernt frå vår samtid. Faren var møbelsnikkar og laga mykje stilmøblar med flotte utskjeringar. Øygun fortel om mora som hjelpte faren i verkstaden med stopping av møblementa. Samstunde hadde ho ansvar for kost til familien og arbeidsfolk som budde i det kombinerte verkstad- og bustadhuset. Ungane måtte «trø til» og hjelpa foreldra etter kvart som dei voks til. Sjølv gjekk ho rundt med avbetalingskrav etter kvart som desse forfall. Ja, i 1930 åra var det vanleg at møblar vart tinga direkte hjå verkstaden med avtale om betaling i ratar. Men det var smått med kontantar i mange heimar, og Øygun måtte gå attende frå debitorane tomhendt mang ein gong.

Sjølv om det var eit trongt arbeidsmarknad for både vaksne og ungar i mellomkrigstida, hende det at dei fekk småjobbar som ungar, fortel Øygun. Den sikraste inntektskjelda når dei kom opp i tenårsalderen, var arbeidet på hermetikkfabrikken. Her jobba dei med å «tre brisling», men fekk og prøva seg på leggesalen hjå fru Blom. At ungane fekk slike jobbar, hjelpte godt på familieøkonomien i vanskelege tider, hugsar Øygun.

Det fins mange skildringar av klasseskiljet som var på Litlabø i gruvesamfunnet si driftstid. Gunnar Isdal som er fødd i 1929, fortel minne frå ei samtid då både ungar og vaksne sto i vegkanten med huva i handa og bukka når dei møtte direktør Carl Nilsen. Han var ein leiar av den gamle typen og gjorde som han sjølv ville. Han var ein av dei kondisjonerte i Gruo som ikkje blanda seg med folket, men søkte vørdnad ved å halda avstand, fortel Gunnar . Men han hugsar og etterfylgjerane Smith Meyer og direktør Bøe som gradvis skapte betre kontakt med lokalsamfunnet på Litlabø.

Mange av oss som lever i dag hugsar ei tid med streng rasjonering og liten tilgang på varer. På Litlabø var Samvirkelaget møteplassen når nye forsyningar kom. Gunnar fortel om lange handlekøar der folk var villige å stå i timevis for å sikra seg eit tøystykke, litt tobakk eller matvarer. Det heiter at «kua har lett for å gløyma at ho har vore kalv», men menneske har lett for å gløyma si nære fortid og. I ei tid der butikkane fløymer over av mange variantar av same vareslag , kan me oppleva sutring og sure kommentarar dersom forretninga ikkje har ketchupflaska med rette smaken.

Munnlege kjelder:

Øygun Skulstad f. 1925

Torgils Engevik f 1929

Gunnar Isdal f. 1929

 

 

«Sunnhordland»  måndag 25. juli 2016

Med sykkel på campingtur

Oddbjørn Kvålsvold

Alf Hjelmen og BMW. Foto: privat

Alf Hjelmen og BMW. Foto: privat

I det første tiåret etter siste verdskrigen er det fleire som har livsminne frå lange sykkelturar der ein trakka seg fram på til dels dårlege vegar. Med enkelt turutstyr pakka i eigenproduserte sykkelvesker og utvida bagasjebrett fekk ein plass til det sparsame utstyret som trongst til ein vellukka telttur. Men syklane hadde ringt bremseutstyr som lett fekk varmgang. Difor nytta ein nokre bjørkegreiner og anna trevirke, som vart festa med tau, til bremsedrag. Dette hjelpte monaleg på oppbremsinga slik at ein ikkje måtte trilla sykkelen ned dei brattaste vegane ved fjellovergangane.

I ein samtale med Arne Berger fortel han om då han og Birger Matre sykla til turnstemnet på Lillehammer i 1951. Dette var første landsstevnet etter krigen og kameratane planla å kombinera stevnet med ein sykkeltur austover. Dette mislikte leiaren i turngruppa, Tor Haugland, då han var redd dei skulle verta utsletne før konkurransen. Arne fekk låna eit eldre telt av faren og utstyret dei disponerte var enkelt. Reiseruta vart planlagt med båt frå Stord om Bergen til Lærdal, og så vidare over Fillefjell til Lillehammer. Etter ei natt i telt på Lærdalsøyri, fekk dei hengja syklane framme på ein buss som skulle austover. Dei sparte seg såleis 6 mil med til dels bratte motbakkar. Han fortel om ein teltplass dei måtte evakuera frå, då teltet vart invadert av aggressiv maur. Seinare på turen fekk dei kontakt med ein lastebilsjøfør som skulle køyra eit flyttelass heilt til Gjøvik, og gutane fekk haik med sitjeplass i to lenestolar bak på lasteplanet. I Gjøvik venta dei på DS Skibladner som tok dei over Mjøsa. Så dette vart ein av dei lette sykkelturane Arne fortel om. Men to år tidlegare hadde han og Karl Gulliksen d.y. ein sykkeltur som var atskilleg meir krevjande, med mange tunge trakk over fjellovergangar i regnbyger og vallesletta.

Ein av dei store motorsyklane mange av oss eldre hugsar, er Alf Hjelmen sin BMW, R-4711. Dette var ein 1939 modell på 750 cc, to sylindrar med boksermotor, kardangdrift og teleskopgaffel. I ein samtale med Alf Hjelmen fortel han om sykkelen han kjøpte av Georg Isdal, og som han fekk mykje glede av. Isdal som då arbeide på Osterneset, hadde fått kjøpsløyve på bil, og den staselege motorsykkelen hans var til sals. Dette var ein av dei store syklane i samtida, og for oss unggutane som gjekk heim frå verftet opp Kjøtteinsvegen, sit minne om den kraftfulle, tøffe lyden frå Alf Hjelmen sin motorsykkel i minne. Eg vil og nemna at krav om løyve for å kjøpa seg bil etter siste verdskrig, vart fjerna i 1960.

Hjelmen fortel om fleire minnerike turar austover, og turar om Sogn med telt og oppakning på BMW’en. Ikkje minst fellesturar han hadde med Njord Losnegård og Birger Førland på motorsyklane, er kjekke livsminne. Desse turane på støvete grusvegar var det få som fekk oppleva det første 10-åra etter siste verdskrigen. Men Alf som no har passert 90 år, var ein av dei, og han fortel levande om ei overnatting på Sjøsanden som vert hugsa. Då han skulle rigga opp teltet, kom det eit ofseleg regnver med torden og lyn, og campingplassen flaut over med vatn. Alf måtte finna nokre plankar som han plasserte på bakken inne i teltet, med eit treflak over. Så rigga han til sengelege oppå dette og låg rimeleg tørt i det nyimpregnerte teltet.

Alf fortel også om ein motorsykkeltur han og kona hadde. Dei kom frå Kaupanger med båt til Gudvangen, og skulle opp Stalheimskleiva der mange kjørety stod og «kokte» på vegstrekka med 18% stigning. Sjølv om vegtraseen frå 1840-åra vart utvida for biltrafikk i 1937, hugsar Alf dei krappe svingane som sers krevjande. Han og kona kom seg lett opp dei 14 hårnålssvingane med motorsykkelen, men ikkje alle våga eller klarte å køyra opp til Stalheim, fortel Alf.

Turen vidare gjekk om Voss og ut til Matre i Sunnhordland, der far til Alf arbeidde på SKL sine anlegg. I Matre hadde faren motorbåten sin liggjande, og denne ville han gjerne fått attende til Stord. Slik vart siste etappe på ein minnerik ferietur med motorbåten og sykkelen ombord. BMW’en som mange av oss hugsar, vart heist på land med kaikranen til Gulliksen som avslutning på rundturen.

 

Munnlege kjelder: Arne Berger f. 1923

Alf Hjelmen f. 1923

 

 

 

 

«Sunnhordland»  måndag 4. juli 2016

Hustrudalen – nok ein gong!

Egil Nysæter

På ny er det meiningar om korleis namnet på denne dalen skal skrivast. Som kjent vedtok den kommunale komiteen for næring, miljø og kultur i april 2013 at namnet skal skrivast Hustrudalen, og ikkje Hustredalen. Bakgrunnen var ein lengre debatt her i bladet der stadnamneksperten Kari Lønning Aarø sette punktum med ein grundig og lærd, men lettlesen artikkel, om namnet. Men minnet er stutt ser det ut til. Difor kan det vera på sin plass med ei oppsummering om uttale, skrivemåte og tyding.

Uttale

Den nedervde uttalen av namnet er utan tvil Hustrudalen. «I vanleg tale seier ein Hustrudalen», heitte det i den gamle bygdeboka frå 1966 der namnet likevel blei skrive Hustredalen. Sæbjørn Dale hevda det same i eit innlegg her i bladet i 1994. Og i min barndom var ikkje sjeldan Hustrudalen ein fin leikeplass. Eg merkar meg at det no helst er folk med lausare tilknyting til området som hevdar at uttalen er Hustredalen. Det kjem vel helst av at namnet i snart eit par generasjonar oftast har vore skrive slik.

Skrivemåte

Namnet er skrive «Hustrudalen» både i dokument frå 1867 (der er også «Hustrudalsleitet» nemnt) og 1870, og i ei dagbok frå Dale i 1871. I dokument frå 1894 er «Hustrudalsløgen» nemnt. «Kart over Lillebø Gruber med omegn» (ca. 1916) har med både «Hustrudalen» og «Hustruviken». Dette kartet er grunnlaget for eit nyteikna kart frå 1991 med moderniserte namn slik som «Hustredalsvikjo», trykt i «Gruva. Litlabøsamfunnet gjennom 100 år», s. 16. Det er dette siste kartet det er vist til i Sunnhordland 15. juni i år, og der feilaktig rekna som bevis for at Hustredalen er rett skrivemåte. Forma Hustredalen dukka først opp i 1957 og blei så vidareført i bygdeboka.

Tyding

I den same bygdeboka heiter det om namnet at: «Det rimelegaste er at det kjem av ”hustre” som tyder kjøleg. Det bles ofte langs dalen, og det gjer at det kjennes hustre der.» Det var denne tydinga som vart lagt til grunn for å introdusera skrivemåten Hustredalen, ikkje «den

lokale nedervde uttalen», slik det no står i Lov om stadnamn § 4.

Kari Lønning Aarø har i si utgreiing lansert ein annan og godt underbygd teori om opphavet til namnet. Ho skriv at «Fyrstelekken i Hustrudalen er mykje truleg sett saman av hus og trø. Namnet kan rett og slett tyda «den opptrakka stien mellom heimehusa og naustet, heimvegen.» Og ho viser til at ‘trø’ tyder trakking, trakk, sti. Hennar meining er at trakket gjennom dalen frå Petateigen til garden sitt naust har gjeve dalen namn. I tillegg må nemnast at også folk frå husmannsplasset Rutle under Øvra Litlabø hadde sin gang gjennom dalen.

Hustrudalen er blitt større!

Solid sin heimebane, Nysæter stadion, ligg i Hustrudalen les me stadig i denne avisa. Til det er å seia at då arbeidet på denne banen starta i 1947, låg den på Stemmeløkjen eit godt stykke frå Hustrudalen. Ein løk er eit våtlendt område, ei myr, med sakte rennande vatn. Namnet skriv seg frå den tid Nysæter-garden stemde opp vatn frå Slåtteholsbekkjen for ei kvern i Litledalen ned mot Storavatnet. Men slik namneutviding er ikkje uvanleg; tenk på garden Leirvik som no berre utgjer ein liten del av Leirvik!

 

Kjelder

Kari Lønning Aarø si utgreiing står i Sunnhordland 02.11.2012: 12-13, og er saman med andre innlegg digitalt tilgjengeleg for Sunnhordland sine abonnentar. Stemmeløkjen, sjå Idrettslaget Solid 1945–1995, s. 35 (www.nb.no). Eldre dokument, sjå Digitalarkivet.

 

 

 

«Sunnhordland»  måndag 20. juni 2016

Nokre av møteplassane før i tida

Oddbjørn Kvålsvold

Ein møtestad

Ein møtestad

For ungdommen som voks opp før i tida, var dei felles møteplassane viktige for trivnad og sosialt fellesskap. Me såg fram til laurdagskveldane då ein samlast til dans og moro i eige bygdelag, men og tok ut til andre grender for å treffa jamaldrande på eit danselokale. For enkelte vart det lange roturar eller med open motorbåt i allslags vêr. Minne frå slike turar har mange av oss eldre lagra frå vår ungdomstid då sjøen batt folket saman. For nokre er rusleturane heim frå bygdedansen på landevegen i godt selskap eller på ein trøsykkel, gode minne frå ungdomstida.

Ei av dei eldste informantane mine er Astrid Stokken, som voks opp i Gruo. Trass sin høge alder har ho eit klårt minne og har vore ein verdifull bidragsytar til livsminnesamlinga mi. I Astrid sine barne- og ungdomsår var det eit lite hus og ein danseplatting som låg der skulehus og leikeplassen på Litlabø ligg i dag. Dette var eit lite kulturelt senter for området. Forteljaren hugsar at ein og annan gongen vart det vist kino i lokala som gruveselskapet åtte, med Harding Skogvoll som maskinist. Ho meiner å hugsa at kinoen kosta 10 øre for born, men ho var der lite, for pengane mangla. Dette var i dei harde trettiåra, og mange av arbeidarborna i Gruo fekk lite høve til aktivitetar som kosta pengar. Men forsamlingslokalet var ein viktig møteplass for bygda, her øvde mannskoret og musikklaget, og ymse festar vart arrangerte i huset, fortel Astrid. Men området var òg ein arena for dans. Ho hugsar sommarkveldar da «Karloff’en» spelte trekkspel og gruvefolket svinga seg i dansen på uteplattingen. Spelejobben vart oppgjort med å «skrangla i hatten», og deltakarane ytte etter evne med 5 og 10 øringar.

Trygve Sætrevik fortel at i barne- og dei fyrste ungdomsåra var Sagvåg- og Snikkarsvingen viktige samleplassar for dei. Her treftest dei og leika i vegen, i ei tid då det var få bilar som forstyrra aktiviteten deira. Men desse plassane var òg treffpunkt før turen gjekk vidare til Litlabø eller samlingar i gymnastikksalen på skulen i Sagvåg. Skulehuset var viktig arena både for musikklag og songlag. Og juletrefestane var eit av høgdepunkta i barneåra. Seinare vart dansane og kinoen i Folkets Hus på Litlabø treffstad for denne delen av kommunen. Musikken var det ofte Arne Jensen med trekkspelet som sytte for, men seinare kom det meir «profesjonelle» trioar som tok over. Etter at Samfunnshuset vart bygd i 1955, vart dette den viktigaste kulturinstitusjonen for Litlabø- og Sagvågsbygdo, med dans og festlokale, kino og folkeboksamling, fortel Sætrevik.

Anders Grov som voks opp i Nordbygdo, reiste mange gonger med venegjengen til dansar i ungdomshuset på Huglo. Tilstellingane på Huglo 2. dag jul og påske var årvisse og populære i ungdomstida. Anders fortel om ein gong dei reiste over med Arne Grov. Den turen vert hugsa spesielt, for det var så mykje folk i motorbåten at han tok inn vatn gjennom eksosrøyra. Anders og to andre gutar måtte stå bak på skandekk på grunn av liten plass. Tidspunkt for heimturen var det alltid litt utfordrande å fastsetja, då nokre hadde fått «napp» og trong meir tid. Løysinga var å lånta ein robåt av huglarane etter at jenta var vel heim, for så å få båten umerka attende dagen etter.

Men for ungdom nordom Bekkjen har Samhald vore kulturinstitusjonen framom alle andre, og festen 4. dag jul var høgdepunktet i vinterhalvåret. Mange av dei eg har intervjua om livsminne frå denne delen av kommunen, fortel om tilstellingane i Samhald. Sjølv om dei reiste til dans både i Turnhallen på Vikjo og Samfunnshuset på Litlabø, var det huset i Nordbygdo som vart det gjævaste. Minne om heimebrygg og sterke drykkar i flasker og spann som låg gøymde i buskane og bak utedoen, vert hugsa, like eins «basketak» om jenter og andre usemjer som fann si løysing i halvmørket utafor. Vår folkediktar Jakob Sande hadde gode relasjonar til Samhald og las der eigne dikt ved fleire høve, men òg bygda sin eigen «Sandeelskar» Halvor Grov, vert hugsa frå framføringar i kulturstova nordom Bekkjen.

Dansetilstellingane samla mykje folk og tradisjonen fortel om nokre slåsskjemper som ofte var med når høve baud seg. Så «utanom nova flaut blodet» av og til, og nokre nasar vart brekte, og auge vart igjenklistra, men ikkje blind vold og råskap slik ein høyrer om i dag. Trygve Sætrevik hugsar at han vart bydd på juling nokre gonger på Moster då han hadde spelejobb med trioen der ute. Men han svara med; « viss du er i stand til å gi meg det, så skal eg ta i mot», og så vart det ikkje meir snakk om det.

Munnlege kjelder:           

Astrid Stokken f. 1921

Trygve Sætrevik f. 1931

Anders Grov f. 1938

 

«Sunnhordland»  måndag 6. juni 2016

Unggutar på brislingfiske

Oddbjørn Kvålsvold

Skjeppa mål for sild og brisli

Skjeppa mål for sild og brisling

For mange unge gutar i Sunnhordland var ein tur på brislingfiske starten på vaksenlivet. Fleire av forteljarane mine har livsminne om første sommaren dei arbeide på eit brislingbruk. Ein av dei eldste, Erik N. Saue, var med onkelen på skøyta «Falken 1» alt i 1941 på slikt fiske. Som yngstemann på 17 år vart han roar på lettbåten for morbroren Erik F. Vikanes, som var bas på notalaget. Såg dei ein brislingdott, var det ungguten sin jobb å ro basen rundt med blyloddet i sjøen. Dette var ein sumar med mykje roing, hugsar Eirik N., han sat i lettbåten i lag med onkelen med oljebuksa på i fleire veker og gjorde sitt beste for å fylgja basens minste vink. Han fortel om kor spent morbroren var når dei såg liv i sjøen, og han ropte, «ro, ro» så det ljoma utover sjøen.

Ein annan som var med på brislingsfangst i unge år, er Jan Vikanes. Han fekk jobb på brislingskøyta « Saga» frå Vikanes i 1959, det året han vart konfirmert, men hadde og vore med nokre veker tidligare i skuleferiane. Jan fortel om brislingfiske i Sunnhordland, Hardangerfjorden og i Sogn. Han minnest haustfiske med lyskastarar i Ulvikfjorden med eit «hav» av notbruk. Ja, hamna i Ulvik var full av brislingbruk. For Jan vart arbeidsåra på brislingen gode minne frå tenåra. Mannskapet han arbeidde saman med var inkluderande og kjekke, men det vart mange tunge tak.

Skøyta «Saga» til Peder Vikanes hadde eit mannskap på sju, med nòta plassert framom styrehuset og med rull på sida der denne vart dregen inn.. Når basen hadde registrert ein brislingdott på loddet, som var stor nok, kom kommandoropet: «la gå». Brislingskøyta slepte då nota ut over rekka ved styrehuset der ein stolpe sikra at ho ikkje skulle verte dradd innover hekken bak. Ein øyrebåt låg klar og tok vare på enden av kastenota mens skøyta gjekk bruket ut rundt brislingdotten. Med begge notøyrene ombord i skøyta vart botnen snurpa saman og nota trekt inn. Etter at dei hadde samla fangsten ved skutesida, var det mykje arbeid att, fortel Jan. Brislingen vart oftast hova over i ein tett nòtpose der det var to stavar i endane som heldt nòtveggene frå ein annan. Vart kastet utført midtfjords, vart det mange timar slep inn til ein høveleg plass for å fortøya. Med straum og vind i fjordane måtte slepet til lands gå toleg. Nokre gongar vart fangsten plassert i landnot i ei lun vik inne ved land for å frigjera den tette nòtposen. Jan fortel om andre båtar han var med på som hadde hydraulisk kraftblokk, noko som letta handteringa av kastenota monaleg.

Skøyta til Peder Vikanes leverte fangstane til Chr. Bjelland & Co sine fabrikkar, og det var deira føringsbåtar som kom og henta det som sto i steng inne ved land. Brislingen måtte stå i lås i 5-6 dagar så åta gjekk or han. Basen tok prøver av fangsten som sto i mærane, og kontakta føringsbåten når han meinte brislingen var fri for mat i magen og klar for levering. Jan fortel om kor fysisk tung jobb det var å overføra fangsten til føringsbåten før moderne utstyr overtok denne jobben. Fyrst vart brislingen lasta over i øyrebåten deira med orkastnot, og så vart han hova opp i skjeppemål (20 liter) og løfta opp mot rekka på føringsbåten der mannskapet tok i mot. I den første tida Jan var med, vart fangsten tømt i kasser i lag med is om bord i føringsbåtane, men seinare vart fangsten transportert til fabrikkane med moderne kjøle og fryseskip.

I sitt yrkesliv vart desse to frå Vikanes fiskarar og fangstfolk som mange andre frå denne delen av kommunen. Dei var med og hausta store verdiar frå havet både ved Island og på Norskekysten, slik Aasheim fortel om i «Soga om Sagvåg».

Munnlege kjelder: Erik N. Saue f.1924    og Jan Vikanes f. 1945

 

 

«Sunnhordland»  måndag 23. mai 2016
Då lyset kom til Storden

Oddbjørn Kvålsvold

Artikkelforfattaren i lag med turbinen som Hogstegardane nytta.

Artikkelforfattaren framfor turbinen som Hogstegardane nytta.

Bygdaboka fortel at elektrisiteten etter måten vart tidleg teken i bruk på Stord. Det fyrste elektrisitetsverket var det Tomas Olai Olsen som bygde i Frugardselvo. Han åtte halve vassfallet og bygde Leirviks elektrisitetsverk i 1907 saman med ingeniør Frick frå Bergen, eit lite kraftverk som gav 30-40 HK. Dette gav nok straum til Leirvik og nærområde i dei dagar og var i drift til etter siste verdskrigen. Bladet Sunnhordland skriv i januar 1908 at det var ei storhending då stordabuen for første gong fekk oppleva elektrisk ljos ved å skru på ein brytar. I Sagvåg bygde P.H. Valvatna eit lite elektrisitetsverk i Sagvågselvo i 1910. Dette gav straum til høvleri og sagbruket hans, men og litt ljos til dei nærmaste grannane. Det første litt større kraftverket var det Ola O. Vatna som var primus motor for, skriv Ola Høyland i bygdeboka. Utbygginga i Vatnadalen gjekk føre seg i 1912-13, og Vatnadalen elektrisitetsverk leverte straum til abonnentar på Leirvik, Høylandsområdet og Nordbygdo. I 1918 overtok kommunen verket i Vatnedalen. Desse bygde ny stem og monterte større generator, og linjenettet vart utbygd til dei fleste gardane.

Nord på Storden var det òg gardar som tidleg tok i bruk elektrisitet. I ein samtale med Jakob Hovstad fortel han om kraftverket som faren og fire andre grannar bygde i 1928 for å skaffa straum til Hogste på Fitjar. Jakob som voks opp på ein av Hogstegardane fortel meg historia om eit elektrisitetsverk som me i dag berre ser restar av. Sjølv fatta eg interesse for kraftverket på Hogste ein gong eg oppdaga turbinen og restar av røyr, under ein utflukt med «Gutta på tur». Då eg røkte litt etter, kunne ein ven losa meg til Jakob Hovstad. Jakob fortel at det var Ole Hovstad som var pådrivaren for å få bygd kraftverket. Ole hadde ingeniørutdanning og fekk med seg faren Daniel, Kristoffer Landa og Endre og Klement Hovstad.

Stemmetjødna vart tilrettelagt som vasskjelde og turbinen vart plassert nede i Kvednabekkjen. Slik kunne dei gjera seg nytte av eit nedslagsfelt på 1,6 kvadratkilometer og fekk ei fallhøgda på 27 meter. Turbinen ytte 9 KW med 220 V likestraum. Tradisjonen fortel om mange tunge tak under bygginga i eit veglaust område, men tekniske hjelpemiddel vart teke i bruk der det var mogleg. Jakob fortel historia om løypestrengen som vart montert frå eit høgdedrag og bort til der dammen skulle byggast. Både sand og sement vart transporterte på ei «spesialdesigna» transportvogn dei nytta på løypestrengen. Stubbebrytaren var eit hjelpemiddel samtida hadde stor nytte av, og som vart brukt på prosjektet. I samband med vasstilførsla vart det grave ein kanal, fjell måtte sprengast vekk og lausmassar fjernast, fortel Jakob. Men to i arbeidsfellesskapet hadde erfaring frå vegarbeid og var borsmedar så dei var sjølvhjelpne med minering og sprengingarbeidet. Det vart nytta trerøyr frå inntaksdammen og ned til Koløyvegen, og jarnrøyr det siste stykke ned til turbinen.

Jakob Hovstad fortel at etter ei tid brann den første kraftverksbygningen ned. Men karane mista ikkje motet, og eit ny vart reist litt lenger nede i dalen. Elektrisitetsverket fekk såleis større fallhøgde. Det nye bygget vart «beslått» med murpuss både ute og inne for å redusera brannfaren. Turbin og det andre utstyret vart levert av Olsen i Frugarden. Verket gav stort sett stødig straum til den tids bruk, unntaket var nokre svært turre somrar og nokre ekstra kalde vintrar. Då måtte dei spara på vatnet og stengte av i delar av døgnet.

I stovehuset var det lagt inn ljos i alle rom og straum til ei lita elektrisk plate med to kokeplassar. Dei hadde elektrisk strykejern og det vart montert uteljos både i bustader og fjøs. Det vart også installert elektrisk ljos i hønsehus, smalehus, utedo og fleire punkt i fjøset. Vidare kjøpte Hogstegardane inn ein elektrisk motor som vart brukt på deira felles treskeverk. Kraftverket gardane bygde i Kvednabekkjen var både til nytte og glede i mange år, ja, heilt fram til bygda vart knytt til linjenettet og leveransane kom frå Blåfalli i 1952 -53, avsluttar Jakob Hovstad.

Munnleg kjelde:            Jakob Hovstad f. 1927

Skriftleg kjelde:            Stord bygdebok – bind III

 

 

 

«Sunnhordland»  fredag  29. april 2016

Ein parykkmakar og andre handverkarar på 1700-talet

Egil Nysæter

I 1733 vart Erik og Anna Tyse sin son Jakob boren til dåpen i Stordakyrkja. Fadrar var lokalt godtfolk med prestefrua, madame Koren, i spissen saman med Jakob parykkmakar. Han var også fadder til eit anna barn på prestegarden Tyse eit par år seinare. Mest sannsynleg kom han frå Bergen der det var mange yrkesbrør, med eige laug frå 1743.

Fintfolket, dei kondisjonerte, bar på denne tida parykkar for å visa at dei høyrde til eit anna stand, og som eit maktsymbol. Slik dei britiske dommarane framleis gjer. Moten var komen frå franske hoffkrinsar på 1600-talet og heldt seg her i landet til rundt 1800. For å fylla ei slunken statskasse under den store nordiske krigen, vart i 1711 parykkar og annan hårpryd skattlagde. Også på Stord måtte nokre få betala.

Handverkarane skulle halda til i byane, og dei fleste var organiserte i laug heilt til desse vart avskaffa ved lov i 1839. I Bergen var det på det meste rundt 60 ulike handverksfag med eigne laug. Men ei forordning frå 1681 viser at somme handverkarar hadde lov til å slå seg ned på landsbygda. Det galdt m.a. grovsmedar, tømmermenn, bøkkarar, vevarar, skreddarar som sydde vadmål og skomakarar som laga bondesko.

I ei sak i tingboka (rettsprotokollen) frå 1690 er det opplyst at Anders Skreddar då budde på Leirvik i eit hus som tidlegare hadde tilhøyrt Willum vevar. Og i 1708 er ein Willum skomakar nemnt. Han ba då på vegner av presten på Stord om utsetjing av ei rettssak. Det er vel same mann som dukkar opp på prestegarden i Skånevik tre år seinare.

Men på 1720-talet var det berre skreddaren Jan Børs, som husmann eller strandsitjar i Evjo på Skotabergsida, som vart rekna som handverkar her. Han var truleg frå Bergen, men kom hit frå prestegarden i Skånevik. Kanskje overtok han etter Anders skreddar ein gong etter 1716.

Det var ikkje feitt å vera handverkar ute på bygdene der folk flest sjølv laga det dei trong. Det heitte at når Jan var ute og reiste, måtte kona Maren og dei mange borna be godtfolk om mat «saa fremt at de ej skulle hungre til døde». Kanskje var dette noko overdrive; det galdt å sleppa unna skatt. Eit levebrød var det trass alt. For etter at Jan og Maren døydde, overtok svigersonen Willum som skreddar.

Ein annan handverkar frå Bergen var skomakaren Ibbe Danielsen Krog som først flytte med familien sin til Etne. Seinast i 1745 slo dei seg så ned for godt på Stord, mest sannsynleg på Leirvik. Han døydde 58 år gammal i 1769.

Desse handverkarane representerte altså bynæringar, og dei viktigaste kundane var embetsfolk og andre kondisjonerte. Det var ikkje tilfeldig at dei slo seg ned på prestegardane eller på ein stad som Leirvik, som alt då var eit knutepunkt. Mykje tyder på at desse handverkarane frå byen må reknast som «halvfornemme». Borna fekk gjerne fadrar frå den lokale eliten. Og då Margrete, Willum skreddar si kone, døydde i 1754 vart ho nemnt som «Dannekvinne». Men parykk hadde ho nok ikkje.

Du kan lesa meir i «Stord frå steinalder til oljealder» bd. II, kap. 2-3. Kyrkje- og tingbøkene finst på Digitalarkivet.

 

 

 

«Sunnhordland»  fredag  15. april 2016

Strandheims Hotell ved seminaret

Oddbjørn Kvålsvold

Eline og Peder (Per) Lundemannsverk ca. 1896

Eline og Peder (Per) Lundemannsverk ca. 1896

I jubileumsbøker som skildrar soga om lærarutdaninga på Stord frå etableringa i 1866 fram til i dag, har både Anstein Lohndal og no sist Egil Nyseter, fortald om korleis elevane på Stordøens Seminarium vart innhyste på gardane i Nordbygda. Men og dei meir profesjonelle husværa er omtalte, både huset som Peder Lundemannsverk bygde i Breivikjo og seinare internata som skulen sjølv sette opp. Men at ekteparet Lundemannsverk dreiv hotelldrift i mange år i Breivikjo, har eg ikkje «snappa» opp før barnebarnet deira, Per Lundemannsverk, fortalde meg dette.

Hotellet nær sjøen ved seminaret var nok vide kjent. I ein katalog som kom ut i Christiania i mai 1912, står fylgjande: «Strandheims Hotel – Seminariet , Stord – Anbefales tilreisende – Indeh. P. Lundemandsverk». I forordet til katalogen står dette: «HOTEL-ADDRESSEBOGEN FOR NORGE, som vi nu udsender i 4de Udgave, er udarbeidet i den hensigt at veilede det reisende Publikum med Oplysninger om Landets Hoteller, samt om Jernbane- og Dampskibsruterne. Boken indeholder en fuldstændig Fortengnelse over Landets Hoteller, Pensionater, Sanatorier og faste Skydsstationer osv ….»

I samtalen med Per Lundemannsverk fortel han om huset besteforeldra, Eline og Peder (Per) Lundemannsverk etablerte i Breivikjo år 1900, der dei dreiv med overnattingsgjester og full forpleining i ca. 20 år. Huset som er i sveitserstil, står der framleis og vitnar om ei tid med utvikling i Nordbygdo og stor trong for innhysing av seminaristar og andre. Per fortel at mormor og morfaren hadde drifta som leveveg fram til dei overtok garden på Lundemannsverk. I vinterhalvåret var det mest seminaristar med full forpleiing som budde på Strandheim, men og agentar og andre reisande. Om sumaren var det einslege eller familiar som ferierte hjå besteforeldra, og var gjester med full pensjon. Korrespondansen mellom gjester og mormora fortel om sommarferierande som tinga same rom som tidlegare år. Agentar som var ferdige med sine varepresentasjonar på Leirvik, vart henta med hesteskyss når dei skulle til forretningane på Rommetveit. På denne tid var det dampbåtane som batt Sunnhordland til byane både i nord og sør. Både Seminaret og Leirvik var faste stoppestader.

Huset hadde kjøkken og tre stover i 1. etasje, samt 2 mindre soverom. Oppe var det to store salar og tre soverom. Stallen romma hest og uterom og eit overnattingsrom som var i bruk om sumaren. Besteforeldra pakta og ein del av jorda på lærarskulen og disponerte løebygg for husdyr der.

Tradisjonen fortel om ein gong far til Per som 15 – 16 åring var til Leirvik for å henta ein agent. Den reisande hadde nok teke både ein og to kjøpdrammar på Leirvik og var «lystig til sinns» då han sette seg opp i stolkjerra til Peder. Agenten ville at skysskaren skulle køyra om Hagagardane, for han hadde kjenningar i grenda. Peder rådde frå, då han visste at vegen om Haga var skral med mange hol. Men kunden sto på sitt og køyreturen gjekk om Haga. På vogna var det mjuke langfjærer så denne dissa monaleg kvar gong eit hjul råka eit hol. Ute på jordene i Haga dreiv nokre og tok opp poteter, og agenten letta på hatten og vinka. Men nett då råka hjula eit stort hol og agenten vart vippa ut av kjerra og trilla ned skråninga mot åkeren. Soga fortel om ein mindre kaut mann som tutla seg attende til stolkjerra.

Munnleg kjelde: Per Lundemannsverk f. 1937

Skriftleg kjelde: Hotel-adressbok frå 1912

 

 

 

 

«Sunnhordland»  fredag  1. april 2016

Om å reisa før i tida

Oddbjørn Kvålsvold

Når vi i dag køyrer til slekt og vener med eigen bil, vert det registrert med irritasjon og sure kommentarar om ein vert hefta ein halv time på vegen. Med stort sett god vegstandard, og ei tid der bil er allemannseiga, har reisetid fått nye dimensjonar. I dag kan vi ta bilen og køyra til nærmaste flyplass tidleg ein morgon, og eta middagsmåltidet på eit hotell på Grand Canaria eller i Tyrkia om vi vil. I dette vesle attersynet frå vår nære fortid, vil eg ta dykk med på ein sommartur frå Stord til kona sin heim i Ullensvang. Med moderne bruer og tunnelar tek ein slik tur til Oksenhalvøya med bil 3,5 – 4 timar frå tun til tun, men i 1960-åra var dette ofte «ei lang natts ferd mot dag».

 

I mange år var det heimen til kona som var vårt faste reisemål dersom vi skulle reisa nokre dagar vekk frå Stord. Hit reiste vi oftast til jul, påske, pinse og dei fyrste feriane. Men det var ei tidkrevjande reise før vi fekk høve til å kjøpa oss bil. Hugsar ei minnerik reise til Hardanger då første barnet var 2 – 3 år. Vi spaserte ned til ferjekaien på Leirvik med Bergansekken på ryggen, stor koffert og ungen i ei lett sportsvogn, i 5 – 6 tida på ettermiddagen. Ferjetur til Sunde var første etappe og så vidare med buss til Rosendal. Etter ei tid på bussen sa veslejenta at ho måtte tissa. Men ho fekk beskjed om at ho måtte venta litt. Ho satt på fanget mitt og etter ei tid kjente eg ein ekstra varme i fanget!! I Rosendal skulle vi venta på HSD sin rutebåt MS Hardangerfjord som kom frå Bergen i Oddaruta.

På veg ned til venterommet på kaien skjedde meir dramatikk. Da eg huka meg ned for å ta opp noko vi hadde mista, kom eit lite dunk. Det var den runde blekkboksen med reisenista som kona hadde laga til, som glei ut frå ryggsekken. No trilla denne med ope lokk i retning kaikanten. Skjevene med egg og sild, syltetøy og ost la seg på rekke og rad nedover grusplassen. Men kona mista ikkje fatninga, ho samla saman nista, fjerna smuss og stein og la dei attende i nisteboksen. Kveldsmaten og nokre frukostskjever måtte takast vare på. På toalettet på kaien vart det klebyte både for ungen og meg, og vi var klar for neste etappe på reisa.

Hugsar eg var litt spent på å møta att MS Hardangerfjord med kaptein Haarek Hide. Dette var ein av båtane eg hadde arbeidd på då den vart bygd ved Stord Verft og levert i mai 1959. I ruteheftet frå den tid står det at båten skulle gå frå kaien i Rosendal kl. 2315 så det var godt slingringsmon i mellom dei ulike transportmidla. At ting tok tid vart akseptert i samtida, og ingen stressa og kava seg opp om ein måtte venta ein time eller to. Dette var den nye snøggruta mellom Bergen og dei viktigaste tettstadene langs Folgefonnhalvøya til Odda, frå Bergen kl. 1900 og i botnen av Sørfjorden neste morgon kl. 0730. Vi satt i salongen for å spara lugarkostnaden og fekk med oss stoppeplassane Jondal, Herand, Alsåker og Vines for å nemna nokre.

Båten kom til Utne i 3 – 4 tida om natta og me tok inn på venterommet på kaien og «kroa oss saman» på nokre benker. Her måtte me venta på «Lokalruta i Indre Hardanger» som gjekk mellom Granvin og Ulvik og «sørva» dei veglause gardane og små grendene langs Oksenhalvøya. MS Fjordgubben hadde stopp på Utne kl. 0640 om morgonen og tok oss med over fjorden til reisemålet. Ja, slik var det å reisa til Hardanger i 1963.

Skriftleg kjelde: Harald Sætre – «Fram og tilbake til by’n» – 2015

 

 

«Sunnhordland»  fredag  11. mars 2016

Frå landnot til snurparen «Stording»

Oddbjørn Kvålsvold

Snurparen Stording

Snurparen Stording

Tradisjonen fortel at båtar og fiske var ein av dei viktigaste inntektskjeldene for Sagvåg og Vikanes-området i vår nære fortid. Denne delen av kommunen har hausta mykje verdiar både på og or havet. I ein samtale med Ansgar Vikanes deler han livsminne frå då fiskarane frå Vikanes nytta landnot til fangst av vårsild i nærområdet. Det var gavlabåten som vart brukt til denne type fangst, ein båt med ein rull bak som nota vart slept ut på. Desse båtane hadde ikkje motor, men vart slepte til uthamnene og kasteplassar av eit «moderfartøy». Her låg notlaget og venta på at silda skulle søkja mot land, og etter eit vellukka kast vart nota dregen ombord i gavlabåten. Når sildestimen vart ringa inn av nota, var det viktig å halda bruket tett inn mot land, fortel Ansgar, for fann ei sild opning, så strøymde snart store dottar etter og fangsten kunne gå tapt.

Nøtene dei nytta var av bomull, og skulle ein unngå at dei forvitrast, var systematisk vedlikehald viktig. Ansgar fortel om vasking og barking av notbruket på Vikanes. Etter at landnotfisket var avslutta, vart nøtene transporterte til Voldlaneset (Notaneset) på Stokken, for kontroll og tørking. Dette var eit område som høvde godt til denne type syslar, fritt for brake og lyng og med lite henge. Til impregneringa vart det nytta ein stor stamp/kjer på 4×4 meter, og den var minst 2 meter høg, meiner han. I karet vart det blanda ut hjelpemiddel som skulle sikra mot groe og rote. På Vestlandet vart det nytta mest bork av bjørk, osp, eik, gran, desutan blåstein, fortel tradisjonen.

Ansgar Vikanes er ein av dei som har hatt sjøen til leveveg mest heile livet, og han var med snurpebåten «Stording» på storsildfisket i 1949. Fisket byrja oftast i Måløy, og Ålesund-området, og så følgde dei sildeinnsiget ned mot Bømlo og Karmøy. «Stording» lasta 3200 hl og vart klargjord for å gå til fangstfeltet straks over nyttår. Mannskapet brukte dei to første dagane til å få om bord utstyr på Vikanes før dei gjekk til Bergen og provianterte. Ansgar hugsar at ein del av provianten var ein halv «okse utan jur», som vart hengt under galgedekket. Der hang skrotten til mogning på heile turen, og kokken skar berre av passe kjøtt etter behov. Dei siste kjøttstykka vart svært møyre. Om dei hygieniske forholda på den tids fiskebåtar, fortel Ansgar, at mannskapet på 21 berre hadde to vaskefat om bord til kroppsvask. Etter nokre veker på fisket vart det ram mannfolkfukt av enkelte. Men ikkje alle tok det så nøye med hygienen, sjølv om ullunderkleda deira vart turka av kroppsvarmen dagleg.

Då fisket starta oppe ved Stadlandet, hang dei to doryane med nota fordelt i båtane og med karbidlyktene klar som arbeidslys i davitane. Spenninga var alltid stor når basen rodde ut for å vurdera sildestimane som var observerte og notbåtane var sette på sjøen. Doryane var festa saman framme og bak, men så snart basen ropte «la gå», vart fortampen sleppt. Notbåtane svinga då ut i posisjon og tauet bak vart løyst, fortel Ansgar. Båtane sleppte så nota ut etter ordre frå basen, og ho vart liggjande i ein stor ring. Kastet vart så sikra med at dei festa stropper over davitane i baugen på doryane, og snurpelina vart dregen saman i botnen til alle ringane kom opp. «Stording» kom så bort der doryane hadde slutta sirkelen og endane vart knepte opp langs sida på snurparen. For å skræma sildestimen vekk frå opninga i sluttfasen av kastet vart det nytta ei skimla (kvitmalt trefjøl) som dei sleppte ned i opninga. Ansgar fortel om så store kast med snurparen «Stording» at dei måtte be om assistanse frå andre båtar over radioen. Ja, han hugsar at dei lasta opp båten frå Vikanes med fangst frå eit kast fleire gonger.

I glansperioden for storsildfisket hende det at reiskapen (bomullsnøter) ikkje tolte sildetyngda, slik at både fangst og reiskap gjekk tapt når stimen sette mot djupet. Toppåret 1956 fiska båtane frå Vikanes og Sagvåg svært godt, skriv Asbjørn Aasheim i «Soga om Sagvåg». I boka som «historiegruppa på åtte» frå Sagvåg gav ut i 2012, vil de finna meir om fiskerinæringa som var ein viktig del av arbeid og inntekt for denne delen av kommunen vår.

Munnleg kjelde: Ansgar Vikanes f. 1932

 

 

 

«Sunnhordland»  fredag 26.februar 2016

Ulvestova i utmarka og jakt på ulv

Oddbjørn Kvålsvold

Ein av forteljarane mine, Per Lundemannsverk i Nordbygdo som er eigar av gnr. 17,bruk nr 1 og 2, har grunna på kva eigenleg namnet Ulvastova kjem av. Han har skrive sine meiningar ned i eit notat som eg har fått høve til å nytta i denne vesle artikkelen. Staden det her er snakk om ligg i utmarka til Per i vestre kant av Slåtteløken og Fjellgardsvegen litt før avkjørsla til Vad. I denne utmarka, ikkje langt frå skiftet mot Vatnagardane, er det ein kvass haug med eit bratt berg. Ved foten av berget ligg ei røys med store steinblokker. Det er i dette brotet og ura at nokon meiner det har vore ulvehi og ulvar har halde hus. Kari Lønning Årø skriv i boka, «Namnevandring i Stord og Fitjar», om at i Sunnhordaland vart hubroen og kalla «stanulv» og at Ulvastovo kanskje har sitt utspring frå dette.

Men Per trur heller at dette er ein stad der dei fanga ulv i eldre tider. For Ulvastova er eit namn som er nytta mange plasser i landet der det vart fanga ulv i fangstfelle. Dette var djupe fangstrom grave ned i bakken, runde eller kvadratiske. Ulvestova hadde bratte vegger og var opp mot 3.5 meter djup og hadde minst 3 meter bredde, slik at ulven ikkje kunne koma utor fella. Midt i gropa var det ein liten lem montert på ein påle. Her vart lokkematen bunden fast, ofte ein liten hundekvelp. Så dekte dei til grava med kvist, lyng og mose, skriv Per. Når hundekvelpen vart forleten tok han til å gøy og hyla og trekte til seg ulvar som var i området. Når dei kom for å ta lokkematen trakka ned gjennom dekket og vart fanga i «ulvastova» . Sidan Ulvastova var vanleg namn på slike fangstfeller i eldre tider, skriv Per at truleg var og Ulvastova i utmarka på Lundemannsverk ein slik stad. På Stord kjenner me til fleire namn som er knyta til ulv, og Ola Høyland skriv i bygdebøkene om; Ulvatjødno, Ulvatjødnsdalen, Ulvastølen og Ulvaleet for å nemna nokre.

På Internett finn eg fleire kjelder som støttar teorien til Per Lundemannsverk. Mellom anna ser eg at arkeologar har registrert fleire fangstgraver rundt om i landet, og lokalhistoriekarar har rekonstruert mange. Stiftinga Sunnmøre Museum skriv på sine heimesider om slike graver for ulv eller varg, som dyra vart kalla i eldre tider. Desse var i bruk frå jarnalderen og fram til kring 1830- åra. Tradisjonen fortel at det vart nytta både pudlar, katt og geitekje til levande åte.

Per Qvale skriv i «Årbok for Karmsund» i 1976 om dei store ulvejaga på Haugalandet på 1800 talet, og at dette området var plaga av ulveflokkar. Me kan difor rekna med at i eldre tider var ulv til plage på Stord, og at det difor var aktuelt med fangstfeller. Qvale skriv om fleire kjente periodar med mykje ulv i landet: ..» sist på 1500 talet, dei første 80 åra av 1700- talet og frå 1810 og utover …». Ja, ulven var til så stor plage på Haugalandet på 1800 talet at det vart arrangert fleire felles jag frå Valestrand, Førde, Sveio, Sjold og mot Ølen og Sandeid. Deltakarane i jaget gjekk tett og samla med liten avstand og saumfor terrenget. Nokre hadde skytevåpen, men viktigast var det å laga mykje bråk, så dei «tromma» på gryter, bøtter og spann. Meir om ulvejaget på Haugelandet finn du på Internett.

Skriftlege kjelder:   Notat av Per Lundemannsverk

                                    Stord bygdebok – Bind I og II

Digitale kjelder:      landbruksmuseet. mr.no

                                    haugalandmuseene.no

 

 

 

«Sunnhordland» fredag 12. februar 2016

Han kom hit med kunnskap

Oddbjørn Kvålsvold

Det var først etter siste verdskrigen at verftet på Kjøtteinen tok til med skipsbygging for alvor, noko som førte til trong for fagkunnskap innen stålskipsbygging. Ein av dei som kom hit med turvande kunnskap om skipsbygging, var Leif Johan Nilsen frå Jeløya. I ein samtale med Nilsen fortel han om læretida på fem år ved Moss Værft & Dokk, som han tok til med i 1937. Om kveldane etter arbeidstid gjekk læregutane på «Teknisk aftenskole» i tre år, slik me gjorde her på Stord. Då han var ferdig med læretida og hadde fått diplom som skipsbyggar, heldt han fram som fagarbeidar ved verftet i Moss og fekk på den måten god praksis.

Nilsen fortel om ei grundig opplæring i den gamle måten å byggja båtar på. I denne tidsbolken var avslåingsloftet, spantebrettet eller risseloftet som det og vart kalla, «hjarta» i skipsbyggeria, her vart skipet oppmerka og lagt ut etter linjeteikningane i skala 1:1. Dette er på ein måte «skipsbyggerfagets alter, eller Aller Helligste», som Dag Solstad skriv i boka om Aker mek. verkstad i 1990. Her kunne fagmannen gå inn i spanterisset og henta ut kvar einaste komponent på skipet og laga ein mal av den. Mal av plater til kjølen, dekksbjelker og spant, midtberar, botnplater, sideberarar, og mal til fundament for motor var viktige detaljar i eit skip.

Nilsen fortel om kor tilfeldig det var at han reiste til Stord etter nokre år som fagarbeidar ved verftet i Moss. Ja, vegvalet kom etter at han råka på ein tidligare kollega, Rolf Tømt, på byen 17. mai 1946. Han kunne fortelja at det sikkert var ledig jobb som merkeleiar på avslåingsloftet på Stord etter han. Dette vart eit viktig vegskilje for Leif Johan Nilsen, som skreiv jobbsøknad til Onar Onarheim allereie dagen etter. Han fekk jobben, og allereie 5. juni kom den fagutdanna skipsbyggjaren til Stord med nattruta og tok inn på Leirvik Hospits. Som ein kuriositet fortel Nilsen at første natta på Leirvik måtte han dele dobbeltseng med ein «svær bamse» av eit mannfolk, då vertinna på hospitset ikkje hadde andre senger ledig. Men som godt trena Milorggut hadde han ikkje skruplar med å krypa opp i dobbeltsenga til ein ukjent mann, humrar Nilsen.

På AS Stord vart han teke i mot av Onar Onarheim og Per Hysing Dahl, og Nilsen minnast at det var Hysing Dahl som fylgde han rundt, kledd i uniform. I juni 1946 var det sjøbussane «Midthordland», «Melanddrott» og seinare «Balholm», som var under planlegging og bygging. Desse båtane var mykje godt like, og Nilsen sin forgjengar Rolf Tømt var ferdig med oppslaga då Nilsen byrja som leiar på malloftet. Sjøbussane hadde moderne linjer med eit skrog teikna av ein dansk skipskonstruktør. Skroget hadde langskipsspant med overbygg i aluminium og sertifikat for ca. 280 passasjerar, fortel Nilsen.

Etter sjøbussane var det kystrutebåten «Fru Inger» som skulle «slåast opp» på malloftet. I den første tida fekk han god hjelp av skipsbyggmeister Camillo Hansen som då var ved verftet. For Leif Johan Nilsen var elddåpen dei to bilferjene «Gjemnes» og «Lauparen», som han sjølv seier. No fekk han ansvaret for drifta på malloftet, og at dei diagonale linjene i spanterisset stemte når han kom så langt. Nilsen fortel om kor pinleg nøyaktig dei måtte vera når spanteriss, grunnlinje, midtlinje og dei forskjellige snitta skulle teiknast opp i skala 1 : 1 på huntonitt platene på golvet. For lærlingar som vart med Nilsen på malloftet, var det både lærerikt og utfordrande. Han hugsar at ungjenta Kristine Sørheim var ei av dei fyrste som fekk opplæring. Ho var med og kraup på kne og olbogar når båtane skulle få si form i full skala.

Utviklinga ved AS Stord gjekk hurtig dei første tiåra etter siste verdskrigen, og allereie i 1951 vart mykje av tremalane bytta ut med negativ (glasplater) frå nedfotograferte teikningar. Dei vart plasserte i prosjektøren i det nye merketårnet ved plateverkstad II. Dette var ei nyvinning Nilsen var med og utvikla saman med sjefen på skipsteiknekontoret Leif Gjerver. Sjølve ideen kom frå Hamburg, der ein ingeniør hadde utvikla eit system for optisk merking under krigen. Men dette var berre starten på den utviklinga Leif Johan Nilsen vart ein del av ved lokomotivverksemda i Sunnhordland.

Munnleg kjelde: Leif Johan Nilsen f. 1923

 

 

«Sunnhordland» fredag 29. januar 2016

Me reparerte og nytta det meste

Oddbjørn Kvålsvold

Me som er i oldeforeldregenerasjonen, har mange livsminne frå ei tid då me nytta det meste. Sjølv om dei fleste av denne generasjonen har høve til å «slå ut håret og leva det gode liv», så opprettheld me ein nøktern livsstil. Livsminna frå vår oppvekst i førkrigstida, i krigsåra og med rasjonering inn i 1950 åra har forma oss. Dette var framleis ei tid då folk flest måtte leva sparsamt og nytta det meste. Mange har fortalt meg minne om ein oppvekst og livsstil som er eit kvantesprang frå dagens. Sjølv om dette høyrer til vår nære fortid, vil eg gje att nokre minneglimt frå kvardagen i denne tidsbolken.

Livsminna Torgils Engevik har fortald meg, synleggjer at borna vart tidleg trekte med i gagngs arbeid. Som seksåring fekk han si første øks, eit verktøy han vart brisen for og tok godt vare på. Men gåva var og meint skulle koma til nytte i det daglige, og han hugsar at det vart hans oppgåve å hogga småved. På heimgarden på Øvre Eskeland hadde dei ein stor kisteomn som hadde to kokeplassar med ringar. Spesielt i sumarhalvåret vart småveden han pikka opp av tynne bjørkegreiner og anna lauvved frå heimabøen, nytta til brenne. Ilegginga skjedde ved at ein tok vekk panna eller ringane på omnstoppen og fylte på småveden. Vassbering til dyr og folk i lagga trebøtter var oppgåver for ungane etter kvart som dei voks til, med og utan vassele.

I sterk kontrast til dagens bruk- og kastsamfunn, står minna hjå oss eldre om korleis utstyr vart teke vare på og utnytta, og korleis klede og husgeråd vart hegna om. Torgils fortel om då han og faren køyrde tømmer og eine kilen på drettet mista tuppen. Faren hekta kilen av og sende sonen bort til Ola Solhaug som hadde smie. «Olderen» som smeden vart kalla, fyrte opp i essa og tynna ut ny spiss og herda drettekilen på nytt. Etter ei tid spratt spissen på kilen av på nytt, hugsar Torgils. Men då gjekk faren sjølv til smeden for å overvaka reparasjonen.

I ein samtale med Knut Horneland fortel han om korleis det var vanleg å utnytta skogsvirke. Han har minne frå krigsåra då tyskarane hogg ut skog på Hornelandsgarden. Men dei som felte furutrea for krigsherrane, arbeide ikkje etter regelen at «ein tomme ved rota gir ein alen i toppen». Så far til Knut sytte for at det vart rydda skikkeleg ved rota, og så fekk dei ein god vedakubbe av stubben som stod att. På denne tid vart alt teke vare på og nytta. Greiner og skat vart samla saman og køyrt til gards til brenne. Borken som var fjerna av tømmeret før det vart køyrt vekk, vart raka saman med rive og fylt i sekker. Denne småveden og borken vart nytta til brenne i sumarhalvåret, når mat skulle lagast og vatn varmast, fortel Knut. Ja, for omnane måtte fyrast opp kvar dag til matlaging og brødbaking, sjølv om det var 20 – 30 varmegrader ute. Me må hugsa på at rikeleg kraft kom først til Stord i 1952, då Sunnhordland Kraftlag kunne levera frå anlegga i Matre. Men å investera i elektriske komfyrar og varmeomnar, var nok urealistisk for dei fleste hushaldningar før fleire år seinare.

Mange har fortald om korleis kvinnene sydde klede og reparerte til seg og sine, og ungane tok over både sko og klede etter eldre søsken. Godt brukte klede vart spretta frå ein annan og nytta og omforma både til vaksne og ungar. Så «bruk- og kastmentaliteten» har nok først fenge fotfeste hjå folk flest, no i vår nære fortid. Ja, det er få i dag som fylgjer tradisjonen om å skifta mellom kvardags- og søndagsklede.

Munnlege kjelder:   Torgils Engevik f. 1929

Knut Horneland f. 1939

 

 

Smio på Leirvik – ein institusjon

Oddbjørn Kvålsvold

Mange av den eldre generasjonen på Stord har livsminne frå Smio på Leirvik, og fleire av informantane mine har arbeidd i verksemda som vart driven der. Området vert framleis kalla Smio der smeden Pedersen rundt førre hundreårsskifte livnærtde seg som smed. Tradisjonen fortel at bondesamfunnet tidlegare utførte mykje smiearbeid heime, men etter kvart utover på 1900 -talet auka det på med trong for ei profesjonell verkstadsmie. I 1919 overtok Sigurd William Ingebrigtsen (1896 – 1971) halvparten av eigedommen, og frå 1946 fekk han heimel på heile verksemda.

Anker M. Gravdal vart tilsett som lærling i Smio som 16åring, med ei timebetaling på 70 øre i 1946. Han fortel at verkstadopplæringa var svært allsidig, då Ingebrigtsen dreiv med mange aktivitetar og reparerte på det meste. Det var smeden Alf Åsen som hadde ansvaret i smio til å byrja med, men då han slutta, overtok Ola Litlabø. Han var utdanna i Haugesund og var ein flink og erfaren smed. Utover smia og bilverkstaden dreiv røyrleggjaravdelinga med installasjonar mest på Stord, men dei utførte og reiseoppdrag. Sykkelen var eit viktig framkomstmiddel i samtida, så både sal og reparasjonar vart utførde. Dette var ei tid då me reparerte og tok vare på det meste, for enno var det streng rasjonering på mange vareslag. Mykje bruksutstyr vart sett i stand, slik som tetting av gamle kasserollar, sjøstøvlar vart lappa, og det var eit stort «dellager» av primusar.

Anker hugsar at han og Kåre Midtun fekk køyra litt bil inne på verkstadområdet, – og det var stas. Ikkje minst ei hending då dei skulle køyra ein bil ned frå «servisebukken» vert hugsa. Den utrente sjåføren feilvurderte sin kompetanse og bilen «fauk» over uteområdet og bykste tvers over vegen i retning hagen til handelsmann Østhus. Men den uheldige ungguten fann både kløtsj og brems i siste liten og avverja bykset utføre murkanten.

Aslaug Ege Dahl flytta til Stord då krigen var slutt for å byrja på butikken i Smio. Ho fortel at ho budde i heimen (2.høgda) til Karoline og Sigurd William Ingebrigtsen, som var barnelause og ønskte ein ungdom i huset. William, som var onkelen hennar, ville prøva å satsa meir på butikkdelen av drifta, med sal av syklar, barnevogner og andre bruksartiklar etter kvart som varetilfanget auka i etterkrigstida. Aslaug hugsar at ho fekk ein bratt læringskurve med mange nye namn og faguttrykk som ho måtte kunna. Drosjestasjonen på Vikjo hadde og tilhald ved Smio med eige rom for sjåførane. Så var det bensinpumpa ho måtte lære å bruka, ei av det gamle slaget der ein først måtte pumpa bensinen opp på eit måleglass. For ungjenta stilte som pumpevakt enkelte kveldar i veka. Eit livsminne ho har frå denne perioden var då onkelen , som var ein av dei første sjåførlærarane på Vikjo, skulle læra ho å køyra bil. Men ho køyrde aldri opp til sertifikat. Aslaug meiner å hugsa at der var omlag 25 tilsette hjå Ingebrigtsen i denne tidsbolken.

Smieområdet var ein viktig «institusjon» på fleire måtar, og for dei borna som voks opp i nærmiljøet, vart det liv og røra i Borggata når smeden fyrte opp i essa klokka sju, og gata vakna til liv. Tradisjonen fortel at gamlesmeden Alf Åsen i enkelte høve fungerte som tanntrekkar. Eg har fått fortald historia om eit medlem av forstandarskapet i banken, som kom i akutt krise på veg til bankmøte i Borggata. Mannen som kom gåande frå Utbygdo, var kledd i svart stram bukse, svarte snøresko, kvitt bryst, vest og svart skalk, samt spasserstokk med sølvhandtak . Mannen hadde fått uuthaldeleg tannverk på vegen. Han tok kontakt med Åsen og stilte seg opp med open munn. Smeden var inne og henta ei tang, og pasienten stod klar med brei fotstilling bøygd framover med begge hendene på staven. Tanna sleppte og pasienten fekk denne overlevert, reingjorde ho med lommeduken og putta ho i vestelomma.

Munnlege kjelder:   Anker M. Gravdal f. 1930

                                    Aslaug Ege Dahl f. 1931

Skriftleg kjelde:       Stord bygdebok II