Stord  sogelag
  • Meny

  • Skrivestova 2017

    Skrivestova 2017

     Den årlege skrivestova til Stord sogelag vart halden i Gamlekjellaren på Nordre Tveita 16.november 2017. 17 av dei inviterte gjestene hadde høve til å vera med, og fekk servert rundstykke, potetkaker og frukt med kaffi og te attåt. Som vanleg var det fokus på skrivearbeid og andre sentrale aktivitetar gjennom året.

    I år var det hovudfokus på den flotte tilskipinga på Rommetveit i samband med kystsogevekene i september 2017. Gjennom både spelstykke og filming kunne 6.klassane ved Rommetveit skule nytta den store nausttufta i sitt praktisk-pedagogiske prosjekt om vikingtida, samstundes som det vart ei publikumsretta framsyning i samband med kystsogevekene. Dessutan har Villvettene friluftsbarnehage og Rommetveit skule, m.fl. ansvar for å rydda tufta og gravhaugen på Breivikneset. Atle Bjørn Mæhle (Stord sogelag), Kari Aas (Villvettene) og Øyvind Nordlie (Rommetveit skule) orienterte om prosjektet.

    Elles vart årskriftet til Stord sogelag presentert, og Atle Bjørn Mæhle, Hallgeir Matre, Helge Heiberg Andersen, Oddbjørn Kvålsvold og Anstein Lohndal fortalde litt om sine artiklar. Skriftstyret har vore Bjørn Bjørlykke, Jakob Gullberg, Magne Misje og Lars Mæland, som har vore leiar og hatt mykje ansvar.

    Hans Andersen fortalde også dette året om sitt arbeid med ulike handverk, og han orienterte oss særskilt om laggeteknikken, som han hadde halde kurs i.

    Verten Jens Litlabø sette også dette året fokus på nokre gjenstandar frå garden.