Stord sogelag

Meny

Faste avisspalter 2018

 

«Sunnhordland»   24.12.18

Ungdom og eldre  gjorde gangs arbeid i skogen

Oddbjørn Kvålsvold

Arne Knutsen Foto: Oddbjørn Kvålsvold

Me treng ikkje gå mange tiår attende før sal av ved var ein viktig del av innkoma for mange skogeigarar. Dei naturglade som vanka jamleg i skog og mark, såg store mengder ved som stod oppstabla og dekka til langs skogsvegane. Men no er eimen av nykløyvde famnevedskier sjeldnare å råka på etter at varmeviftene har vorte vår dominerande oppvarmingskjelde. I eit opptak eg har gjort med den tidlegare skogreisingsleiaren Arne Knutsen, fortel han om korleis vedhogsten tok av i 1970-åra og vart ein viktig del av verdiskapinga innan skogbruket.

I slutten av 1970-åra leia skogreisningsleiar Knutsen eit større aktivitetsprogram for å sysselsetja arbeidslaus ungdom og andre, med uttak av ved frå kommunale- og fylkeskommunale skogar på Stord. Stordø Kisgruber var då i kommunal eiga og  gruveområde høvde såleis godt til base for dei 5- 6 ungdomane, som tok til å verka opp famneved i større målestokk. Etter kvart vart det kjøpt inn ei brukt vedmaskin frå Os, som auka kapasiteten monaleg. Arne Knutsen rosar ungdomsflokken som var med på prosjektet. Mange av dei hadde ikkje erfaring frå arbeidslivet, men med god leiing lærde dei snart å utføra gagns arbeid som viste att.

Arne fortel om ryddearbeidet ungdomane utførte ute ved flyplassen ved Stokken. Her var skogen hoggen ned og låg i «kryss og krake», men arbeidsgjengen fekk trevirket samla opp i nòtposar, sydd i Austevoll, og veden vart transportert til Litlabø. Den pensjonerte skogmannen fortel og om eit delprosjekt i Raudkleivområde i 1990, her var over 20 famnar ved stabla opp. Knutsen planla annonsering, men julehelga sette inn med kulde, så før nyttår kunne feirast, var det berre att ein halv famn, fortel Knutsen. Annonsering vart ikkje naudsynt! 

Arne Knutsen som var ein aktiv skogreisingsleiar, dreiv fram mange «delprosjekt» for å kultivera og utnytta ressursane i skogen. Dei mange skogsvegane som vart planlagde og bygde i hans periode, var òg til god hjelp for oss som dreiv med  ryddearbeid og sjølvhogst av ved. Når «Gutta på tur» går torsdagsturar langs skogsvegar, er det fleire som fortel om gode minne og opplevingar som ryddemannskap under skogmannen Arne Knutsen si leiing. Mange av dei 11 mila med vegar har ein standard som gjer det mogleg å køyra med bil og tilhengar for å henta ut brensel. I ein periode engasjerte Knutsen eit «pensjonistlag» som kultiverte og rydda i skogane i kommunen. Det vert fortalt at det heile tok til med at Stig Almås heldt kurs i sikker hogstteknikk og bruk av skogsreiskap. Her fekk pensjonistane innføring i bruk av både motor og ryddesager før dei vart sette til oppdrag i Dalemarka, Kattatveit og skogen på Grov.

Sjølv fekk eg i 1980-åra tildelt ryddejobb i Valvatnemarka av Knutsen. Det var ein skogsteig med grov furuskog som var teken ut, og skat og tettvaksne greiner har høg brennverdi. Det vert sagt at ved varmar mange gonger, og alle som har eiga røynsle frå oppverking av denne type brenne, har sanna ordtaket. Det vert mange «svettebyer» før me legg vedskiene i omnen, men så treng me ikkje gå på treningssenter for å styrka muskelmassen. Ja, for 30-40 år sidan var det fleire familiar som såg mon i å henta ut gratis brensel, samtidig som ein fann glede i denne type aktivitet. For mange vart skogstell og utnytting av ressursar gode minne om samhandling med familien i skog og mark med tungt arbeid og koselege matøkter. 

Munnleg kjelde: Arne Knutsen f. 1934 

 

 

«Sunnhordland»   12.12.18

Den siste reisande av «Sanderfamilien»

Oddbjørn Kvålsvold

Leif Sjo f.1948 (F0to: Oddbjørn Kvålvold

I denne vesle artikkelen vil eg  fortelja om då ein av informantane mine opplevde eit gjensynsmøte med ein av «båtfantane» i byrjinga av 1980-åra. Men først litt generelt om dei reisande som var eit fast innslag i bygdene både før å etter siste verdskrigen. Mange eldre minnest splintane eller fantane som dei òg vart kalla. Dei kom siglande eller roande og slo seg til i lune hamner med båtane full av ungar, og med ein hund på baugen som gallionsfigur. Dei mest kjende mellom båtsplintane og som mange har fortald meg om, er familien til Gunvor og Aleksander Leonard Pettersen (1990–1969). «Sander» som han vart kalla, hadde storfamilien rundt seg når han vitja lune hamner i området med «Løvebåten». Desse omstreifarane med røter i romanifolket var eit stolt folk som oppfatta seg som sjøfolk eller handelsfolk med sterk samkjensle i slektskap.  Tradisjonen fortel at mellom dei var det mange flinke handverkarar, spesielt innan blikkslageryrket. Dei hadde med seg både materialar, verktøy og ferdigvarer i båten. Vispar, forskjellige spann, kaffikjelar òg takrenner var mellom hovudprodukta, men og fortinning og reparasjon av diverse utstyr  var tenester dei kunne tilby. Det var ofte konemor som fyrst kom til husar og ville selja sine småting som lommedukar, små strengvispar , glasperler og dukar og samtidig  tigga etter mat, sko og klede.

Ein av forteljarane mine, Leif Sjo, hugsar at ein gong i byrjinga av 1980-åra  var han i Hornelandsvågen og arbeidde med båten sin. Då kom ein 14- 15 fots båt med påhengsmotor sigande inn på vågen. I båten satt ein røsleg mann med kraftig kvit hårmanke og stor raud nasa, og bak med motoren ein ungdom i tenåra. Leif låg framom naustet til «Pål (Paul) i Hornelandsvågen» og her fekk han oppleva eit gjensyn med ein av dei som i heile barndommen hadde vore i lag med foreldra som reisande. For mannen presenterte seg som Sverre Pettersen, son til «Sander». Han var no på tur i område for å fortelja barnebarnet korleis han hadde farta rundt i sunnhordlandsbassenget i lag med familien. Desse to hadde slege opp telt i Alnavågen og var på veg til Byrkjeland for å kjøpa mjølk. Seinare var planen å vitja Føyno, Valvatnevågen og Rubbestadnes-området. Leif Sjo får så fortalt litt av livssoga til Sverre Pettersen, som i barneåra farta rundt i lag med storfamilien i båt: 

«Eg har frose mang ei natt i naustet me no ligg ved, eg hugsar at vinden gjekk tvers i gjennom. Det var eit skrøpeleg husvære på den tid…. Men i Valvatnevågen  hadde me det bra, og eg minnest kor godt vatn det var i  vasskjelda der ute…. Men me hadde ei syrgjeleg hending på Rubbestadneset, der vart eldste bror min, Ole Bertil, skoten av tyskarar. Nokre soldatar ropa «Halt, halt» til han, men han vart redd og ville springa frå dei. Da skaut dei. No vil eg æra han og visa grava hans til barnebarnet mitt…..Ja, stamfaren min var av gamal bondeslekt, men gamlemor var av romaniafolket…..Men så tok livet på sjøen slutt, og mange av oss vart fastbuande. Staten kjøpte hus, og ungane vart pålagde å gå på skule».

Leif Sjo som budde dei første leveåra på småbruket Valvatnamyro (Myro), minnest at han og faren råka på fantefylgje i Valvatnevågen årvisst. Faren hadde båten liggjande i vågen, og likte å drøsa med «Sander» og dei andre i reisefylgjet. Stien mellom vågen og gardane på Digernes gjekk framom huset deira på Myro og denne vart nytta av båtfolket. Som eit minne frå barneåra i Myro, hugsar Leif Sjo at faren tinga takrenner av dei reisande, og at dei kom berande med både takrenner og nedlaup til stovehuset.  

Munnleg kjelde: Leif Sjo f. 1948

Oddbjørn Kvålsvold

——

«Sunnhordland»   26.11.18

Oddbjørn Kvålsvold

Lokomotivet i Sunnhordland feirar snart 100 år

For folket i Sunnhordland og vidare med fekk fabrikken Teodor Onarheim grunnla i desember 1919, store ringverknader. Sildoljefabrikken vart grunnlaget for eit industrieventyr i regionen. På denne tida var Stord først og fremst ein jordbrukskommune, sjølv om me hadde Stordø Kisgruber og nokre treskipsbyggeri og hermetikkfabrikkar lokaliserte her.

Fabrikken Onarheim og medhjelparne hans bygde, vart grunnlaget for eit industrieventyr og utvikla seg til ryggrada i industrien i regionen. Som arbeidsplass og inntektskjelde har verksemda på Kjøtteinen vore avgjerande for stordsamfunnet. Ja, alt frå starten i 1919 vart sildoljefabrikken ei god attåtnæring òg for bønder og småbrukarar. Fram til 1960-åra var lossegjengane frå forskjellige bygdelag årvisse å finna på lønningslistene, saman med den faste staben ved fabrikken. Ikkje minst under siste verdskrigen var verksemda med og produserte mat som delvis kom heile fylket til gode. Sildolja og mjølet måtte leverast til «Provianterings-direktoratet», men det var mykje «svinn», fortel Onar Onarheim i sin sjølvbiografi. Det var mange gardbrukarar, «villagrisrøktarar» og eggprodusentar som fekk hjelp i ei tid med skort på kraftfôr. I 1941 vart det bygd eit fryseri på anlegget, og dei tok til med produksjon av røykt sildefilet. Nye produkt vart laga av sildekvoten som var etla til menneskemat, og sildekaker produsert av silderogn og melke, vart leverte til distriktet som ferskvare. Men mykje av «Go-kake» – produkta vart pakka i 1-kilo pakkar og frose for seinare leveransar. I ei tid med lite mat, vart produkta frå Kjøtteinen viktig ernæring i krigsåra.

Nokre av dei som har delt livsminne med meg, fortel at dei i tenåra var med å laga «Go-produkta». Johann Belsvik fortalde i 2012: «Under krigen fekk eg arbeid i Go-kakehuset på Kjøtteinen. Det var Mina Kleppe og Margit Naustvåg som styrte arbeidet med tillaging av farsen og steiking….. Eg var og med og flekte sild…..Det var trønderen, Hans Kipsgård som hadde ansvaret for arbeidet med silda. Hans var ein meister ved sløyebordet, kjapp både med kniven og i replikken».

Kaffierstatning var òg eit produkt AS Stord byrja å laga av ei kornlast som var skada av saltvatn. Kornet vart sett under rennande ferskvatn i sildekummane og seinare tørka i fabrikken. Etter at det hadde fått god brunfarge i sildemjøltørka, vart det male i slagmølle til finkorna kaffierstatning. Fabrikken laga òg «kaffi» av poteter, fortel Onar Onarheim i sine memoarar. I slutten av krigen laga dei halvfabrikat av raunebær som P.G. Riber i Bergen foredla til kaffierstatning. Sildoljefabrikken på Kjøtteinen var i kontinuerleg drift alle krigsåra og hadde såleis stor innverknad både som inntektskjelde og matprodusent. I desse åra vart det produsert grønsaker på eigedommen til Bartz-Johannesen, Sæbø i Kårevik, og noko kjøpt frå gardbrukarar i området. Verksemda lærte at blomkål som vart forvella, kunne frysast og langtidslagrast med ypparleg resultat til liks med andre grønsaker.

Sildoljefabrikken sin verkstad som tok til i byrjinga av 1930-åra, vart etter kvart ei viktig brikke i drifta ved A/S Stord. I tillegg til eige vedlikehaldsarbeid vart det utført reparasjonar på fiskebåtar og litt stålarbeid til andre kundar. Men dei to siste krigsåra vart det òg laga maskiner til andre fabrikkar, og dette utvikla seg til ei stor sak, skriv Onar Onarheim. Ja, det var verkstaddelen han leia i 20 år som utvikla seg til ei av hjørnesteinsverksemdene i sunnhordlandsregionen, Kværner Stord.

Skriftleg kjelde:  Onar Onarheim, «Min tørn» – 1984

Munnleg kjelde: Johann Belsvik – f.1929

 

 

 

 

«Sunnhordland»   10.11.18

Oddbjørn Kvålsvold

Ein arbeidsmann fortel om vegarbeidet i Uføro

Forteljaren Odd Hetlesæter Foto: Oddbjørn Kvålsvold

I ein samtale eg hadde med Odd Hetlesæter i 2013 fortalde han òg om sitt liv som anleggsarbeidar og ombygging av køyreveg gjennom Uføro. Vegen hadde vore eit sakn i mange ti-år for denne delen av heradet. Allereie i 1912 vedtok Stord heradsstyre å letta sambandet mellom Mehammar og Agdestein ved å byggja «ein gang / rideveg» som det heittte i vedtaket. Seinare var det år om anna sysselsettingsarbeid både før og etter siste verdskrigen på vegstrekka nordover, fortel Odd. Noko av vegen innover bøane på Agdestein mot Uførehaugen var delvis ferdig då Odd Hetlesæter vart med på anlegget i 1950-åra saman med Johannes Agdestein, Samson Borrevik og Peder Førland.

Dette var ei tid då vegarbeid var hardt fysisk arbeid og fjerning av lausmassar utført med grafse, trau og trillebåre. Etter påfyll av 4-5 trau i båra vart denne trilla til tippen på utlagte skinnegang. Det var mykje lausmassar i vegtraseen som måtte vekk før dei kunne laga murfot og ta til med dei mange murane. Når murarbeidet byrja, vart det rigga til ein svingbar bomkrane med bensinmotor. Denne vart nytta til å løfta stein på plass, men òg mykje stein vart lagt på plass med spett. Desse vart sorterte ut av skotstein frå røysa og lasta opp med steinbukk på toskinnetralla for transport. Nokre stader var terrenget svært krevjande, minnast Odd, og fortel om at mange steinar vart vaska med skrubbekost før dei vart lagt ned i forskalinga og støypte fast. Etter ei tid fekk dei ein kompressor som hadde luftkapasitet til 3 boremaskiner slik at kvart av dei tre arbeidslaga til Johannes Agdestein, Odd Hetlesæter og Louis Rasmussen hadde kvar sin borehammar. Som me veit ber Uføro sitt namn med rette, og Odd fortel meg om dei mange problema arbeidslaga hadde i det krevjande terrenget. Restane etter dei mange jordskreda i området var lausmassar som måtte vekk før veg kunne byggjast. Her utvikla dei ein rasjonell arbeidsmåte i staden for å gå laus på mold, grus og stein med grafsa, brett og trillebår. Først letta dei i restane etter skreda med ei kraftig dynamittsalve, før dei leia vatn i 3 tommars røyr frå ein bekk inn i skredmassane. Resultatet var at det heile glei utføre skrenten og skråberget vart reint, men Langenuen var gråfarga i lange tider.

Dei største skjeringane på 15 – 16 meter vart tekne ut ved galleridrift. Uttaket av det største fjellpartiet vart sprengt ut i tre høgder, minnast Odd. Dei nytta to borehol på mest 5 meter og det siste på 6 meter djupne. Ja, heile «klumpane» vart slengde ut og hamna i sjøen med bulder og brak.

Mykje av utstyret dei etter kvart fekk på anlegget kom frå Etne, både smia og kvilebrakkene kom derifrå. Som me hugsar hadde anlegget to tunnellar, og påslaget for søre tunnellen vart driven med handboring, men frå nordsida var vegfolk kome på plass med moderne utstyr, m.a. vart det nytta bulldosar til masseutskifting i eit område med mykje leira.

For stordsamfunnet var det ein stor dag då bilvegen gjennom Uføro vart opna i 1965. Sjølv hadde eg ikkje bil på den tida , men eg hugsar då naboen inviterte meg med på den første turen rundt Stord. Eit storhende! I dag har me godt av å stoppa opp litt og reflektera over denne type verdiskaping, eit veganlegg som vart bygd i ei anna tid, ei tid då det ikkje var maskinene og tekniske hjelpemidlar som utførte grovarbeidet og slitet, men sterke ryggar og godt trena muskelmasse.

Munnleg kjelde: Odd Hetlesæter (1927-2015)

 

 

«Sunnhordland»   29.10.18

Søndagsskule og barne- og ungdomsarbeid

 

Forteljaren Petra Hannisdal Foto: Oddbjørn Kvålsvold

 

Den første lekmannen som me veit samla folk om Guds ord kring på Stord, var plassmannen Peder Johannesson i Grimsåsen (1797 – 1868), skriv Ola Høyland i Stord bygdebok. Plassmannen heldt mykje av samlingane sine i Nordbygdo, og såleis vart dette eit sentrum for lekmannsrørsla den første tida. Her vart òg det første misjonslaget skipa i 1852, i samhandling med lærarskulen på Tyse. Men ikkje mange år seinare var det folk som skipa liknande lag på Leirvik og i Utbygda.

Ei av dei som har nytta mykje av si fritid i lag med kristne vener, er Petra Hannisdal. Som 5-åring kom ho heim med foreldra frå misjonsmarkene i Kina og vart fast søndagsskuleelev. Om dette fortel ho i samtalen me hadde i 2015, der eg fekk del i hennar interesse for barne-og ungdomsarbeid bygd på kristen grunn. Då ho vart eldre var det aktiviteten i bedehuset med «yngreslaget», der det var song og musikkgrupper, som fenga hennar interesse. Dei åra ho tok lærarutdanninga på «Seminaret», vart Petra aktivt med i «Lærarinnenes Misjonsforbund» som held andakt kvar dag før skulen tok til kl. 8. Vidare fortel ho om mange gode minne frå tida ho arbeidde i Bergen. Her var ho medlem i «Bergen kristne landsungdomslag», eit ungdomslag som arrangerte kristne møte, helgeturar og større sumarmøte.

Då kristent ungdomsarbeid tok til i gamle fengslet på Leirvik i 1969, var ho aktivt med på dugnadskveldane og støtta opp om arbeidet som prost Ekberg og skulepsykolog Bergerud fekk i gong. Som me eldre hugsar var ungdomsarbeidet i fengslet med «Sing- Sing», eit verdfullt tiltak for mange ungdommar i kommunen. Song- og musikkgruppa i fengslet var spesielt populært, med instrumentlager på loftet og øvingsrom i bustad- og rettsbygninga. Dei tenåringane som vart engasjerte på dugnad og aktivitet i fengslet, fekk gode impulsar og oppfylging av ungdomsleiarane. Ja, me foreldre følte oss trygge når me visste at ungdommane våre var på treff i fengslet.

I ein samtale eg hadde med Ragnhild Digernes i 2014, fortel ho om bedehuset på Horneland. Det var bestefar hennar, Ånen Horneland, saman med dottera Åsta, som tok til med søndagsskule i bedehuset. Alt frå seks- årsalderen gjekk Ragnhild på søndagsskulen, men har òg minneglimt frå det sosiale fellesskapet før den tid. Som tenåring fekk ho ansvar for å fylgje dei minste syskena til samlinga, som var mellom kl 11 og 12 kvar søndag. Leiinga av søndagsskulen arrangerte årvisse utflukter om våren. Turane med Reinert Eldøy si skøyta var gode minne, like eins utflukta til Lundsæter med Sverre Litlabø sin lastebil. Her sat ungar og eldre sessa på trebenkene som var plasserte på lasteplanet. Ved kraftstasjonen vart det laga bålkaffi på den store koparkjelen frå bedehuset, og nistematen ute i det fri smakte ekstra godt. Ragnhild fortalde òg om den gongen ho fekk vera med nokre eldre til Stovegolvet som ein ekstratur. Julefestane som bedehuset arrangerte kvart år, var høgdepunkt i samtida. Ja, dei samla så mykje folk at flokken måtte delast i to omgangar. Grenda hadde vakse ut av bedehuset frå 1916, og i 1963/64 vart det bygt eit nytt bedehus på Horneland.

Samlingane av ungar om søndags- føremiddag i bedehus, frelsesarmébygg og skulestover hadde stor oppslutnad i vår nære fortid, og var med å forma oss. Dei fleste av nolevande beste- og oldeforeldregenerasjon har minne frå tida vår i søndagsskulen. Der me fekk utdelt glansbilete og stjerner, og eit godt grunnlag for vårt livssyn vart lagt.

  • Munnleg kjelder:
    • Petra Hannisdal – f. 1930
    • Ragnhild Digernes- (1933 – 2017)

 

 

 

«Sunnhordland»   18.10.18

Slakteriet på småbruket Myro i Sagvåg

Oddbjørn Kvålsvold

 

Forteljaren Olav Myhre Foto: Oddbjørn Kvålsvold

I ein samtale med Olav Myhre fortel han om oppvekståra på Myro i Sagvåg og slakteverksemda som faren, Nils Andreas, tok til med på småbruket. Før faren tok over bruket i 1921, hjelpte han til på heimegarden, men arbeidde og ved skipsbyggeriet på Jensaneset. I ein periode vart hesten dei hadde på småbruket nytta til transport av folk til barnedåp, bryllup og gravferd. Faren køyrde med karjol om sumaren og kane om vinteren, fortel Olav.

På småbruket i Myro fødde dei 4-5 kyr, eit 20 tals sauer og hest, men òg gris, høns og gjess, så heimeslakting var Nils Andreas van med frå oppveksten. Difor vart det slakteverksemd han satsa på då han byrja å tenkja på ei attåtnæring til småbruksdrifta. Slaktinga gjekk føre seg på låven den første tida, men han fekk etter kvart tilrettelagt betre lokale i Myro. I Sagvåg fekk han leigt eit lite lokale av svigerfaren Osmund Jonassen. Det vart innreia med stabbe, øks, disk og vekt. Faren byrja i det små, fortel Olav. Slakta ein sau eller kalv heime på låven på fredag, og bar slaktet med seg på aksla til utsalslokalet i Sagvåg. Var skrotten for tung å bera, nytta han hesten til transporten. Den første tida var utsalet i Sagvåg berre ope på laurdagar, for folk hadde ikkje økonomi til slike «luksusmiddagar» fleire dagar i veka.

I 1936 kjøpte han ei tomt i Sagvågsbrekko av Sunnhordland Privatbank for 1000 kroner. Her støypte slaktaren opp ein kjellargrunn og la bylgjeblekk over som tak. Dette var eit stort framsteg, og han reiste no til Sauda og fekk opplæring i produksjon av pølse- og kjøttvarer. Kjøthandlaren i Sagvåg kjøpte ei gamal kvern, ein hurtighakkar, pølsestappar og røykeomn. og byrja å produsera kjøtdeig og pølsa i større mengder. Det vart etter kvart meir fart i pølse- og påleggsproduksjonen, og Nils Myhre leverte kjøtvarer til daglegvarebutikkane i distriktet. Opningstida vart utvida i takt med omsetnaden, først med onsdagsopning, og seinare heile arbeidsveka.

Då siste verdskrig kom i 1940, vart det rasjonering på kjøt, og omsetninga nærmast stoppa opp. Det vart streng rasjonering på kjøtvarer og det vart berre dei med «tungarbeidskort» som hadde tilgang på kjøt i periodar. I dei fem krigsåra fekk dei som arbeidde nede i gruva kjøpa 2 hg kjøt kvar veka, mens dei med lettare fysisk arbeid måtte klara seg utan, eller kjøpa på «svartebørsen». Eldste broren Jørgen, som seinare tok over forretninga, gjekk tidleg inn i den daglege drifta, men òg dei andre borna og mora hjelpte til. Olav minnest at den første tida vart heile slaktedyret nytta. Blod vart teke vare på og seld i spann, tarmar gjorde reine, vaska og nytta i pølseproduksjonen, og restane av innvollane vart nytta i eigen og andre sine revefarmar som mat.

Enkelte av bøndene kom leiande med slaktedyra til Myro og deltok både med avliving, slakting og ikkje minst veging av skrotten. Andre dyr vart henta både frå Føyno og Fitjar. Olav minnest ein stor okse som faren, Jørgen og han skulle henta hjå Lars Stuve d.e. på Stuvagarden. Den vesle Opel lastebilen dei då nytta til dyretransport, vart rygga på plass for opplasting av stuten. Men «villdyret» frå Stuva sette seg til motverje og tok ut i gardstunet, sjølv om han hadde både nasering og tau på frambeina. Til alt hell fekk dei surra eit av taua rundt eit tre i tunet, og det store dyret måtte i kne. Her ved treet vart stuten avliva og blod tappa før dei drog han opp på lasteplanet for transport til Myro.

Munnleg kjelde:            Olav Myhre f. 1938

 

Oddbjørn Kvålsvold

 

 

«Sunnhordland»   8.10.18

Sildoljefabrikken – ei god inntektskjelde

Oddbjørn Kvålsvold

For mange av dei eldre på Stord er minne om «ram lukt» som i sildesesongane spreidde seg vide omkring synonymt med inntekt og arbeid. Ja, frå sildoljefabrikken lukta det pengar og innkoma for mange familiar, sjølv om eimen sette sitt preg på både på kledetørk og inneklima.

Jakob Eide. Foto: Oddbjørn Kvålsvold

Stord Sildoljefabrikk som Teodor Onarheim og hans hjelparar grunnla i 1919 på Kjøtteinen, gav årviss inntekt til mange hushald. Tradisjonen fortel at dei forskjellige lossegjengane på 6 mann frå ymse grendelag var klar til innsats så snart vintersilda kom inn til vestlandskysten. Denne arbeidskrafta måtte vera i sine beste år, for lossing av sild var tungt fysisk arbeid og kravde sterk rygg og mykje muskelmasse. Det var mange gardbrukarar som nytta høve til ekstrainntekter i vinterhalvåret som sjauarar. Lossegjengane var etablerte i faste arbeidslag frå Kårevik, Langeland, Bjelland, Haga og Nysæter for å nemna nokre. Desse vart tilkalla over telefon med bodsending. Arbeidet deira var å få silda frå lasterommet på fiskebåten til sildekummane snarast mogleg. Dei første åra vart silda trilla i trillebårer til kummane, men etter kvart vart ho lossa med elevatorar og transportband, fortalde Werner Hagerup meg i 2012.

Det var fast tilsette som hadde ansvaret for den daglege drifta av fabrikken. Ein av desse var småbrukar Trygve Eide frå Eide nord i Langenuen. Han arbeide fast på mjøllageret, og var ein av dei som stua mjølsekker på 50 og 100 kilo i mange år. Dette er det sonen Jakob Eide som fortalde då han delte livsminne frå tenåra med meg. Som unggut var Jakob ein av dei som fekk høve til inntekt under sildesesongen i 1951. Han var då berre 15 ½ år gamal. Faren hadde skaffa han sesongarbeid som hjelpegut under leiing av Alfred Onarheim frå Kvinnherad. Jakob hugsar basen som ein gild mann, som tok godt vare på unggutane

Transport av salt med trillebåre frå lager til elevator var faste arbeidsoppgåver. På denne tid vart silda påstrødd salt før ho vart transportert til kummar for mellomlagring. Vidare var gutane med på uttrilling av mjølsekker frå lager til kaien ved utskiping. Jakob minnest 12 timars-skifta med lossing av hå som ofte var bederva, og eimen av ammoniakk som svei i nasa. Lastene med hå vart lossa med grabb, og han hadde ansvar for å dra inn bommen med gaier. Sjølv om lukta av halvròten hå var intens, var jobben attraktiv. Her fekk gutane òg påplussa sjauartillegg på fastløna, så lønningsposen kunne mest samanliknast med faren sin.

Jakob fortel om korleis han og faren budde i ein liten båt, heilt inntil fabrikkområde. Her var det ei lita vik der ein «båtkoloni» med arbeidsfolk frå Bømlo, Fitjar og Huglo hadde fortøyd. Ein av veteranane mellom dei «reisande» var Birger Taranger frå Huglo. Han arbeidde på «sildoljen» og budde ombord i den 25-fot store motorbåten «Måsen» i 11 år. Plassmangel resulterte i at fleire båtar var plasserte utanpå kvarandre. Såleis vart nattesvevnen uroa kvar natt av skiftarbeidarar og andre som hadde hatt «landlov» og kom over båtdekka. Båten til Trygve Eide hadde ein liten omn som dei nytta til å koka kaffi og laga litt varm mat på, men middagen kjøpte dei i kantina til «Mina». Sengene var dei to langsgåande benkene i båten, og i januarkulda var det godt å fyra i omnen og få litt lunk i lugaren. Sjølv om lukta av forderva sild og blodvatn vart ein vane, var ho intens i den vesle lugaren. Annakvar helg tok dei turen nordover til Eide for «rundvask» og kledebyte. Men lukta frå sildoljefabrikken på Kjøtteinen kunne ein faktisk kjenna heilt der nord, fortel han, som la seg opp pengar til eit år på Framnes ungdomsskule denne vinteren.

Munnlege kjelder:

  • Werner Hagerup – f 1927
  • Jakob Eide – f 1935

 

 

Sunnhordland»  sept 2018

(Artikkelen er knytt til ein rusletur til Bjelland-festningen)

Krig på Stord

Jens Litlabø

Morgonen 9.april 1940, då Noreg var i ferd med å verta okkupert av nazi-Tyskland, sa rektor Severin Eskeland mellom anna til studentane: «No er djevelen sleppt laus». Han vart seinare avsett både som rektor på lærarskulen og ordførar i Stord av den nye lokale nazi-leiinga.

Dagleglivet vart snart prega av varemangel, rasjonering og ymse restriksjonar.

Eldre folk hugsar gjerne dramatiske hendingar med flyalarm og bombeåtak på båtar og ymse landmål, gjerne med tragiske utfall, som då D/S Austri vart bomba utanfor Kjøtteinen 21.februar 1945 og kring 30 menneske omkom.

Ei hending som gjerne vert hugsa er raidet mot «Stordø kisgruber» 24.januar 1943. Både bombefly og 7 MTB-ar vart nytta i den nøye planlagde aksjonen. Kanonbatteriet knytt til festningen på Bjelland vart sett i funksjon utan at dei klarte å torpedera nokon av MTB-ane, men tildømes på Digernes sprakk over 20 vindaugsruter i eit våningshus av lufttrykket frå bomber, medan leikehytta til borna på garden vart omvandla til eit bombekrater.

Den tyske okkupasjonsmakta såg på Noreg som eit strategisk område, og satsa på eit sterkt forsvar langs kysten vår-«Festung Norwegen». Som ein lekk i dette vart det i vårt nærområde bygt festningsannlegg på Osterneset i Fitjar, Bjelland på Stord og på Tittelsnes. Såleis vart viktige skipsleier og innlaupa til Hardangerfjorden godt dekka av kanonstillingar. På Bjelland og Gullberg var det fire 10.5 cm kanoner, og det varierte mellom 200 og 300 soldatar på området. Eit større areal vart konfiskert og private hus og tun innlemma i annlegget, slik at ein del folk laut flytta. Ei av forlegningsbrakkene står framleis på Bjelland.

På Leirvik vart i tillegg etablert eit Ortskommandantur med kontor på Grand Hotel, og her var ein vaktstyrke på kring 80 soldatar. Det var også ein liten vaktstyrke på Kiskaien i Sagvåg. Me skjønar at tyske soldatar var eit vanleg syn på Stord, men dei fleste innbyggjarane prøvde å ha minst mogleg med dei å gjera. Dei fleste tyske soldatane oppførte seg likevel korrekt, og var hyggjelege menneske som ikkje hadde noko ønskje om å vera okkupantar i eit framandt land.

Festningsannlegget på Bjelland vert sett i fokus når Stord sogelag førstkomande torsdag skipar til rusletur i området. Hans Kristian Junge vil visa oss rundt og fortelja om festningsannlegget frå 2. verdenskrig. Det vert frammøte på den nye parkeringsplassen på Vabakkjen.

Sjå lysing annan stad i avisa og på heimesida til Stord sogelag.

Som døme på aktuelle kjelder kan eg nemna:

Yngve Skjæveland: «Stord frå steinalder til oljealder – 1900-2006»

Annstein Lohndal: «Stord under andre verdskrigen», 2004

 

«Sunnhordland» 17.09.18

Ei tid med krav om heimstadrett

Oddbjørn Kvålsvold

Bilete: Johann Belsvik Foto: Oddbjørn Kvålsvold

Fleire av dei eg har hatt samtalar med har fortalt livsminne frå ei tid utan den sosiale tryggleiken me har i dag. I 1900 vart fattiglova endra slik at kvar kommune skulle ha sitt eige fattigstyre. Styre skulle føra forhandlingsprotokoll, dagbok, og «fortegnelse over understøttende trengende» Protokollane gjev opplysningar om kva stønad som vart gjeve den enkelte, både om fast sum og om eingongsstønad. Vidare vart det registrert tilskot til skulebøker, medisin eller hjelp ved dødsfall som er løyvt til den «understøttede verdige trengende».

Då eg gjorde opptak med Johann Belsvik i 2012, fortalde han om oppveksten sin på Stord og kor ustabil innkoma var for familien dei første leveåra hans. Faren kom frå Stjørdal i Trøndelag då han fekk arbeid ved Litlabø Kisgruber i 1927. Han vart gift med ei Sagvåg-jenta og busette seg på Litlabø den første tida. Då Johann var 4-5 år, flytta familien til Åshaugen og seinare til Borgen. I 1948 bygde dei eige hus i Sæ, og Johann var no eldst i ein syskenflokk på 5 born.

På denne tid var krav om heimstadrett (hjemstavnsrett) viktig for å få økonomisk hjelp av bukommunen. Lova hadde krav om to år samanhengande butid i kommunen før dei tok over stønadsansvaret etter «lov om fattigvesenet av 1900». Skriftlege kjelder dokumenterer lange rettsfeidar mellom kommunane om refusjon av utbetalingar til trengande med heimstadrett i andre kommunar.

Tradisjonen fortel at i dei vanskelege mellomkrigsåra vart fleire som flytta til Stord, råka av desse reglane. I ein periode med ujamn trong for arbeidsfolk ved gruva på Litlabø, vart gruvearbeidarane med 18- 19 månader ansiennitet oppsagde først, ein praksis som hjelpte kommunen med at omreisande gruvearbeidarar ikkje oppnådde heimstadrett. Johann fortel at faren var ein av dei som kom i økonomiske vanskar etter oppseiing i ei tid med manglande sosiale ytingar. Systemet var då at matlappen som dei fekk hjå fattigstyret, kunne bytast inn i varer hjå ein kjøpmann på Leirvik. Johann kjenner til at Stord kommune kravde utbetalingane til familien godtgjort av heimstadkommunen til faren, Stjørdal. I innleiinga til boka Øyvind Bjørnson skreiv om «Gruva» i 1991, fortel Erling Evanger kor krenkande og nedverdigande denne form for hjelp var.

Sjølv om innkoma til familien i periodar var ustabil, ser den aktive og samfunnsengasjerte Johann attende på ein god oppvekst. Han er ein av dei som opplevde Vikjo i ei anna tid, med hamna, kaiane og Osen som leikearena. Men området rundt Leirvik skule og parkområdet var òg revir for leik, litt ugagn og «strøjobbar». Avisbod, utkøyring av varer for «Thorbjørnsen agentur» og andre småjobbar vart det lommepengar av. Sal av bladet Sunnhordland ombord i rutebåtar som låg ved kaien var kjekt, men ein gongen gløymte han seg ut og båten la i frå. Etter ein liten tur på Vikaflè vart han sett på land. Ein pinleg situasjon som vert hugsa. Minne frå oppvekståra er ispedd mange spanande opplevingar. Han minnest at Henry Aas klaga på at røykesilda i uthuset minka så fort kvar vår. Men Henry kjente ikkje til at noko av svinnet vart grilla på Himmelberget av Johann og vener. Stort svinn var det òg når mora laga sildekaker under krigen. Silda hadde Johann bore heim på streng frå båtar som låg i hamna og venta på levering. For gutane var det «herrekost» med nysteikte kaker når dei sat og planla neste raid.

Johann fortel om spanande, men farleg leik på Naustneskaien. Han minnast Søren Hagerup si kvasse stemme då han forkynte: «no er det 5. gongen eg berger livet ditt her på kaien, men no er det slutt»!

Munnleg kjelde: Johann Belsvik f.-1929

Skriftleg kjelde: Yngve Nedrebø, «Fattigfolk» – 2005

 

 

Sunnhordland» 20.8.18

Bygde hus av tyskerbrakker

Oddbjørn Kvålsvold

I vår nære fortid var gjenbruk av ressursar ein viktig del av livsstilen. Mange som vaks opp før og etter siste verdskrigen har fortalt om korleis foreldra var nøysame og måtte «setta tæring etter næring». Draumen om eige husvære vart for mange familiar sett på vent i krigsåra og tida etter kapitulasjonen i 1945. Byggematerialar var mangelvarer, og byggeløyve og lånetilsegn frå fylkes forsyningsnemnd var difor strengt regulert og eit trangt nålauga.

Dette er huset Reinert Kyvik bygde av tyskerbrakker på Knappane i 1946. Foto: Privat

For nokre var gjenbruk av dei mange brakkeleirane som okkupantane hadde bygd i landet redninga. Det nyoppretta Direktoratet for fiendsleg eigedom hadde mynde over den store bygningsmassen dei tyske militær- og fangeleirane representerte. Fylka sine forsyningsnemnder var den regionale instansen som forvalta riving og sal, og mykje av dette vart nytta som gjenbruk ved bygging av nye husvære. I Sunnhordland vart den tyske militærleir- og depotet i Etne, som var hovudlager for «Haugesundshalvøya», løysinga på materialmangel for mange. Tradisjonen fortel om 6 ulike leirar i bygda Etne, med Enge som den største med 15 installasjonar. Meir om dette i Etne sogelag si årbok for 2001.

I ein samtale med Jon Kyvik fortel han om dei tronge butilhøve foreldra, Anny (1911-96) og Reinert (1911-84), hadde dei første åra av ekteskapet. Dei leigde då eit rom med eit lite «spisskammers» hjå faren si tante og onkel på Førland. Matlaging og koking måtte utførast på huseigarane sitt kjøkken. I denne perioden vart broren Magne fødd, og trongen for større husvære auka etter kvart som familien vaks. Foreldra hadde planar om å byggja eige hus på Knappane, men finansiering, byggeløyve og tilgang på byggjematerialar var problematisk. Dette var ein periode med streng rasjonering på mest alle vareslag, ei rasjoneringstid som varte eit godt stykke inn i 1950-åra.

Men løysinga på husdraumen kom allereie i 1946, fortel Jon Kyvik. Reinert Kyvik, Gjert Spissøy og fleire andre på Stord, fekk prioritet då dei styrande fordelte byggjematerialane etter tyskarbrakkene i Etne. Brakkene var bygde etter tysk standard og samansette av masseproduserte «lemmer/ seksjonar» med isolerte vegger. Me veit at dei såkalla «brakkebaronane» i Noreg hadde tjent seg rike i krigsåra på produksjon og montering av brakker for den tyske okkupasjonsmakta. No vart brakkene demonterte og kom til nytte under den travlaste oppbyggingsperiode i etterkrigstida. Tyskarbrakkene kom såleis til nytte og glede for mange familiar som hadde budd kummerleg hjå familie og kjentfolk i årevis.

Etter at faren hadde vore i Etne og demontert tyskarbrakka, vart mora og Jon med skøyta til Etne for å henta materialane. Ei slik reise for ein 7-åring i Sunnhordlandsbassenget i samtida var reine «amerikareisa». Jon fortel om ei last som fylte både rom og dekk på skøyta. Vel framme ved Klingenbergkaia vart materialane lossa over på lastebilen til Alf Clausen og køyrde opp til grunnmuren på Knappane. Spesielt minnast han haugen med dei prefabrikerte takstolane. Tomt hadde faren kjøpt hjå bonde Peder Tveit på Rommetveit, og her vart bustaddraumen til familien realisert. Oppe i 2. etasje vart det innreidd hyblar for lærarskuleelevar, to doble og ein enkel, og i kjellaren eit rom til utleige. I etterkrigstida med stor husnaud var det krav at hus skulle innreiast fullt ut for å få best mogleg «kost/nytteeffekt» med utleigedel.

Sjølv om utforminga av hus som vart bygde av tyskarbrakker, hadde sin avgrensing med omsyn til plassering av, vindauge og dører, var dette gode familiebustader etter noko tilpassing. Lemmane som veggene vart sette opp av, hadde både vindsperre og isolasjon, noko som ikkje alle reisverkshus hadde i denne tidsbolken. Ein veteran innan husbygging, Torgils Engevik, har tidlegare fortalt meg at isolasjonsmatter av glasvatt fyrst vart teke i bruk i 1955-56 på Stord, men enkelte nytta både sagflis, leira og kutterspon til isolasjon i golv.

Munnleg kjelde: Jon Kyvik, – f. 1939

 

 

 

 

 

 

Sunnhordland» 10.8..18.

Oddbjørn Kvålsvold

Dugnad i bygda

I tidlegare tider var det vanleg å kalla saman til dugnad når større og tyngre arbeidsoppgåver vart planlagt. Tradisjonen fortel at når materialane til nye hus skulle dragast til tuns, når tak skulle tekkjast eller gamle hus skulle flyttast eller rivast vart det arrangert dugnad. Det var oftast skyldfolk og naboar som samlast til dugnad og vertsfolket skulle syta for rikeleg med mat og drikke. Men det er og mange andre former for felles innsats og samhandling som eg har fått kjennskap til gjennom innsamling av livsminne frå eldre på Stord.

Per Lundemannsverk – (1937 -2018). Foto: Oddbjørn Kvålsvold

I ein samtale med Torbjørn Haga fortel han om grannar som hjelpte kvarandre for å berga avlinga. Når mørke regnskyer og torever dukka opp i horisonten og trua den tørre kornavlinga som stod på staur, hugsar han at grannar gav kvarandre ei hjelpande hand. Han fortel og at deler av vegen ned til Haga vart bygd på dugnad i 1940åra.

Tresking av kornavlinga vart ofte tilrettelagt som dugnadsarbeid i dei forskjellige bygdelag. Per Lundemannsverk hugsar at seks gardar i nærområdet gjekk saman og kjøpte nytt treskeverk under siste verdskrigen. Treskedagen vert hugsa «som ei hugnadstund» frå barneåra. Dugnadsgjengen fekk servert god middag inne i stovehuset, mens kaffimåltidet vart innteke på låven.

Dugnadsarbeidet på Nordbygda bedehus som Adolf Rongevær deltok i, var eit stort arbeid og økonomisk løft for bygda. Dette var eit prosjekt som starta opp før siste verdskrig, men huset vart først ferdigbygd i 1953. Adolf fortel om dei gode stundene han har opplevd, etter at han vart aktivt med i dugnadsgjengen. Fellesskapet i byggearbeidet og seinare drifta av bedehuset har vore ein viktig del av hans liv.

Eg vil og sitera frå ein samtale Elling Siqveland hadde med Jofrid Grødem, paktarkona på prestegarden på Stord. «Ein søndag i høyonna eit år såg det ut til å koma regn. Sidan høyet var turt og fint, måtte me nytta tida til å få høyet i hus, sjølv om det var ein søndag. Då Mjøs’n såg det, kom han og hjelpte til med å dra høyet ned frå hesja slik at me kunne få det i hus før regnet kom». Aksel Mjøs var sokneprest på Stord frå 1935 til 1961.

Arne Knutsen har fortald meg om ein annan type dugnad. Den tidlegare skogreisnings-leiaren minnest då han kalla saman til felles innsats for å få Stuveforo (Revabåsforo) fram til vegars. Fora i Stuvemarka var eit særsyn, og Arne meiner dette er det største treet som er oppmålt i skogane på Stord. Før treet bles ned under storstormen hausten 1969 har mange famna rundt storfora. Kjempa som vart oppmålt til 10.5 m3, vart dregen til leikeplassen ved tidlegare Stuve skule med 4 traktorar. Arne fortel at han kalla saman skoginteresserte 1. desember og det møtte ein stor dugnadsgjeng. Han minnes at dette var ein fin vinterdag med klaka mark og 5 -6 cm snø. Ideelt ver for å dra stortreet ut frå Stuveskogen.

Dela av treet står i dag som portsøyler ved Sunnhordland Museum på Leirvik. Porten minner oss om kjempa på 170 år som måtte gi tapt for vindkreftene 22. september 1969, men fekk ein ærefull plass på grunn av dugnadsarbeid.

  • Munnleg kjelde:
    •  Torbjørn Haga f.1927
    •  Arne Knutsen f.1934
    •  Adolf Rongevær f. 1935
    •  Per Lundemannsverk (1937- 2018)
  • Skriftleg kjelde:
    • Elling Siqveland – I glede og sorg – 2007

Oddbjørn Kvålsvold

 

 

Sunnhordland» 23.7..18.

Ein for alle og alle for ein

Oddbjørn Kvålsvold

Nokre av forteljarane mine, som har livsminne frå miljøet i Gruo, gir gode døme på korleis klassesamfunnet påverka kvardagen ved Stordø Kisgruber. Borna fekk inn med «morsmjølka» kva som var skikk og bruk og akseptert åtferd i hierarkiet som regulerte forholdet mellom dei forskjellige grupperingaen. Direktøren saman med ingeniørstaben og funksjonærbustaden (Hus 100) trona på toppen med vidt utsyn over Storavatnet, stigarar i Stallbakken, og arbeidarbustader spreidde i områda Knatten, Midtbyen, Gjerdet, Rødkleiv og Nysæterneset. I Rødkleiv står det legendariske «Tusenhjemmet». Det var her ein av forteljarane mine, Johannes Vetås og mora flytta inn i 1954, saman med hennar nye ektemake.

Johannes Vetås – f. 1940. Foto: Oddbjørn Kvålsvold

Noko av det som har brent seg fast i minnet til dei som har budd på Litlabø, er pengeinnsamlingane fagforeininga fekk i stand til folk i naud. For mange vart listeberarane og hjelpelistene dei fremste symbola på fellesskap og solidariteten arbeidsfolk i mellom. I dei høve der nauda var svært stor , strekte ikkje pengane frå bidragslistene til. Men der det var snakk om å dekka eit kortare sjukehusopphald, legevitjing osv. var pengegåva frå kameratane nok til at familien unngjekk å koma på blokka til fattigstellet. Dei gode kjenslene som mange eldre har når det gjeld listeberarane og listene, skuldast nett dette.

Enno i 1950 -60 åra var det på Stord og i mange andre bygdelag i landet mindre «lukka miljø» der enkeltpersonar og venegjengar produserte sprit. Dette var hovudsakleg til eige bruk, men samtidskjelder fortel òg om «grundere» med heimeprodusert sprit som attåtnæring i konkurranse med kjøpespriten. Polvarene måtte tingast på Vinmonopolet i «bydn» og vart sende med båt til Leirvik. På kaien til Hauglandsbrødrene vart det ei ny barriere for dei som skulle henta ut polvarene, for Tor’en hadde full kontroll med alder og forbruk.

Som døme på samhaldet i Gruo fortel Johannes Vetås om eit av «heimabrentlaga» som var etablert der oppe med «seks aksjonærar». Denne venegjengen hadde konstruert og laga utstyr som dei nytta etter tur, og produksjonen førte til helgafyll og uro i nokre husvære. Johannes fortel at kona til ein av luteigarane prøvde å få slutt på helgefestane utan å lukkast. Så tok ho kontakt med bror til ein av dei mest aktive og utagerande i venegjengen. Han òg var einig i at nok var nok, så den fortvila kona orienterte lensmannskontoret om aktiviteten. Lensmann Haga kom til Litlabø saman med ein betjent og samla dei seks produsentane på kjøkkenet hjå den fortvila kona. Dei seks aksjonærane gjekk til full tilståing og ein av dei tok på seg ansvaret for spritproduksjonen. Johannes meiner å hugsa at resultatet vart ei bot på fleire hundre kroner. Det høyrer med til historia at produksjonsutstyret som venegjengen nytta var lagra nede i sitjebenken på kjøkkenet der lensmann Haga fekk full tilståing.

Johannes Vetås fortel vidare at etter at saka hadde roa seg og førelegget skulle betalast, skjedde noko som var typisk for gruvemiljøet. No starta medeigarane og andre «svirebrør» innsamling for å dekka bota. Johannes hugsar at stefaren betalte 10 kroner som sin part av førelegget. Ja, frå gruvemiljøet er det mange soger og døme på solidaritet, som stadfestar at slagordet, «ein for alle og alle for ein» var ein realitet.

Munnleg kjelde:            Johannes Vetås f. 1940

Skriftleg kjelde:            Øyvind Bjørnson: «Gruva» -1991

 

 

 

Sunnhordland» 9.7.18.

Lærarinna Eli Hannisdal kjørde «Tempo Lett»

Oddbjørn Kvålsvold

For tre år sidan var eg inne hjå Petra Hannisdal og sikra digitale opptak av hennar livsminne. Som 1-åring vart Petra med foreldra til misjonsmarkene i Kina og har difor sine første livsminne frå opphaldet i Kina og den 2 ½ månad lange reisa attende til Noreg hausten 1935. I denne vesle artikkelen vil eg fortelja litt frå det ho fortalde om mor si, Eli Hannisdal, sitt virke som lærar i skulen på Stord. Ja, mange av dei eg har intervjua, minnast fru Hannisdal som lærar.

«Tempo Lett», same modell som Eli Hannisdal kjøpte. Foto : J. Øgland

Eli Hannisdal voks opp på ein av Hystad-gardane i lag med ein stor søskenflokk. Som sedvane på denne tida reiste dei eldste søskena ut i arbeid så snart dei voks til, mens tre av jentene fekk høve til å byrja på lærarskulen på Rommetveit. Då mora gjekk på lærarskulen og budde på Rommetveit, fekk ho den tunge bodskapen at broren Peder hadde vorte alvorleg sjuk. Han var råka av influensaepidemien spanskesjuka som me har grunnlag for å tru tok livet av 150000 nordmenn. Petra fortel at mora ikkje fekk ta farvel med broren på grunn av smittefaren.

Etter at Eli Hannisdal var uteksaminert frå lærarskulen i 1920, arbeide ho i stordskulen i 3- 4 år. Første jobben var i skulestova på Børtveit der ho òg budde i denne perioden. Seinare vart det ein delt post, mellom skulen på Agdestein og i Sagvåg. Dette var ein krevjande post der ho sykla frå bustaden på Hystad inn til den samla klassen på Agdestein annakvar dag. Dei verste uvêrsdagane om vinteren med mykje snø gjekk ho fram og attende til skulen. Men eit av samtidsvitna mine, Olav Hetlesæter, som opplevde Eli i skulestova, fortel om ein aktiv og engasjert pedagog. Ja, ho hadde overskot til å vera med elevane på uteaktivitet, sjølv om ho hadde sykla eller gått frå Hystad til Agdestein om morgonen. Dei dagane ho underviste i Sagvåg høvde det slik, at ho og sykkelen fekk skyss med ein lastebil om morgonen, men Eli sykla heim til Hystad på ettermiddagen.

Etter at Eli Hannisdal hadde vore med mannen på oppdrag for Kinamisjonen og seinare etablert heim og familie ved «Drømmehaugen» byrja ho på nytt i skulestova etter siste verdskrigen. Dette var ein fast jobb ved Hatland skule som Eli sykla til. Men bruk av sykkel og gåturane frå og til skulepostar hadde ført til slitasjeskadar i knea. Legen meinte ho måtte skaffa seg eit motorisert framkomstmiddel skulle ho kunne halde fram i læraryrket. Turen gjekk difor til «Smia i Leirvik», der ho vart tilrådd å kjøpa ein «Tempo Lett», eit køyrety som var enkel i bruk og med høveleg fart. Petra meiner det var Håkon Thorsen som sto for opplæring og instruksjon då mora tok ut på sin første tur innover Borggata mot Hystad. Eli fekk opplysning om at «her er kløtsj og her er gir, gass og brems», og så vart ho skubba i gang. Håkon sprang på sida av mopedisten og instruerte, og ungar som var i området, kappsprang med henne. Farten var moderat framom Sagenes si forretning og bakeriet til Bore, men så gav Eli gass, hadde ho fortald. Her køyrde ho frå både instruktøren og halehenget av skodelystne ungar.

Dette var ei tid då få hadde denne type køyrety, og det var heilt spesielt at kvinner kjøpte sykkel med motor. «Tempo Lett» vart etter kvart eit svært populært moped, og i dokument frå produsenten Jonas Øglænd, finn eg at modellen hadde 50 cm3 motor, to gir og max. fart 30 km/t. Men det nye køyretøyet i heimen på Hystad freista, og Petra minnast at det ikkje gjekk lang tid, før ho òg vart «motorisert».

Munnleg kjelde: Petra Hannisdal, f 1930

 

Far var ein av Shetlandsgjengen

Oddbjørn Kvålsvold

Konstanse Elida Lodden og Edvard Pettersen som trulova i 1947. Foto: Privat

På Sunnhordland Museum vart det fredsdagen 8. mai i 2018 arrangert eit møte der temaet var korleis gjekk det med krigsseglarane i etterkant av dei mange dramatiske opplevingane. Forteljarane synleggjorde munnleg og med visuelle hjelpemiddel korleis mange sleit med minna frå dei mange dramatiske opplevingane som var limt fast på hjernebarken. For nokre vart difor stort alkoholmisbruk resultatet for å døyva dei psykiske seinskadane. Men dei fleste klarte seg bra, og det var dette Vigdis Oldekjær fortalde om på møtet. Ho er dotter av ein av dei som kom til Leirvik etter fem dramatiske år i Shetlandsgjengen.

I eit digitalt opptak eg seinare gjorde med Vigdis Olderkjær, fortel ho om faren som voks opp i Tysfjord i Nordland og i mai-dagane 1940 var på fiske ved Røst. Mannskapet på båten var ein ungdomsgjeng der fleire tok avgjerda om å koma seg over til England snarast mogleg. Nokre av manskapet ynskte å melda seg til teneste på dei allierte si side mot Hitler og nazismen. Far til Vigdis, Edvard Pettersen (1918-1995), fortalde lite og ikkje om sine opplevingar i krigsåra, slik det var sedvane mellom krigsseglarane. Men då familien hadde ferieturar til Tysfjord og Edvard møtte att nokre av ungdomsvenene, fekk ho detaljar frå turen som venene hadde gjennomført til Sverige. Vidare om reisa til England, treningsleiren i Skotland og dei seinare oppgåvene i Shetlandsgjengen.

Edvard Pettersen kom først over til Sverige etter tre fluktforsøk. Sjølv om det berre var 13 km til grensa måtte Edvard snu ved første forsøk og hjelpa ein av kameratane som hadde teke med kjærasten. Jenta kollapsa av påkjenningane i den blaute og djupe snøen, og dei måtte skiftast om å bera henne attende til Tysfjord. Neste fluktforsøk var som blindpassasjer på Narvikbanen, som på grensa vart stoppa for kontroll, og turen måtte avbrytast. Men tredje forsøket saman med kameraten lukkast, og Edvard kom seg over grensa til Sverige, vart arrestert av svensk politi og plassert i ein tømmerhoggarleir. Etter ei tid fekk faren kontaktar som hjelpte han med den vidare fluktruta til England, og enda i Nord-Skottland. Der var ein militær treningsleir som gav kampvillig ungdom intens opplæring i skarpe oppgåver. Edvard som hadde erfaring frå sjø og båt, vart plassert i Shetlandsgjengen, mens dei med militær bakgrunn vart m.a. med i Lingegjengen.

Ved basen på Shetland fekk faren maskinistjobb på M/K Andholmen som utførte mange viktige og dramatiske turar mellom Skottland, Shetland og Norge. Men då Den Kongelege Norske Marine i 1943 fekk tre hurtiggåande ubåtjagarar, vart Edvard maskenist på ein av desse. Båtane vart nytta i organisasjonen «Shetlandsbussen» som stod bak den illegale trafikken mellom Vestlandet og Shetland. Etter freden i 1945 var Edvard på nytt maskinist på «Andholmen», som då hadde vakt- og patruljeoppdrag på vestlandskysten under militær kommando.

Det var i denne perioden faren møtte mora, Konstanse Elida Lodden, som hadde huspost på Vikjo. Dei gifta seg i 1947 og planla heim på Skotaberg. Edvard mønstra då av og fekk arbeide på sildoljefabrikken på Kjøtteinen, men reiste til sjøs i 1950 for å spara opp pengar til eige hus. Etter ny avmønstring vart det husbygging, familieliv og stødig arbeid på vedlikehaldsavdelinga ved Stord Verft. I dag bur Vigdis og mannen i huset som foreldra hennar bygde i 1950-åra på Skotaberg; ei tid då dei aller fleste måtte setja tæring etter næring. Sjølv om faren var ein av dei som opplevde mange dramatiske turar med våpen, sabotørar og henting av flykningar på vestlandskysten, vart ikkje familielivet prega av dette, avsluttar Vigdis Olderkjær.

Munnleg kjelde: Vigdis Olderkjær f. 1948

 

 

 

Oppvekst på «Derneset» – i ei anna tid

Oddbjørn Kvålsvold

Bjarne Digernes Foto: Oddbjørn Kvålvold

Ein eg vart kjent med då eg gjorde militærtenesta ved regimentkontoret på Voss, var gardsguten Bjarne Digernes frå Stord. Bjarne var hjelpekokk i kantina, og eg arbeidde på kontoret til IR nr. 9. Sjølv om vårt livslaup har vore forskjelleg etter at me kom attende til Stord, har me hatt mange gode samtalar når me råkast. Etter at eg tok til med innsamling av livsminne frå levde liv, var derfor Bjarne Digernes ein av dei eg kontakta i 2012.

Som odelsgut på Digernes vart Bjarne tidleg kjent med korleis årshjulet på ein gard svirra. Ein gard som har ei spanande soga å fortelja. Ja, eg tenkjer på hendinga i 1667 då skotske plyndrarar kom med seglskuta «Capere» og tok seg til rette på garden. Meir om dette i Stord bygdebok, band 3. I heimen som Bjarne Digernes vaks opp i, vart forteljartradisjonen helden i hevd, og difor er hans første barneminne frå praten i stova. Kvar gong dei vaksne samlast, vart mange munnlege soger frå samtida og ikkje minst frå dei som var heimkomne frå Amerika «såge inn» og limt fast på hjernebarken til Bjarne.

Ei av desse historiene var om den ville hingsten dei hadde fostra på Digernesgarden i tidlegare tider. Det vart fortald at avlshingsten hadde gode genar, men var ein vilter stamfar som dei fleste hadde vanskar med. Når han gjekk berserk i stallen, fauk fliser og bordbetar rundt i stallromet. Bjarne minnest at dei gamle fortalde at dei måtte ta han ut, slik at hesten fekk lufta seg. Ute hadde han alltid grima eller seletøy på, for slapp han fri, då retta han mulen mot himmelen å kneggja, bretta opp lippa og galopperte vekk. Historiene var mange om dei gongene hesten hadde bykst over både grinder og gjerde for å nyta fridomen. Bjarne hermer etter ei gamal kona, «ho hadde høyrt om gamle Erik, men aldri sett han før ho opplevde hesten på sitt verste». På denne tida vart «naturmetoden» nytta, så avlshingstar vart utleigde mellom bygdene. Bjarne minnast òg fortellingar om hingsten som var på garden, vart ridd over fjellet til Fitjar. Turen gjekk over Øvre Økland og gjennom Kløvo og langs Hovtrongsvatnet, ein plass der hovar og klauver lett sette seg fast i berglaget.

Alt frå Bjarne kunne stabba og gå var han med foreldra i floren, der «saug» han til seg inntrykk frå mjølking og dyrestell. Gardsdrifta odelsguten har minne frå, inneheldt mykje kroppsarbeid og muskelbruk. Utover i 30-åra og under 2. verdskrigen vart all møk lasta opp og spreidd ut med greip. Bjarne fortel at faren hadde stor interessa for bær- og grønsakdyrking. Så alt frå barneåra var tynning og ansvar for å reinska vekk vassarv og ugras i åkrane faste arbeidsoppgåver i vekstsesongen. Under krigen vart det sett poteter i 7-8 mål åker på bruket, og noko av dette var tidlegpoteter. Etter innhausting av desse vart det her planta blomkål, såleis hausta dei to avlingar på dela av potetåkrane. Far til Bjarne, Ola Digernes, ville òg prøva seg som fruktdyrkar, og planta i si tid 200 frukttre på garden. Men hjorten var ei plage på Digernes, han ville ha sin del av både frukttre, grønsakavling og havreåkeren. Frukttrea vart eit sørgjeleg syn etter kort tid, fortel Bjarne. Dei trea hjorten ikkje åt nytta han til å reinska horna på så borken fauk.

Dei to bruka på Digernes fekk avtale med to jegerar som skulle fella hjorten og skadedyret vart lagt i bakken. Diverre fekk nokre personar med makt på Vikjo kjennskap til dette, og dei stilte både med lensmann og politimeister. Ja, saka endte i retten med lov og dom.

Munnleg kjelde: Bjarne Digernes f. 1931

 

«Leirvik brand- og bygningskommune» m.m.

Oddbjørn Kvålsvold

Då Johannes Tufteland i 1957 vart tilsett i Stord, var dette ein kommune på terskelen til ei eventyrleg utvikkling. Han kom frå BKK sine anlegg i Matre i Nordhordland og byrja som kommuneteknikar ved ingeniørkontoret. Andreas Fleten var kommuneingeniør og leiar av teknisk avdeling . Utover han var det fire utearbeidarar, ein sjåfør og ei kontordame tilsett. Etaten disponerte to kontor i 2. høgda i kommunen sitt bygg på Nattrutekaien

Bilete vart teke at Tufteland for 5 år sidan. Foto: Oddbjørn Kvålsvold

I ein samtale eg hadde med den tidlegare kommuneingeniøren Johannes Tufteland i 2013, fortalde han om ei enkel, nærmast papirlaus sakshandsaming, der berre vedtaket vart protokollert. Folketalet i kommunen var omlag 6000, men i sterk vekst. Frittliggande enkelttomter vart vurderte, godkjende og tilrettelagde med septiktank og brønnvatn. Den som hadde planar om husbygging og trong for ei tomt, gjorde avtale med bonden eller grunneigaren direkte. Så fekk dei jordskiftedommaren eller ein annan sakkyndig til oppmåling, og laga dei naudsynte kart og papir. Tufteland minnest eit jordstykke som Ola Høyland hadde på Skotabergsida der det vart bygd nokre bustader konsentrert, og som knytte seg til ein kommunal kloakk. Så det fanst òg røyropplegg utanfor Vikjo i slutten av 1950-åra.

Johannes fortel også om «Leirvik brand- og bygningskommune», som regulerte byggeaktiviteten på Vikjo og nærområdet. Såleis vart reglane og forskriftene for bygningsråd, brannsyn og feiing gjeldande for sentrumsområdet. Grensene for brann- og bygningskommunen tok til ved sørvestre hjørnet på kyrkjegarden i Frugarden, så opp 390 meter langs Sævhølen, merka med kryss i flatt berg. Vidare over til Åshaugen, så retning nordre enden av Vikastemmo og austover ned til Djupavikjo. Innanfor dette området var særreglar gjeldande, etter at heradstyret oppretta «Leirvik brand- og bygningskommune» 28. mars1912. Det var ein kongl. res. frå 1896 som heradtyret slutta seg til for sentrumsområda i kommunen. Forordninga skulle sikra betre helsehygieniske og branntekniske forhold i tettstader med konsentrert busetnad. Meir om dette i Stord bygdebok, band 3.

Trongen for betre vasstilgang auka i takt med bustadbygginga, og alt i 1936 vart det pumpa vatn frå Sævhølen opp til vassbassenget i Lønningsåsen. I 1960 monterte dei ei lita dosseringspumpe for klortilførsel på den kommunale vassleidningen for å sikra mot bakterietilsiget i Sævhølen. Då Amlifeltet vart utbygd og fleire knytta seg på den kommunale kloakken ned til Forgarden, vart det vurdert tiltak for å minska utsleppet i sjøen. Tufteland minnest godt då saka vart drøfta i kommunestyret og den frittalande kommunelegen Emil Mo kom med fylgjande utsegn: « Å montera rister er berre tull. La «skiten» gå på sjøen så reinskar dette seg sjølv»!

Etter at Bygningslova var gjort gjeldane i 1965, vart krava frå det offentlege innskjerpa. Tufteland fortel om stor trong for byggeklare tomter i dei sterke vekstperiodane i slutten av 1950-og 60-åra. Dette resulterte i større press på drikkevatn og kloakknett. Den endelege løysinga kom først då Ravatnet var bygd ut i 1961 og seinare Tysevatnet.

Kontoret som Tufteland leia planla og regulerte det første bustadfeltet i kommunen. I 1961 kjøpte kommunen eit areal i utmarka til Sina Leirvik på 53 da. som seinare fekk namnet Kringsjå. Teknisk kontor utarbeidde delplan for området og kalkylar for kostnader med opparbeiding. Som ein kuriositet vil eg nemna at kontorsjefen berre plussa på kostnadene 10% i administrasjonsutgifter for arbeidet kommunen hadde med dei 37 tomtene. I dag verkar påslaget til planlegging, regulering og anbodoppfølging m.m. svært låg. Men som den tidligare kommuneingeniøren Johannes Tufteland sa: «Dette var i ei enklare tid, me på kontoret jobba effektivt og leigde ikkje inn dyre konsulentar til arbeidet».

Munnleg kjelde: Johannes Tufteland (1926 – 2016)

Skriftleg kjelde: «Stord bygdebok», band 3

 

 

 

 

Sunnhordland» 14.5.18.

Ein av pelsdyroppdrettarane på Stord

Oddbjørn Kvålsvold

I mellomkrigstida var det mange som tok til med oppdrett av pelsdyr, og «Wikipedia» fortel at i 1930-åra var det heile 4000 pelsdyrfarmar i landet. Den første sølvreven vart innført til Noreg i 1913, og oppdrett av pelsdyr i bur vart etter kvart ei viktig binæring på mange gardsbruk. Tradisjonen fortel om fleire som dreiv pelsdyroppdrett på Stord som attåtnæring. På nedre Vikanes vart det i 1920-åra tilrettelagt og innkjøpt rev for avl, og i «Myro» hadde slaktar Nils Andreas Myhre bur for pelsdyr. I Eldøy investerte Helle Dahl i pelsdyrfarm, og på Hystad var det sterk eim frå bura til Oskar Dahl og Lauritz Hystad. Og på Grov hadde Birger H. Grov oppdrett av rev, for å nemne nokre.

Far til ein av informantane mine, Erik N. Saue, starta òg med pelsdyral. Erik meiner at faren byrja med rev i 1928-29 og utvida litt etter kvart med fleire bur. I oppdrettet hadde Nils E. Saue på Vikanes både sølv- og platinarev. Etter ei tid hadde oppdrettet 6 tisper som fødde 3-6 ungar kvart år. Dei kunne såleis levera opp mot 30 reveskinn til Oslo Skinnauksjoner, der skinna vart vurderte og prisa etter kvalitet og marknadsverdi. I heimen til Erik var oppdrett og sal av revskinn attåtnæring heilt fram til 1950-åra.

Etter som Erik voks til, måtte han ta del i drifta av revefarmen til faren, men han likte dyr og hadde glede av arbeidet med pelsdyra. Den no 94 år gamal røktaren fortel at han prata mykje med revane og fann snart ut at enkelte av dei var meir sosiale en andre. Erik fekk spesielt god kontakt og med ei av avlstispene. Denne kom alltid ut og møtte han lenge før han var framme ved buret. Eit av dei gode minna frå røktarjobben var ein gong han opplevde at «favoritt tispa» gjekk inn i avlukket og kom ut med ein av kvelpane i kjeften. Ho kom heilt fram til nettingveggen med kvelpen slik at han fekk studera den nyfødde. Erik sa ho måtte leggja han på plass att, og gjorde det før ho kom ut og forsynte seg av fatet med mat han hadde sett inn i buret.

Mykje av maten som vart nytta til revoppdrettet, henta dei hjå slaktar Nils Andreas Myhre i «Myro». Innvolar og tarmar vart henta med sykkel og frakta i pappøskjer heim til Vikanes. Vidare vart både sjølvfiska og innkjøpt fisk mole opp på ei stor spesialkvern. Kvart år fekk dei i sildsesongen tak i 1 hl. sild som vart tørka usalta og nytta til fôr. Som revefôr nytta dei òg gamle høns. Jobben med å ribba og kverna høns var lite «lystbetont» og det verste med heile røktarjobben, minnast Erik. Om hausten vart årskulla avliva og beinflådde. Skinn vart skrapa med tollekniv og sagmo nytta i prosessen med å fjerna feittet. Kvart skinn vart så tredd på ei «tanefjøl», og avispapir vart nytta for å sikra lufttilgang i holrom.

Før siste verdskrigen var far til Erik ein av dei som vart innkalla til nøytralitetsvakt ved festningsanlegget i Fjell. Som utdanna signalmann var det ikkje tale om å få fri frå tenesta sjølv om han hadde ein revefarm som trong tilsyn. Dette førte til at Erik som 15-åring måtte overta heile røkteransvaret i ein periode. Men som før nemnt var han glad i dyr, og tilsyn og mating av pelsdyr var difor kjekt arbeid og gjev gode minne frå tenåra.

Munnleg kjelde:            Erik N. Saue f 1924

 

 

 

Sunnhordland» 27.4.18.

Ein tur på dei store hav

Oddbjørn Kvålvold

Mange av dei eg har hatt samtale med var ein tur og to til sjøs før dei stifta familie eller tok ei lengre utdaning. Spesielt for dei som hadde fagutdaning frå eit av skipsverfta i området, var det aktuelt å få hyre på båt for å sjå seg om i verda. Enno i 1950- og 60-åra var det stor trong for norske sjøfolk, og «eventyret der ute» lokka mang ein unggut.

Karl Spissøy Foto: Oddbjørn Kvålsvold

Då Karl Spissøy var ferdig utdana skipsrøyrleggar, var utfartstrongen og lysten til å oppleva og erfara nye ting stor. Han tok permisjon frå Stord Verft og reiste til Haugesund, og fekk hyre som reparatør på ein bulkbåt i 1966. Denne var bygd ved Haugesund Mek. Verkstad og det var Valdemar Skogvoll som disponerte fartøyet. Etter overlevering var båten klar for å gå til Bremerhaven i Tyskland og lasta bilar som skulle til New York. Planen var at dei skulle attende til Europa, men slik vart det ikkje. Den nye ordren var at MS «Walhall» skulle lasta skrapjarn for Japan, og Karl fekk etter kvart oppleva store delar av verdshava. Den nye lasta dei tok ombord var bilar, men denne gongen var dei trykte saman til skrapjernklossar. Seglingsruta til Kobe var sørover langs Amerika til Panamakanalen og over Stillehavet til Asia, ein tur som tok ca. 30 døgn. I Kobe vart skrapjernlasta bytta ut med stålplater og profiljern før kursen gjekk attende same vegen til Baltimore. Frå Kobe har Karl minne frå då dei var i dokk og skifta nokre botnplater. Her opplevde han for første gong kvinnelege sjauarar og dokkarbeidarar som utførte «mannfolkarbeid». Skutesidene vart vaska ned samstundes med at dokka vart tømt for sjø, og maling og skada botnplater skifta ut på 2 ½ døger. Karl fortel om mange turar i denne farten, og eit Stillehav som levde opp til sitt namn, blikstilla,- med Hawaiiøyane som kom opp i synsranda.

Seinare vart det turar til Canada etter trelast, der dei fylte lasterom og dekk med plank. Karl fann ut at det eksisterte større innlandssjøar enn Ådlandsvatnet. Han meiner å hugsa at MS «Walhall» brukte 5 døger for å passera den største innsjøen med ein fart av 12 – 15 knop. Slusene dei passerte og dei mektige innlandssjøane Ontario, Erie, Huron og Superior vart mellom dei største opplevingane for førstereisguten. Vidare vart turen med naudhjelp frå Amerika til Iran og Irak i 1967 eit minne for livet. Båten vart lasta med 18000 tonn korn og skulle gå gjennom Suezkanalen og rundt Saudi-Arabia til Persiabukta. Turen gjennom Suezkanalen med krigsskip som hadde førsteprioritet i kanalen, skapte forseinkingar. Området var prega av seksdagarskrigen og kampen om Sinaihalvøya nokre månader tidlegare.

Vel framme i Iran vart halve lasta med korn lossa på «gamlemåten» av tre sjauarar som entra rommet med jutesekker og koksbøtter. Kornet vart aust opp i sekkene med bøttene og sett muleband på, for så å verta heist to og to opp av lasterommet og ført innover kaien. Her sprang sjauarar med sekkene på ryggen for å stua dei i jernbanevogner. For mannskapet på bulkbåten vart dei 30 dagane det tok å lossa kornet ein tolmodsprøve, med varme opp til 49 grader. Difor var det ei stor lette då dei endeleg kunne kasta loss med kurs mot Al Basrah i Irak. I denne hamnebyen var moderne teknologi teke i bruk. Store hamnekranar firte sugerøyr ned i lasterommet og kornlasta vart overført til siloane på land innan 8 timer.

Etter utlossinga gjekk båten til Sør- Afrika og Cape Town, og Karl bestemte seg for å mønstra av etter 17 månader som reparatør på MS «Valhall» frå Haugesund.

Munnleg kjelde:            Karl Spissøy f.1940

 

 

Sunnhordland» 18.4.18.

Det starta i Borggata i 1936

Oddbjørn Kvålsvold

Soga om butikken som flyttar inn i Amfiet på Vikjo våren 2018, tok til i 1936 med eit lite utsal øvst i Borggata på Leirvik. Nokre av dei mest aktive og samfunnsengasjerte stordabuane, held skipingsmøte på Folkvang Hotell 15.februar 1936. Her vart opptakten til Stord Samvirkelag gjort. Eit arbeidsutval la fram forslag til lover som møtet slutta seg til. Utkastet var utarbeidd av Ola Høyland, Harald Karlsson, Odd P. Bjelland, Meyer Mortensen, Sture Gustavsson, Mons Nonås og Olav Andersen. Dei fleste av desse vart med i laget sitt styrande organ, og Ola Høyland vart den første styreleiaren.

S- laget i «gamlemeieriet» i Borggata. Foto: Lånt av Siri Presthaug

I denne artikkelen vil eg fortelja litt om drifta dei fyrste åra og trekkja fram nokre av dei som er omtala i styreprotokollane. Utover dei som alt er nemnde, ser eg i referata at Per O. Bjelland d.e., Torstein Aadland, Otte T. Bjelland og Finn Haga var aktive pådrivarar og ynskte ei kooperativ verksemd på Leirvik. Av kvinner som kom med i drifta den første tida, var Margrethe Sørangr, Martha Moe og Elesabeth Bjelland.

Laget opna utsal i leigde husvære hjå Kannalønning øvst i Borggata, men flytta seinare ned i bygget til Gamlemeieriet ved torget. I ein samtale eg hadde med Margit Engen f. Bårdsen i 1915, fortel ho om dei forskjellige arbeidsplassane ho hadde i ungdomsåra, mellom anna var ho tilsett ved Samvirkelaget i Borggata. I styreprotokollen datert 24. juli 1937 ser eg at «Frk. Bårdsen» fekk auka lønna til kr. 3 pr. dag etter ei tid.

Protokollane viser klårt at styret la ned eit stort arbeid for å utvikla laget og oppretta nye filialar. Det kom ynskje både frå Nordbygdo, Sør- Huglo, Bjelland og Skotaberg, men det var berre i leigde lokalar hjå Djuve på Skotabergsida og på Bjelland dei makta å realisera planane. I 1954 kjøpte Samvirkelaget 1,5 mål tomt hjå Sina Leirvik for 21000.00 kroner , som fekk namnet «Samvirkelagshyrna». Tomta er no ein del av «Meierikvarteret». Denne vart seld i 1956 som ei pakkeløysing til Stord Meieri, og Samvirkelaget fikk leigeavtale om bruk av deira bygg i Borggata. Desse lokala vart nytta til forretning fram til mai 1974.

Den første styreleiararen, Ola Høyland, hadde tillitsvervet i 10 år før Harald Karlsson og seinare Finn Haga tok over. Seinare var Johannes Grødem styreleiar i heile 12 år. Grødem var ein aktiv pådrivar for å få ei større forretning tilknytt Forbrukersamvirke (NKL). Vidare hadde Elling Børtveit ein lang periode som styreformann i 1970-åra. Styreprotokollane fortel om arbeidet for å skaffa nye lokale i Leirvik sentrum. Eg kan nemna at i 1955 kjøpte Stord Samvirkelag Leirvik Hospits i Borggata, men selde i 1970 til «Maskinhjørnet», då dei fann reguleringskrava til tomta ueigna.

Det har vore mange styrarar ved Samvirkelaget då forretninga held til på Vikjo, både kvinnelege og mannlege. Av protokollane ser eg namn som frøken Therese Bø, Birger Eldøen, Norvald Vågane og Ragnvald Mjelde. Sjølv om driftsresultata varierte, klarte eit aktivt styre og dei tilsette å drifta laget fram til november 1957. Då vart det halde omframt medlemsmøte som gjorde vedtak om å søkja akkord. Skifteretten vedtok 55 % utbetaling til kreditorane, og drifta kunne halda fram.

Etter at planane om utbygging i lag med post, telegraf eller Stord Meieri på torgområdet ikkje lukkast, vart det på nytt teke kontakt med NKL sentralt. I 1979 såg det ut som lokallaget skulle klare å finansiera ei utbygging på Tresmyra, men NKL vurderte utbyggingskostnadene for store i forhold til inntening. Nokre år seinare vart storsentret AMFIET bygd i same området, og no vert delar av dette bygget teke i bruk av dagens paraplyorganisasjon for dei tidlegare samvirkelaga, Coop Norge.

Skriftleg kjelde: Styreprotokollar, 1936 – 1980

 

 

 

 

Sunnhordland» 4.4.18.

Takla usynkronisert girboks med mellomgass

Oddbjørn Kvålsvold

Tradisjonen fortel at det var Torger Tvedten var den første som oppretta «vognmanns-forretning» og fekk løyve til å køyra bil på Stord. Det var i 1915 at kommunestyret gav han høve til å trafikkera mellom Leirvik og Fitjar, dessutan strekka Leirvik Seminariet. To år seinare melder avisa Sunnhordland om prøvekøyring på strekka med ein kombinert passasjer- og lastebil. Denne bilen hadde plass til 6-7 passasjerar, og det var oppnemnd ein inspeksjonskomité der lensmann, vegingeniør og ordfører Ola Høyland skulle godkjenne bilruteplanene.

Andreas Valvatne f. 1933 Foto: Oddbjørn Kvålsvold

Sjølv om det var få bilar og skrale grusvegar dei første 10-åra etter at automobilane kom til Stord, vart bilen etter kvart nytta i samband med næringsverksemd. I Sagvåg dreiv Sigurd Jonassen transportforretning med to bilar før han overtok ei handelsverksemd i 1927. Men talet på drosjebilar auka utetter mellomkrigsåra, skriv Asbjørn Aasheim i «Soga om Sagvåg. I 1933 vart det registrert 12 «drosjebileigarar» på Stord.

Mange fekk høve til å skaffa seg sertifikat på ein enkel og billig måte den første helvta av førre hundreåret. To av dei eg har hatt samtalar med, fortaltde om korleis dei fekk «lappen», og representerer nok det vanlege opplegget for å sikra seg naudsynt sertifikat. Olav Normann Nysæter kjøpte seg ein gamal Opel av Ragnar Ankervoll i byrjinga av 1950-åra. Dette var ein 1931 modell og var merkt av eit langt liv på skranglete grusvegar, fortel Nysæter. Ein kamerat som hadde sertifikat, var med som rettleiar då han skulle øva inn ein vanskeleg, men viktig detalj og dobbeltkløtsja. Bilane på den tid hadde ikkje synkronisert girboks, og me eldre med sertifikat hugsar at det måtte noko trening til før me takla ei «lydlaus» nedgiring med mellomgass. Etter trening på svingete vegar og nokre turar til Vikjo tinga Nysæter opplæring hjå Sigurd William Ingebrigtsen i Smio. Etter to timar med køyrelæraren i passasjersetet, meinte denne at kandidaten var klar for oppkøyring. Det var bilsakkyndig Olav Helland som kom ned frå Bergen og skulle kontrollera køyredugleiken til Olav Normann. Prøvekandidaten hadde ein liten tur ned til Naustneskaien før dei kjørte inn Borggata mot Møllebrua. Tradisjonen fortel at her inne måtte alle som køyrde opp til sertifikat visa sin ryggedugleik opp gamlevegen mot Ådland. Vel attende til Vikjo forkynte sakkyndig Hellland at «prøven var bestått», og sertifikatet kosta han såleis totalt 60 kroner i 1955.

Ein annan som tok sertifikat i same tidsbolk er Andreas Valvatne. Han var sjømann og reiste i utanriksfart i ungdomsåra, men arbeidde som sidemann på lastebilen til Sigurd Jonassen og hjå Valvatna Trelast i heimeperiodane. Som hjelpar og sidemann følgde han godt med. Korleis handgassen skulle stillast før ein gjekk ut og starta med sveiva var viktige detaljar. Andreas fekk òg med seg korleis sjåførane dobbeltkløtsja for å gira ned i motbakkane. Eigentrening ved å køyra bilen frå lageret på kaien til butikken hjå Jonassen i Sagvåg, og prøvekøyring med Erling Paulsen hjå Valvatna, gav han ferdigheit. Etter ei tid tinga han køyretimar hjå sjøførlærar Olvar Hystad. Men etter første timen sa Hystad at Andreas var moden for prøven med bilsakkyndige. Ruta som bilsakkyndig Olav Helland oftest brukte, var kjent og utprøvd med sjøførlærar Hystad, så Andreas tok sitt første bilsertifikat etter ein time med Olvar Hystad.

Munnlege kjelder: Olav Normann Nysæther- f. 1931

Andreas Valvatne – f.1933

 

 

 

Sunnhordland» 19.3.18.

Telefonen før i tida

Oddbjørn Kvålsvold

Sæbjørn A. Dale f.1929. Foto: Oddbjørn Kvålsvold

Tradisjonen fortel at det var konsul Joakim Andersen som kjøpte ein telefon på verdsutstillinga i Philadelphia i 1876 direkte av Alexander G. Bell, same året som Bell fann opp nyhendet. Han monterte den som kommunikasjon mellom sin private heim og verksemda si i Ålesund. Dette var fire år før telefonen offisielt kom til Noreg.

Sjølv har eg barneminne frå då eg var med inne på ein liten bygdetelegraf i slutten av krigsåra. Sentralbordet på denne type stasjonar var samtidas livsnerve i kommunikasjonen med omverda. Her vart samtalar til dei som hadde telefon i nærområdet kobla saman. Vidare vart samtalane med omverda planlagde og sette opp. Koblingsbordet på telegrafstasjonen var eit teknisk vidunder for forvitne barneaugo. Her var eit «virr var» av leidningar med kontaktpinnar i enden, desse vart plassert i dei forskjellege koblingshol. Øvst på betjeningspanelet var det klokker som registrerte taletid og periodar. Når samtalen var kobla opp, starta dei ei av klokkene. Når samtalen hadde vart i 3 minuttar, gav klokka lyd, og ekspeditøren kobla seg inn på samtalen (lyttespaken) og opplyste at ein periode var oppbrukt. Kunden avslutta då, eller tinga ein ny periode på 3 min.

På grunn av at få hadde telefon, var bodsending ein viktig del av drifta. Då måtte den som fekk bod, koma på stasjonen og melda seg for samtalen, eller hjå ein som hadde telefon i nærområdet. Stasjonen knytte da opp samtalen på nytt. Dette var ein manuell operasjon som kunne ta tid, då det var få linjer, og berre ein samtale per linje. Telegram i samband med viktige meldingar eller helsing til bryllaup og konfirmasjonar var ein viktig del av kommunikasjonen i samtida. I bryllaup vart dei handskrivne telegramhelsingane som kom med bod frå stasjonen, lesne opp av kjøkemeisteren. Festtelegramma hadde spesiell fin utforming, med store rosebukettar og med det norske flagg etter at okkupantene hadde kapitulert.

I ein samtale med Torgils Engevik som voks opp på Eskeland, skildrar han eit tidsbilde frå sin barndom. Hadde familien trong for bodsending etter t.d. doktor og dyrlekjar, måtte dei traska stien og bygdevegen ned til Nilsen på Rommetveit. Butikkmannen var ein av dei få som hadde telefon før siste verdskrig. Torgils meiner at heima hjå han kom telefonen først under 2. verdskrigen. Då vart det bygd ei linja til Eskeland, via Haugland og Presthaug, med signala 2, 3 og 4 ring. Gardane i områda skiftest litt med å ha telefonen i huset, for dette medførte ekstraarbeid og ansvar for telefonrekninga. Felles telefon bygde på tillit, der dei andre brukarane skulle notera ned kvar sin del av fellesrekninga.

I heimen til Sæbjørn A. Dale på Dale var det telefon i heile hans oppvekst. Sæbjørn fortel at det var få som hadde telefon på denne tid, og bodsending var ein jobb for ungane. Han minnest at det ikkje var kjekt å gå skogsstien inn til Falkåsen med bod til dei to nybrotsmennene som budde der inne, Valde og Wilhelmsen i mørke haustkveldar. Sjølv om folk telefonerte lite, så førte samankalling av lossegjengane til sildoljefabrikken på Kjøtteinen, til mange bodturar. Stasjonane var som tidlegare fortald manuelle, og telefonistane på stasjonen kjende godt til det som skjedde i bygdene. Som eit døme på dette fortel Sæbjærn om då kona Oslaug skulle kjøpa ny symaskin. Ho gjorde avtale med ein agent over telefonen om at han skulle koma til Dale og demonstrera maskina. Men før han rakk å koma, kom ein konkurrent og spurde om ho var interessert i ein demonstrasjon av symaskin? Om dette var tilfeldig eller «lekkasje» , skal vera usagt.

Munnlege kjelder:             Torgils Engevik f. 1929         Sæbjørn A. Dale f. 1929

Digital kjelde:                        wikipedia.org

 

 

Sunnhordland» 5.3.18.

Oppvekstminne frå Vikjo

Oddbjørn Kvålsvold

Det er givande og nyttig å få del i livsminne frå eldre som voks opp i ei tid svært forskjellig frå dagens samfunn. Dei eldste kan fortelja om detaljer fra oppveksten som viser kva vår generasjon har opplevd av teknisk utvikling og livsstilsforandring. Ikkje minst fekk tettstaden Leirvik eit «hamskifte» i ein forrykande fart.

Margit Engen, fødd i 1915, er den eldste eg har samla livsminne frå. Om foreldra hennar var innflyttarar frå Moster og Koløyholmen, må ho reknast som ei ekte vikajenta. Margit budde sine første leveår i «Taraldshuset» midt på Vikjo. Ho minnest barneår og oppvekst i det vesle huset i hagen til gamle Dhals hotell, eit hus som vart rive då hotellet skulle utvida drifta med ny storsal. Her voks ho opp, i ei tid då verda for henne var hotellhagen, Hagerupshuset og krambua i Borggarden. Heimen og etter kvart ein søskenflokken på sju var leikearenaen. Resten av Vikjo og Borggata var for henne det store ukjente dei første barneåra. Dette opna seg først då ho tok til på barneskulen på Leirvik. Her fekk ho gode år i ein klasse med sju jenter og femtan gutar som lærarinne Hanna Orninggård (1881-1964) hadde ansvar for. Dei første skuleåra held klassen til i eit lite rom i kjellaren med lav takhøgd. I «storskulen» vart Mandius Kyvik (1888- 1964) læraren hennar. Margit har eit imponerande minne, og ramsar opp alle namna på dei 22 som ho gjekk i lag med på folkeskulen. Mange av desse hadde sitt livslaup på Vikjo og vart profilerte personar i lokalmiljøet.

Ein annan av forteljarane mine Anker Gravdal, budde dei første leveåra i bakken oppom Evjo. Dette var ein buplass med mykje aktivitet i nærområdet. Ikkje minst førte hermetikkfabrikkane til liv og røre som fanga interessa til ein smågut. Om sumaren kom båtane til dei reisande og la til nede ved nausta, og i periodar budde det splintar i det gamle Gravdalshuset, minnast Anker. Det var fleire tilspissa episodar mellom dei fastbuande og dei reisande som Anker fortel om. Men til slutt pakka i alle fall splintane sakene sine og reiste frå Evjo.

For oss som vaks opp i 1930-40 åra utan både TV, playstasjon og «tidstjuven» mobilen, er barneminna fulle av aktivitetar. Denne generasjonen har livsminne om mykje fysisk arbeid og uteleik frå barneåra. Livet var ei blanding av arbeid når det høvde seg, men og mykje leik og moro. Ingen fortel om keisame dagar og «tomgang». Det var alltid noko som skulle gjerast, eller nokon i veneflokken med kreative idear som skulle prøvast ut.

Anker Gravdal deler barneminna om den store aktiviteten Leirvik hamn hadde på denne tid, med båttrafikk døgeret rundt. For smågutane var det spanande å fylgja med på omlasting og vidaresending av varene på hamna. Torgersen og Per Andersen (Hystad) møtte opp med hest og langkjerre for å transportera varesendingane ut til forretningane.

Anker kjem også inn på dei rivaliserande «gutebandane» rundt tettstaden. Han var dei første åra medlem i Skoteberg-banden, men melde utflytting til Ås-banden, då familien vart busett der. Andre gutegjengar var frå Holo, sentrum (Pakka) og Ådland. Rivaliseringa mellom desse kameratflokkande tårna seg opp enkelte gonger, og det vart avtalt både sjøslag og landstrid. Dette førte oftast berre til litt blod og tårer, avsluttar Anker Gravdal soga om «Firerbandane» på Vikjo.

Munnlege kjelder: Margit Engen f. 1915

Anker Gravdal (1930- 2016)

 

 

Sunnhordland» 5.2.18.

 Ei av våre tradisjonsberarar

Oddbjørn Kvålsvold

Ei av dei som har sett merke etter seg på Stord, er Martha Lohndal. Martha som no har runda 92 år, voks opp på Bokn og måtte tidleg ta ansvar i heimen då mora døydde frå mann og ungeflokk. Til Stord flytta ho i 1962 då mannen Anstein tok til som lektor ved det nyoppretta gymnaset på Vikahaugane.

Martha i hagen våren 2009

Martha, som voks opp i bondesamfunnet og med husflidtradisjonar, vart elev ved Stord Husflidskule i vaksen alder og mange år aktiv i husflidmiljøet i kommunen. I ein periode dreiv ho ei lita vevstove i kjellaren, i lag med Elise Westerheim. Martha har òg gode minne frå tida i lag med Kjellaug Guddal Sæbø i Tverrgardsvegen, der Stord husflidlag dreiv vevstova. Dette var eit kreativt miljø, og ho fekk utlaup for sine skaparevner ved vevstolen. Sjølv hugsar eg nokre av produkta som vart viste fram på ei utstilling husflidslaget hadde i Fengslet. På denne utstillinga viste Martha ein fin biletevev av oppklypt not og ullgarn, dekorert med små keramiske fiskar. Eg vil og nemna at i ein periode var Martha Lohndal tilsett ved Stord Husflidskule.

Ved kommunevalet i 1983 vart Martha valt som 1. vara på Senterpartiet si liste og medlem i helse og sosialstyret. Ho fortel om 12 travle år i eit utval som fekk nye utfordringar etter at kommunen gjekk inn i oljealderen. Dei 6 siste åra var ho leiar for utvalet, og fekk såleis ansvar for å vera med å løysa flokane på baksida av «medaljen».

Vidare vart ho sterkt engasjert då kommunen i 1982 sikra seg Hageruphuset som samlingsplass og aktivitetshus for dei eldre i kommunen. Martha vart med i ei arbeidsgruppe som skulle vurdera bruk og drift av det ærverdige huset i sentrum av Leirvik. Ho minnest kor spanande det var då dei tok til med restaureringa av veggene på loftet. Her var lag på lag med tapet, før dei kom inn på tømra som var tetta med gamle aviser.

I dei siste 15 åra før Martha vart pensjonist, arbeidde ho ved Sunnhordland museum (SM). Her fekk ho oppgåva med å registrera og kvalitetssikra utstyret i tekstilavdelinga. Dette var arbeidsoppgåver som ho treivst med og følte eigarskap til. Vidare hadde ho oppgåver ved museet sine bygningar i Etne og Mauranger, der det òg var trong for gjennomgang av tekstilsamlinga.

Martha minnest med glede prosjektet ho og undervisningsleiar Sigurd Riise gjennomførte med oppstadveven ved museet. Oppstadvev eller oppstadgogn er ein urgamal type vevstol som er kjent frå arkeologiske funn i heile Europa og kan førast attende til fleire tusen år f. Kr. Det mest typiske er at veven står oppreist mot ein vegg, og at renningstrådane strammest med lodd. Den gamle veven på museet vart sett i stand, lagt renning på, og den urgamle vevmåten synleggjord. Dei tekstil- og tradisjonsinteresserte kan sjå oppstadveven på tekstilavdelinga på SM.

Eit anna område Martha har set spor etter seg er som aktiv hageeigar og pådrivar for å starta hagelaget på Stord. Laget ho var med å stifta gav mange gode opplevingar for medlemmene, med turar, utveksling av erfaring og byting av planter. Sjølv bygde ho og mannen Anstein, ein mønsterhage i eit område med furuskog og mykje store røter, utan maskinell hjelp. Her vart nærmare 250 rododendronar planta i lag med forskjellige typar magnolia, blåregn fikentre og andre sjeldne hageplantar. Denne sjølvkomponerte hagen har vore til glede for eigarane, men òg – ei oppleving for naboar og dei som går tur i området.

Munnleg kjelde: Martha Lohndal – f. 1925

Oddbjørn Kvålsvold

 

 

Sunnhordland» 5.2.18.

Avlshingstar i Nordbygda

Oddbjørn Kvålsvold

Før traktorane tok over mykje av trongen for trekkraft til gardsdrift og transport, var avlshingsten ein viktig institusjon i bygdene. Hestavlslaga sikra at dei beste genane innan hesterasar vart teke vare på og ført vidare. Sjølv om hestehald i dag mest vert nytta til leik og glede, vert rasane teke vare på. I vår del av Sunnhordland var Stord, Tysnes- og Fitjar hestavlslag med å sikra tilgang på avlshingst i nærområdet. Laget hadde hestar plasserte på Grov, på Langeland på Tysnes og i periodar på Fitjar.

Anders 17 år – August 001

I ein samtale med Anders Grov fortel han om då faren Johannes og han var til Rommetveit for å overta ansvaret for avlslaget sin hingst, «August». Anders var 13 år då dei var og henta denne villstyringen av ein hest, som var litt gamal, ilter og lunefull. Ja, tradisjonen fortel mange historiar om hesten som hadde eit dårleg rykte. Bonden på Rommetveit som hadde hatt han «i kost og losji» var så redd at hesten vart mata inn gjennom eit vindauge til stallen. Dyrlækjar Omvik fekk og oppleva hingsten sitt vanskelege og lunefulle sinnelag. Ein gong dyrlækjaren skulle sjå til hesten, glefste han over skulderlaget på jakka til dyrlækjaren med eit fast grep. Ja, konsultasjonen måtte avsluttast med at Omvik smaug seg ut av jakka for å koma i sikkerheit. Det var formannen i laget, Olaf Vatna, som hadde bede far til Anders prøva å få skikk på avlshingsten. Anders hugsar ein episode då hesten hadde vore ustyrleg heime på Grov, og faren skulle tukta han. Men avstraffelsen enda med at Johannes fekk bet og skada i armen. Sjølv om dette var den verste villstyringen av dei omlag 20 hestane som dei fostra for avlslaget, så vart han nytta til gardsarbeidet. Anders hugsar at når han hadde fått sela på den og spent bukgjord fast, var han både sterk og godt brukande som arbeidshest.

Johannes Grov (1910-1973)hadde avlslaget sine hingstar på garden i over 20 år, og dei fleste var gode brukshestar og gjorde nytte for seg, – og på den måten. Men å ha ein hingst i skjækene kravde merksemd av køyrekaren. Såg han ein annan hest i nærområdet så kunne han ta ut. I samtida informanten min fortel frå, var hesteavl ein del av intekta for fleire bønder. Mange av oss hugsar dei gode kjenslene me fekk, når me såg staselege merrer gjekk på beite med sine føl, på Bjelland, Søre -Tveita, Nedre Litlabø, Vatna og i Nordbygda. Anders hugsar at nokre av hestane som var eit resultat av hingstane på Grov, vart selt både nord og sør langs kysten. Ja, nokre vart transporterte til Bergen på lastebil og sende vidare til Sverige med jernbanen.

Anders fortel og om ei spesiell hende ein søndagskveld han skulle til Fitjar med ein hingst. På Valvatna måtte han passera ei ferist som hadde grind på sida. Her var Anders litt uoppmerksam, og før han fekk stogga hesten, trakka han nedi ferista med begge bakføtene. Men Anders var heldig og fekk låna ei øks av dei som kom til. Denne nytta han til å hogga av trebjelkane som var brukte i feristene på denne tid. Vidare var det ein som henta ei dør frå ein uteflor i nærområdet. Døra vart lagt klar oppå ferista, framom bakføtene. Hingsten vart frigjort, trakka opp på døra og inn på trygg grunn.

Som ein kuriositet vil eg nemna hestesleppet på Hetlesæter som hestavlslaget byrja med seinare. For mange var dette vårens vakraste eventyr. Men det er ei anna historie.

Munnleg kjelde:            Anders Grov f. 1938

 

 

Sunnhordland» 19.1.18.

Oddbjørn Kvålsvold

Sykkelen vart nytta i mange samanhengar

Dei som gjekk i brodden for å føra Stord attende til ein syklande kommune, sette seg store mål, og kanskje var det starten på ein prosess som me vonleg kan hausta vinsten av i komande år. Det var i 2013 at kommunen signerte avtalen om Stord som sykkelby. Avtalen er mellom Statens vegvesen, Hordaland fylkeskommune og Stord kommune, der våre samarbeidspartnarar skulle yta mange 10-talls millionar til prosjektet. Me får vona at den yngre generasjonen vil ta sykkelvegane i bruk etter kvart som dei vert klargjorde, og ikkje berre masa om at dei må køyrast.

Mange av oss eldre hugsar frå tida då sykkelen var viktigaste reisemåten i lokalmiljøet. Ikkje minst vart sykkel nytta til og frå arbeidsplassen, og me fekk dagens trim til og frå arbeid. Dette var ei tid då folk flest fekk dekka trongen for muskelbruk og aktivitet gjennom arbeidsdagen. Ord som tredemølle og treningssenter fanst ikkje i ordforrådet vårt. På Kjøtteinen var det trongt om plassen i sykkelstativa så seint som i slutten av 1950- og 60-åra, endå HSD–bussar og privatbilane etter kvart overtok transporttrongen. Ein av dei som gjorde seg nytte av sykkelstativet på sin arbeidsplass, var Magne Tverrdal. Magne var ein ihuga syklist både i arbeidsamanheng og fritid. Som pensjonist var han òg sykkelbrukar og trassa vêr og vind året rundt, saman med Sivert Helland og nokre andre av den «gamle garden».

I ein samtale med Anna Barmen fortel ho om korleis sykkel var det viktigaste samferdselmidlet rundt om i lokalmiljøet i ungdomsåra. Som ein kuriositet vil eg fortelja om då ho og Svein Barmen skulle ta ut ekteskapslysing på prestekontoret til sokneprest Aksel Mjøs (1901-1962). Men først kan me som fekk oppleva Mjøs på prestekontoret, minnest hans omsut for sine sokneborn, med intime spørsmål om parforholdet og det viktige vegvalet som ekteskapet er. Då Anna og Svein Barmen skulle ta ut lysing, var Svein svært oppteken med øving på eit spelstykke i parken. Planen var å sykla inn til prestegarden saman med to vitne etter arbeidstid. Mennene sykla innover mot Nordbygdo med jentene på bagasjebrettet for å få dette unnagjort i ein fart. Men sokneprest Mjøs hadde eit opplegg som tok tid, fortel Anna. Dei måtte svara på mange spørsmål og høyra formanande ord frå presten og delta i salmesong. Den komande brudgomen vart derfor litt uroleg, for han tenkte på dei som sto i parken og venta på han. Og på heimveg framom Hystad-gardane ned mot Døso gjekk det fort. Ja, det heile heldt på å enda i «kaos og elende» då ein katt kryssa vegen, minnest Anna.

Anna og Svein Barmen var som mange av denne generasjonen flittige brukarar av sykkelen både i arbeidssamanheng og fritid. Det var sykkelen som den gongen var transportmiddel, og ikkje minst vart sykkel nytta når ein skulle vitja familie og vener. Anna har mange gode minne om korleis ho og Svein nytta sykkelen til å transportera ski og stavar til fjells. Det vart mange turar oppover Fjellgardsvegen til Lundseter der syklane vart parkerte, og så med ryggsekk, ski og stavar på nakken var det kort veg opp til snøen.

Munnleg kjelde: Anna Barmen – f.1929

 

 

Sunnhordland» 12.1.18.

Då Sagvågs-bygda fekk seg brannpumpe

Oddbjørn Kvålsvold

I juleveka 1944 opplevde Sagvågbygda ein storbrann på kaiområdet. I butikken til Magnusen & Co kom eld laus, og dette heldt på å utvikla seg til ein brann som kunne lagt tettstaden i oske, fortel Svein Jonassen, ein av mine gode informantar. I huset som tok fyr, var det mykje turt treverk og anna brennbart, og Jonassen fortel om smella som ljoma mellom husa etter kvart som fat med parafin og oljerestar tok fyr. Eksplosjonane slo delvis ut veggen mot sjøsida, elden loga veldig opp og varmen vart intens. Snart byrja det å ryka av oppheta vegger og tak på nabohusa. Huseigarane med god hjelp av dei som raskt kom til, hjelptest med å tømma husa i nærområde for inventar. Svein fortel om møblar og husgeråd som vart bore ut av dei branntrua husa, og plassert langt oppover Sagvågsbrekko. Folk som kom til, hadde med seg vassbøtter, og det vart organisert «vassvegar» for raskast mogleg å få vatn fram dit det trongst mest. Ja, heile arbeidsstokken frå dei nærliggjande verksemdene kom til unnsetning, så det vrimla av folk på kai-området, fortel Svein. Det vart reist stigar på nabohusa for å bera vatn opp til dei som sat på mønet og skulle kjøla ned takkonstruksjonane. Informanten min hugsar det rauk av både vegger og tak på dei nærmaste husa, då strålevarmen var på sitt verste. Slik Svein Jonassen hugsar det, var heile forretninga til Magnussen ein einaste glohaug då brannmannskapa frå Leirvik og Gruo kom fram til branntomta.

Den første brannpumpa i Sagvåg

Brannen på kaien i Sagvåg sette støkk i bygda og aktive krefter i lokalmiljøet starta difor penge- innsamling for å skaffa ei brannpumpe. Ei lokal teatergruppe var med og bidrog med skjemt og alvor på innsamlingskveldane som vart arrangerte. Pengane som vart samla inn lokalt, var med å påskunda kommunen, slik at ei brannpumpe med 300 meter slangar kom på plass i Sagvåg.

Svein Jonassen fortel at det vart montert krok på faren sin lastebil til å transportera brannpumpa med. Vidare vart det organisert ein lokal branntropp som skulle rykka ut med utstyret når eld var laus. Branntroppen hadde øvingar med jamne mellomrom, og han hugsar ein gong dei nett var ferdig med ei øving då alarmen gjekk. Det var ei ishavsskute som låg ved Jensanes-verven som hadde eld laus i garneringa, og slokningsmannskap var på plass etter 8-10 minuttar. Brannpumpa som bygdefolket klarte å skaffa til veie, har opp gjennom åra hatt mange oppdrag som Svein fortel om. Ikkje minst minnest mange av oss brannane i Hustrudalen, Utslettefjellet og Rutle. Dette var til dels store, alvorlege lyng- og skogbrannar, og branntroppen frå Sagvåg var aktive bidragsytarar i sløkkingsarbeidet. Vidare gav gamle bossdungen på Valvatna mange utrykkingar for innsatsgruppa frå Sagvåg.

Ein anna type oppdrag Svein Jonassen hadde med brannpumpa, var i eit av dei første fredsåra etter siste verdskrigen. Furuly helseheim hadde vassmangel, slik mange andre stordabuar hadde denne sumaren. Brannpumpa frå Sagvåg vart plassert ved Sevhølen for å pumpa vatn opp til helseheimen sine vassbasseng. Avstanden var så stor at slangeutstyret som høyrde til i Sagvåg, måtte kompletterast med nokre lengder frå lageret på Leirvik. Etter to dagar var helseheimen si vasskjelda fyllt opp, og lastebilen kunne dra brannpumpa attende til heimbygda, avsluttar Svein Jonasen.

Munnleg kjelde:            Svein Jonassen – f. 1930