Stord sogelag

Meny

Årsmelding 2017

Årsmelding 2017

 

Styret 2017                                                                         

  • Leiar: Turid Tresselt Melheim
  • Kasserar: Peggy Husevik Bærøy
  • Skrivar: Gunnar Strand
  • Styremedlem: Asbjørn Aasheim
  • Varamedlemmer:
  • Jens Litlabø
  • Bjørn Bjørlykke

——-

  • Revisor:Bjørnar Withbro
  • Valnemnd:Liv Astrid Økland, Nils Tore Gram Økland, Lars Mæland

Medlemstal

Ved årsskiftet 2017/2018 hadde Stord sogelag 157 medlemmer. Av desse var 109 personlege medlemmer, 37 familiar og 11 institusjonsmedlemmer.

 

LAGSAKTIVITET I 2017

Styremøte

Det har vore 6 styremøte: 19.01, 16.03, 27.04, 07.09, 02.11, 06.12. Møtet 06.12 var eit kombinert pakkemøte/styremøte. Alle møta har funne stad på Sunnhordland museum.

 

I 2017 har desse oppgåvene stått i fokus for styret sitt arbeid:

Prosjekt adopsjon kulturminne. Samarbeid mellom skular og barnehagar held fram. Hystad skule og Sævarhagen barnehage er no komne aktivt med. Nye skilt til kulturminna i Hystadmarkjo er i ferd med å komme på plass, og ein arbeider med å tilretteleggje gravtuft i Valevågen.

Innsamling av livsminne.

Oddbjørn Kvålsvold har samla inn ei rekkje nye livsminne. Mangt av dette er gjort tilgjengeleg for publikum via sogelagspalta i avisa Sunnhordland og i årsskriftet. For dette viktige arbeidet har Kvålsvold i 2017 mottatt kulturprisen frå Stord kommune.

 

Hatlland skule

Å ta vare på Hatland skule er ei sak som har stått på sogelaget sin agenda. Det er gjort framstøyt overfor kommunen utan at noko har komme ut av det. Sogelaget har ikkje ressursar til å ta hand om og drifte bygget, og slik styret i sogelaget ser det, vil den beste løysinga vere om det vert skipa eit venelag som kan bidra til at dette kulturminnet vert tatt hand om. Oppretting av eit venelag er noko sogelaget eventuelt kan vere med og bidra til.

 

Historisk spalte i bladet Sunnhordland 2017

9.januar: Då vassløysa var årviss. Oddbjørn Kvålsvold

30.januar: Kulturminneprosjekt for barnehagar og skular. Atle Bjørn Mæhle

13.februar: Som førstereiskokk på Islandsfiske. Oddbjørn Kvålsvold

27.februar: Rydlandssagstemna – ei storhending i samtida. Oddbjørn Kvålsvold

13.mars: Minne frå landsturnstemnet i Halden. Oddbjørn Kvålsvold

  1. mars: Tysklandsbrigaden- eit minne for livet. Oddbjørn Kvålsvold

10.april: Statfjord A- frå frustrasjon og læring til suksess. Oddbjørn Kvålsvold

25.april: Treskedagane gav gode minne. Oddbjørn Kvålsvold

8.mai: Til Hop i Fana som marmorarbeidarar. Egil Nysæter

22.mai: Gode livsminne frå Gruo. Oddbjørn Kvålsvold

7.juni: Sæbjørns-Adnesekjo – husmannsplass og lærarbustad. Egil Nysæter

19.juni: Ein oppvekst i krambumiljøet. Oddbjørn Kvålsvold

3.juli: Ei banknæring i utvikling. Oddbjørn Kvålsvold

17.juli: Børtveit kraftstasjon – maskinmesteren fortel. Oddbjørn Kvålsvold

31.juli: Dei mange skogsvegane – til glede og nytte for folk flest. Oddbjørn Kvålsvold

16.august: Acetylen- og oksygenfabrikken ved Stord Verft. Oddbjørn Kvålsvold

4.september: «Den sorte dame». Oddbjørn Kvålsvold

18.september: Mange reiste til Amerika. Oddbjørn Kvålsvold

4.oktober: Smio og verkstaden i Gruo. Oddbjørn Kvålsvold

17.oktober: Mina sin gris fall for ei tysk kula. Oddbjørn Kvålsvold

1.november: Då stuert Brose kom heim. Oddbjørn Kvålsvold

13.november: Husbyggjar gjennom eit langt arbeidsliv. Oddbjørn Kvålsvold

27.november: Prosjekt «Bruk av kulturminne i barnehage og skule». Atle Bjørn Mæhle

11.desember: Transport med taubanen på Børtveit. Oddbjørn Kvålsvold

27.desember: Barneminne frå julehøgtid. Oddbjørn Kvålsvold

 

 

Årsmøte i Hordaland sogelag og lokalhistoriske dagar på Os 4. og 5.mars

I samarbeid med styret i Os sogelag vart det skipa til årsmøte i Hordaland sogelag og lokalhistoriske dagar der Oselvaren stod sentralt. Utsendingar frå Stord sogelag var Jens Litlabø og Atle Bjørn Mæhle. Lars Mæland tok del som medlem av valnemnda i Hordaland sogelag.

 

TILSKIPINGAR I 2017

Årsmøte tysdag 21.februar

Det var kring 30 som møtte på årsmøtet. Vanen tru fann dette stad på Stord folkebibliotek i Kulturhuset. Asbjørn Aasheim synte bilete frå Stord i tidlegare tider og fortalde om dei første fotografane på Stord. Deretter var det årsmøte med servering av snittar og kaffi/te medan dei formelle årsmøtesakene vart tatt opp.

 

Turar 2017

Det har vore arrangert to turar i 2017:

Rusletur til gullgruvene på Lykling

Rusleturen denne våren gjekk til gullgruvene på Lykling torsdag 15.juni der Arne Thorsen viste rundt. Diverre var ikkje vêrgudene på vår side, men 10 hadde møtte fram og fekk ei interessant og lærerik oppleving.

Tur med D/S Stord 1

I samarbeid med Stiftelsen D/S Stord 1 vart det fredag 18. august arrangert historisk reise i Sunnhordland for sogelag og andre lag i regionen. Dette var ein dag med flott vêr, og mange fekk ein minnerik tur. Arrangementet var også Stord sogelag si markering av kulturminnedagen som i 2017 hadde temaet: « Kulturminner i samfunnets tjeneste».

Skrivestove på Tveita gard torsdag 16.november

Til Skrivestova hadde sogelaget invitert dei som har levert stoff til årsskriftet og andre interessete. Tilsette i Villvettene barnehage og lærar Øyvind Nordlie frå Rommetveit skule fortalde om korleis dei har nytta kulturminna i deira nærområde, nausttufta på Rommetveit og gravrøysa på Breivikneset, i samband med «Prosjekt adopsjon kulturminne».

Jul på museet

2.desember skipa Sunnhordland museum til sitt årlege arrangement «Jul på museet». Stord sogelag deltok med mannskap.

Årsskriftet 2017

Desse har vore i skriftstyret i 2017: Lars Mæland (leiar), Bjørn Bjørlykke, Jakob Gullberg og Magne Misje. Årsskriftet i 2017 er på 98 sider. Alle medlemmene i sogelaget får skriftet som elles er lagt ut for sal i lokale butikkar. Dette året har opplaget vore på 600 eksemplar.

Innhald:

Føreord

Asbjørn Aasheim: Litt om Spelemannsneset, og folket som budde der

Nils Mæhle: Eit unikt studentlag. Målvinarlaget 140 år

Magne Bjelland: Forliset av d.s «Tor» ved Lyngholmen i 1906

Atle Bjørn Mæhle: Ålefangst i Storavatnet

Hallgeir Matre: Stord og Fitjar Naturvernforbund, eit historisk tilbakeblikk

Helge Heiberg-Andersen: 1966 – 68 – ein gyllen periode i Stord-friidretten

Anstein Lohndal: Nazifiseringstiltaka mot Stord lærarskule hausten 1941

Oddbjørn Kvålsvold: Ein krevjande veg til kunnskap

Anstein Lohndal: Gardsdrifta ved Stord lærarskule 1945 – 1950

Oddbjørn Kvålsvold: Mange reiste til Amerika

Stord sogelag – årsmelding 2016

 

Me minner om sogelaget si nettside www.stordsogelag.no der ein finn oppdatert informasjon om laget sine aktivitetar. Sjå også www.hordalandsogelag.no