Stord sogelag

Meny

Hatland skule

Hatland skule

Oppsummering av møte om Hatland skule 11. januar 2019 kl 0900 – 0945.

Møtestad: Kontoret til kommunalsjef Lovise Vestbøstad.

Desse var med: Kommunalsjef Lovise Vestbøstad, leiar for eininga Bygg og Eigedom Arne Bjelland, Guri Aksnes og Ragnhild Tveit (arbeider med revisjon av Kulturminneplanen) frå Kulturtenester, Kjellbjørg Lunde, Asbjørn Aasheim, Peggy Husevik Bærøy og Atle Bjørn Mæhle frå Stord Sogelag.

Bakgrunn

Frå oppsitjarar i Langeland/Horneland/Kårevik har Stord Sogelag fått spørsmål om sogelaget kan hjelpa til med å sikra Hatland skule slik at han vert teken vare på.

Hatland skule er den einaste skulen frå skulebyggingstida i 1860-1900 som Stord kommune eig.

Skulelova frå 1860 slo fast at kvar kommune skulle delast opp i krinsar med fast skulestad sentralt i krinsen. Tidlegare hadde skulen vore organisert som omgangsskule der ein leigde skulerom hjå bønder kringom i krinsen.

Det vart ei stor oppgåve for kommunane å byggja skulehus i kvar krins. I 1862 vedtok skulekommisjonen i Stord kommune å byggja skulehus på Langeland. Grunnmurane etter denne skulen finst enno. Etter omregulering av krinsgrensene vart Langeland skule riven og flytta til Hatland i 1897. I 1977 vart det bygd eit tilbygg med toalettavdeling. Hatland skule vart nedlagd i 1986.

Det er særleg huset frå 1862 det er viktig å ta vare på.

Faktiske opplysningar og drøfting

Kommunen har rekna på kva det vil kosta og tetta taket, rehabilitera huset og eventuelt flytta det til ein annan stad. Det er ikkje sett av pengar i budsjettet til dette føremålet.

På møtet drøfta ein korleis det er råd å stoppa lekkasjane gjennom taket. Arne Bjelland sa at ein i første omgang kunne leggja ei presenning over taket.

Kommunen ville vurdera kva kommunen ville gjera med huset i framtida, både gjennom eiga politisk sak og gjennom arbeidet med revisjon av Kulturminneplanen som er under arbeid.

Dersom kommunen vil ta vare på skulen, bør skulen flyttast til Langeland skule. Kommunen skal leggja til rette eit område som kommunen har kjøpt ved skulen. Når kommunen gjer dette, kan dei setja av ein stad på dette området der Hatland skule kan flyttast til dersom  flytting vert aktuelt. Skulen kan setjast i stand, innreiast med gammalt skuleinventar og gammalt skuleutstyr. Hatland skule vert då ein del av Langeland skule og kan nyttast til undervisning, grupperom, studierom, bygning som lokale lag og organisasjonar kan låna til møte av ulikt slag osb. 

Stord kommune er med i eit prosjekt som heiter Kulturminne i barnehagar og skular. Stord kommune har prosjektleiinga og Hordaland Fylkeskommune og Stord Sogelag er faste medlemmer, og skular og barnehagar er med i prosjektgruppa når ein held på i deira område. Prosjektet er ferdig med Rommetveit og Hystad krinsar.

Prosjektet går ut på at kvar skule og barnehage «adopterer» eit kulturminne, ser etter det og nyttar det når det høver i opplæringa. Dersom Hatland skule vert flytta til Langeland skule, vil den gamle skulen vera eit aktuelt kulturminne for Langeland skule. Langeland skule og Venelaget Hatland skule kan samarbeida om drift av huset.

Konklusjon så langt

Stord Sogelag meiner at det i første omgang er viktig å sikra huset med naudsynt vedlikehald slik at det ikkje vert øydelagt. Stord kommune er eigar av bygget og må vera ansvarleg for at dette vert gjort. 

Då får ein tid til å finna ut korleis dette kulturminnet kan sikrast for framtida og eventuelt takast i bruk.

Dersom Hatland skule vert flytta til Langeland skule, har kommunen kostnadsrekna at flytting og rehabilitering vil kosta 3 mill kr. Å skaffa desse pengane vert utfordringa. Nokre idear: Kommunen sel tomten som vert ledig og øyremerkjer desse pengane til flyttinga. Venelaget, Stord Sogelag o.a. gjer dugnad, Venelaget og Stord Sogelag søkjer om pengar der det er mogleg og kommunen dekkjer ein viss del.

Stord Sogelag vil ta initiativ til å skipa eit Venelag Hatland skule.

Vidare arbeid

  • Det vert lagt presenning over taket for å sikra bygget for lekkasje. Ansvar: Arne Bjelland
  • Kommunen lagar sak om Hatland skule som vert lagt fram for politisk handsaming: Ansvar: Lovise Vestbøstad.
  • Hatland skule vert vurdert i samband med revisjon av Kulturminneplanen. Ansvar: Guri Aksnes.
  • Stord Sogelag tek kontakt med oppsitjarane i området for å drøfta og skipa Venelaget Hatland skule. Ansvar: Asbjørn Aasheim
  • Dersom Hatland skule skal flyttast til Langeland skule, må samarbeidspartane saman arbeida med å finna ulike finansieringsløysingar, m.a. søkja om midlar ulike stader og på ulike måtar. Ansvar: Prosjektgruppe der samarbeidspartane er representerte.
  • Kommunen bør setja av plass til Hatland skule på nye området kommunen har kjøpt ved Langeland skule. Ansvar: Arne Bjelland

Kjellbjørg Lunde

-leiar Stord Sogelag-

——————–

Eit steg vidare

Dato: 01/04/18

Stord kommune v/ rådmannen

Frå oppsitjarar i Langeland/Horneland/Kårevik har Stord Sogelag fått spørsmål om sogelaget kan hjelpa til med å sikra Hatland skule slik at han vert teken vare på.

Hatland skule er den einaste skulen frå skulebyggingstida i 1860-1900 som Stord kommune eig.

Skulelova frå 1860 slo fast at kvar kommune skulle delast opp i krinsar med fast skulestad sentralt i krinsen. Tidlegare hadde skulen vore organisert som omgangsskule der ein leigde skulerom hjå bønder kringom i krinsen.

Det vart ei stor oppgåve for kommunane å byggja skulehus i kvar krins. I 1862 vedtok skulekommisjonen i Stord kommune å byggja skulehus på Langeland. Grunnmurane etter denne skulen finst enno. Etter omregulering av krinsgrensene vart Langeland skule riven og flytta til Hatland i 1897. I 1977 vart det bygd eit tilbygg med toalettavdeling. Hatland skule vart nedlagd i 1986.

I 2017 arbeidde Stord Sogelag med spørsmålet om kva ein kan gjera med Hatland skule. I årsmeldinga 2017 er saka omtalt slik: «Å ta vare på Hatland skule er ei sak som har stått på sogelaget sin agenda. Det er gjort framstøyt overfor kommunen utan at noko har kome ut av det. Sogelaget har ikkje ressursar til å ta hand om og drifta bygget, og slik styret i sogelaget ser det, vil den beste løysinga vere om det vert skipa eit venelag som kan bidra til at dette kulturminnet vert tatt hand om.»

Stord Sogelag meiner at det i første omgang er viktig å sikra huset med naudsynt vedlikehald slik at det ikkje vert øydelagt. Stord kommune er eigar av bygget og må vera ansvarleg for at dette vert gjort.

Då får ein tid til å finna ut korleis dette kulturminnet kan sikrast for framtida og eventuelt takast i bruk.

Stord kommune er med i eit prosjekt som heiter Kulturminne i barnehagar og skular. Stord kommune har prosjektleiinga og Hordaland Fylkeskommune og Stord Sogelag er faste medlemmer, og skular og barnehagar er med i prosjektgruppa når ein held på i deira område. Prosjektet er ferdig med Rommetveit og Hystad krinsar.

Prosjektet går ut på at kvar skule og barnehage «adopterer» eit kulturminne, ser etter det og nyttar det når det høver i opplæringa.

Ein av ideane som har vore framme, er å flytta Hatland skule attende på den opprinnelege tufta. Det er Marit og Andreas Hjartåker som eig grunnen. Dei har sagt at dei kan stilla tufta til rådvelde dersom ein vel å flytta skulen dit. Eit anna framlegg er å flytta endå nærare Langeland skule. På begge desse stadene vil Hatland skule vera eit aktuelt kulturminne som t.d. Langeland skule «adopterer» og kan bruka. Skulen kan innreiast med møblar og materiell frå gammal tid.

Stord Sogelag ynskjer å koma i dialog med Stord kommune for å sjå om det går an å finna ei god løysing slik at Hatland skule vert teken vare på.

 

For Stord Sogelag

 

Kjellbjørg Lunde                                                                        Atle Bjørn Mæhle

-leiar-                                                                                           -nestleiar-