Stord sogelag

Meny

Rusleturar 2021

TUR 1

Rusletur på Saneset/Grimsåsen

 26.mai.  2021

Husmannsplassane    Grimsåsen og Saneset

Jens Litlabø

Saneset Foto: Jens Litlabø

Svartedauden midt på 1300-talet og påfølgjande pestbølgjer førte til meir enn halvering av folketalet i Noreg. I år 1500 er folketalet estimert til om lag 150000 menneske, medan det i 1800 er på 883000, og då har me fått relativt nøyaktige folketeljingar. I dei påfølgjande hundreåra skal folketalet koma til å auka mykje meir og år 1900 var det kome opp i 2,2 mill. innbyggjarar, og dette trass i at nærare 0,8 mill. nordmenn då hadde reist til Amerika.

Før folkeauken tok til på ny hadde innbyggjararne i Noreg rikt ressursgrunnlag i landbruk og fiske, men etter kvart vart det mangel på gardsbruk til sjølveige eller bygsel, utan ei omfattande oppdeling av eigedomane. Veksande næringar som fiske, trelasthandel og gruvedrift kunne ikkje skaffa nok sysselsetjing og inntekt, dessutan var det naudsynt med stor innanlands matproduksjon i eit dominerande naturalhushald, der ein produserte det meste sjølv.

Ei løysing vart husmannsordninga som vaks fram frå 1600-talet. Husmannen fekk då bygsla (leiga) eit jordstykke på ein sjølvstendig gard. Storleiken på husmannsplassane kunne variera mykje, slik at ein del kunne fø meir enn to kyr og ha fleire mål åker, medan andre berre bygsla ei tuft til huset, den sistnemnde gruppa kunne vera strandsitjarar som det vart ein del av i Leirviksområdet. Husa åtte dei oftast sjølv, medan det vart betalt leiga for jorda. Det var vanleg at husmennene betalte jordleiga gjennom onnearbeid på garden, og det vart avtala eit visst tal dagsverk, men i tillegg var det også ofte med pengar eller andre ytingar. Husmennene i dei beste jordbrukstroka arbeidde gjerne fast på hovudbruket, medan dei kunne ha ulike yrke ved sida av plasset dei fleste stader kringom i landet.

På Stord vaks det også fram mange husmannsplassar, og særleg frå slutten av 1700-talet og utover 1800-talet. I 1865 var det såleis 126 registrerte husmenn, medan talet på sjølvstendige gardsbruk var 175. Særleg mange husmannsplassar vart det på gardane Orninggård, Nordre Bjelland og Leirvik, som utvikla seg til ein strandstad med ulike servicefunksjonar på Vikjo. Elles var det mange husmannsplassar i Hornelandsområdet, i Sagvåg og kring Gruo på Øvre Litlabø. Husmennene på Stord kunne ha ulike yrke ved sida av plasset, og ofte var det ulike slag handverk som skomakar, smed og bygningsmann. I Holo under Leirvik vart det lik-kisteproduksjon, medan det i Sagvåg gjerne var skipstømrarar og i Litlabø-området vart det mange gruvearbeidarar frå siste halvdel av 1800-talet.

På Nordre Tveita låg husmannsplassen i Grimsåsen eit godt stykke frå innmarka på garden. Dette er ein gamal husmannsplass som vart rydja kring midten av 1600-talet. Plasset kunne nok fø eit par kyr, og var kontinuerleg i bruk til det vart skilt ut som eige småbruk i 1914. På slutten av 1700-talet var plasset kårbruk til gardbrukaren på hovudbruket, etter at han hadde gjeve garden over til neste generasjon. Det tidlegare plasset har i nokre generasjonar vore i familien Losnegård si eiga. Brørne Bernt og Andreas Losnegård dreiv ulike slag bygnings og handverksarbeid med utgangspunkt i Grimsåsen. Mellom anna dreiv dei sagbruk og produksjon av trerøyr til vassleidningar.

Ved Ådlandsvatnet eit lite stykke nedom Grimsåsen ligg Saneset, som var eit av fire husmannsplass under Ådland. Plasset er truleg ein god del eldre, men i 1872 fekk plassmannen Ole Olsson frå Tyse kjøpa plasset. Han var gift med Johanne Kannelønning og dei fekk fem born.Ole Sagenes vart kjend i bygda både som rosemålar og sjølvskriven kjøkemeister i bryllup og gravferder. Mange har kister, ølboller, ambrar og anna som Ole har dekorert med si særeigne rosemåling.

Talet på husmannsplassar vart mindre mot slutten av 1800-talet, og i 1900 er talet i Stord nede i 43. Nokre tiår seinare er ordninga langt på veg borte. Kvar vart det av alle desse husmannsplassane? Som i dei to sistnemnde døma, vart mange av dei skilde ut som eigne sjølveigande småbruk. Andre plass kunne verta inntekne i innmarka på hovudbruket, medan ein del har vorte liggjande brakk og har grodd att, slik at me berre kan sjå vister att etter gamle åkrar og hustufter.

Førstkomande tysdag skipar Stord sogelag til rusletur, der me ser nærare på Grimsåsen og Saneset. Representantar frå oppsitjarane vil fortelja om bruket og folket der. Tore Lande Moe vil fortelja om Ole Sagenes. Sjå eiga lysing i «Sunnhordland».

Dei viktigaste kjeldene eg har nytta er: Stord bygdebok-Gards og ættesoga og Stord frå steinalder til oljealder-band II.