Stord sogelag

Meny

Årsmøte i Stord Sogelag 17. juni 2021

Årsmøtereferat

Torsdag 17. juni 2021 vart årsmøtet i Stord Sogelag halde i Museumshallen med 18 interesserte til stades. For andre året på rad var møtet flytta fram i tid grunna smitterestriksjonar og spreiing av Covid 19-viruset.

Lagsleiar Kjellbjørg Lunde ønskte alle frammøtte velkomne. Før sjølve årsmøtet heldt Egil Nysæter eit føredrag med tittelen «Koppar, kolera og korona – pandemiar før og no». I løpet av ein liten time snakka han om epidemiar og pandemiar, og drog opp linjene frå oldtida og fram til i dag. Han gjorde greie for korleis sjukdomane oppstod, kva område som vart hardast råka og kva følgjer epidemiane hadde for helsestellet og resten av samfunnet. Koppar, kolera og korona fekk sjølvsagt stor plass i føredraget, men også Svartedauden, Spanskesjuka og andre epidemiar vart omtala. Føredraget var både interessant og lærerikt.

Etter denne innleiinga var det matøkt og drøs ved småborda. Deretter følgde det ordinære årsmøtet. Som vanleg vart Jakob Gullberg vald til å leia møtet. Asbjørn Aasheim vart referent, medan Nils Tore Gram Økland og Oddbjørn Kvålsvold vart valde til å skriva under protokollen. 

Som punkt nr. 2 på sakslista stod godkjenning av innkalling og saksliste. Lagsleiaren greip ordet og presiserte at både innkalling og frist for innkomne saker var i kortaste laget i følgje statuttane. Dette skuldast uvissa rundt gjenopninga av samfunnet. Etter innlegget vart innkalling og saksliste godtkjent. 

Punkt 3: Godkjenning av årsmelding 2020. Lagsleiar gjekk gjennom årsmeldinga og fekk ho godkjent utan merknadar. Sjølv om lagsarbeidet hadde vore prega av pandemien, så fortalde årsmeldinga om regelmessige styremøte og rusleturar, eit fyldig og godt sogeskrift og mange historiske småartiklar i bladet «Sunnhordland». Medlemstalet pr. 31.12.2020 var 160 individuelle- og 7 institusjonsmedlemer. Lagsleiaren ønskje seg fleire medlemer og bad om hjelp til vervinga. Elles opplyste Kjellbjørg at årsmøtet og lokale fagdagar i Hordaland Sogelag vil verta avvikla på Stord til hausten, med sogelaget som vertskap.

 

Punkt 4: Godkjenning av rekneskap 2020. Kasserar Odd Stuve Rommetveit gjorde greie for tala i årsrekneskapen. Laget har ein sunn økonomi, med eit driftsoverskot på kr. 7.856. Også eigenkapitalen er god. Rekneskapen vart godkjent utan merknadar.

Punkt 5: Fastsetjing av kontingent 2021. Kontingenten vart endra frå 250 til 300 kroner i fjor, og vart gjort lik for alle. Styret ønskte ikkje å endra kontingenten i år, og årsmøtet godkjente framlegget.

Punkt 6: Val.

Styret i 2020 har vore:

Leiar:                Kjellbjørg Lunde

Nestleiar:          Liv Ingrid Grov

Skrivar:             Asbjørn Aasheim

Kasserar:           Odd Stuve Rommetveit 

Styremedlem:   Gunnar Strand

Varamedlem:    Bjørn Bjørlykke

Varamedlem:    Jens Litlabø

Revisor:            Jostein Arne Tvedte

Valnemnd:        Turid Tresselt Melheim, Atle Bjørn Mæhle og Peggy H. Bærøy.

Valnemnda si innstilling vart lagt fram og alle kandidatane vart valde med akklamasjon.

Det nye styret i Stord Sogelag ser slik ut:

Leiar Kjellbjørg Lunde (attval).                 Vald for eitt år.

Liv Ingrid Grov (ikkje på val).                  

Kasserar Odd Stuve Rommetveit (attval).  Vald for to år.

Asbjørn Aasheim (ikkje på val).                      

Gunnar Strand (attval).                           Vald for to år.                    

Møtande varamedlemer:

Bjørn Bjørlykke (attval).                       Vald for eitt år.

Jens Litlabø (attval).                              Vald for eitt år.

Revisor:

Peggy H. Bærøy (ny).                           Vald for eitt år.

I valnemnda held Peggy Huseby Bærøy og Atle Bjørn Mæhle fram. Terje Melheim kom inn som nytt medlem. 

Punkt 7: Innkomne forslag. Verken styre eller medlemer hadde sendt inn forslag.

Punkt 8: Ymse. Under denne posten vart medlemene oppmoda til å koma med saker, innspel, tankar og idear som styret kunne ta med seg vidare. Kjellbjørg Lunde sa litt om planane som styret hadde for resten av året. Tre rusleturar er fastsette, ein før sommarferien (Eldøy) og to etter (Huglo og Isdal). Styret har lyst å få i stand eit nytt foto-dokumentasjonsmøte, og dei ønskjer å skipa til temakveldar, der folk i kommunen snakkar om ulike tema før denne kunnskapen går i gløymeboka. Årsskriftet vil koma til vanleg tid, og spalta som sogelaget har i «Sunnhordland» vil halda fram. Kjellbjørg kunne elles opplysa at Stord Sogelag skulle vera medarrangør av Hordaland Sogelag sitt årsmøte til hausten.   

Frå salen kom det forslag om å få ein kortversjon av årsmeldinga på trykk i «Sunnhordland».

Når det gjaldt arbeidet med å rekruttera nye medlemer, så burde det vera mogeleg å melda seg inn i laget på heimesida. Å dela ut innmeldingssetlar under dei populære rusleturane var eit anna forslag.

Elles så vart styret beden om å vurdera å ta inn lysingar i årsskriftet. 

Eit medlem trakk fram kulturløypene på Rommetveit og Hystad som sogelaget hadde vore med å opparbeidd. Kanskje laget burde halda fram med dette arbeidet, og prøva å få på plass liknande løyper i Sagvåg- og Litlabø-området?  Før møtet vart avslutta reklamerte Odd Stuve Rommetveit for den planlagde rusleturen i Eldøyno 21. juni.

Referent Asbjørn Aasheim.

Underskrift frå to medlemer:

…………………………………………..                                     ……………………………………

                Oddbjørn Kvålsvold                                                                                       Nils Tore Gram Økland           


Årsmøteføredrag

Koppar, kolera og korona – pandemiar før og no

Egil Nysæter

Innlegg på Stord sogelag sitt årsmøte  for 2020, 17. juni 2021.

Innleiing

Litt leie? Å, ja.

Me får håpa at me no er ved slutten av koronapandemien. Det kan i alle fall sjå slik ut. Det passar då å sjå litt på tidlegare pandemiar til og med den siste, som mange meiner slett ikkje er den siste.

Disposisjon

Gangen i framstillinga mi er som følgjer: 

Først klargjera nokre sentrale omgrep slik som for eksempel pandemi og virus. 

Dernest vil eg ta for meg nokre pandemiar dei siste 1500 år. Men slett ikkje alle. Eg vil seia noko om kor og korleis dei oppstod, korleis dei breidde seg ut over verda og kor alvorlege dei var.

Og litt om tiltak mot desse epidemiane og korleis dei slutta. Så må det seiast litt om kva dei førde med seg, konsekvensane, kva folk lærde av dei og korleis ein førebudde seg for neste. Dersom dei då ikkje trudde at framtida var lys. Og det trur me, heldigvis.

Og alt dette med enkelte sideblikk, der det høver, til Stord og Sunnhordland.

Nokre sentrale omgrep

Pandemi er eit ord som eigentleg først er komen i vanleg bruk under koronaen. Medisinarane har sjølvsagt no og då nytta omgrepet i alle fall tilbake til midt på 1800-talet. Store Medisinske Leksikon opplyser at pandemi kjem av pan som betyr altomfattande og demos som betyr folk på gresk. Og at omgrepet «blir nytta om ein sjukdom som rammar særs mange menneske og breier seg over eit svært stort geografisk område, til dømes fleire verdsdelar. Ein pandemi er såleis ein vidfemnande epidemi som omfattar store delar av verda. Omgrepet er ikkje eintydig definert, men Verdas helseorganisasjon (WHO) nyttar det om ei verdsomspennande spreiing av ein ny sjukdom.» 

I Store medisinske leksikon finst ei liste med eit utval av «Store epidemier». I det følgjande vil eg konsentrera meg om nokre få pandemiar. Det vil seia at eg må utelata slike sjukdommar som tyfus, meslingar, tuberkulose, lepra, malaria, poliomyelitt og HIV/AIDS. (1) 

Det andre nøkkelomgrepet er altså epidemi. Det kjem av gresk epi, som tyder på, over eller ved, og demos som altså tyder folk. (2) Det blir brukt om ein sterkare auke og utbreiing av sjukdommar eller dødsfall enn det som er vanleg. Og omgrepet blir brukt både om smittsame sjukdommar som me skal høyra om her, og ikkje-smittsame sjukdommar. Til dei siste høyrer f. eks. lungekreft og hjarte- og karsjukdommar. (3)

Lokalt brukar ein oftast å snakka om eit sjukdomsutbrot. Og når det gjeld sjukdommar som opptrer innan eit avgrensa geografisk område, og meir hyppig enn andre stader, er det tale om endemiske sjukdommar. Eller stadbundne sjukdommar. (4) 

Mikrobar blir no helst omtalt som mikroorganismar. Mikrobane er eincella, levande vesen som er så små at dei berre kan sjåast i mikroskop. Dei utgjer eit eige rike jamsides mellom anna dyreriket og planteriket og omfattar bakteriar, virus, protozoar (eincella parasitter), mange sopparter og nokre algar. Her skal me konsentrera oss om dei to første, bakteriar og virus. Mange av mikrobane er nyttige, ja livsnødvendige for oss. Det blir rekna med at det i menneskekroppen er éin bakterie for kvar kroppscelle eller vel eit kilo til saman. Stig Frøland som er av kjeldene mine, skriv at bakteriane var klodens urinnvånarar med uvanleg tilpassingsevne. (5)

Det er nokre av mikrobane som er årsak til infeksjonssjukdommane. Desse mikrobane omfattar berre ein liten del av dei mikroorganismane som finst, kanskje vel 1400 av i alt over 10 000 artar. (6)

Vitskapen kjende altså ikkje til bakteriane før mikroskopet kom i vanleg bruk. Alt på 1600-talet var hollendaren Anton van Leeuwenhoek (1632–1723) i stand til teikna bakteriar. Men det skulle gå lang tid før bakteriane vart skikkeleg undersøkte. Det skjedde først ved den såkalla bakteriologiske revolusjonen på slutten av 1800-talet ved franskmannen Louis Pasteur (1822-1895) og tyskaren Robert Koch (1843-1910). Pasteur er han med pasteurisering av mjølk; forresten påboden i Noreg frå 1953, og Koch oppdaga bakteriane som var årsak til miltbrann, tuberkulose og kolera. (7) 

Ved mange infeksjonssjukdommar let det seg ikkje å påvisa bakteriar. Eksempel er meslingar, koppar, influensa og kusma. Smittestoffet er mindre enn bakteriar. Det vart kalla virus (som eigentleg betyr slim, gift) av hollendaren Martinus Willem Beijerinck (1851-1931) i 1898, men vart først synleggjort då elektronmikroskopet blei utvikla i 1932. (8)

Pest

Pestepidemiar veit ein om langt tilbake i historia. Det var pest i Aten og Roma. Mest kjent er den i Aten 430 år før vår tid, for rundt 2500 år sidan. Men det var neppe pest, i tidlegare tider var gjerne pest brukt om forskjellige sjukdommar. Men kva sjukdom det eigentleg var er enno uklart. Kjennskapen vår til denne epidemien under den peloponnesiske krigen mellom Aten og Sparta kjem frå historieverket til Thukydid. (9) Men nokon ekte pandemi var det ikkje.

Den justinianske pesten er derimot no ofte rekna som «den første pestpandemien». Pest skuldast bakterien Yersinia pestis (10). Justinian var romersk keisar i Konstantinopel (Istanbul) som var den største byen i verda i si tid. Pesten kom truleg frå Egypt der det var utbrot i 541 etter vår tid. Kanskje kom den frå Etiopia, men nokre forskarar meiner at den kom via handelsruter frå det sentrale Asia. Pesten herja i meir lokale bølgjer heilt til 750 i Middelhavsområdet, og kan ha teke livet av ein tredjedel av innbyggjarane i det bysantinske riket som dermed vart svekka av epidemien. (11) Kanskje var den medverkande til islam sine landevinningar i det som no er Midt-Austen og i Nord-Afrika. Men dei lærde stridest. (12)

Eit interessant spørsmål er kor langt nord i Europa denne pesten nådde. Den førte til nedgang i folketalet i Sør-Tyskland, Frankrike og på dei britiske øyane. Men det finst ingen skriftlege kjelder til at den kom til Skandinavia eller Noreg. Mange arkeologar har likevel eit langt stykke på veg tolka funnfattigdom og fråflytta gardar i Sør-Noreg 550-650 som ei rett nok usikker følgje av pesten. Nærmast etter modell av svartedauden langt seinare (13). Nyare undersøkjingar har ført til at ein ikkje lenger reknar med ei brå nedgangstid på denne tida. Kriseteorien har rakna, som Bjørn Myhre skriv i Norsk landbrukshistorie. (14)

Denne pandemien nådde altså ikkje våre strender. Men det gjorde til gagns den andre pestpandemien: Svartedauden som me no kallar den, Den store mannedauden skal dei ha sagt i samtida. Dei fleste forskarar meiner det var pestbakterien Yersinia pestis som var årsaka. Men elles, skriv Frøland, «er det stadig mye som er uklart; det gjelder blant annet smittemekanismene og spredningen av epidemien.» (15). Pesten følgde handelsvegane og ramma Europa og store delar av Asia i åra 1346-1353. Den kom frå Krimhalvøya vidare vestover til Italia og spreidde seg så vest- og nordover. Sjukdommen blei spreidd til menneske ved loppebit frå loppeartar med ville gnagarar (rotter) som vertsdyr. 

Magne Njåstad skriv i første bandet av Stord frå steinalder til oljealder, at me ikkje veit «noko konkret om pesten på Stord, men det er grunn til å tru at ein her ikkje vart råka mindre hardt enn andre stader på Vestlandet. Sjukdomen braut ut i Bergen i august 1349 og kan ha kome til Stord berre veker seinare.» (16)

Følgjene av pesten var mange dødsfall både då og i følgjande pestbølgjer. Og i andre omgang skjedde ei samandraging av busetnaden. Ei skatteliste frå 1519 viser at berre dei store gardane langs sjøen saman med Vatna og Øvra Økland då var i drift. I alt 27 gardar med i alt 35 bruk. Det var ei halvering i høve til i høgmellomalderen 200 år før. Dei nedlagde gardane vart brukte som beite. Ein fordel for dei som overlevde var også at jordleigarane, som var dei fleste, fekk rimelegare jordleige. Folketalet, utrekna frå gardstalet, vart halvert frå truleg rundt 400 til rundt 200 i 1519. Først tidleg på 1600-talet, meir enn 250 år etter svartedauden, budde det like mange her. Den økonomiske krisa varte lenge den gongen samanlikna med det som Statistisk sentralbyrå no ser for seg!

Landet var plaga med pest, i stadig nye bølgjer, i alt eit tjuetals, heilt til den siste pestepidemien i Oslofjordområdet i 1654. Absalon Pedersson Beyer skreiv såleis om byllepest i Bergen i 1565-1566. Eit gjengs uttrykk som «ei pest og ei plage» kom vel i etterkant av pestepidemiane. (17) 

Den tredje pestpandemien kom ikkje til Noreg. Den starta truleg alt i 1770-åra i Kina, men det var først rett før 1900 den spreidde seg til andre verdsdelar. Ein klarte å avgrensa sjukdommen med aktive karantenetiltak. (18) 

Karantene

Karantene som eigentleg betyr førti dagar, er å begrensa kontakten mellom personar som kan tenkjast å vera smitta, og andre. Eit mykje brukt tiltak i dag. (19) Det var etter svartedauden at det offentlege ute i Europa prøvde å hindra pestspreiinga ved karantene for skip med smitte. Slike skip måtte heisa gult internasjonalt skipsflagg. Karantenestasjonane hadde gjerne eit lasarett. Slik også på den felles dansk-norske karantenestasjonen på Odderøya utanfor Kristiansand frå 1804. Den var i drift til i 1914. Næraste karantenestasjonar her vest var i Bergen og Stavanger. Men i 1711, under Den store nordiske krigen var det også karantenestad ved tollstasjonen i Eldøy med vakthald mot smittsame sjukdommar. (20)

I 1625 kom det ein offentleg forordning om «hvorledes der skal forholdes under pest, blodsot og saadanne smitsomme sygers tid». (21) Og under den store nordiske krigen då pest truga, vart det i 1710 utferda forbod mot handel med svenskar i grensebygdene. Det heitte at svenskar som trass åtvaringar snik seg inn i landet, «skulle nedskydes og nedgraves uden at berøres med Hænderne». Og dersom ein nordmann drog inn i Sverige og kom tilbake, skulle han mista livet. «Hans Quinde, Børn og Tjenestefolk skal i samme hans Gaard og dens Huse indesluttes, Vinduer og Døre tilnagles og med Vagt besættes, og Ingen derfra under Livsstraf være tilladt at undkomme.» Det var må, ein seia noko meir drastiske tiltak, i alle fall på papiret, enn dagens grensereglar! (22) 

Koppar

Koppar er ein akutt infeksjonssjukdom som skuldast eit virus som berre gir sjukdom hos menneske. Sjukdommen er rekna som pesten sin arvtakar i Europa. Sannsynleg opphavsområde meiner mange er Sørvest-Asia – Egypt eller Mesopotamia, eller India. Alt i vikingtida var koppar komen til Noreg, og med ujamne mellomrom braut det ut koppeepidemiar. (23) I 1779 skreiv soknepresten i Stord prestegjeld (omfatta også Fitjar og Valestrand) at 51 var «henrykkede (døde) av børnekopper». (24)

Koppane var den første pandemien som det kunne vaksinerast mot. I 1771, for 250 år sidan, inokulerte futefrua på Halsnøy kloster dei tre borna til Anna og Andreas Juel. (25) Inokulasjonen var den første forma for vaksinasjon. Det skjedde ved å leggja ein tråd gjennomtrekt av koppesmitte frå ein annan person i eit risp i huda. Det førte til ei mildare form av sjukdommen med immunitet. Metoden kom til Europa frå Kina/India via Tyrkia. Med få legar spelte prestane sentrale roller i å ta i bruk denne tidlege forma for vaksinasjon. Første distriktslegen kom til Sunnhordland i 1832 og til Stord i 1853.

Ein av desse prestane var sokneprest Eric Olsen i Stord prestegjeld. Han var å rekna som ein halvstudert lege. I eit skrift frå 1798 skreiv han om inokulasjonen som han sjølv hadde praktisert både i Sunnhordland og Hardanger. Metoden var elles omdiskutert og risikabel med ein dødsprosent på to.

Den engelske legen Edward Jenner gjennomførte i 1796 ein vellukka vaksinasjon mot koppar ved hjelp av puss frå kukoppar, ein ufarleg sjukdom for menneske. Det blir fortalt at han fekk ideen frå pene budeier i England som ikkje var kopparra på grunn av naturleg smitte frå kyr. Han skapte også ordet vaksine («vaccinæ») frå det latinske ordet for ku: «vacca». Han kunne også bevisa at dei vaksinerte vart immune. Han vart først møtt med mistru og kritikk. Men metoden vart snart teken i bruk.

I Danmark-Noreg vart det i 1801 sett ned ein offentleg kommisjon som organiserte og sette i verk vaksinasjonen i dei to rika. I Noreg var den første vaksinasjonen i desember 1801 med vaksinemateriale frå Danmark. Men det var først ved kongeleg forordning av 3. april 1810 om koppevaksinasjon i Danmark og Noreg at det kom fart i vaksinasjonen. Samtidig vart inokulasjonen på det strengaste forboden. Vaksinasjonen var på papiret frivillig. Men prestane skulle sørgja for at konfirmantane var vaksinerte og brurepar måtte leggja fram vaksinasjonsattestar. Dermed var det i praksis likevel obligatorisk å vaksinera seg. Vaksinasjonen vart registrert i kyrkjebøkene. Og det vart utferda vaksinasjonsattestar, ein «Koekoppe-Indpodnings-Attest».

Den mest kjende hjelpevaksinatøren i Stord prestegjeld var Ole Georg Olsen (1780-1868) på Einstadbøvoll i Valestrand; son til sokneprest Olsen. Ein stordabu kunne seinare fortelja at «da va inkje ein einaste man eg va så levande ræd for som gamle Olsen. Mor brukte å skræma os når me va uskikkelige; ‘eg ska senda bo itte Olsen så kjæme han å stikke dåko i armen. Å når ungane såg han komma i ein sie frakke (pjekkert) å ein store hat, tok me te skogs.»

Forordninga av 1810 var gjeldande heilt til Lov om vaksinasjon vart vedteken i 1954 med heimel for helsedirektøren å påby vaksinasjon. Det var påbod om vaksinering for sjømenn i utanriksfart og for militært og medisinsk personell. Obligatorisk koppevaksinasjon av born varde til 1976; fire år før Verdas helseorganisasjon erklærte sjukdommen for utrydda.

Kolera

Kolera er ein akutt, smittsam og svært vondarta tarminfeksjon framkalla av bakterien Vibrio cholerae. Den vart først påvist av Robert Koch i 1883. Alle dei store fleirårige koleraepidemiane meiner ein spreidde seg frå India. (26) I alt reknar ein med heile sju ulike kolerapandemiar. Den første som starta i 1817 nådde ikkje Europa, men den andre frå 1827 kom til Vest-Europa og til Noreg i 1832-1833 med 1600 dødsfall. Epidemien herja særleg i byane langs Oslofjorden og så langt vest som til Farsund.

Til Vestlandet kom koleraen først med den tredje pandemien. Den 10. desember 1848 døydde ei vektarkone i Bergen av kolera. Bergen vart hardt råka med 619 dødsfall. Smitten spreidde seg til fiskedistrikta på Vestlandet utover våren 1849 med 610 døde, av desse 171 i Sunnhordland. Verst var det i soknene Fitjar, Bremnes og Sveio. I Stord døydde 11 som alle vart gravlagde på den særskilde koleragravplassen på Tyneset i Hystadmarkjo. Kolerakyrkjegardane i Sunnhordland er registrerte av Tore Lande Moe i Sunnhordland årbok 1982, der det også finst andre artiklar om epidemien. (27)

Dei første epidemiane her til lands førte til relativt omfattande tiltak frå styresmaktene si side. 

Det vart oppretta ein sentral karantenekommisjon i 1831 og lokalt kom det påbod om sunnheitskommisjonar. Arbeidet i desse heller stuttvarige kommisjonane var av førebyggjande art. Først og fremst var det å sørgja for at det fanst lager av likkister og å skaffa passande gravplassar.

I 1849 var det i gamle Hordaland (utanom Bergen) fire legar. Det vart sendt 15 yngre legar og medisinarstudentar til fylket. Det vart oppretta eit mindre lasarett i Torsdagsøyo i Fitjar og eitt litt større i Espevær i Bømlo. Det siste vart opna i leigde lokale som bestod av to større stover med senger langs veggane og fleire mindre rom med plass til 40-50 sjuke. Behandlinga var lite tilfredstillande vart det konstatert alt av samtidige legar. Av dei 42 som var innlagde var det berre 12 som kom seg att.

Den verste norske epidemien var i 1853 i Christiania og omland med 2500 dødsfall. Siste epidemien her i landet ramma også der i 1873; det var del av den fjerde pandemien. Men elles i verda kom ein femte epidemi frå 1881, den sjette frå 1899 og ein sjuande frå 1961. Heilt fram til vår tid har det vore lokale utbrot slik som på Haiti i 2010. Samla er det tale om rundt 100 000 dødsfall årleg. «Dette er helt uakseptable dødstall», skriv Frøland. Ein kolerapasient kan reddast med enkle midlar: ved væsketilførsel og antibiotika. Oral koleravaksine har vore tilgjengeleg i Noreg frå 1992. Den avløyste ein mykje dårlegare vaksine med mykje meir biverknader. (28) 

Me seier ofte at valet står mellom pest og kolera. Då bør ein velja kolera som er eit hakk betre enn pesten. Frå litteraturen kan nemnast at Henrik Wergeland alt i 1835 skreiv eit no ukjent drama med tittelen Den indiske Cholera. (29) Elles er Kjærlighet i koleraens tid av nobelprisvinnaren Gabriel García Márquez og Pesten av Albert Camus velkjende bøker.

Spanskesykja 1918-1920

Stig Frøland kallar spanskesykja «alle pandemiers mor». (30) Ein pandemi som «trolig aldri har vært overgått når det gjelder antall døde i løpet av ganske få måneder», skriv han. Det var ein influensaepidemi. Influensa er ein relativt ny(!) infeksjon i menneskets historie, først sikkert påvist i 1510. Ordet kjem truleg frå det italienske uttrykket influenza di freddo – kuldepåverknad. Det var fleire pandemiar og store epidemiar før spanskesykja. Viruset skal ha kome frå aust, frå Kina. Den siste før spanskesykja vart kalla russersykja. Samla skal den epidemien ha teke livet av meir enn ein million menneske i heile verda, dei fleste av dei eldre. På 1800-talet tok influensa langt fleire liv enn den frykta koleraen. (31)

Spanskesykja hadde si årsak i viruset H1N1. Men det er uklart korleis smitten nådde mennesket og kvar den oppstå. Det einaste som er sikkert er at den ikkje kom frå Spania! Landet var ikkje med i verdskrigen og sensurerte difor ikkje opplysningar om den nye epidemien slik som dei krigførande nasjonane. Hovudteorien er no at den kom frå ein amerikansk militærleir i Kansas, og så spreidde seg til Europa.

Pandemien tok livet av 50 til 100 millionar, nokså usikre tal altså, av desse 15 000 i Noreg. I Stord kommune døydde 22, mange på grunn av at influensaen for mange gjekk over i lungebetennelse (lungebrann). Folketalet var då nær 4000. Både for landet og Stord var dødsprosenten rundt 0,6. (32) Sjukdomen kom i tre bølgjer: sommaren og hausten 1918 og våren 1919. Hardast råka var Sagvåg og Litlabø med 12 av dei 22 dødsfalla. Det var helst yngre folk, 20-40 år gamle, som vart smitta. Dei eldre kan ha vore immune, kanskje etter den førre epidemien rundt 1890.

Distriktslege Backer i Stord og Fitjar gav råd om smittevern i bladet Sunnhordland: ikkje reis med dampskip, gå ikkje inn i hus der det er sjukdom og hald færrast mogleg offentlege samkomer. Hausten 1918 var mange av skulane stengde: Leirvik og Sagvåg, lærarskulen og middelskulen. Det fanst ikkje effektive legemiddel. Det mest kjende «medikamentet» var faktisk brennevin både som førebygging og som medisin. Trass det då gjeldande brennevinsforbodet bestemte regjeringa at det skulle delast ut ei halv flaske whisky eller konjakk til kvar husstand som medisin! (33) 

Den som vil vita meir om spanskesykja her i distriktet kan eg visa til ein uvanleg grundig artikkel av Alf Mathisen i sogelaget sitt årsskrift frå 2008.

Seinare influensaepidemiar: Asiasykja og andre

Influensa kjem som kjent tilbake kvart år i vinterhalvåret og alle over 65 kan bli vaksinerte. Vanlegvis endrar influensaen seg lite, men når ein større del av genane vert skifta ut, kan det føra til pandemiar. (34) Eit nytt influensavirus H2N2 slo til i 1957-1958 i den pandemien som vart kalla Asiasykja. Dødelegheita var no 0,2 % og førte til frå ein til fire millionar dødsfall på verdsbasis. Det er estimert at i Noreg døydde 1126. I 1969 kom den såkalla Mao-sykja eller Hong Kong-sykja hit til landet. (35). Også svineinfluensa i 2009 var basert på genetisk skifte ved at fugleinfluensa kryssa artsbarrieren. (36) Men ingen av dei var noko ny spanskesykje.

Korona

Koronaen er det skrive og snakka utruleg mykje om det siste halvanna året. Det kan likevel vera nyttig med ein litt kortfatta gjennomgang. 

Koronavirus er ein stor familie av virus som kan smitta både menneske og dyr. Viruset er et RNA-virus, det vil seia at det har RNA som arvestoff, og ikkje DNA. (37)

I sjeldne tilfelle har dyrekoronavirus mutert til også å kunna smitta frå dyr til menneske. Ein trur at det er dette som har skjedd med viruset sars-COV-2 som gir sjukdomen covid-19, ein luftvegsinfeksjon. Ein går også ut frå at dette viruset har sitt opphav i millionbyen Wuhan i Kina i desember 2019. Korleis det er oppstått er framleis uklart.

Epidemien spreidde seg på grunn av mykje betre kommunikasjonar, langt raskare enn under spanskesykja hundre år tidlegare. Verdas helseorganisasjon (WHO) erklærte krisetilstand i januar 2020 og pandemi 11. mars same år. Dagen etter innførte den norske regjeringa «de mest inngripende tiltak Norge har hatt i freds-tid» etter at sjukdomen var påvist i Noreg i slutten av februar. (38) 

Til no har 3,8 million menneske døydd av sjukdomen, av desse nær 800 i Noreg.

Beste botemiddelet har vore å skjerma seg mot smitte. Styresmaktene sine tiltak har omfatta meir eller mindre strenge smitteverntiltak med nedstenging av store delar av samfunnet. Og ei gradvis gjenopning når smittetrykket har vorte mindre. (39)

Viktigast har vore å få vaksinert store delar av befolkninga. Det er produsert og godkjent vaksinar på uvanleg stutt tid. Begge dei to vanlegaste vaksinane i Noreg, Comirnaty (BioNTech/Pfizer) og COVID-19 Vaccine Moderna, er mRNA-vaksinar basert på ny teknologi. Vaksinen verkar gjennom genetisk kode ved at den instruerer kroppen til å laga små, nøye utvalde deler av viruset. Deretter utviklar kroppen antistoff mot viruset. mRNA står for «messenger ribonucleic acids» som kan seiast å vera ein «arbeidskopi» av DNA-et vårt. (40)

Smittevern er under pandemien blitt teken mykje meir på alvor. Det har ført til langt færre (18 %) døde av både lungebetennelse, influensa og kols, men også av demens. Folkehelseinstituttet meiner at den mest sannsynlege årsaka er, at folk har følgt råd om sosial distansering, handvask og bruk av munnbind. (41) 

Konsekvensane av pandemien har vore store både helsemessig, sosialt og økonomisk. Det er avslørt at den medisinske beredskapen har vore for dårleg. Ein har stolt på at den frie flyten av folk og varer var hoggen i stein. At globalisering var eit vilkårslaust gode. Det er også kome meir opp i dagen at me er avhengig av importert, billig arbeidskraft som kan reisa heimatt når jobben er gjort. Slike tilhøve bør få politiske konsekvensar. Og «den nye normalen» som det er snakk om, vil mest truleg verta ein god del endra i forhold til korleis me levde før koronaen. Men dette ligg i framtida.

Oppsummering

Me står ikkje lenger heilt makteslause når pandemiane kjem. Kunnskapsnivået både hos legar og lekfolk er så mykje høgare enn før. I den eldste tida rekna ein med at det var vonde og straffande gudar som slo til. Og at både sjukdom og død ikkje var til å unngå. Døden var ein velkjend gjest. På Strilelandet sa ein gjerne at «e da dauden, so e da dauden». Ingen vits å kosta pengar på å gå til dokter, dersom dei i det heile fanst.

Etter kvart forstod fleire og fleire at sjukdommar kunne smitta. Både lek og lærd. Mange av dei lærde var forresten lenge i tvil om dette. Isolasjon og karantene vart innført. Så kom det koppevaksine seint på 1700-talet. Helsestellet vart utbygd med fleire legar, sjukehus og folkeleg deltaking i helseråd frå 1860. I tillegg kom førebyggjande tiltak slik som betre bustader og ernæring, større reinsemd og reinare drikkevatn.

Den bakteriologiske revolusjonen med meir kunnskap og fleire vaksinar kom i gang på slutten av 1800-talet. Antibiotika, først og fremst penicillin, vart teken i bruk i større mengder etter andre verdskrig. Då fall talet på dødsfall av infeksjonssjukdomar drastisk. Men etter kvart har antibiotikautviklinga stoppa opp samtidig som ein slit med aukande antibiotikaresistens. (42)

Framtida syntest lys, meinte dei fleste. Men så enkelt var det ikkje. I 2001 skreiv medisinaren Claus Ola Solberg artikkelen «Mikroorganismene slår tilbake – infeksjonssykdommene i de siste 50 år» i Tidsskriftet for Den norske Lægeforening. (43) Han konstaterte at «Bedre levekår, forebyggende tiltak, vaksiner og antibiotika førte til en betydelig reduksjon av forekomsten og dødeligheten av infeksjonssykdommer i første halvdel av det 20. århundre, og infeksjonssykdommene ble spådd en rask tilbakegang, nærmest utryddelse.» Likevel var det slik at i 1999 var framleis desse sjukdommane årsak til nærmare ein tredjedel av alle dødsfall.

Det er særleg utviklingslanda som i dag er ramma av infeksjonssjukdommar, først og fremst av malaria, tuberkulose og HIV/AIDS. Og i tillegg kjem ei rekkje neglisjerte tropesjukdommar som det har vore forska lite på, og som legemiddelindustrien «med sin usentimentale forretningsmodell» heller ikkje har prioritert sidan ein ikkje reknar med vesentleg inntening i fattige land. (44) Det er rik ein bør vera, då vert ein vaksinert!

Stig Frøland kallar forholdet mellom mennesket og mikrobane for ein duell utan ende (45).

Det vil koma nye epidemar og nye pandemiar. Når og korleis kan vera vanskeleg å vita. Men me må førebu oss betre enn før – og trass alt vera optimistar. Kanskje ikkje alt, men mykje vil bli bra.

Notar

1 Braut, Geir Sverre: pandemi i Store medisinske leksikon på snl.no. Henta 16. juni 2021 frå https://sml.snl.no/pandemi. Sjå også Stig S. Frøland: Kampen mellom mennesket og mikrobene (2020) kap. IV.

2 https://sml.snl.no/epi- https://sml.snl.no/epidemi

3 https://sml.snl.no/epidemi

4 https://sml.snl.no/endemisk

4 https://sml.snl.no/endemisk

5 Frøland (2020): 43-44, 49-51, https://sml.snl.no/mikroorganisme 

6 Frøland 2020: 43-44.

7 Frøland 2020: 117, https://snl.no/bakterier https://snl.no/Louis_Pasteur https://snl.no/Robert_Koch

8 Frøland 2020: 44, https://sml.snl.no/virus https://snl.no/Martinus_Willem_Beijerinck

9 Frøland 2020: 332-337, https://snl.no/Thukydid ).

10 Frøland 2020: 126-132.

11 https://snl.no/Justinian_1

12 https://no.wikipedia.org/wiki/Den_justinianske_pesten

13 Bente Magnus/Bjørn Myhre: Norges historie I (1976): 404-405.

14 Bjørn Myhre: Norges landbrukshistorie (2002): 172-173.

15 Frøland 2020: 132.

16 https://snl.no/svartedauden. Magne Njåstad: Stord frå steinalder til oljealder I (2005): 136-144. 

17 Frøland 2020: 147. https://www.apollon.uio.no/artikler/2006/pester-norge..html

18 Frøland 2020: 150.

19 https://snl.no/karantene_-_smitte https://no.wikipedia.org/wiki/Karantene

20 https://stavangerbyarkiv.no/2021/03/12/karantenekommisjonen-og-bekjempelsen-av-epidemier/.

Eldøy, sjå Stiftamtmannens kopibok a nr. 6 (1988): 38, 60, jfr. 25-26.

21 I. Reichborn-Kjennerud, Fr. Grøn, I. Kobro: Medisinens historie i Norge (1936) : 202.

22 I. Reichborn-Kjennerud, Fr. Grøn, I. Kobro 1936:205

23 Frøland 2020: 162, 164, 167, 176.

24 Olav Østrem: Stord frå steinalder til oljealder II (2005): 15.

25 Egil Nysæter: 250 år sidan den første vaksineringa i Sunnhordland. I: Sunnhordland 03.03.2021. Også i:  http://www.stordsogelag.no/faste-avispalter-2021/

26 Frøland 2020: 191.

27 Sunnhordland årbok 1982. Det følgjande er basert på Egil Nysæter: Koleraepidemien i Sunnhordland våren 1849 (same årbok).

28 Frøland 2020: 197, 200, 206. https://www.fhi.no/nettpub/vaksinasjonsveilederen-for-helsepersonell/vaksiner-mot-de-enkelte-sykdommene/koleravaksinasjon—veileder-for-he/

29 Henrik Wergeland: Den indiske Cholera: https://www.nb.no/items/41dabe1e53dcd68b42ce6dce890ead08 

30 Frøland 2020: 314-323.

31 Frøland 2020: 313-314.

32 Alf Mathisen: Litt om spanskesjuka 1918-1919 i Stord og nabodistrikta – eit 90-års minne, i: Stord sogelag. Årsskrift 2008. https://sml.snl.no/spanskesyken https://tidsskriftet.no/2001/12/medisinsk-historie/spanskesyken-i-norge-1918-19 Aina Schiøtz: Vi har klart det før, vi skal klare det igjen. Store pandemier har visse fellestrekk. I: Bergens Tidende 14.04.2020.

33 Mathisen: 91.

34 https://sml.snl.no/influensa

35 https://sml.snl.no/asiasyken https://lokalhistoriewiki.no/wiki/Hong_Kong-syken. Sunnhordland 1968-12-18, 1969-03-10. https://tidsskriftet.no/2000/02/aktuelt-problem/sykelighet-og-dodelighet-ved-pandemisk-influensa-i-norge

36 https://sml.snl.no/influensa

37 https://sml.snl.no/koronavirus

38 https://sml.snl.no/koronavirus https://sml.snl.no/epidemi Koronakommisjonen: 30.

Myndihetenes håndtering av koronaepidemien. Rapport fra Koronakommisjonen. NOU 2021: 6. https://www.regjeringen.no/contentassets/5d388acc92064389b2a4e1a449c5865e/no/pdfs/nou202120210006000dddpdfs.pdf

39 Koronaveileder: https://www.helsedirektoratet.no/tema/beredskap-og-krisehandtering/koronavirus

40 https://www.sintef.no/siste-nytt/2020/slik-virker-den-nye-koronavaksinen/. 

Tidslinje for vaksinar i: https://no.wikipedia.org/wiki/Vaksine 

https://no.wikipedia.org/wiki/Covid-19-vaksiner

https://no.wikipedia.org/wiki/RNA-basert_vaksine

https://no.wikipedia.org/wiki/DNA-basert_vaksine

41 https://www.fhi.no/nyheter/2021/farre-lungedodsfall-i-pandemiaret-2020/ 

https://www.fhi.no/hn/helseregistre-og-registre/dodsarsaksregisteret/tall-fra-dodsarsaksregisteret-for-2020/

42 https://sml.snl.no/penicillin https://sml.snl.no/antibiotika

43 https://tidsskriftet.no/2001/12/aktuelt-problem/mikroorganismene-slar-tilbake-infeksjonssykdommene-i-de-siste-50-ar 

44 Frøland 2020: 471.

45 Frøland 2020: 519-523.