Stord sogelag

Meny

Museumsmøte 2015

Referat frå museumsmøtet

Tysdag 5. mai 2015 arrangerte Stord sogelag saman med Sunnhordland museum det årlege samarbeidsmøtet. Denne gongen samarbeidde me med Venelaget for Stord maritime museet.

Me fekk plass til om lag 70 deltakarar på møtet, men då var museumslokalet på Nattrutekaien fullt, og ein del måtte diverre snu i døra.

Temaet for møtet var KRIGEN PÅ VESTLANDSKYSTEN, og med dette temaet ynskte me å markera 70-årsdagen for frigjeringa 8.mai 1945.

Historikar May Britt Wiel Haugland museumspedagog i Museum Vest ved Nordsjøfartmuseet i Telavåg, heldt først eit foredrag om nordsjøfarten. Under krigen flykta om lag 6000 menneske frå ulike stader langs norskekysten, over Nordsjøen, til Storbritannia. 3300 av desse flykta på sivile fartøy, oftast fiskeskøyter.

På den andre sida av Nordsjøen tenkte britane at ein del av flyktningane og båtane deira kunne brukast til å senda våpen, utstyr og agentar tilbake til den norske motstandsrørsla.  Dette var utgangspunktet for ein tovegs trafikk over Nordsjøen, Nordsjøfarten. Seinare i krigen var det det den norske marinen og dei såkalla shetlandsbussane som overtok denne farlege transporten.

Etter matøkta kåserte konservator Tore Lande Moe om den siste krigsvinteren på Stord. Som vanleg engasjerte dette temaet tilhøyrarane som her kunne bidra med eigne erfaringar.

Som eit ekstrainnslag i programmet deltok Stord kommune ved ordførar Liv Kari Eskeland. Ho delte ut minnemedaljar til fire stordabuar for deira innsats på ulike felt under krigen: Arvid Olsen, Werner E. Hagerup, Bjarne Bjelland og Henrik O. Mongstad.

Det passte godt at museumsskipet og krigsminnesmerket over krigsseglarane Hestmanden låg til kai rett utanfor museumsdøra denne kvelden. Skipet kom uskadd gjennom både første og andre verdskrigen, og er det einaste skipet som er att frå Nortraship-flåten. Mange som hadde vore på museumsmøtet, fekk seg etterpå ei særs interessant omvisning om bord i dette verna fartøyet.

NTØ