Stord sogelag

Meny

Onarheimsgildet

Nils Kåre Myklebust

Onarheim – Tingstad, gilde og gudshus

Tingstad og gilde

 I mai 1165 ”sat Erling Skakke i Bergen”. Og han kunngjer at han vil reisa til Gangedagstinget på Onarheim. Denne reisa vart visstnok ikkje noko av, men det vitnar om tingstaden på Onarheim.

Gangedagane var dei tre dagane før Kristi Himmelfartsdag, feira som bøne-dagar.

På Onarheim var det altså i tidleg kristen tid fast årleg ting desse dagane.

Onarheim var truleg den opphavlege staden for det gamle Gula-tinget. Flytta til Gulen (midt på 900-talet) av Håkon den gode, kanskje på grunn av at Onarheim var for tett knytt til gammal,heiden kultus.

Men frametter i kristen mellomalder var det såkalla Olavs-gildet religiøst, sosialt og kulturelt midtpunkt på Vestlandet. Det er ikkje funnen fleire enn 3 av dei vedtektene (kalla ei skrå, fleirtal skrær) som må har vore laga for dei mange gilder som gjennom hundreåra har funnest i Noreg. Det nyaste skråa (frå 1394) er knytt til Onarheimsgildet. Det er også mykje truleg at skråa frå år 1300 må knytast til same gildet. I 1344 vart seglet til Onarheimsgildet – i dag Hordaland sitt fylkes-våpen – festa ytterst til høgre på hyllingsbrevet til Håkon VI Magnusson som segl for bønder og allmue i Sunnhordland.

Og den freda ”Vossabakkjen” fortel om den sterke tilknytninga vessene (i alle fall storfolket der) hadde til Onarheimskyrkja.Sokneprest Christie til Tysnes skriv 1743 i ei embets-melding: «Som Rygtet endnu gaar haver Vosserne, som lever 11 Norske Mile derfra, sognet til samme (Onarheim) Kircke, og er der endnu een Stæd paa Kircke Gaarden kaldis Vosse Bolcken, hvor Mand holder for de have hafft deris Begravelser

Etter gammal tradisjon skal vessene om vintrane ha ført dei døde til ”Likhidleren” ved Granvin, Onarheim – Tingstad, og sidan ut fjorden til Onarheim. Mellom kyrkja og sjøen stod Prestastovo. Funksjonen er noko uklar, men kanskje budde

Onarheim-presten Sira Erlend her. Han er sentral under den såkalla Skorpetretto i 1327/28 der Onarheimskyrkja og abbed Arnald på Halsnøy kloster kranglar om Indreteigen på Skorpo. Og tysdag etter påskeveka i 1333 møttest lagrettemennene Thore Thorkjellson på Onarheim, Vermund i Ve og Bård på Dalande med innkalla vitner i Prestatovo for å avgjera ei eigedomssak på Rogne på Voss. Truleg var såleis Prestastovo meir enn ei vanleg prestastova – heller ei tingstove for Sunnhordland og vidare med.

Prestastovo vart verande som tingstove etter svartedauden òg, ser det ut til. Såleis er brev vedgåande gardsal i Hardanger oppsett på Onarheim i 1410. I 1544 får ein høyra frå Bergen at alle gilde skulle avskaffast, og at gilde-stovene med innbu

skulle seljast og pengane brukast til gagnlege føremål – som fattighjelp eller å setja domkyrkja i Bergen i stand. Gilde-stova har slik truleg vorte flytta frå Onarheim i åra etter 1550. I magister Edvard Edvardsens ”Bergens beskrivelse” heiter det nettopp at biskop Geble Pedersen let føra ei gilde-stova til Bergen, ei borgstova, og fekk ho oppsett på Domkyrkjegarden som bustad for rektoren på latinskulen, og avdelt i synderlige lossementer og herberger.

Av dei gilde-stovene som har funnest i nærleiken til Bergen, var vel gilde-stova på Onarheim den største, og nemninga borgstova fører tanken til Borstovetufto på oppsida av Vossabakkjen. Etter segna skal det ha vore mykje drikking i denne borstovo. Historikaren Anton Espeland – oppvaksen på Onarheim – nemner at ein gammal mann kunne fortelja om ein fint uthoggen stein dei hadde funne i tufta, og som skulle ha vore ein del av skorsteinen.

Ein annan eldre mann hadde fortalt at det ovan- og nedanom kyrkja hadde stått mange hus, og at desse skulle ha vorte rivne i hans barndom. Det vert også fortalt ei segn om at dei i si tid hadde drive og skvetta vigslevatn på veggene i eit av desse husa.

Kor gilde-stovene stod har me berre Anton Espeland å støtta oss til. Han fortel i eit brev i 1949: «… Når ein går ut av ledet i kyrkjegarden på øvre sida og nedover mot elva, kjem ein til tuftene der gildeskålen stod. Då eg var barn, gjekk eg ofte den vegen og såg tuftene. No er vel tufti umpløygd, so det er vandt å finna ho.–«

Den gamle kyrkja som stod her, skal ha vore blant dei største i Sunnhordland – visstnok ganske lik Kinsarvik-kyrkja. Bygningssteinen – kleberstein – skal ha vorte broten på Baldersheim i Strandvik. Mykje av denne steinen finnest enno på Onarheim, – i grunnmuren under nye-kyrkja,i kyrkjegardsmuren og elles kringo i hus-murar i bygda. Kyrkja stod som vanleg aust-vest, truleg med koret mot aust. Den stod om lag akkurat der ein no sit – altså litt i framkant av den som no står, og med koret ned mot vegen. Den skal ha vore 52 alner lang og 21 alner brei – altså nær 34 meter lang og 13 meter brei.

Ved reformasjonen gjekk det ut med det katolskprega Olavsgildet, og det vart ikkje midlar til vedlikehald av kyrkja som etter kvart kom til nedfalls. Ikkje hadde Onarheims-sokna åleine heller bruk for ei så stor kyrkje. Det var heller ikkje meir enn 70 decimantes (tiende-ytarar) i heile soknet. Og dertil var kyrkja dryg å tak-tekkja. Det som gildebrør og mektige ætte-samfunn hadde makta, dette å verna om gilde-kyrkja og gildeskålane, det greidde ikkje det skatte-tyngde folket i dei tider Onarheim – Tingstad, gilde og kyrkje etter reformasjonen. Litt lappverk vart gjort i slutten av 1600-talet.

Då vart kistene til Mowatt-ane under kyrkjegolvet flytta til grav-krypta i Rosendal-kyrkja. På 1720-talet vart det sett i gong ein større reparasjon, men i 1820 vart ho ombygd og delvis nedriven. Etter den tid, og fram til nye-kyrkja kom i 1893, låg dei gamle steinmurane rundt ei lita steinkyrkje på 9 x 5 meter utan tårn. Kyrkjeveggene var kvitkalka både innvendes og utvendes. På sør- og nordsida var det to like glas, grøne nedantil, fleirfarga lenger oppe. Sakristi fanst ikkje.

 I seinare tid.

Kyrkja var eit naturleg samlingspunkt. Presten kom til gards dagen før messa, kvar tredje sundag. Prestaskyss frå prestagarden – vengebåt rodd av 6 mann og styrmann. Frå gammalt av tok presten inn i Prestastovo mellom kyrkja og sjøen. Sidan tok presten nattelosji hjå Krissensfolket på Alsaker eller hjå Jensa-Todleiven på Onarheim. Frå preikestolen kunngjorde presten kven skysskarane skulle vera neste gong. Kyrkjefolket nordanfrå lenda i Kyrkjevikjo. Her kunne liggja 20-25 båtar messesundagane. Dei frå sør lende i Felsvikjo og gjekk vidare.

I Gamlastovo til Ole Knudsen bytte dei til kyrkjeklær. Det same gjorde dei sørfrå i naustet i Felsvikjo. Dei som ville gå til alters, måtte tidleg på’an, for det måtte meldast til klokkaren seinast sundags morgon. Det vart så betalt 4 skilling (14 øre) i alterpengar. Alterbrødet var lauvtunne kjeks – vinen fekk alle av samme staupet, men presten snudde litt på det etter kvart.

Den nye kyrkja – 1893.

«… Tollef Jensen Onarheim, Mads Jensen Flornes, foged Wettergren og Ole Knudsen vart valde som byggjekomité for den nye kyrkja. Kyrkjetomta måtte utvidast, og Ole Knudsen, som var grunneigar, tilbaud 889 rutealner for berre kr 100, og det godtok soknestyret samrøystes.

Ole Knudsen har som «formand i Kirkekomitèen» laga ei teikning (skisse) over området der gamlekyrkja stod og sendt til prost Wollert Meyer 25. mars 1891. Dette vart sendt vidare til Stiftsdireksjonen frå Meyer 27. mars same år. Det er truleg hamna hos kyrkjedepartementet i april 1891.

Denne skissa var vedlagt i ein rull og ligg truleg framleis i statsarkivet. Denne skissa er interessant, for ho syner truleg storleiken på den gamle steinkyrkja som vart riven i 1892.» Den nye kyrkja vart vigsla av biskop Fredrik Waldemar Hvoslef fredag 7. juli 1893. Denne dagen vart gutebarnet Hans Kristian Rolfsen, fødd 31. mai 1893, det første dåpsbarnet i den nye kyrkja.

Kyrkja hadde kosta om lag 25 000 kr – mykje pengar i 1893. Den kyrkjeklokka som kalla på oss i dag er frå gamlekyrkja bekostet omstøbd i aaret 1842 af daverende kirkeeier Michael Langballe. Men i tårnet heng ei klokke til – den er truleg frå Olavskyrkja. Den slo fram til 1907 då ho sprakk. Kyrkja fekk sitt orgel fyrst i 1922.

Onarheimsgildet – på 2000-talet

Det meir enn 1000-år gamle Onarheimsgildet vart etter kristninga av Noreg knytt til heidringa/dyrkinga av kongen Heilag Olav og såleis til Olsok. Før denne tid var det dyrking/tilbeding av dei gamle norrøne gudane som dominerte. Gildet på Onarheim var samling av gildebrør frå eit område som går utover det me idag kjenner som Sunnhordland. Dette gildet hadde sine viktige og fastsette lovar og reglar for korleis dette skulle gå føre seg. Her var det viktig med den sosiale samkoma der ein fekk treffa frendar og slekt og fekk høyra nytt. Det religiøse aspektet var viktig i desse samkomene, og det var også det me kan kalla juridiske (som tingstad). Her vart gjorde lover og avtalar og det vart sagd domar i usemjer.

Det eldste nedteikna skriftet (kalla ei skrå) ein har i Noreg og som kan knytast til Onarheim er frå ca. 1300. Med svartedauen og reformasjonen vart det slutt for det gamal-historiske gildet på Onarheim. Gjennom 1900-talet har vorte gjort eit par freistnader på å dra igang att ei Olsok-markering på Onarheim, utan at ein greidde å få dette til å halda seg lenge til å verta ein tradisjon. Tysnes Kommune utpeika Onarheim som kommunen sin 1000-årsstad. Her skulle ein markeringsstad vorte opna i 2005 (i samband med 100-årsdagen for Norge som eigen nasjon). Dette var tenkt å vera i form av eit amfiteater med noko utsmykking i det sokalla «Grustaket» ovanfor Vossabakkjen.

I 2006 var Tysnes Soge-lag vertar for årsmøtet i Hordaland sogelag. Tema for dette møtet var den gamle Gilde-skipnaden på Tysnes, i Noreg og i Norden. Basert på det som vart lagd fram av historiske fagfolk (norske og danske) var det klart at Tysnes på ingen måte hadde greidd å utnytta det i nordisk samanheng unike, dokumenterte historiske området som Onarheim representerer. Mikal Heldal kom våren 2007 til Onarheim Bygdelag med eit forslag om å blåsa liv i den gamle tradisjonen med å ro til kyrkje. Dette vart kopla med tanken om å freista få liv i Onarheimsgildet, og Onarheim Bygdelag drog då igang eit prosjekt for dette. Det vart mobilisert eit samarbeid med kyrkja, Tysnes Bondekvinnelag og Tysnes Kystlag. Dette året fall Olsokdagen 29. juli på ein søndag. Det vart til eit stort arrangement med barnedåpar og mykje folk i kyrkja. Nokre kom roande, nokre kom med hest og kjerra. Mange hadde teke oppmodinga og kledd seg i gamle bunader eller andre gamle stasklede. Onarheimsgildet (modell 2000) vert no i 2015 halde for niande gongen.

Dette nye «Onarheimsgildet» byggjer på to klare delar; ein historisk/religiøs del og ein verdsleg/sosial del. For den historisk/religiøse delen har gudstenesta i kyrkja vore sentral. Dei to fyrste åra (2007 og 2008) vart den haldne på sundagen. Dei fem neste åra valde ein å halda dette som kvelds-messer på sjølve Olsokdagen.

Frå og med 2014 har ein vedteke at Onarheimsgildet skal vera fredag til søndag med utgangspunkt i den siste fredagen i juli. Kyrkja vert med i form av ei kveldsmesse på søndagen. I tillegg til gudstenesta har det vore «På kyrkjebakken» der det har vorte teke fram ulike historiske element – på ein måte som underhaldning/opplysning for dei frammøtte saman med ei lita matøkt. I tillegg har ein nytta/synt fram Gamlastovo med sine samlingar på Kyrkjebakkjen og den gamle Seløystova har vorte nytta til både føredrag, opplesingar og utstillingar. Og no har ein også fått på plass ei fin utstilling inne i kyrkja. Dei siste par åra har Onarheim Idrettslag laga til eit mosjons- og konkurranse arrangert som er kalla «Blåbærhaugen Opp». Dette startar på sundagen kl 1200 frå Alsaker Brygge og er 3,75 km lang.

Den verdsleg/sosiale delen av «dette nye Gildet» har røter tilbake til midt på 1990-talet. Etter denne tradisjonen skal den verta halde om kvelden siste fredagen i juli. På denne kvelden kjem bygda-folk saman for på uformelt vis å nyta mat og drikke, og få drøse med gamle kjende og/eller med ukjende; dette vera fastbuande eller ferierande.

Til no har «Onarheimsgildet – versjon 2000» vore retta mot interesserte «tysnesingar»; fastbuande og/eller ferierande. Men medlemene (Gildebrør-/systrer) til det gamle Gildet kom frå 11 sveiter (områder) i Sunnhordland, Midhordland, Voss og Hardanger. Nøyaktig korleis desse sveitene var geografisk definert veit me ikkje, men har truleg vore noko liknande til skipreidene.

Me har god lyst til å invitera representantar frå desse områda til å vera med på eit program i samband med «Onarheimsgildet – 2015». For å kunna laga eit interessant kvalitetsprogram ynskjer me difor å kunna nytta ein del kultur- og soge-dyktige personar/grupper. Dette krev både planlegging, informasjonsspreiing og avtalar/kompensasjon for dei som skal vera med.