Stord sogelag

Meny

Årsmøtet 2015: Kulturminneforvaltning

REFERAT FRÅ ÅRSMØTET I STORD SOGELAG 19.02.2015

Årsmøtet fann stad på Stord bibliotek i Kulturhuset, og rundt 35 personar hadde møtt fram. Møtet hadde to delar, ein open del, og ein del med årsmøtesaker. Møteleiar under den opne delen  var Nils Tore Gram Økland. Turid Tresselt Melheim vart utnemnd til referent.

Den opne delen:

Atle Bjørn Mæhle introduserte kveldens føredragshaldar, arkeolog Heidi Handeland. Ho møtte i staden for Solveig Lohne Rognved.  Både Handeland og Rognved er tilsette i Hordaland fylkeskommune der dei jobbar med kulturminneforvaltning, og nettopp kulturminneforvaltning var emnet for føredraget hennar. Ho kom litt inn på korleis arkeologane arbeider og slo fast at kulturminneforvaltninga er ein del av miljøforvaltninga. Det var spennande å høyre korleis arkeologane går fram og kor mykje arbeid som ligg bak utarbeidinga av ein skjøtselsplan.

Etter at denne delen av møtet var over, var det tid for matøkt med servering av smørbrød og kaffi/te.

Årsmøtedelen:

Årsmøtedelen vart leia av Jakob Gullberg som har vore leiar av valnemnda. Saklista blei godkjend. Ingen hadde merknader til årsmeldinga som vart presentert, og også rekneskapen blei  godkjend utan merknader.

Val:

Valnemnda hadde dette framlegget til styre:

Leiar: Turid Tresselt Melheim – eitt år

Styremedlem: Peggy Husevik Bærøy (attval) – to år

Lars Mæland (ny) – to år

Varamedlem: Bjørn Bjørlykke (attval) – eitt år

Jens Litlabø (attval) – eitt år

Revisor:           Odd Stuve Rommetveit (attval) – eitt år

Valnemnd:     Oddbjørn Kvålsvold – leiar

Liv Astrid Økland

Jon Kyvik

Valnemnda sitt framlegg vart vedteke med akklamasjon.

Styremedlemmene Nils Tore Gram Økland og Atle Bjørn Mæhle var ikkje på val i år og har eitt år igjen av funksjonstida si.

Innkomne forslag: Ingen forslag hadde komme inn.

Kontingent: Styret innstiller på at kontingenten blir som før.

Aktuelle arbeidsoppgåver:

  • Kjellbjørg Lunde tok til orde for at sogelaget må engasjere seg i samband med planane for firefelts E39 over Stord. Sogelaget må passe nøye på at kulturminna blir ivaretatt.
  • Bjørnar Withbro etterlyste at stoff frå høgskulen sitt 175-års jubileum vert allment tilgjengeleg.
  • Withbro tok og opp dette med kommunesamanslåing i historisk perspektiv. Kva vil skje reint historisk?

Turid Tresselt Melheim

-referent-

 

 

Føredragshaldaren  Heidi Handeland

Føredragshaldaren Heidi Handeland

 

 

 

 

 

 

 

Fotoa under er frå årsmøtet

IMG_3724

 

 

 

 

 

 

IMG_3723

 

 

 

 

 

 

IMG_3722