Stord  sogelag
  • Meny

  • Rusletur 2014

     Steinriket Bømlo

    Gjennom 10.000 år har det vore bergverksdrift på Bømlo. Dette var temaet  då Stord sogelag tysdag 16. september skipa  til eit treff på Moster.  Der hadde  me først  ein rundtur med Brynjar Stautland som turvert. Me avslutta med kaffi, vaflar og besøk i utstillinga i Moster Amfi.

    Det var 20 personar som møtte opp på denne rusleturen. Brynjar Stautland gav eit engasjert og høgst interessant innblikk i korleis ulike steinartar og mineral har vorte utnytta på Bømlo.

    Her er nokre foto frå treffet:

    Deltakarane på treffet framfor Moster Amfi

    Deltakarane på treffet framfor Moster Amfi (Foto: Jens Litlabø)

     

    Brynjar Stautland på Kongesteinen ved Gamlekyrkja på Moster

    Brynjar Stautland på Kongesteinen ved Gamlekyrkja på Moster (Foto: Jens Litlabø)

    Framfor gravplassen til Nils Hertzberg, opplysningspresten som dreiv stort i marmor

    Framfor gravplassen til Nils Hertzberg, opplysningspresten som dreiv stort i marmor (Foto: Jens Litlabø)

    Restaurerte kalkomnar (Foto: Jens Litlabø)

    Restaurerte kalkomnar (Foto: Jens Litlabø)