Stord sogelag

Meny

Faste avisspalter 2015

«Sunnhordland» fredag 31. desember 2015

Barneforeninga på Ådland

Oddbjørn Kvålsvold

Mange som har delt livsminne med meg har delteke i barne- og ungdomsforeningar i sine oppvekstår. Ofte var disse knytta opp mot lekmannsrørsler og kristent misjonsarbeid. Ei av forteljarane mine, Tordis Vikene, vaks opp på Ådland og gjekk i alle barneår i stova til Anna og Herman Ådland på barneforening. Stova var ikkje så stor, men hjå Anna og Hermann samlast mest alle borna i grenda og vidare kring, fortel Tordis. Det var mest jenter som deltok , men og gutar var med heile barndommen fram til konfirmasjonsalderen.

Huset til Herman Ådland til venstre

Huset til Herman Ådland til venstre

Tradisjonen fortel at stova til Anna  og Hermann var ein samlingsstad for aktivt misjonsarbeid,  og mange har gode minne frå heimen deira. Herman Torbjørnsson  Ådland (1880 – 1963) fekk skøyte på farsgarden i 1913, etter at han hadde vore i U.S.A. ei tid. Han var gift med Anna Bergesdtr. Borrevik (1883 – 1959). Men lenge før dette var det tradisjon med foreningsarbeid på Ådland, der føremålet var å samla inn pengar til misjonsarbeid ute i den store verda. Bygdeboka for Stord fortel om lekmannsrørsla i kommunen og skiping av den første kvinneforeninga på Ådland alt i 1880 åra.

Tordis Vikene hugsar at dei song mykje i foreninga, og  spesielt var songen « Eg er ein liten hærmann» kjekk å syngja. Då song dei «Herman» så det ljoma i stova, og meinte husfaren.  «Stakkars små i heidningland», var ein annan song som vart innøvd og sitt i minnet. Anna som leia samlingane, var flink til å læra frå seg både spøting og syarbeid. Mange av jentene fekk si grunnopplæring i handarbeid  av Anna, ho var tolmodig og hjelpte dei etter tur. Vidare var det alltid opplesing frå misjonsbladet på foreningskveldane. Her fekk dei historier frå fjerne himmelstrok og «heidninglanda», og om korleis misjonærane hadde det saman med dei fattige på Madagaskar.

Enkelte kveldar kokte Anna kakao og serverte kake til borna som var sessa i stova hennar. Dette var ei storhending for born som voks opp i krigsåra, med rasjoneringskort og skort på det meste. Ja, forteljaren min kjenner enno smaken av den gode kakaoen og kringla når ho tenkjer attende på samlingane. Ho har og minne om Herman som kom inn i stova, tok seg ein kopp kaffi, og sette seg ned og skøya med borna. Han vert hugsa som ein lettliva kar, ein som kunne skøya med dei og spreidde lått og løye i stova.

Den store fellesbasaren i Bedehuset på Leirvik er eit av høgdepunkta i barneminna. Dette var ei hending som både born og vaksne såg fram til i samtida. No vart handarbeidet dei hadde laga i barneforeninga hengt opp på snorer, mellom andre gevinstar frå misjonsvenene. Gevinstsamlinga var allsidig, hugsar Tordis. Her var alt frå poteter og grønsaker, til nyttige tre- gjenstandar, og ikkje minst strikka klede og flotte broderte dukar. Det var alltid fullt i bedehuset disse basarkveldane og stor etterspurnad når åresalet starta. Under trekking av gevinstane var det stor spenning i salen og lufta mest dirra. Ja, for ungane var det stas å vinna noko, hugsar Tordis, – sjølv om det berre var ein stor rund kålrabi.

Munnleg kjelde:            Tordis Vikene f. 1936

Skriftleg kjelde:            Stord bygdebok – bind II – III

 

 

«Sunnhordland» fredag 18 . desember 2015

«So va da då ei julafta»

Egil Nysæter

Segna fortel at julekvelden sat husmannen Bjødne og masa med Randi, kjerringa si, om trollskap og underjordiske som han hadde høyrt om som smågut nede i bygda. Då høyrde han noko som banka oppe på ljoren. Han trudde først det var ei kattugle eller ein annan fugl. Men så vart det banka kring heile huset slik at han tykte det kunne detta ned. Då treiv han ljorestonga, løfta ljoren av og ropte opp: «Æ da folk, so ta doko i vare, å æ da nåko adna, so far i Guss namn herifrå, – her har de ingjenting å gjæra».

Slik byrjar ei av fleire segner om underjordiske som er tekne vare på frå Stord. Segnene fortel både om nissar, huldrer og jutular. Ofte var det ved juletider, helst julaftan, at desse skapningane viste seg. Då ville nissen ha julegrauten, som det heiter i ein kjend og kjær song, og det var då Kippelshaugen på Ådland opna seg i måneskinnet og ein skjeggete haugkall kom ut med eit drikkehorn som han baud Arnfinn Ådland.

Ei segn er ei stutt forteljing som gjer krav på vera sann (men gjerne ikkje er det), er munnleg overlevert mellom generasjonane og ofte knytta til ein bestemt person og stad. Ein skil gjerne mellom historiske segner, opphavssegner slik som t.d. om ein naturformasjon og mytiske segner som fortel om noko overnaturleg. Segnene er uttrykk for levande folketru då segna først vart fortalt.

Den segna der Bjødne er hovudpersonen, er nedskriven i 1864 av Lars Nelson Hystad (1849-1925). Han gjekk på seminaret, var så lærar i Eidskog i Hedmark og Nes i Akershus før han slo seg ned for godt i Botne i Vestfold. Derifrå sende han i 1886 denne segna til Moltke Moe ved universitetet i Kristiania. Moe var det året utnemnd til professor i “norsk Folkesprog med Forpligtelse til ogsaa at foredrage norsk Folketradition».

Det var Kjell Magne Grov som fann segna i Norsk Folkeminnesamling og presenterte ho her i bladet før jul i 1981. Forteljinga er truleg den eldste oppskrifta på stordadialekt.

Korleis gjekk det så med Bjødne og Randi og dei underjordiske? Stutt fortalt slik: Han for ut gjennom døra for å få ein slutt på levenet. Då fekk han sjå vel hundre, heilt like, småfolk sitjande på taket. Dei forklarte at i julehelga var dei grannane hans. Dei var komne for å be han flytta floren «so møkje me sleppe å få kuland å adna styggaskap ner på bore vort, å julahuse vort ligge beint onde floren din».

Men Bjødne sa frå at han ikkje ville flytta floren. Neste dagen var då både ku og geiter borte slik at dei måtte få seg nye dyr. Julehelga etter gjorde dei underjordiske ein ny framstøyt. Dei viste Bjødne korleis dei hadde det i den gilde stova si under floren, men at det dropla frå taket. Bortsett frå det levde dei godt, og det kunne også Bjødne gjera dersom han flytta floren. Då sa Bjødne ja til flytting og småfolket hjelpte han. Han vart ein rik mann, men i daglegtale vart han aldri kalla anna enn Florfløtten.

Den mykje meir detaljerte segna er no lett tilgjengeleg med tittelen «Florfløtten» i nettstaden «Segner på nettet» som Bjørn Bjørlykke og Nils Tore Økland har fått i stand etter å ha samla i alt 1500 segner frå både Sunnhordland, Nord-Rogaland og Hardanger. Adressa er http://www.segner.no.

 

 

«Sunnhordland» fredag 4 . desember 2015

Skeiderskene i Gruo

Oddbjørn Kvålsvold

Dei fleste av oss tenkjer på gruva på Litlabø som ein arbeidsplass for mannfolk, der det vart lite nytta kvinneleg arbeidskraft i produksjonen. Men  slik var det ikkje. I skeidehuset var det hovudsakleg  kvinner som jobba. Desse gjekk på skift og arbeidde akkord med å skilja gråberg og kis. Skeiderskene hadde ein tung fysisk jobb som røynte på armar, skuldrar og muskulaturen langs ryggsøyla.

Den svovelinnhaldige  råmalmen som kom opp med heisen, vart tippa ned i grovknusaren for handsaming. Reint gråberg vart ikkje knust, men  tømt i eigen bunker ved sjakttårnet. Denne steinen vart så tappa i vaggar og transportert til bergtippen i Hustrudalen med lokomotiv. Ei av forteljarane mine, Astrid Stokken var skeiderske i fem år og hugsar godt arbeidsperioden ved transportbandet på Litlabø. Astrid arbeidde i det nye skeideanlegget som vart teke i bruk rundt 1937. Dette var plassert på pålar i nærområdet til «Grovtyggarhuset» ved sjakttårnet. Under skeidehuset gjekk jarnbanespor for oppstilling av transportvaggane.

Astrid som for lengst har passert 90 år fortel levande om minna frå skeidehuset:

« Før steinmassane kom inn på transportbandet me stod langs, var steinen som kom opp frå gruva knust og vaska. Det var to, tre kvinner på kvar sida av bandet som pitla ut gråberget som me kasta ned i nokre  kassar. Desse var plasserte ved sida av oss. I enden av bandet sto ei jenta og samla opp den kisholdige steinen som låg att på transportbandet. Arbeidsbasen registrerte etter kvart som kassane vart fylte opp, og «slo dei ned». Gråberget fall då ned i vognene i etasjen under, og vart køyrt på tippen i Hustrudalen. Den kisholdige steinen vart transportert til finknusing og spyling i sjølve vaskeriet. Her vart kisen tømt i siloar før han enda på utskipingskaia. Om vinteren var steinen dekka med is og skeidehuset var kaldt og trekkfullt. Eg hugsar vintrane med naglebit og kalde føter. Arbeidsantrekket var overall og gummihanskar som me måtte kjøpa sjølve. Me lappa hanskane til dei vart stive og ubrukeleg. Lønna vart utrekna etter kor mange kassar gråberg me klarte å fylla opp på skiftet, så vi måtte stå på. Avdelinga hadde ei eige brakke der vi vaska oss og åt nista. Eg hugsar at om vinteren var det spesielt  godt å koma inn i det varme matrommet til pause. I skeidehuset var det skiftarbeid. Første skiftet frå  0700 til 1530 og ettermiddag frå 1530 til 2330. På laurdag var det eit skift».

Sjølv om det var mest kvinner som arbeidde i skeidhuset, så hugsar Astrid ein mann med «litt spesiell åtferd» som var i lag med dei. Han hadde ein  manisk trong til å trena på den store multiplikasjonstabellen , spesielt sjugangen. Kvar gong det var ein liten pause i drifta  øvde han på gangetabellen ved å skriva i dogga på vindauga.

I gruvemiljøet var det eit klasseskilje som vart akseptert og etterlevd av dei fleste. Mange av borna vart opplærde til å stoppa opp i vegkanten og bukka eller neia når dei trefte på dei «kondisjonerte». Vidare vart det praktisert usynlege gjerder mellom områda der born kunne og skulle leika. Mange av dei eg har hatt samtalar med, fortel om gode, stolte minne frå sin oppvekst i Gruo. Kjensla av fellesskap og samhald frå barne- og ungdomsåra sit sterkt i minnet. Men nokre har fortald at på Vikjo, sa dei; «eg er ikkje frå Gruo, eg er frå Litlabø».

 

Munnleg kjelde:            Astrid Stokken  f. 1921

Skriftleg kjelde:            Per Ivar Tautra: Nye og gamle spor i Gruo, 2008

 

 

 

«Sunnhordland»  fredag 20 . nov  2015

Grunnleggjaren av aluminiumsverksemda

Oddbjørn Kvålsvold

Båten har vore ei livsnerva for Sunnhordland gjennom årtusen, og mange er dei som har fått si utkoma av verksemdene som er knytt opp mot båtbygging. Nokre har vore ekstra framsynte og pådrivarar for at verksemdene i regionen kunne tevla i 1. divisjonen innan næringane som er knytte opp mot sjø. I denne artikkelen vil eg fortelja litt om ein av gründerane på Stord, Gunnar Oma. Han var pioneren når det galdt å ta i bruk aluminium og dekkgass-sveising til båtproduksjon.

I ein samtale med Gunnar Oma fortel han om dei første forsøka med å byggja båtar og andre konstruksjonar i aluminium. Pionerkontrakten i aluminium var ein liten livbåt for 3 personar som vart levert til Ålesund i 1955. Det å gå frå tre til aluminium var eit viktig vegval for den vesle verksemda på Døso, og eit steg ut i det uvisse. Men det var eit viktig val og vegskilje som båtbyggjeriet gjorde i 1956. At dei satsa på aluminium for 60 år sidan, er eit val Gunnar kan vera stolt av. På denne tid var MS Bergensfjord under bygging, og skipe hadde mellom anna mykje av overbygget, skorstein og livbåtar i aluminium, noko Gunnar hadde merka seg. På grunn av lågare vekt enn stål kunne volumet på overbygget aukast utan å mista stabilitet på båten. Han fortel om samtalene mellom han og faren Ole Oma (1880 – 1967 ) om vegvalet, der den nye generasjonen meinte at no var tida inne til å satsa på båtar og utstyr i aluminium.

I samtalane eg har hatt med Gunnar Oma om hans liv som båtbyggjar, fortel han om korleis det første spesialutstyret for aluminiumssveising vart innkjøpt. Han tok kontakt med NAG sin agent Abrahamsen, og ynskte å få prisoverslag og betalingsvilkår for utstyr ein trong for å utføra aluminiumsjobbar. Utstyret vart levert omgåande med «Veritasruta» utan nærmare avtalar om betalingvilkår, så kredittruverdet til den vesle verkstaden på Døso var nok stor hjå NAG i Oslo.

Men ettertida har vist at dette var ei svært klok og viktig avgjerd, for ordrane kom, og markedet tok vel mot aluminiumsprodukta. Produksjon av klinka livbåtar i aluminium vart hovudproduktet i mange år ved Oma Baatbyggeri. På det meste vart det levert 63 stk. på eit år til inn- og utland, ja, heilt til dei i 1964 leverte den fyrste heilsveiste motorbåten i aluminium som velferdsbåt for norske sjøfolk i Port Said, Egypt. Vidare vart ein ny milepele passert då redningskryssaren «Olav V» på 90 fot vart bygd i aluminium i 1982.

Gunnar fortel om to ordrar på styrehus til Stord Verft i den første aluminiumsperioden. Desse var kjærkomne og gav god erfaring. Seinare kom ordrane på styrehus til R/S Torungen (1959/60) og dei andre fire redningsskøytene, samt fleire styrehus til «svenskeskøyter» som vart bygde i Sverige. I desse åra hadde Oma eit tett samarbeid med verfta i Kvinnherad. Oma Baatbyggeri leverte styrehus og overbygg til både Hellesøy, Skåluren, Eide på Halsenøy og Fjellstrand i Kvam. Vidare fornya mange austevollreiarar fiskeflåten sin ved Fitjar mek. Verkstad, og desse fekk styrehus levert av Oma. Aluminiumsveising med dekkgass var ei nyvinning i midten av 1950 åra, og mange unge fekk si grunnopplæring og trening i verkstadhallen til Oma. Tidligare nytta me dei «kvite elektrodane» og likestraumsaggregat med variert sveisekvalitet. Ja, «forfattaren» har sjølv prøvd å sveisa aluminium med elektrodar og fekk helst ring kvalitet, så dekkgassveising (argon) av aluminium med «snelletrå» var ei stor nyvinning.

At gründer Gunnar Oma tok i bruk aluminium som byggemateriale og moderne sveiseteknologi så tidleg, vart ein suksessfaktor for verksemda. I dag har dette materialet på grunn av vekt og andre eigenskapar vorte ein del av konseptet for dei store oljeinstallasjonane. Dette var ein ide han tidleg «lufta» med fagmiljøet, fortel Gunnar. Som me veit lagar Oma Baatbyggeri AS framleis båtane i aluminium som vert brukte i passasjertrafikk, eller kombibåtar som fraktar både folk, varer og bilar. Det starta med ein livbåt av aluminium for 3 personar, no har båtane frå Oma plass til 300 passasjerar.

Munnleg kjelde:            Gunnar Oma f. 1924

Skriftleg kjelde:            Magne Langåker m.f. «Båtbyggjar i 100 år» – 2009

 

 

 

«Sunnhordland»  fredag 5 . nov  2015

Snikkarverkstaden til Hallvard i Holo

Oddbjørn Kvålsvold

Holo ca 1900

Holo ca 1900

Mange av dei som har fortalt livsminne frå oppveksten i Leirvikområdet, har nemnt snikkarverkstaden oppe i Holo og lageret som vart nytta nede i Osen. Spesielt var sjøhuset, der likkister vart lagra, litt «skummelt» å gå framom på kveldstid. Lageret vart av mange kalla «Likhuset», sjølv om alle visste at naustet berre var eit mellomlager for ferdige kister. Men for ein av forteljarane mine, Hans Anderssen, var dette ein del av kvardagen. Hans vaks opp i Holevegen og hadde snikkaren til bestefar. Kistene han laga var ein del av oppvekstmiljøet, og han hadde eit naturleg forhold til produktet .

Bygdeboka for Stord, bind II fortel om bestefaren på morsida: « Hallvard Olai Hansson Dahle, f. 1874, bygsla Holo i 1900. Han var frå Fjelberg og utlærd bøkkar. I 1927 fekk han kjøpa plasset.»

I ei «Mindebok» som familien har teke vare på, skreiv Hallvard med sirlig skrift om mange kvardagshendingar og om glede og sorg. Notata tek til i 1902 og held fram til siste verdskrigen. Eit døme på dette er 8. og 9 mai 1919; «hos Reinert Lervik i pliktarbeide om vaaren». Hallvard noterte 1. november 1921; « Blåste en orkanagtig storm som foraarsaket stor skade samt omkom Ole Hansen Økland i Odlandsvandet. Vinden blaaste frå norvist»

Vidare er det bak i boka eit oppsett  over kisteproduksjonen dei første åra.

« 1925 18/6 Aabnet Likkisteforetning, i same aar levertes 18 Likkister … påfølgende år levertes; 40, 38.48,42, 40. 60 og 73 kister».

Hans Anderssen har mange minne frå verkstaden der han gjekk bestefaren til hande, men måtte passa seg for ikkje å «gå i vegen». Av verktøy med motorkraft hugsar han sirkelsag, planhøvel, liten dreiebenk og bandsag, utover vanleg handverktøy. Verkstaden hadde og fres, som vart nytta til profilering i overflatene på kistene.  Materialane som vart nytta i likkistene, skulle vera av beste kvalitet hevda bestefaren. Mest mogleg kvistfri  alebord som var 8 til 12 tommar breie og knappe 1 tomme tjukke. Borda vart kanthøvla og limte saman etter behov.

Hans hugsar eit herme om ein gong det vart kjøpt tømmer på nedre Litlabø. Tømmer -stokkanne vart fløytt til saga i Sagvåg, og her oppdaga kistesnikkaren ein stabel bord av beste kvalitet. Snikkaren frå Holo foreslo ein «romsleg» byttehandel, mot dei kvistfrie plankane av innved, men sagmeisteren avslo. Desse materialane skulle nyttast til hus,  fortalte sjefen på saga, men fann lite forståing hjå kistesnikkaren for dette.

Hans Anderssen fekk ikkje ta med seg andre born på verkstaden til besten. Han var redd dei skulle skada seg på maskinene, sa han. Men sjølv fekk Hans sjå på at kistene vart laga, store og nokre små. Dei vart malt kvite, svarte og nokre lasert med eikefarge  Så vart dei pynta med stjerner og pyntelister i gull og sølvfargar. Stjernene vart laga av tynne fortinna metallplater. Før loket vart sett på, vart det lagt spon i botnen med klede over. Dei ferdige produkta vart trilla ned til lageret i Osen på ei spesiallaga bårevogn. Her vart kistene mellomlagra før bruk eller sending med båt. Snikkaren i Holo, hadde omsetnaden i nærområdet og Sunnhordland, men kister vart og sende med båt inn Hardangerfjorden. Hallvard i Holo døydde i 1954, 80 år gamal.

Munnleg kjelde:            Hans Anderssen- f. 1937
Skriftleg kjelder:           Stord bygdebok, bind II
                                        Minnebok etter Hallvard Dahle

 

 

 

 

«Sunnhordland»  fredag 23 . okt  2015

Gruvedrifta på Stord byrja for 150 år sidan

Egil Nysæter

Midt på 1800-talet opna det seg ein marknad for svovelkis i Storbritannia. Svovelsyrefabrikkane der var byrja å ta i bruk kis i staden for rein svovel frå Sicilia. Det førte til ein norsk skjerpefeber, «et sandt Metalraseri» som minna om gullfeberen i California, skreiv ein innsendar frå Stord til Morgenbladet. Eit skjerp er eit område der det er påvist metall og finnaren har retten til utvinning. I 1865 vart det meldt ikkje færre enn 306 skjerp i Stord og Bømlo.

Denne månaden er det nett 150 år sidan den første gruvedrifta ved Storavatnet tok til med prøvedrift i eit «Svovelkisleie paa Gaarden Øvre Lillebøe». Produksjonen skal ha vore 960 tonn svovelkis frå Rossneset der første funnet vart gjort 10. oktober året før. I 1866 starta regulær drift både der og i gruva på Nysæter i regi av Det Bergenske Grubeselskab. Den viktigaste gruva vart etter kvart Høgåsen som kom skikkeleg i gang ti år seinare. Meir enn 60 prosent av den samla produksjonen frå gruvene ved Storavatnet kom frå denne gruva i tidsrommet 1865-1905. Ei mykje mindre gruve var Rødkleiv. Alf Mathisen som har skrive ein uvanleg grundig og veldokumentert artikkel om «Gruvedrifta på Nysæter og Øvre Litlabø 1865-1903» (Stord sogelag, Årsskrift 2002), nemner at det også vart «drive litt i Eikjebrekko, Treshaugen, Løhaugen, Kattaneset, Sadalen og i Knorrøyo, men berre små mengder vart teke ut.» Den samla produksjonen desse førti åra var på 108 909 tonn, eit snitt på ca. 2700 tonn i året. Årleg arbeidsstyrke varierte frå 25 til 50 mann etter kor omfattande drifta var. Toppåra var alt i 1867-68 med meir enn 100 gruvearbeidarar på heile Stord; 60-70 av dei på Nysæter og i Rossneset. Mange av arbeidarane var innflyttarar som drog vidare då det vart mindre arbeid.

På same tid var det også 16 til 30 mann i arbeid i Gullberg på Bjelland. Der hadde drifta kome i gang alt i august 1865. Men i 1869 var det slutt, likevel med sporadiske forsøk seinare. Samla produksjon av koparhaldig svovelkis skal ha vore berre 6-7000 tonn. Det er tidlegare hevda at det alt på slutten av 1600-talet skal ha vore gruvedrift i Gullberg. Men mest truleg baserer dette seg på ei feillesing av tingbøkene frå den tid. Futen Falch Laurdsen Dalhoff som då budde på Bjelland, var «borgarmeister» frå Karlshamn i Blekinge, og ikkje «bergmeister».

Heller ikkje Tveitgruva på Huglo viste seg å vera særleg drivverdig. Det var drift berre nokre få år frå omtrent 1868/69. På 1880-talet forpakta Vigsnes verk på Karmøy gruva. Samla produksjon var då  3700 tonn koparkis. Talet på arbeidarar er ukjent.

I utmarka til Helland og Hovstad i Fitjar vart det funne kis i 1871. Sommaren året etter var det litt drift i «Prestgruben», men utbytet var for lite til å koma med i bergmeisteren sine statistikkar. Svovelkisen vart seld til den kjemiske fabrikken «Selesia».

Den tidlege gruvedrifta på Litlabø la grunnlaget for Stordø Kisgruber A/S, skipa i 1907, med drift til 1968. Frå 100 til 400 tilsette arbeidde med å produsera på det meste meir enn 100 000 tonn kis årleg. I etterkrigsåra fram til avvikling låg produksjonen på rundt 60 000 tonn. Det la grunnlag for eit livskraftig og annleis lokalsamfunn. Mykje meir finn du i Øyvind Bjørnson: Gruva (1991), Asbjørn Aasheim: Soga om Sagvåg (2012) og på Venelaget for Gruo sin nettsider: http://www.gruo.no.

 

 

 

 

«Sunnhordland»  fredag 9 . okt  2015

Ei anna tid med småindustri

Oddbjørn Kvålsvold

Me eldre som hugsar 60– 80 år attende, har opplevd ei fantastisk utvikling på godt og vondt. Ikkje minst har industri og næringsliv forandra karakter, dei fleste små einingar og verksemder er vekke. Dagens produktivitetskrav og billig import frå Austen gjev ikkje rom for bygdesmia, eller verksemda som produserte stilmøblar. Sjølv om eg  vaks opp i ei landbruksbygd, var det 8 små snikkarverksemder, som produserte møblar og ikkje minst «Orkdalsskap» i nærområdet.  Alle desse er no vekke. Treskjerartradisjonen vert berre praktisert av nokre få hobbyutøvande pensjonistar, slik som på Stord.

Mange av dei eldre som eg har intervjua, har fortalt om ein allsidig og aktiv småindustri på Stord i sine oppvekstår. Ein av forteljarane mine, Arne Berger tok til å arbeid hjå Fjeldtveit Treindustri på Ådland i byrjinga av 1940-åra. Dette var ei av dei småverksemdene  som klarte å omstilla seg til ei moderne industriverksemd.

I boka « Det norske næringsliv» frå 1952 finn eg fyljande om verkstaden på Ådland:

«Firmaet ble startet i 1921. Nåværende innehaver er Johan Fjeldtveit’s arvinger, med Edwin Fjeldtveit som bestyrer. Virksomheten omfatter fabrikasjon av alle sorter trilleborer, steintraller, stubbrytere, skafter, diverse møbler, dører, vinduer og andre trevarer».

Då Arne Berger tok til i verkstaden, vart den driven i underetasjen på bustadhuset. Arne huskar at det var få maskiner, men minnest kløyv og bandsag, avrettar og dreiebenk. Som nytilsett unggut fekk han 70 øre timen i  fyrste lønninga. Tidlegare hadde han arbeid hjå Sigvald Leirvik, på Vikjo, på kol,- ved- og oljelageret. Her var løna 6 kroner veka, så lønnsauken var merkbar.

Under krigen hadde snikkarverksemda på Ådland stor produksjon av sleggeskaft, anleggsbårer og steintraller for anleggsdrifta til krigsherrane. Arne var og med og hogg tømmer til materialar som skulle nyttast året etter. Han hadde ansvar for å henta inn bandjern frå bladet Sunnhordland. Avispapiret kom ikkje i rullar på denne tid, men i store ark, pakka i trekassar med jarnbeslag rundt. Desse flate jernstrimlene vart retta ut og nytta som kantbeslag på trillebårer og steintraller. Vi skal hugsa at dette var ein periode med streng rasjonering på mest alle varer, så kreativitet og gjenbruk var naudsynt. Han meine at då han byrja på snikkarverkstaden, vart det produsert 8 anleggsbårer pr. dag, og læregutens oppgåve var å tilpassa og montera kantbeslaget og hjulgang.

Arne Berger fortel og om ei anna småverksemd, smeden på Ådland. Olaf A. Gjesdal (1891-1964) Smio var underleverandør til Fjeldtveit, og laga boltane som vart nytta til kryssavstiving på anleggutstyret.

Om «Aadlandssmidja» fortel samtidskjelder:

«Verkstedet ble startet 15.10.41 av nåværende innehaver, Olaf A. Gjesdal. Bedriften omfatter bygdesmie med allsidig smiarbeid samt prydkunst i smijern, lysekroner, lysestaker, peisredskap, bordlamper, gitterporter og annet dekorativt smiearbeid. Reparasjoner utføres av redskap og verktøy, stålsetting, vogn, kanebeslag, bilfjærer, hjulbeslag og reskap for tømmerdrift. Vedlikehold av landbruksmaskiner».

Arne Berger arbeidde hjå Fjeldtveit Treindustri i 8 år. Han fortel om bygging av verkstadlokale og utvikling av nye produkt i desse åra. I dag ligg bustadblokka Aadland Terrasse på denne tomta, og snikkaraktiviteten vart flytta til Fitjar.

 

Munnleg kjelde:            Arne Berger  – f. 1923

Skriftleg kjelde:            Det norske næringsliv – 1952

Bilete frå boka «I Sunnhordland» av Finn Nitter d.e.

 

 

 

 

«Sunnhordland»  fredag 25. sept  2015

 Minne frå konfirmasjonstid

 Oddbjørn Kvålsvold

Fleire av forteljarane mine hugsar konfirmasjonstida som eit viktig vegskilje i livet. No fekk ein rettar og plikter som ein ikkje før hadde, ein vart rekna som vaksen. Vaksenlivet tok til for alvor, og ein måtte læra seg å «stå på eigne bein». Tida som me gjekk til konfirmasjonsførebuing vert hugsa. Her kom ein i kontakt med ungdom frå resten av kommunen, knytte nye vennskapsband og mange fekk lagt grunnlaget for si tru og livssyn.

For dei som budde på plassar utan vegsamband, vart perioden da  ein las for presten strabasiøs. I denne vesle artikkelen vil eg fortelja litt frå livsminna til to av dei som budde nordaust i kommunen, utan vegsamband med omverda.

Den eldste av dei, Anders Børtveit, vart konfirmert hausten 1942 , og måtte ta seg fram frå Børtveit til Agdestein på ein smal, kronglete sti gjennom Uføro. På Agdestein hadde Anders ein sykkel ståande i eit uthus, og denne vart nytta langs bygdevegen til kyrkja. Han minnest at det var mange «sure» turar på sykkelen i regn og blåst og lite tørre klede at på kroppen når han kom fram. Dei fekk lekser av sokneprest Aksel Mjøs, og  desse måtte puggast til neste samling. Salmevers, dei ti boda med forklåring, trusartiklane og bibelord skulle lærast på rams. Før sjølve konfirmasjonsdagen var det overhøyringssøndag i Stord kyrkje.

Sjølve konfirmasjonsdagen vart ein spesiell dag som vert hugsa av Anders. Eit forferdeleg haustvær sette sitt særpreg på dagen hans. Familien hadde tinga ein livbåt som skulle skyssa dei til Leirvik. Då båten var komen til Grov, var stormen så sterk og sjøen tung at båtføraren våga ikkje gå lenger. Anders hoppa på land. Han hugsar at båten med konfirmantar frå Huglo våga helle ikkje å gå til Leirvik, men landsette folka på Grov.

Hjå Hallandsfolket fekk Anders låna seg sykkel og var på plass i kyrka til rett tid.  Men minne om den store vassdammen som etter kvart samla seg rundt beina hans i midtgangen, vert aldri gløymt. Den nye konfirmasjonsdressen i grov vadmål, var eit stort vassmagasin som enda på kyrkjegolvet, der konfirmantane sto oppstilt på rekke. Konfirmasjonsdressen hadde stefaren Ola Børtveit  bytta til seg hjå manufakturhandlar Lars Klingsheim, mot rikeleg med sigarettesker, fortel Anders.

Harry Mehammer  som vart konfirmert i 1952, vaks opp på veglause Mehammar. Då han tok til med konfirmasjonsførebuinga om våren,  gjekk han stien til kaien ved kraftstasjonen på Børtveit. Herifrå følgde han «mjølkeruta» som kom frå Hugo og skulle til Leirvik.  Harry minnest at det var mange våte dagar, spesielt dei vekene han gjekk og las før overhøyringssundagen om hausten. På denne tid var gode regnklede mangelvare, så veta måtte tørkast av kroppsvarmen på kyrkjebenken. På ettermiddagen gjekk heimturen etter same mønster.

På denne tid  las gutane for presten i kyrkja og jentene i bedehuset. Harry fortel at sokneprest Aksel Mjøs, hadde store pedagogiske utfordringar med å halda kustus på dei mest  «kreative» i guteflokken på 50 tenåringar. Han hugsar nokre episodar da presten måtte leggja vekk sin «geistlege» veremåte og bruke sterke formanande ord for å takla urokråkene.

Den nye dressen som me gutane fikk til konfirmasjonsdagen, vert og hugsa som eit vegskilje i  klevegen. Før var nikkersen stasplagget, men no stilte mange med dress, hatt og frakk på julefestar og på 17. mai, me var vaksne.

Munnlege kjelder:    Anders Børtveit – f.1928                 Harry Mehammer – f. 1938

 

«Sunnhordland»  fredag 11. september 2015

Bruk av vassvegane

Oddbjørn Kvålsvold    

"Vinter" Foto: Tor Resser

«Vinter» Foto: Tor Resser

I tidlegare tider var folk flinke til å arbeida i lag med naturen og nytta den føremon det kunne by på. Elvar, vatn og sjøen var viktige transportvegar for folk flest og dei vart utnytta ofte. Da eg såg bilete av tømmerflåten i Sævhølen (den gongen), hugsa eg ei forteljing Per Lundemannsverk fortalde etter far sin, og det vart kimen til denne vesle temaartikkelen.

Sjølv vaks eg opp ved elva Orkla i Sør Trøndelag og hugsar transporten av tømmer langs elveløpet kvar vår. Tømmerfløytarane var våre heltar, der vi stod på elvebarden og fylgde spent med.  Dei mest erfarne fløytarane gjekk ut på «tømmerknuten» for å løysa den opp, slik at tømmerstokkane kunne dansa vidare på si ferd mot elvemunningen og sagbruka ved fjorden.

Før skogsvegane vart tilrettelagt for transport av tømmer og skogsvirke, var vassvegane til god hjelp for transporten fram til allfarveg eller sjøen. Sjølv små elver kunne nyttast til transport, dersom ein «spelte på lag» med naturen og utnytta flaumvatnet. Fleire av informantane mine huskar at på Stord vart elvene på Hetlesæter og Grov nytta til transport av famneved i periodar og alle dei større vatna vart brukte til fløyting  av trevirke.

Om vinteren var frosne myrar og islagde vatn effektive transporttrasear, fortel Per Høyland. Garden hadde velteplassen sin på Vadbakken, så frosen vassveg letta framkøyringa av tømmeret monaleg. Skipsbyggeria var årvisse mottakarar av dei største og finaste trea frå Høylandsskogen. Passe køyresnø og frosne vassdrag var den beste medhjelparen når den avberka stokken skulle dragast fram med hest til velteplassen.

Storavatnet var mykje nytta som transportveg for tømmer. Når isen var trygg om vinteren, vart den brukt som køyreveg. Og med opent vatn vart tømmerstokkane transporterte som flåte. I eit livsminne Otto Andersen har forfatta, fortel han om då han var med bestefaren Hallvard i Holo og fløyta tømmer frå Vassenden til Sagvåg. I Vassenden vart tømmerstokkane bundne saman i ein pilliknande flåte og ein robåt var nytta som drag. Bestefaren og Otto skiftest  om å ro, og det vart tunge tak for ein unggut som enno ikkje var komen i tenåra. Ut gjennom dei smale sunda frå Vassenden var det viktig å manøvrera fint, slik at dei ytste stokkane i flåten gjekk klar nes og steinar. Ferda gjekk inn Åkervikjo, rundt Nysæterneset, over Myravågen til munningen av Sagvågselva, skriv Otto Andersen.

Soga som Per Lundemannsverk fortalde meg, gjev og eit bilete av korleis vassvegane i Sunnhordland vart utnytta til transport. Då far til Per skulle byggja ny løa i 1932, var det planlagt å ta ut ein del av tømmervirket i fjellmarka ved Storefosslia, ikkje langt frå Fjellstova. Skogen vart felt med øks og trekksag (tomannssag) og stokkane reinska  for bork før transporten ned lia tok til. Der terrenget var lagleg, vart det laga køyretrasear ned til Vadelva. Ein nytta drette (hestedrag) med små jernkilar festa i ein kjetting på tverrstokken. Kilane vart slege inn i tømmerstokkane og på denne måten vart tømmeret frakta til elva med hesten. Enkelte plassar var terrenget så ulendt at tømmerstokkane måtte skotast utfor berg og hamrar. Arbeidet var ekstra tidkrevjande og tungt, da toppen hadde eit lag til å støyra seg ned i bakken eller bakom steinar. Ja, då måtte den berre hoggast av med øksa.

Fløytinga på Vad og Vatnaelva måtte planleggast i vårflaumen og regnperiodar og kravde nok stor arbeidsinnsats før alt tømmeret var kome ned til lensa ved utløpet. Bonden frå Lundemannsverk fekk låna båt på Vatna, og tømmerflåten vart rodd over Ådlandsvatnet til saga i Frugarden.

 

Munnlege kjelder: Per Høyland f. 1931.    Per Lundemannsverk f. 1937

Skriftleg kjelde:            Otto Anderssen (1928-2004) – Livsminner – 1997

 

«Sunnhordland»  fredag 28. august 2015

Inngangskonene – om slutten på ein gammal tradisjon

 Egil Nysæter

Den 16. juni 1889 var vel ein nokså vanleg søndag i Stord kyrkje. Men i presten sitt dagsregister ser me at den dagen vart den siste inngangskona (kyrkjegangskona) innleidd i kyrkja. Ein lang tradisjon var dermed til endes.

Bakgrunnen for skikken var orda i Bibelen, 3. Mosebok 12,1-5, om at kvinnene var ureine etter fødselen, og Lukas si forteljing om at Maria, Jesus’ mor, gjekk til tempelet for å la seg reinsa etter fødselen (Lukas 2,22-24). På same måte som den nyfødde før dåpen var utanfor det kyrkjelege felleskapet, var barselkvinna det same før innleiinga (introduksjonen). Ho var som det heiter i ei avhandling om skikken, «uren og hedning». Etter reformasjonen i 1537 vart denne skikken frå katolsk tid vidareført, trass i at Luther mislikte den sidan kvinna etter hans meining verken var urein eller heidning etter ein fødsel.

Kyrkjeritualet frå 1685 fortel korleis innleiinga skulle gå føre seg. Før kyrkjegangen skulle barselkvinner halda seg heime nokre veker – det vanlege var 40 dagar – fordi dei då var svake. Mødrene var difor ikkje med ved dåpen som tradisjonelt var ei veke etter fødselen. Det same galdt for dei ugifte mødrene, men dei skulle ikkje innleiast.

Den gifte kvinna skulle koma til kyrkja i følgje med nokre få andre kvinner, verta ståande utanfor kyrkjedøra eller i våpenhuset til presten kom dit og formante henne om å takka Gud for ha kome velberga gjennom fødselen, og å ta godt vare på barnet. Dersom barnet var død, trøysta presten henne. Etter å ha velsigna henne gjekk han så frå henne, og ho kunne då saman med følgjet sitt gå inn i kyrkja. Etter preika skulle dei til alteret for å bera fram offer til prest og klokkar. Kvinna var gjerne kledd i ei eiga drakt for denne kyrkjegangen.

I 1754 vart ordninga frivillig, men skikken viste seg svært seigliva. På Stord vart alle mødrer innleidde til fram på 1860-talet. Då skjedde eit skifte. Kvifor veit me ikkje sikkert. Men truleg hadde det med sokneprest Johan Carsten Emil Kierulff (1862-1875) å gjera, og allmennt ei oppfatning om at skikken var i ferd med å verta umoderne. Kierulff var streng pietist, positiv til lekmannsrørsla og den som tok initiativet til det første indremisjonslaget på Stord. Han kan ha vore ein pådrivar for avslutning av tradisjonen.

Sannsynlegvis var det berre dei eldste og dei mest tradisjonstru mødrene som etter 1870 var inngangskoner slik dei hadde vore før. Dei fleste stader var det, som på Stord, slutt med skikken frå 1880-åra. Men i nokre prestegjeld varte den lenger, i Valle i Setesdal heilt til i 1980-åra! Og det var faktisk først ved liturgirevisjonen i 1975 at «mødres kirkegang» vart heilt borte frå det norsk kyrkjeritualet.

Meir om denne tradisjonen finst m.a. i H. Fæhn: Gudstjenestelivet i Den norske kyrkje. Fra reformasjonstiden til våre dager (1994) og A.H. Bolstad Skjelbred: Uren og hedning. Barselkvinnen i norsk folketradisjon (1972); nettversjonar i nb.no.

 

 

«Sunnhordland»  fredag 14. august 2015

Læregut i Gruo

Oddbjørn Kvålsvold

Litlabø kisgruber. Vaskeriet mm.

Litlabø kisgruber. Vaskeriet mm.

Gruva på Litlabø var i mange år Stord si viktigaste opplæringsverksemd. Her var det mange flinke fagfolk innan dei forskjellige yrkesfag  og fleire av forteljarane mine fekk si grunnopplæring ved Stordø Kisgruber. I tillegg til bergverksfaget var smed, mekanikar, tømrar, elektrikar og røyrleggar viktige medspelarar for å halda gruvesamfunnet i drift. Kurt Nysæter er ein av dei som fekk si grunnopplæring  i Gruo. Men først hadde han ein kort periode på anleggsarbeid.

I ein samtale fortel Nysæter om då han vart beordra til arbeid på Osternes festning som tyskarane starta bygging av i 1940. Kurt fekk tildelt ansvaret for  å sjå til ein kompressor, men jobben vart kjedeleg, og han trekte bort til nokre tømrarar som dreiv med brakkebygging. Dette såg ansvarleg «kommandant» og  ungguten vart trua med pistol og fekk eit «spark i revo». Slik handsaming godtok ikkje Kurt, så han gjekk på brakka og pakka saman sakene sine og reiste heim til Nysæter. Men han var ikkje trygg for fylgjene av opptrinnet.

Far til Kurt, Jørgen O. Nysæter  (1889 – 1947) hadde på denne tid arbeid ved arbeidskontoret på Leirvik. Kurt meiner at det var faren  som påverka saka. Osternes- affæren roa seg ned og han fekk læregutjobb ved Stordø Kisgruber. Her fekk Kurt ei allsidig og god opplæring i røyrleggarfaget med Lars Sørhus som læremeister. Han var med på installasjonar i husa til ingeniørar og leiarar, husa til arbeidarane hadde ikkje røyropplegg på denne tid. Vidare var det røyrmontering og vedlikehaldsarbeid rundt om på verksemda, servise- og reparasjonar av sentrifugalpumpene som vart nytta for å halda gruvegangane fri for vatn, hadde prioritet.

Som kjent vart drifta i ein periode stansa av det britisk-norske commandoraidet i januar 1943. Då vart mellom anna heismaskineriet, grovtyggaren og kompressorane sette ut av drift. Åtaket førte til stans i produksjonen fram til mars 1943, skriv Per Ivar Tautra i boka om Gruo.

Kurt hugsar at raidet førte til at nye arbeidsoppgåver måtte prioriterast. Han fortel om reparasjon av dampsentralen og strabasiøse turar ned i gruva for å sjå til pumpene. Før hadde dei nytta heisen som tilkomst, men etter raidet måtte han gå i titals på titals med stigar.  Gamleheisen var framleis intakt, men den var i dårleg stand og hadde liten kapasitet. Kurt fortel at han kvar dag måtte klatra i stigane ned heisesjakta for å sjå til pumpene. Oppturane frå 450 meter nede i gruva er sterke livsminne frå arbeidslivet. Å entra opp frå 9. sole, ca. 1500 trinn i stigar, dag etter dag, vart slitsamt. Vidare minka det med folk i gruvegangane i denne perioden. Dette skuldast at Direktoratet for fiendtleg eigedom som drifta gruva etter tysk kapitulasjon, vedtok at alt arbeid ved Stordø Kisgruber skulle stansa. Det var berre lensing av gruva og vedlikehald av anlegget som skulle utførast. Kurt hugsar at han sjeldnare og sjeldnare såg folk på sine vandringar ned til pumpestasjonane. Jobben vart fysisk tung, stussleg og einsformig  og Kurt bad difor om å få slutta av arbeidsforholdet fredsåret 1945.

 

Munnleg kjelde:             Kurt Nysæter  f. 1923

Skriftlege kjelder:            Per Ivar Tautra: Nye og gamle spor i Gruo – 2008

Øyvind Bjørnson: Gruva -1991

 

 

 

 

 

«Sunnhordland»  31. juli 2015

Søndagsskule og ungdomsarbeid i bedehusa

Oddbjørn Kvålsvold

Ein av dei som har vore aktiv i søndagsskulearbeidet på Stord er Adolf Rongevær i Nordbygda. I eit opptak eg fekk høve å gjera med han, fortel Adolf om søndagsskulen. Han byrja og delta i dette arbeidet ved Nordbygda bedehus i 1963. Rongevær som då arbeide ved Stord Verft som brennar, ønska å nytta fritida til meiningsfullt arbeid blant born. Som 27 åring tok han difor ansvar og vart med å drifta søndagsskulen saman med 3 – 4 lærarskulestudentar. Adolf fortel om stor tilstrøyming av born – ja, dugnadsgjengen for bedehuset måtte innreia nye  klasserom både i kjellar og loft. I ein periode var det heile 114 innskrivne born som møtte til samlingane i dei fire klasseroma.

Dei aktive lærarskulestudentane som var med i søndagsskulearbeidet var ei god støtta, fortel Adolf. Dei var flinke til å synja og spela på forskjellige instrument, noko borna tykte vel om. Dei blå stjernene i oppmøtekortet og gullstjerna etter fire frammøte var ungane påpassig med å få på plass. Ungane visste at godt frammøte gav heider på søndagsskulefestane.

Adolf Rongevær fortel og om ein annan aktivitet dei starta opp for gutar i alderen 15 til 20 år i bedehuset. Her fekk unggutane prøva seg i snikkarfaget. Dei laga ting som seinare vart lodda ut på basarar som bedehuset arrangerte. Vidare vart det starta opp ei Yngresgruppe i lag med lærarskule-studentar for dei mellom 12 og 16 år.

På Litlabø var det og eit aktivt søndagsskulemiljø. I ein samtale med Astrid Stokken fortel ho om barneåra då ho gjekk på søndagsskule i Gruo. Samlingane på søndagane var først på skulen, men vart seinare flytta til bedehuset på Dale, då det stod ferdig i 1936. Dette er ei tid Astrid har mange gode livsminne frå. Ho fortel om kvardagsklede og dei kleda som vart nytta når dei skulle på søndagsskulen. Leiarane som hadde samlingane var Gurine Håheim, Gustav Lundal og smeden Berntsen, fortel Astrid Stokken, som var søndagsskuleelev for 85 år sidan.

Ein annan av informantane mine, Knut Horneland, fortel om aktivt bruk av Horneland bedehus. Huset vart brukt både til misjonsforeiningar, søndagsskule, barneforeiningar, basarar, julefestar og møteveker. I hans barndom og oppvekst fekk bygda ofte vitjing av omreisande emissærar. Knut hugsar at gardane veksla på å gi husrom til  emissærane. Han fortel om dei forskjellige aktivitetane som var knytt opp mot bedehusmiljøet. I foreininga for gutane fekk dei læra å laga små setelbøker og belte. Desse vart utlodda på basarane, som det var mange av i forsamlingshuset på Horneland. Søndagsskulen er ein annan aktivitet Knut fortel om. Han hugsar at dei mest kreative gutane lurte seg til å låna stjernestemplet. Dei sikra seg såleis litt ekstra pynt i oppmøtekortet.

Samlingane av ungar om søndags føremiddag i bedehus, frelsesarmébygg og skulestover hadde stor oppslutnad i vår nære fortid, og var med å forma oss til gagns menneske. Dei fleste av dagens beste- og oldeforeldregenerasjon har minne frå tida vår i søndagsskulen. Der me fekk utdelt glansbilete og stjerner, og eit godt grunnlag for ungdom og vaksenlivet.

 

Munnlege kjelder: Astrid Stokken  f.1921

Adolf Rongevær  f. 1935

Knut Horneland  f. 1939

 

 

 

«Sunnhordland»  17. juli 2015

Dei første lastebilane til Sverre Litlabø

Oddbjørn Kvålsvold

Sverre Litlabø og lastebilen

Sverre Litlabø og lastebilen

Mange av forteljarane mine har livsminne som er knytt opp mot den verksemda som Sverre Litlabø (1919- 1990) dreiv på Stord. Sverre var berre 19 år då han fekk ansvaret for den første lastebilen som vart innkjøpt på Nedre Litlabø. Dette var i 1938 og forteljaren min, bror hans Ole, hugsar at den hadde tipp for lasteplanet, men måtte bruka  handsveiv. Dette var ein amerikansk  Dodge med enkle hjul også bak, og som lasta 2 – 2 ½ tonn.

Ole Litlabø har mange minne frå  turane med broren som grindgut. Ja, for grinder var det mange av på Stord på denne tid og det det var ein ærefull jobb med status å verta tilbydd ein grindgutjobb. Når det var tett mellom grindene, sto han klar på stigbrettet med eit godt grep i dørhandtaket. Så hoppa han av og opna og lukka grindene etter kvart som dei skrangla seg fram på grusvegane. På nokre turar låg grindopnaren på skjermen framme og «klora» seg fast i lykta. Den eldste lastebilen til Sverre, vart og rigga med benkeplass til ca. 20 personar og nytta til turkøyring.

Under krigen var det mange bileigarar som fekk montert vedgassgeneratorar på kjøretøya. Det var ein liten sylinder som produserte gass ved ufullstendig forbrenning av ved, knott eller torv. På grunn av bensinmangelen fekk og Sverre Litlabø laga og montert slikt utstyr ved bilverkstaden til  Ingebrigtsen i Smio på Leirvik. Då utstyret var montert på lastebilen og klart for prøvekøyring,  gjekk brannalarmen i kommunen. Det var gamle internatbygningen på Rommetveit som sto i brann, i januar 1943. Ingebrigtsen som var med i brannvernet, lasta opp brannpumpa og det vetle slokkingsutstyret som var tilgjengeleg på Vikjo, og tok utrykkinga som ein prøvetur med  ny vedgenerator på lastebilen. Internatet brann ned, men det er ei anna soga.

Etter krigen kjøpte Sverre Litlabø ein Ford, med V 8 motor, denne vart ferdigstilt i tunet på Nedre Litlabø. Faren som var smed, bygde lasteplanet med tipp, og rigga med benker, slik at bilen kunne nyttast til turkjøring. Lastebilane til Sverre Litlabø fekk seinare montert meir «profesjonelt» overbygg på lasteplanet. Etter kvart vart det montert røyrbøylar over lasteplanet, og onkelen som var skomakar, sydde presenning. Han køyrde turar til fjells og rundt omkring på stemner. Vidare er det mange som hugsar dei lengre turane med overnatting under vegs, til turnstevner og andre arrangement på støvete grusvegar. Sverre fekk godkjenning til å nytta lastebilen til transport av folk og plasserte då ein plakat i frontvindauga med tekst «Turbilløyve».

Før ferjene gjorde sitt inntog i Sunnhordland, vart bilen til Sverre ofte transportert på tvers over lukekarmane på ein båt til fastlandet. Ole fortel at broren hadde mykje materialkøyring frå Flatdal i Telemark til Bjoa. I periodar gjekk lastebilen nærmast i skytteltrafikk med byggemateriale, som vart lasta over på skøyter for vidare sjøtransport til Stord.

Første bilen med hydraulisk tipp vart innkjøpt i 1952, ein Diamond. Seinare vart turbussdrift ein del av næringsgrunnlaget. Diamond’en er teke vare på av familien, og står i garasjen i Se. Den minner oss om næringsverksemda som Sverre Litlabø dreiv, og som var til glede og nytte for mange i vår nære fortid.

 

Munnleg kjelde: Ole Litlabø f. 1932

 

 

 

«Sunnhordland»  3. juli 2015

Minne frå brugdejakt

Oddbjørn Kvålsvold

Brugdekanon

Brugdekanon

Brugdejakt var tidlegare ei viktig nærig og inntektskjelde for kystfolket. Ein av forteljarane mine, Jan Vikanes, var med Severin P. Vikanes (1926 – 2000) på brugdejakt langs norskekysten som unggut. Dette var i ein periode med lite brisling, og fiskebåtreiaren frå Vikanes utrusta kutteren, Vårsol for å delta på brugdefiske. M/K Vårsol hadde ein 50 hk Rubb i maskinrommet.

Brugda er ein stor haifisk som tidlegare vart hardt beskatta på grunn av gode prisar på leverolja. Denne vart brukt både i maling, i kosmetikk og medisinsk. I ein periode var og finnane (loffane)svært ettertrakta eksportvare til marknaden i Asia. Brugda lever av plankton og kan verta opp til 13 -14 meter lang. I dei største fiskane var det opptil 800 liter lever. Denne utgjorde opp mot 25 % av totalvekta. På grunn av fare for utrydding vart det i 2006 innført forbod mot norsk fangst av brugde.

Jan Vikanes hugsar godt førebuinga til brugdejakta. Severin P. hadde fått leigt ein harpunkanon frå Bømlo og hyrt to vante karar frå Brandasund som mannskap. Kanonen vart bolta fast på baugen og utkikstønna montert i masta. Dette var ein eldre munnladningskanon og  svartkrut vart målt opp i drammeglas i spissposar. Fyrste skotet vart gjennomført utan harpun i løpet og seinare vart det prøveskyting med harpun og mot utlagt mål på sjøen ved Vikanes. Jan fortel at harpunen dei nytta var ein lang spiss stålbolt/ spyd. På

Jan med flensekniven dei nytta

Jan med flensekniven dei nytta

midten var den flatslått med hol der forløparen, eit ståltau på 10 famnar, var festa. Enden på fangstlina av nylon vart så opp spola på vinsjetrommelen.Jan hugser at dei jakta brugda ned mot Skagen i Danmark, langs Vestlandskysten og nord til Tromsø. Det var oftast utkikken i tønna som fyrst registrerte brugda i overflatestilling, finnar som skar sjøskorpa. Da sprang alle til sin post. Når skyttaren fekk inn eit velretta skot, gjekk harpunen tvers gjennom brugda og vart liggande på tvers når dei vinsja inn på fanglina. Mannen ved vinsjen kunne så hala fangsten inn til skutesida. I denne posisjonen vart den avliva, med eit velretta skot frå mauseren i hovudet. Det hende at skotet bomma eller trefte for langt bak på fisken. Då vart det dramatiske minuttar før eit velretta skot vart plassert. I slike situasjonar slo den kraftige sporen på fisken desperat og kunne lett skada både båt og mannskap.

Når brugda var avliva, vart det festa ei lina i eine loffen for å halda ho inn til skutesida. Så vart buken spretta opp med flensekniv og levra frigjort. Denne vart teke ombord med ein flat håv som ein brukte saman med bom og vinsj. Resten av fisken vart frigjort og sokk til botnen, berre levra vart nytta i denne perioden, fortel Jan Vikanes.

Oljen vart levert hjå Rieber i Bergen og til kvalfangarstasjonen i Tromsø. Jan hugsar at leveroljen hadde ein spesiell konsistens og lækjande eigenskap. Dei hadde alltid ei bøtta med brugdeolje på dekk. Fikk dei ei rift i neven av eit ståltau eller verktøy, så duppa dei neven i bøtta og såret grodde fort.

Nokre gonger trefte dei på brugdeflokkar som gjekk og beita i raudåtdottar. Det kunne vera 10 – 15 fiskar som gjekk i ring, med ope gap og «beita». Då kunne kutteren siga inn mot flokken og dei hausta fleire dyr utan at hovudflokken vart skremt vekk.

 

Munnleg kjelde: Jan Vikanes – f. 1945

Digital kjelde: fiskeri.no

 

 

«Sunnhordland» 19.juni 2015

Malvin Pedersen sin motorverkstad på Leirvik

Oddbjørn Kvålsvold

Malvin Pedersen mek. verkstad

Malvin Pedersen mek. verkstad

Ei av dei tidlegare industriverksemdene i hamna på Leirvik var verkstaden til Malvin Pedersen Stenberg (1889-1977) på skotabergsida. Verksemda starta som ei bygdesmia, og vart utvida til mekanisk verkstad i 1916. Pedersen utførte reparasjonar av motorar, dampmaskiner og andre fabrikkmaskiner. Vidare fortel samtidskjelder at han laga og monterte båtmotoren «Solid». Desse motorane vart laga i forskjellige storleikar, 12 – 22 og 35 hk. Malvin Pedersen motorverkstad var i drift til 1958, og bygningen vart seinare flytta til Skånevik.  I dag kan vi sjå verkstaden som ein del av samlinga til Norsk Motormuseum i Skånevik. Her formidlar dei korleis motorane til Pedersen vart produserte, med tre-modellar, former, støyping og tilpassing..

Ein viktig del av arbeidet til verkstaden var reparasjonar av båtmotorar. Det vert fortalt at før fiskesesongane låg det alltid fleire skøyter utanpå kvarandre og venta på at dei motorkyndige skulle koma til unnsetning. Verkstaden hadde og eit stort støypt kar som vart nytta til barking av nøter. Vatn til barking fekk dei frå eit myrområde, i haugen på andre sida av vegen.

Forteljaren min Marion Neset, har livsminne frå oppveksten med smie og verkstad som nærmaste nabo. Ho vakna ofte når faren starta opp smihammaren i verkstaden kl. 7 om morgonen. Av dei som arbeide i lag med faren hugsar ho m.a., Knut Ås, Einar Engelsen og Anker Mikal Gravdal. Brødrene til faren, Paul og Johan Stenberg var sjømenn, men i friperiodane arbeide dei ofte i verkstaden på Skotaberg. Også brødrane hennar, Olaf og Johannes, arbeidde hjå faren når dei var heime frå sjøen. Marion hugsar at det budde læregutar, som hadde kost og losji i heimen.

Malvin Pedersen tok på seg monteringsarbeid  og reparasjonar hjå andre verksemder og. Me veit at i 1939 var han ute i Mosterhamn på arbeid. Her monterterte han ein to-sylindrar, dansk 90 hk «Gamma», i samband med kalkdrifta i Televika. Vidare var han på oppdrag på Tysnes, men kanskje mest på Kjøtteinen og Clupea. Der ute hadde han ofte med seg fleire mann og dreiv på den måten utleigefirma i periodar, fortel Marion.

Det var mora Thea (1899-1979), som hadde ansvar for rekneskapsbøker, utrekning av løn til arbeidsfolk og skreiv ut rekningane til kundane. Som ungjenta gjekk Marion rundt med rekningane i nærområdet, m.a. til AS Stord. Der fekk ho utbetalt pengane med det same, og var alltid litt redd når ho gjekk på heimveg. Sjølv om det aldri var noko problem, så hugsar ho enno spenninga kvar gong ho gjekk framom «splintahuset» på Bjelland med pengane i veska.

 

Digitale kjelder: steinrikebomlo.no, –stp-norway.com

Skriftleg kjelde: Det norske næringsliv – 1952

Munnleg kjelde:            Marion Neset, f. 1931

 

 

 

 

«Sunnhordland » 5-6   2015

Gudleik i Huglo – den første kjende «stordabu»

Egil Nysæter

Påskelaurdag 13. april i året 1314 var Gudleik saman med mykje anna gjævt folk frå Sunnhordland og Hardanger til stades på garden Øvrebø på Borgundøya. Dei var der for å taksera det godset som Torkjell bonde då overførte til svigerdottera Ingegjerd etter at sonen Askjell var død. Og det var ingen liten formue det var tale om. Den var verdsett til 62 kyr. Noko av denne eiga hadde ho hatt med seg heimanfrå som dotter til Torgaut på Aga i Hardanger.

Takseringa vart nedskriven i eit eige dokument som no er i Riksarkivet i Oslo og ei avskrift er trykt i Diplomatarium Norvegicum (DN). Underskrivarane på dokumentet er abbed Eirik og bror Aslak frå Halsnøy kloster saman med Ingebjørg på Skjelnes, Peter på Sandven, Sigurd på Torsnes, Jon på Norheim og til sist «Gudleikr j Huggul». Mest sannsynleg er dei rekna opp etter rang og alder. Frå andre kjelder veit me ein del om Peter og Sigurd. Dei var begge gift med to søstre frå garden Norheim i Kvam, og dei høyrde til den regionale eliten, adelen, på denne tida. Det same var nok tilfelle for Ingebjørg sidan ho er nemnt først, og for Jon som må vera frå den såkalla «Norheimsætti».

Kva så med Gudleik? Han er ikkje nemnt i andre dokument og me veit difor ikkje sikkert kva som knytte han til dei andre underskrivarane. Men sannsynlegvis har lokalhistorikaren Olav Kolltveit rett når han hevdar at alle «må høyra til same ættarkrinsen».

Tretten år seinare, i 1327, er ein Ogmund i Huglo vitne for Halsnøy kloster i tvisten om grensene for skogteigen Indreteigen på Skorpo i Tysnes. Ogmund og Gudleik var kanskje i slekt med kvarandre. Sidan gardane på Sørhuglo var klostergods, er det mest truleg at desse to var bufaste på Nordhuglo.

Det har vore peika på at det i seinmellomalderen var uvanleg mange namn på Huglo og Skorpo som byrja med Gud-, såleis Gudleik begge stader i ei skatteliste frå 1518. Med utgangspunkt i den kjende bautasteinen frå Nordhuglo meinte stadnamngranskaren Eivind Vågslid at dette kunne «tyda på at det hev vori ei gamal hovdingætt på Huglo der kver einskild hovding hev hatt yrkesnemnet gud.»  Og gud er då ikkje å forstå som Gud, men eit ord for hovding.

Gudleik i Huglo er den første me veit namnet på frå det området som i dag utgjer Stord kommune. Men han var nok ingen stordabu i moderne tyding av ordet. I mellomalderen er Stord alltid å forstå som øya Stord. Dei gardane som er nemnde på 1400-talet seiest å liggja i «Årlands (Ådlands) kyrkjesokn på Stord i Kåravika skipreide på Sunnhordland». Etter reformasjonen 1537 kom det nyskipa Stord prestegjeld til å omfatta hovudsokna Stord med Fitjar og Valestrand som annekssokner. Omgrepet stordabu skriv seg vel helst frå 1800-talet etter at prestegjeldet vart eigen kommune og soknene vart eigne kommunar frå 1860-talet.

 

Viktigaste kjeldene er DN I nr. 142, jf. Regesta Norvegica III nr. 890; Jo Rune Ugulen: «…alle the knaber ther inde och sædescwenne…». Ei undersøking i den sosiale samansetjinga av den jordeigande eliten på Vestlandet i mellomalderen (2006/2008); Olav Kolltveit: Odda, Ullensvang og Kinsarvik i gamal og ny tid (1963); Eivind Vågslid: Stadnamntydingar IV (1984).

 

 

 

«Sunnhordland » 22-5   2015

Gråtassen kjem til Vikjo

 Oddbjørn Kvålsvold

Gråtassen og artikkelforfattaren

Gråtassen og artikkelforfattaren

Den første gråtassemodellen som kom til Vikjo i 1948, tok Henry Ferguson til å produsera like etter andre verdskrigen. På denne TE 20 modellen vart det nytta både bensin og parafin som drivstoff. Modellen var eit symbol for mekaniseringa i landbruket, ein «folketraktor» kalla Gråtassen. TE 20 var ei teknisk nyvinning med trepunktssystem og hydraulisk løft. No kunne bøndene løfta reiskapen opp og ned ved hjelp av hydrauliske løftearmar bak på traktoren.

Forteljarane mine hugsar godt då første Gråtassen kom til Vikjo, og vart parkert ved det gamle meieriet, i Borggata. Før hadde bøndene nytta plassen til hestane sine, men i 1948 vart det parkert ein skinnande grå Ferguson  der for første gong. Bøndene på Stord hadde teke opp ideen om å skipa eit traktorlag i kommunen.

Per Stuve var berre ein unggut då traktoren var på plass ved meieriet. Han hugsar at det var reine «dyreskue», der hestane før hadde stått med mulen langt ned i høysekken. Her vart det nye tekniske vedunderet  «vurdert og kommentert». Ja, ein av dei skodelystne hevda hardnakka at bakdekka var feil montert. Han meinte at jarnhesten hadde kome seg lettare fram om dekkmønsteret hadde vore andre vegen. Per fortel og ei herme frå tinging av traktorarbeid. Telefonvakta heime hjå driftsansvarlig kunne fortelja «at sjåføren var ikkje heime, for han var ute med svansen sin». Bøndene betalte timepris for arbeidet, men dei som var medlemer i traktorlaget fekk litt rabbat.

Per Høyland meiner det var omlag 20 bønder som gjekk i saman i traktorlaget og kjøpte inn ein Ferguson, TE 20 med motor på 26 hk og diverse moderne utstyr. Etter kvart vart det kjøpt både slåmaskin, 1 og 2 skjers plogutstyr, skål og fjørhorv, fræs, høy og silosvans, utstyr som dei kunne tinga for å letta arbeidet på garden.

Per fortel at på Høyland kjøpte dei eigen traktor i 1964, ein Ford Dexta. På garden hadde dei tidligare brukt 1 ½ månad til slåtten, men med eigen traktor og moderne utstyr og silo, tok slåtten knapt ei veke.

Per Stuve hugsar at faren kjøpe den første traktoren, ein Gråtass, til garden i 1956. Noko av utstyret vart innkjøpt saman med Peder Kannelønning. Dei to gardane brukte traktor og utstyr i lag, m.a. kjøpte dei inn spreiar for kunstgjødsel svært tidleg.

Far til Per Lundemannsverk var og med i traktorlaget, då det vart skipa på Stord. Kvar gong dei planla slått eller anna traktorarbeid, så ringte dei til Lauritz Hystad og tinga hjelp. Lauritz var ein av dei få bøndene som hadde sertifikat på denne tid, og han hadde driftsansvar for traktor og utstyr dei første åra.

Hjå Per Lundemannsverk vart første traktoren innkjøpt i 1956, ein Gråtass. Som mange av dei eldre gardbrukarane i 1950 åra vart aldri far til Per heilt «dus» med traktoren. «Hestekarane» hadde lett for å gløyma at dei måtte trakka inn kløtsjen når ein skulle gira elle stansa. Vidare tviheld mange i rattet og sa pro- prooo…, når ein kom i litt kritiske situasjonar.

 

Munnlege kjelder: Per Høyland f. 1931, Per Lundemannsverk f. 1937 og Per Stuve f.1940

Digital kjelde: Wikepedia.no

 

 

 

 

«Sunnhordland»  8.mai 2015

Som unge misjonerer i Kina

Oddbjørn Kvålsvold

Petra og Helga saman med kinesiske vener

Petra og Helga saman med kinesiske vener

Mange frå Stord og Sunnhordland har reist ut som misjonærer og forkynt evangeliet under fjerne himmelstrøk. Ein av forteljarane mine,  Petra Hannisdal, vart med foreldra på deira andre tur til misjonsmarka til Kina i 1931. Dei skriftlege kjeldene, som skildrar kvardagen for misjonsgjerninga i framande land, fortel om store fysiske og psykiske påkjenningar.

Far til Petra, Einar Hannisdal frå Osterøy, fekk kallet som ung.17 år gamal tok han til på Fjellhaug Misjonsskole i Oslo. Einar var enno ikkje myndig, men fast bestemt på å via sitt liv til å omvenda andre menneske til si eiga tru og spreia den glade bodskapen som misjonær. Etter misjonsskulen var han i England og deltok på eit samarittkurs for å læra om smittefare, medisinar og grunnleggjande helsestell.

Einar Hannisdal (1898-1985) reiste etter englandsstudium ut  på sin første tur til misjonsmarkene i Kina. Dette var hausten 1921, og han var berre 23 år gamal. Hannisdal var då trulova med Eli Hystad (1897-1967), som hadde utdanning frå seminaret på Rommetveit og skula i Stord kommune.

Etter ei lang reise på over fire månader via Amerika og Japan tok Einar fatt på språkstudiet ved misjonsstasjonen i Ankang. Etter to års studium, hadde han lært kinesisk, og Eli  kunne koma etter han til Kina. Forteljaren min skildrar frå dagboka til mora turen til Asia i 1923. Ein tur som tok 4 månader. Eli reiste med båt langs Europa, Suezkanalen, Indiahavet og opp til Shanghai. Her feira foreldra bryllaup dagen etter at båten klappa til kaia. Misjonær Hannisdal hadde tinga vigsleseremoni i den engelske kyrkja i byen. Mora tok til å læra kinesisk så snart dei var etablerte på misjonsstasjonen i Ankang, ein by som ligg langt inne i landet. Dagbøkene etter foreldra fortel om farens strabasiøse reiser til utestasjonar, mens mora dreiv språkstudium, og seinare med forkynning  blant kvinner og barn i nærområdet. Reisene  gjekk med «skrøpelege» båtar utan motorkraft, og på små kjerrevegar og stiar på land. Vidare var angsten for å verta angrepen av opprørar og ransmenn konstant.

I 1929 hadde foreldra til Petra planlagt ei vitjing til familien i Noreg, men før dei kom så langt, fekk son deira Anders, som da var tre år, meslingar. Utan tilgang på vestleg medisin og legehjelp døydde han etter kort tid. Faren laga kista av bokhylle, og foreldra gravla sonen på misjonsstasjonen før dei tok fatt på reisa til Noreg.

Eli og Einar Hannisdal hadde no tenestegjort i Kina-misjonen i 8 og 6 år og var både fysisk og psykisk slitne. Dagbøkene fortel om heimreisa som tok 2 månader. Først med elvebåt ned til Shanghai, og så vidare med lastebåt til Dalian. Så tog til Harbin og vidare med den Transibirske jernbane, via Moskva og Helsinki til Europa.

Etter to år i Noreg måtte foreldra på nytt reisa ut til misjonsmarka for Kinamisjonsforbundet. Søknaden om forlenga norgesopphald vart avslått av leiinga. På denne reisa var Petra med, ho var då eit år gamal. Tilhøva for misjonærane i Kina hadde forverra seg monaleg, og misjonærar vart drepne og stasjonar angripne.

Då Petra var to år og veslesystera Helga to månader, måtte familien i lag med andre misjonærar trekka seg ut frå stasjonen i Ankang. Dei komande tre åra vart turbulente og vanskeleg for misjonærane. Barnebarnet deira, John Einar Sandvand, skildrar i si bok, «Å flytte fjell», både intern motgang i arbeidet, sjukdom, naturkatastrofar og kommunistane sin krigsaktivitet i Shaanxi- provinsen.

Hausten 1935 reiste Hannisdal-familien attende til Stord, dei avslutta då sitt arbeid i Kinamisjonen. Petra har fleire minneglimt frå reisa som tok 2 ½ månad. Først med båten frå Shanghai til Marseille i Frankriket. Mellom anna hugsar ho då dei låg og venta ved Suezkanalen. Italias Musselini kom då med sine troppestyrkar gjennom kanalen på veg til Etiopia for å invadera landet. Petra hugsar at mange båtar var på veg sørover kanalen og alle folka hadde like klede, brune uniformer. Foreldra har i ettertid fortalt om reisa gjennom Europa til Stord, og at ho stadig spurde; «Er dette Noreg no»?

 

Munneleg kjelde: Petra Hannisdal – f. 1930

Skriftleg kjelde: John Einar Sandvand: «Å flytte fjell» – 2005

 

 

 

 

«Sunnhordland»  24.april 2015

Fraktefarten – «levebrød» for mange familiar

Oddbjørn Kvålsvold

Kutteren Joøy

Kutteren Joøy


 

 

 

 

 

 

Fraktefarten langs kysten gav inntekt til mange familiar i vår nære fortid. Før trailerane tok over mykje av varetransporten, var dette ei næring som gav arbeid og inntekt til mange på Stord.

Ein av forteljarane mine, Erik N. Saue, hugsar godt første turen han hadde som mannskap på ein liten båt i 1944. Turen gjekk til Bergen saman med Oskar Vikanes (1924- 2006), som hadde kystskippereksamen. Båten hadde fått oppdrag i Bergen hamn og turen opp dit, sit i minne. På veg nordover fikk båten motortrøbbel og søkte nødhamn. Forseinkinga medførte at dei måtte liggja ved verkstadkaien ved Håkonshella og venta på dagsljos. Minefelta i innseglinga til Bergen, kunne berre passerast om dagen. Erik N. meiner at dette var eit lykketreff, dei unngjekk dermed å vera i nærleiken til båten som eksploderte på Vågen 20. april 1944.

Etter brislingfisket i 1945 vart Erik N. med og frakta teglstein frå Bø Teglverk på Nord – Karmøy med M/S Falken. Mykje stein vart frakta med den vesle båten, som berre lasta 50 tonn. Det var mange laster til Rubbestadnes og Hardanger, men han hugsar og turar til Drammen med teglstein eller sildemjøl. Sørover langs kysten kunne det unge mannskapet på tre, berre gå i dagsljos på grunn av minefaren. Returlast vestover var ofte gjødsel.

I 1947 vart han medeigar i  kutteren M/K «Joøy», som lasta 150 tonn. Den gjekk i «Osloruta», med last mellom Haugesund og Oslo sumar og haust, men vart nytta på fiske i vinterhalvåret. Langs heile Sørlandskysten hadde meklaren skaffa oppdrag, med Oslo som endestasjonen kvar 14. dag. Ruta medførte mykje tungt fysisk arbeid, med manuell lasting, lossing og stuing i rommet. Lasta var variert og arbeidskrevjande, levert som enkelt komponentar. Spader, spitt og hakke, plogar og harver samt poteter og grønsaker i sekker og armeringsjarn som langstål. Me må hugsa at dette var før pallar og gaffel truck forenkla stykkgodstransporten. Både gjødning og sementsekker på 50 kg måtte stuast manuelt i rommet på båten. Lastene med «bittersalt» til garveriet i Flekkefjord kom i 100 kg sekker. Sekkene vart låra direkte frå utanriksfartøy, ned i rommet på fraktebåten og det var eit «blodslit» å stua lasta. I Oslo var det hamnearbeidarar som tok seg av lossing og lasting. Sjauarane var ein fargerik arbeidsgjeng og Erik N. hugsar enno «slengnamna»  på nokre av dei. Fleire av desse hadde alkoholproblem og var lite «setande» dei to siste timane av arbeidsdagen.

Båten Erik N. var medeigar i, frakta i periodar gjødning frå Herøya til Møre. I Ålesund fekk dei møbellast til Kirkenes og hadde saltfisk som returlast. Erik N. fortel at han hugsar kor provisorisk kaiene var der nord på denne tid. Tyskarane hadde sprengt og brent både kaier og sjøhus under tilbaketrekkinga.

Kontakten med meklaren for båten og eigen familie, var vanskeleg og tidkrevjande for 50- 60 år sidan. I Oslo  og byane var det bestilling av samtalen på telegrafstasjonen og venting til dei vart ropt opp, – «Sagvåg i boks 4». På dei mindre plassane måtte dei låna telefon i privathus og tinga samtalen. Så vart samtalen sett opp frå nærmaste telefonstasjon når linjer var klare og tingaren ringt opp att. Ja, mobilen har nok sine fordelar !

Munneleg kjelde: Erik N. Saue – f. 1924

 

 

«Sunnhordland»  10.april 2015

Minne om splintefylgje på Horneland

Oddbjørn Kvålsvold

Den eldre generasjonen har mest alle minne om fantane, splintane eller dei reisande som dei og vart kalla. Desse omvandrande familiane har aldri vorte elska av samfunnet dei har levd i og utafor. Mange i Sunnhordland hugsar dei som reisande med båtar og som lenda i rolige viker der dei ankra opp. Nokre plassar fekk dei midlertidige husvære eller nytta naust til overnatting.

Ei av forteljarane mine, har fortald livsminne om då Sander-familien banka på stovedøra hjå foreldra på Horneland. Dette var i 1942, og det hadde lagt seg novembersnø på bakkane, så ute var det kaldt og ufyseleg. Ragnhild Digernes som fortel meg soga, hugsar det hadde vorte mørkt på ettermiddagen, då splintemor Gunvor, sto i døra med barneflokken. Gunvor var kona til Aleksander Leonard Pettersen (f. 1890 – d. 1969). Splintemor klaga si naud, og bad om husvære for seg og sine, natta over. Ragnhild hugsar at ho nytta den mjukaste stemmen nokon kan prestera. Mora Inga var skeptisk, ho var redd for å få lus i stova. Men Gunvor lova at det ikkje skulle verta «ei halv lus» att etter dei losjerande.

Der det er hjarterom er det husrom, og kvardagsstova vart ominnreia. Klaffane på langbordet vart slått ned og bordet plassert inntil veggen. Faren Nils Horneland og besten Ånen for til løa og henta kvar sit fang med halm, som vart lagt ut på golvet. På stovegolvet fekk to gutar i 10  – 12 årsalderen og to vaksne jenter liggeplass, saman med hunden deira. Splintakona fekk kroa seg saman på divanen i stova. Familiefaren sjølv gjekk til Bjelland, han ville overnatta hjå broren, som budde der. Ragnhild hugsar og at kona til Sander’n kunne lesa, men ikkje dei to jentene i slutten av tenåra. Ho fortel at Gunvor sat og las høgt frå gravferdssalmane etter bestemora til Ragnhild på Hornelandsgarden, som nett var gravlagt.

Med til historia om fantane som overnatta i kvardagsstova på Horneland, høyrer at alle dei losjerande fekk ein god frukost, før dei rusla til båten nede i vågen. Og splintekona  held ord, ingen i familien til Ragnhild fekk luseplager etter vitjinga.

Ein annan av forteljarane mine, Knut Horneland, hugsar at det ofte var vitjing av splintane. Knut fortel om ein kald vinter i krigsåra, då det gamle bedehuset på Horneland vart nytta til bustad. Ein ung omstreifarfamilie (splintar) lei vondt i vinterkulda. Dei oppheld seg i nærområdet og hadde ikkje noko husvære. Men ekteparet fekk bu vinteren gjennom på bedehuset med dei to små borna. Han meiner at innkvarteringa i bedehuset, kanskje berga livet til dei små.

Hornelandsvågen var ein plass der det ofte oppheld seg reisande omstreifarar. Knut fortel om minne frå møte med «Sanderfamilien» og stamfaren, Aleksander Pettersen. Han minnest «Sanderen» som ein myndig kar med hatt og store bartar. Båten familien reiste med bar namnet, «Løvebåten», og husværet dei nytta i Alnavågen i ein periode, kalla dei sjølve «Fredens bolig». Knut hugsar at det alltid var spanande å få splintar til gards. Dei kom med vispar, kjelar, spann og anna utstyr dei ville selja. Han fortel om kor flinke dei var til å tigga, med velvalte ord. Mange omstreifarar var dyktige handverkarar, og kunne sitt blekkslagaryrke. Dei utførte fortinning, naudsynte reparasjonar på kasserollar og utstyr, og var flinke med loddebolten. Knut fortel at heime på garden hjå dei, fekk splintane laga og montera takrenner på huset.

Munneleg kjelde: Ragnhild Digernes- f. 1933

Knut Horneland- f. 1939

Digital kjelde:      kyst-norge.no

 

 

 

«Sunnhordland» 27.mars 2015

Krambua på Mehammar

Oddbjørn Kvålsvold

Mehammar 2 - Kopi

 

 

 

 

D/S Aalvik legg til kai  ved krambua på Mehammar

Dei gamle krambuene som nokre av oss enno hugsar, var i tidligare tider ein viktig møteplass for folket i bygdene. Landhandelen var ikkje berre forretning, men og i stor mon ein kulturinstitusjon, der bygdenytt skulle forteljast og kommenterast.

I boka «Det norske næringsliv» av 1952, finn eg fylgjande om ei slik krambu.

« Forretningen ble startet av Helge J. Mehammer i 1907. I 1942 ble forretningen overtatt av sønnen Tollak H. Mehammer. Virksomheten omfatter omsetning av landhandelsvarer som: kolonial-, mel- og fetevarer, glass, steintøy, kjøkkensaker, verktøy, redskaper, stoffer, manufaktur, skotøy, fiskesaker, m.m. Jord- og husdyrprodukter samt bøker i kommisjon. H.S.D.s skip opptok anløp av stedet straks etter starten og ble da ekspedert med båt. Poståpneri ble også opprettet med grunnleggeren som poståpner»

Harry Mehammer voks opp i krambumiljøet, i ei tid da båtanløp og handelen på butikken styrte dagsrytmen til foreldra, Marta og Tollak. Harry har barneminne frå 1940 åra, når bygdefolket sat og venta på dampen og det var folksamt i den vesle butikken. Det å møta på kaien til «dampen», var ein av attraksjonane i samtida. Alle varer og post til Mehammar, Eide, Raunholm og Børtveit kom med båt 3 – 4 gonger for veka. Vidare vart sendingane av slakt og levande dyr, ekspedert over dampskipskaien på Mehammar. Harry fortel, at om sumaren vart kundekrinsen til krambua, utvida med handel frå Tornes og Skår på Tysnes. Det var HSD båtane, DS Aalvik, DS Fjæra, MS Tysnes og MS Granvin som gjekk  under krigen, men han hugsar og DS Stord, DS Søndhordland  og DS Hardangeren, for og nemna nokre. I slutten av krigen vart rutene innskrenka på grunn av mangel på brennstoffolje og kol. Det vart sjeldnare anlaup og dampbåtane vart fyrt med ved.

Varene kom i sekker, tønner og kassar i laus vekt og posisjonert opp i posar og spann. I krambua var det ein disk med skuffer under. Her vart mjøl, sukker og gryn oppbevart og kundane fekk oppvegd etter ynskje. Handelsmannen måtte ha litt av alt, som bygdefolket hadde bruk for. Både sirup, grønsåpa, parafin og tjøretønna høyrde til i krambua. Desse varene var ein viktig del av hushaldet for 60 år sidan. Harry hugsar at mange «handla på bok» og restansane kunne hopa seg opp for nokre. Handelsmannen hadde sine krav som kom frå grossistar og Harry hugsar at faren måtte be om utsetjingar, til han fekk meir inn av det uteståande.

Butikken hadde ikkje faste opningstider, men hovudaktiviteten var når sør og nordgåande rutebåtar la til kaien. Da samlast bygdefolket og det kunne verta trongt på benken utføre disken. Krambua på Mehammar var som mange andre plassar, ein sosial samlingsstad for bygdefolket, der ein fekk høyra nytt både frå  inn og utland. Mange togg skråtobakk på denne tid og Harry hugsar at spyttebakken vart flittig nytta. Han har og minner frå ei julaftan, da mora måtte venta lenge med julematen. Faren vart oppteken med ein kunde som utførte julehandelen på «overtid».  På Mehammar var det ein talestasjon som vart nytta til kommunikasjon med omverda, men butikken hadde og telefon. Denne vart brukt til varetinging, kundar og av mannskap på båtar som kom oppom.

I 1965 vart vegen mellom Agdestein og Levåg opna. Dette var eit stort framsteg for heile Stordøya og for smågrendene på austsida spesielt. No var det ikkje berre sjøen, som batt grenda til omverda. Butikken på Mehammar vart avvikla i 1960 åra, nokre år etter at handelsmannen døde. Men krambua vart teken vare på. Den står i dag på Sunnhordalandstunet på Leirvik og minner oss om korleis ein av dei viktigaste samlingsstadane såg ut i vår nære fortid.

Munneleg kjelde: Harry Mehammer – f. 1938

Skriftleg kjelde: Det norske næringsliv – 1952

Digital kjelde:  Wikipedia

 

 

«Sunnhordland» 20.mars 2015

Lønningsposar og klingane mynt

Oddbjørn Kvålsvold

Lønningsdagen  med utdeling av lønningsposen, vert hugsa som ei høgdepunkt av mange. Sjølv om innhaldet ikkje var overraskande, så fekk ein kvitta seg med uteståande gjeld og nokre kunne få realisera nye innkjøp. Når eg byrja på Kjøtteinen i 1958 kom arbeidsleiaren rundt med lønninga på fredag, og mange av hybelboarane reiv i  eit patentsmørbrød på Tesalongen om kvelden. Dette var lenge før fredagspilsen var lansert i enkelte miljø. Lønna gav lite slingringsmon til «utskjeielser» for folk flest.

Frå 1971 var det slutt på klingande mynt i lønningsposane på Kjøtteinen. Lønna til arbeidstakarane ute i produksjonen, vart overført banken direkte. Alle som ynskje det, fekk utdelt sjekkhefte. Funksjonærane ved  verftet hadde «prøvekøyrt» sjekksystemet i nærmare 10 år. Stord Sparebank og Sunnhordlandsbanken etablerte eit vekslingskontor ved verftet. Dette hadde kontortid kvar fredag mellom kl1130 til  kl1300. Her fekk dei som ynskte kontantar, ta ut lønna. Etter nokre år, gjekk sjekk ut på dato og betalingskort vart ein mellomstasjon, mot det «pengelause samfunn»?

Ei av informantane mine, Anna Barmen, har fortald livsminner frå arbeidet med lønningsposane. Dette var eit tidkrevjande og møysommeleg arbeid, når fleire hundre lønningsposar skulle klargjerast kvar veke. Ho byrja på AS Stord i 1950 og var med å rekna ut lønn og fordelte kroner og ører i kvar enkelt pose. På denne tid hadde deler av administrasjonen kontor nede på kaien, og dei var nærmaste nabo til sildoljefabrikken. Her var det kontorfasilitetar for  disponent Onar Onarheim, rekneskapsjef Markus Fostervoll, kasserar Trygve Grøsvik, rekneskapsførar Otto Andersen og sekretær Reidar Johannesen. Og på forrommet satt kontordamene. Borte i eit hjørne var det telefonteneste, og her kom folk frå fiskebåtane og lånte telefonen. Anna hugsar at i sildesesongen var det stor trafikk framom arbeidsplassen hennar, lufta vart «parfymert» av fiskarane som skulle ringa.

Informanten fortel at dei nytta ei sylindrisk «sveivemaskin», for å rekna ut lønna for kvar enkelt. Ein type reknemaskin, som vart brukt av mange på denne tid. Grunnlaget for lønnsutrekninga, lønnssats og timegrunnlag var det «timekontoret» som leverte jentene. Vidare måtte dei forskjellige trekk som kvar enkelt lønnsmottakar hadde, trekkast frå. Utbetalt forskot, husleiga, skatt og avgifter var vanleg, og så barnebidrag for nokre. Når sluttsummen var avstemt, vart pengane tinga i banken.

Løparguten som til vanleg sykla, kom denne dagen i drosje med pengane frå Vikjo. Han hadde med seg både store og små settlar, og myntar ned til 1 og 2 øringar. Kontorpulten hennar var fylt opp med pengar og lønningskonvoluttar denne dagen . Pengane skulle leggast i dei ferdig lønningsposane. Beløpet i og utanpå posen måtte stemma til siste øre og avstemmas mot uttak i bank. I sildesongen var det mange «lossegjengar»  som  skulle ha løn, og nye lønningsposar skulle vera klar til utlønning kvar veka.

Anna hugsar at nokre få, ynskte spesialhandsaming. Kvar gong dei fekk akkordoppgjer, ville dei  at summen skulle delast på to lønningsposar. Me kan anta at den eine posen fekk konemor på vanleg måte, men at den andre posen var til meir privat bruk, kanskje til hygge og glede?

Munnleg kjelde:            Anna Barmen – f. 1929

Skriftleg kjelde:            «System- Posten»

 

 

Tvangslevering frå  gardane

Oddbjørn Kvålsvold

Under 2. verdskrig måtte gardane levere varer til okkupantane og lokalsamfunnet. Det var kontrollører som reiste rundt på vegne av Forsyningsnemnda i kommunen, der Finn Haga (1898-1983) var leiar. Desse målte opp driftsareal og påla innlevering av både kjøtt,  korn og andre livsviktige forbruksvarer. Torbjørn Haga som vaks opp på ein gard med 40 mål innmark og 100 mål utmark, har fortalt meg om leveransane til krigsherrane og Stordsamfunnet i krigsåra 1940 -45.

På heimegarden til Torbjørn i Haga, var det god kornjord og mykje av arealet vart brukt til kornproduksjon i okkupasjonsåra. Jordsmonet egna seg godt til både bygg, havre og kveite og mogent korn vart skåren med sigd. Kornbanda vart samla i rauk på tretten band og seinare tredd på kornstaurar med aksa vendt mot sør. Det trettande som ein hatt på toppen. Etter tørke ute og tresking på låven, vart avlinga delt etter pålagt tvangslevering. Kvantumet Forsyningsnemnda kravde vart transportert til Frugård Mølle, ein del vart sett til side til eige hushald på garden og såkorn for komande år. Men Torbjørn hugsar og at han var med far sin å skar ut lagringsplass for nokre sekker korn i løa. Med ein høykniv  skar dei ut holrom inne i høystålet, der nokre sekker korn vart mellomlagra. Desse vart seinare transportert i «mulm og mørke», til møllaren i Frugården og foredla til mjøl. Torbjørn hugsar at det mellom anna var ein enkemann i Bergen, som faren sendte mjøl til. Mange mjølposar vart transportert til Klingenbergkaien, der styrmannen på dampbåten sytte for vidare transport til Bergen.

Produksjon av poteter og grønsaker, var ein viktig del av gardsdrifta og kosthaldet i dei fem krigsåra. Volumet av potetbingen vart oppmålt og registrert. Avling og leveransar var under kontroll og kunn poteter til hushald og såpoteter vart helde utafor Forsyningsnemndas styring.

Ein gong vart foreldra til Torbjørn pålagt å levera ein viss mengde kjøtt til tyskarane. Dei hadde på denne tid ein hest på 27år, som var utsliten og lite tess. Faren Johannes Haga (1889-1946), gjorde da avtale med Ola Vatna, som og hadde fått pålegg om tvangslevering av kjøtt. Gamlehesten i Haga vart slakta, og kjøttmengda frå dei to gardane vart levert okkupantane som «prima varer».  Som ein del av avtalen mellom Vatna og Hagabonden, var at dei skulle få låna ungehesten på Vatna i ein overgangsperiode, fortel informanten min.

Torbjørn hugsar og ei anna historie om tvangslevering av hest. Det var ein bonde frå Mauranger, han var pålagt å levera hesten sin på Leirvik til tyskarane. Mor til Torbjørn hadde vore på Voss og kom ut frå Granvin med fjordbåten. Ho kom i snakk med denne bonden frå Mauranger, som hadde fått påbod om tvangslevering. Mannen mangla både husrom til seg og hesten til overleveringa skulle finna stad. Men den hjelpsame bondekona visste råd, ho tok både mannen og hesten med seg heim til Haga. Slik fekk både mann og hest husrom til dagen etter.

 

Munneleg informant: Torbjørn Haga f. 1927