Stord  sogelag
  • Meny

  • Historia fortel

    Nytt kulturminneprosjekt i Stord kommune

     

    Bakgrunn

    St.melding nr. 23 (2007-2008) ”Språk bygger broer” står det innleiingsvis følgjande ord av språkfilosofen Ludvig Wittgenstein: ”Mitt språks grenser er min verdens grenser.”  Det språkfilosofiske grunnsynet hans er at språkutvikling og språklæring går føre seg i ein kontekst, dvs. i ein språksituasjon der ein kommuniserer ein tanke/ide med andre.

    Han sier at språket lærer  me ”i landsbyen”, dvs. i ein naturleg språksituasjon eller i ein kontekst der orda vert handsama i mange ulike situasjonar.

    Med utgangspunkt i tankane til Wittgenstein arbeidde Lev Vygotsky med den kommunikasjonsorienterte pedagogikken, t.d. Tænkning og sprog, 1 og 2, Kbh., Reitzel 1971. Tenkinga hans byggjer på det sosio-kulturelle læringssynet. Læring er ei form for sosial og kulturell praksis og skjer ved at ein tar del i ulike former for aktivitetar og samhandling i ulike situasjonar.

    Tankegangen er m.a. at me må meistra språket og samhandlinga i vår eigen «landsby» og læra om og forstå vår eigen kultur og vår eiga historie. Då vil me lettare kunna forstå menneske frå andre stader, land og kulturar.

    I rammeplan for barnehageverksemda  (2008) og i læreplan for grunn- og vidaregåande skule (2006) legg ein eit vidt språksyn til grunn, mellom anna at språkutvikling og språklæring er eit samanhangande løp, og at arbeidet med språk og språkforståing er knytt til ulike situasjonar både i barnehagen, skulen og livet elles.

    Ein legg også vekt på at språk- og kommunikasjonslæring må knytast saman med, eller integrerast, i ulike fag-, emne og sosiale situasjonar i barnehagen og i skulen.

    Omtale av språkmiljø og språkstimulering i barnehagen frå ” St.melding nr. 16 (2006-2007) . . . . og ingen sto igjen”:

    ”En god språklig og sosial utvikling avhenger av et stimulerende miljø som er rikt på opplevelser, variert utfoldelse i lek og andre kreative aktiviteter og mulighet til samtaler med voksne og barn.”

    I St.meld.nr.23 (2007-2008) Språk bygger broer. Språkstimulering og språkopplæring for barn, unge og vaksne handlar kapittel 3 om  ”Språkmiljø og språkstimulering i småbarnsalderen”. Der heiter det innleiingsvis:

    ”Småbarnsalderen er den grunnleggjande perioden i språkutvikling hjå barn. Respons og støtte frå omgjevnaden når barnet erobrar språket, er avgjerande for barnets utvikling av identitet, tenking, kommunikasjonsevner og lærelyst”.

    I Læreplanverket for Grunn- og vidaregåande skule (2006) er Formålet med faget m.a. omtalt slik:

    ”1. Norskfaget er eit sentralt fag for kulturforståing, kommunikasjon, danning og identitetsutvikling.

    3. Eit hovudmål er språkleg sjølvtillit og tryggleik i eigen kultur som grunnlag for utvikling av identitet, respekt for andre kulturar, aktiv samfunnsdeltaking og livslang læring.»

     

    I dette arbeidet er det naturleg at ein nyttar fagstoff frå ulike fag og samarbeider om  ulike tema og emne.

     

    Kulturminneprosjekt

    Med bakgrunn i desse meldingane og planane presiserte Utd.dep. at barnehagar og skular må nytta kulturminna i nærområdet i sterkare grad. Dei vil vera utgangspunkt for å  arbeida med forståing av vår eiga  fortid. M.a. kan dette gjerast ved at t.d. ein skule «adopterer» eit kulturminne, passar på det og nyttar det når ein arbeider med fagstoff der det høver inn.

    Hordaland fylkeskommune tok opp desse utfordringane i brev til kommunen frå Kultur- og idrettsavdelinga, datert 13. august 2009. I brevet heiter det m.a.: «Eit velskjøtta arkeologisk kulturminne kan vera eit estetisk trekk i kulturlandskapet, og er med på å skapa større forståing for vernelovene. Det kan vera med på å skapa tilhøyre og identitet i lokalsamfunnet, og skapa større interesse for staden der ein bur. I tillegg har det meir konkrete bruksområde som t.d. i samband med turisme og til bruk i undervisninga.

    – – – – – – – – – –

    Automatisk freda kulturminne er av nasjonal verdi, men det er på det lokale plan dei har størst verdi som historieforteljarar og vitne om lange tidsliner i landskapet.»

    2011/2012 søkte Stord kommune i samarbeid med Stord sogelag om midlar til eit statleg utlyst prosjekt som handla om «opplæringsaktivitetar knytt til kulturminne i nærområdet til den enkelte skulen». Kommunen vart ikkje plukka ut i denne runden.

    Vinteren 2014 tok Stord sogelag saka opp att med kulturkonsulent Guri Aksnes.

    Sogelaget gjorde framlegg om å starta opp noko enklare. Me foreslo at ein i første omgang laga eit døme på korleis dette kunne gjerast. Prosedyrar, oppgåvedeling, samarbeidspartar, døme på bruk i undervisdninga osb.

    Me valde ut gammal nausttomt frå om lag år 1000-1350 på Rommetveit som døme. Nausttomta ligg ved stranda bort mot Kråkeholmen. Veggvollane består av stein og jord, og indre mål er om lag 28 x 15 m. Tufta er graven ned i bakken og vollane er om lag 1 meter høg frå innsida, medan dei på utsida går mest i eitt med terrenget elles. I vestlege del av søre langvoll ligg ein del blokker i dagen. I aust-nordaust, i nedre kant av tufta, står eit naust.

    Naust av denne typen er ein stor bygning, og kan ha vore laga for å husa meir enn ein båt. Det kan ha hatt samanheng med leidangen, eller eventuelt ha vore tiltenkt handelsverksemd.

    (Bygdebok Stord, band 1, og artikkel av Bjørn Myhre «Boathouses as indicators of political organization», 1985.)

     

    10.juni 2014 hadde me synfaring på den gamle nausttufta.

    Desse var med: Guri Aksnes, kulturkonsulent, Stord kommune, Marit Kjelby, skulefagleg rådgjevar, Stord kommune, arkeolog Solveig Lohne Rongved, Kultur og idrettsavdelinga, Hordaland Fylkeskommune, Britt Kristin Ladehaug, Rommeteveit skule, Stord kommune, Atle Bjørn Mæhle, Stord sogelag. Ragnhild Lunde, Statsbygg, skulle også ha vore med, men kunne ikkje møta denne dagen.

     

    Etter synfaringa på nausttomten, gjekk me bort til Breivikneset og såg på ein gravhaug der frå tida kring Jesu fødsel. Gruppa blei samde om å ta denne gravhaugen med i prosjektet.

    Gravhaugen på Breivikneset Rommetveit er frå eldre jernalder, 500 f.Kr. – 550 e.Kr. Kan også ha vore brukt i yngre jernalder, 550 e.Kr. – 1000 e.Kr.

    I romartida (frå Kr.f. – 400 e.Kr) vart to kvinner gravlagde i denne haugen. Den eldste frå andre halvdel av 100-talet e.Kr., dvs. eldre romartid. Ei lita draktspenne låg i likbålet og daterer grava.

    På 300-talet e.Kr. vart endå ei kvinne gravlagd i haugen. Ho fekk m.a. med seg eit drikkeglas, innført frå Romarriket og laga i dei austromerske provinsane kring Svartehavet eller i Syria.

    Grava har vore brukt fleire gonger som grav i jernalderen.

    I tillegg til det ovanfor har dei funne i gravhaugen: Fragment av leirkrukke, handsnellehjul, 3 perler av glas, fragment av ein tollekniv, jarnstykke (kan ha vore frå eit einegga sverd eller eit spyd), spenne av jern (til seletøy), tenner og fragment av kraniet til eit menneske).

    Grava var 18 meter i tverrmål og nær 2 meter høg. Ho må ha vore godt synleg ut mot sjøen.

    Stein frå grava har opp gjennom åra vore brukt til byggjeverksemd, m.a. Seminarbrygga.

    («Stord frå steinalder til oljealder», band 1, frå Foreningen til norske fortidsminnesmerkers bevaring, Årsberetning for 1870 og frå Bergen Museum – Førhistoriske minne på Vestlandet Dokumentasjonsproejektet.)

    Prosjektet tok kontakt både med Rommetveit skule, Nordbygdo ungdomsskule og Samfunnsfagseksjonen ved HSH og spurde om dei ville vera med på prosjektet. Dei takka nei for di dei då hadde lagt planar for skuleåret 2014/2015. Me blei samde om å ta kontakt våren 2015 før dei la planar for neste skuleår. Villvettene barnehage fekk også spørsmål om dei ville vera med. Dei svarte ja med ein gong, og pedagogisk leiar Villvettene, avdeling Rommetveit, Laila Tytingsvåg er deira representant i prosjektet og er med i prosjektgruppa.

    Solveig Lohne Rongved, Hordaland fylkeskommune arbeidde ut framlegg til skjøtselsplan for dei to kulturminna.

    Prosjektgruppa drøfta desse og blei samde om kva ein i prosjektet skulle gjera og i kva rekkjefølgje. Ein slik skjøtselsplan er eit godt dokument til praktisk bruk for dei som er med i prosjekte. Det er også eit godt dokument å bruka i undervisninga.

     

    Prioriteringa frametter 1. halvår 2015 vert slik:

    -Prosjektet får laga informasjonstavle for kvart prosjekt. Stord kommune og fylkeskommunen tok ansvar for å få laga desse. Stord sogelag har laga tekst til tavlene. Statsbygg set opp tavlene. Guri Aksnes, Stord kommune, har fått pengar slik at me kan få laga tavlene. Ho har også søkt fylkeskommunen om midlar for 2015 og frametter slik at kommunen kan halda fram med å rusta opp kulturminna våre.

    -Prosjektet lagar dugnad og få rydda og ordna kvart kulturminne. Solveig Lohne Rongved bestemmer kva som kan gjerast.

    -Barnehagen, ein skule og studentar ved HSH hjelper oss å med idear til og pedagogiske opplegg om korleis eit slikt kulturminne kan nyttast i barnehage og skule.

    -Prosjektet samlar dette materialet og trykkjer det som eit pedagogisk idehefte.

    -Prosjektet inviterer barnehagar og skular til å «adoptera» eit kulturminne.

    Hovudoppgåva for skulane og barnehagane blir i hovudsak å finna ut korleis ein kan bruka kulturminnet som ein naturleg del av opplæringa der det høver. I tillegg bør elevane oppleva og læra korleis ein arbeider med eit kulturminne for å skjøtsla det på ein trygg og kvalitetsmessig måte.

    Det me i alle høve kan ynskja er at elevane når dei kjem til eit bestemt klassetrinn «eig» trinnet eit kulturminne. Ein gong i løpet av året kan dei t.d. laga eit program om kulturminnet, historia, folket som budde der, hendingar som knyter seg til det, og syna det fram for føresette, besteforeldre og pensjonistar i bygda. Ein kan også laga program, som sketsjar, skodespel o.l. og t.d. spela det ved kulturminnet.

    Målet for arbeidet med barna og elevane er å gje dei kunnskapar og forståing, at dei vert interesserte og får respekt for kulturminne.

    Så langt har me no kome i dette porsjektet.

    Atle Bjørn Mæhle