Stord  sogelag
  • Meny

  • Rusleturar / opne møte 2014

     

    1. Rasmus Sunde heldt føredrag om utvandringa til Amerika  (27.januar)
    2. Med Odd Jarl Larsen på Osternes festning ( 21. mai)
    3. På tur i Steinriket Bømlo med  Brynjar Stautland  (16.september)
    4. Med Gunnar Danbolt  og Rune Jørgensen på rusletur på Rommetveit (31. oktober)

     

     

    Opa samling  27. januar 2014:

    Rasmus Sunde heldt føredrag om utvandringa til Amerika

    I alt møtte det opp om lag 60 personar til Stord sogelag sitt opne møte i kantina til bladet Sunnhordland. Det var  ei tilkskiping  som trekte langt  fleire enn  det me hadde venta, så opplegget  må ha treft publikum. Då får det våga seg at det  var litt trangt  om plassen.

    Forklaringa på denne suksessen er nok at Rasmus Sunde  er vide kjend for sine kunnskapar om utvandringa. I føredraget gav han først  ein brei presentasjon av den norske utvandringa til USA frå ho starta i 1825 og fram til etterkrigstida. Han la  ein del vekt på den tidlege fasen og elles brukte han einskilde døme frå utvandringa frå Vestlandet.

    Han tok vidare føre seg  amerikareisene i seglskutetida og følgde  utvandrarane på den strabasiøse overfarten til New York og vidare vestover i Amerika til dei norske settlementa. Han kom òg inn på  kor i Amerika nordmenn etter kvart busette seg i det nye landet.Til slutt tok han  føre meg einskilde aspekt om årsakene til den sterke utvandringa frå landet vårt.

    I  eit avsluttande  ordskifte fekk me òg fine og utdjupande innspel frå møtelyden, mellom andre Arne Sortland og Anstein Lohndal.

    Nokre foto frå mötet

    Lars Mæland  takkar Rasmus Sunde for føredraget om utvandringa til Amerika

    Lars Mæland takkar Rasmus Sunde for det flotte føredraget om utvandringa til Amerika med  den nyutkomne boka om Sunnhordland.

    Ein annan del av møtelyden

    Ein del av møtelyden

     

    Del annan del av møtelyden

    Ein  annan del av møtelyden

     

     

    Del av møtelyden

    Trengsel  i ein krok

     

    Ei anna krå med tilhøyrarar

    Ei anna krå med tilhøyrarar

     

     

    Osternes festning

    Heile 40 historieinteresserte trassa dårlege vêrmeldingar og møtte opp til omvising på festningsområdet i Osterneset onsdag 21.mai. Omvisar: Odd Jarl Larsen

    Publisert i Fitjarposten: onsdag 21. mai 2014

    Det var altså ingen grunn til å klaga på frammøtet då Foreininga Osternes festning saman med sogelaga i Stord og Fitjar bad inn til omvising på det store festningsområdet. Odd Jarl Larsen var engasjert omvisar, og det lét til at tilhøyrarane sette pris på det dei fekk høyra. I alle høve heldt alle ut i over tre timar, før den engasjerte omvisaren sa seg ferdig for kvelden.

    Då hadde han ført publikumet sitt gjennom rundt tre firedeler av det store festningsområdet. Blant tilhøyrarane var Fitjar-ordførar Wenche Tislevoll, grunneigarane i Stokksneset, naboar frå Osterneset og representantar frå Stord sogelag. I tillegg til ein stor flokk historieinteresserte i alle aldrar.

    Omvisar Odd Jarl Larsen hadde førebudd seg godt, og gav eit levande bilete av livet på fortet under krigen. Dei siste åra har Foreininga Osternes festning hatt fleire dugnader. Blant anna har dei to gonger hatt hjelp av 9.-klassingar frå Rimbareid skule. For elevane har dette vore eit godt økonomisk tilskot til reisene for å sjå krigsminnesmerka i Polen. Og eit lite stykke viktig historieundervisning.

    I kveld fekk me med oss korte glimt av den dramatiske soga til motstandsmannen Johannes Sandvik frå Færøysund, litt om dei få «skarpe» situasjonane på fortet under krigen, blant anna då eit britisk fly blei skote ned ved Reksteren. Med god kompetanse frå miliæret kunne Odd Jarl Larsen forklara korleis kanonane, lyskastarane og det andre militære utstyret fungerte.

    Det gjorde naturlegvis òg sitt til å gjera kvelden vellukka at vêret etter kvart blei rimeleg bra. Det fortente både foreiningane bak omvisinga og den engasjerte omvisaren. Vel fortent var og takken frå ordførar Wenche Tislevoll ved vegs ende. Dette er eit prisverdig tiltak som me vonar foreininga vi gjenta etter kvart som dei får rydda større delar av det store festningsområdet.

     

    IMG_2147
    Ammunisjons- og våpenlager (foto: B. Bjørlykke)
    IMG_2158
    Shelter – tilfluktsrom   (foto: B. Bjørlykke)
    IMG_2167
    Kulemerke etter eit engelsk flyåtak  (foto: B. Bjørlykke)
    IMG_2166
    Kommandosentralen  (foto: B. Bjørlykke)
    IMG_2180
    Kanonstilling og lyskastarstilling ytst på neset
     (foto: B. Bjørlykke)
    IMG_2183
    Kanonstilling  (foto: B. Bjørlykke)
    IMG_2185
    Odd Jarl Larsen og Wenche Tislevoll takkar
    for frammøtet  (foto: B. Bjørlykke)

     På tur i Steinriket Bømlo med  Brynjar Stautland

    Gjennom 10.000 år har det vore bergverksdrift på Bømlo. Dette var temaet  då Stord sogelag tysdag 16. september skipa  til eit treff på Moster.  Der hadde  me først  ein rundtur med Brynjar Stautland som turvert. Me avslutta med kaffi, vaflar og besøk i utstillinga i Moster Amfi.

    Det var 20 personar som møtte opp på denne rusleturen. Brynjar Stautland gav eit engasjert og høgst interessant innblikk i korleis ulike steinartar og mineral har vorte utnytta på Bømlo.

    Her er nokre foto frå treffet:

    Deltakarane på treffet framfor Moster Amfi

    Deltakarane på treffet framfor Moster Amfi (Foto: Jens Litlabø)

     

    Brynjar Stautland på Kongesteinen ved Gamlekyrkja på Moster

    Brynjar Stautland på Kongesteinen ved Gamlekyrkja på Moster (Foto: Jens Litlabø)

    Framfor gravplassen til Nils Hertzberg, opplysningspresten som dreiv stort i marmor

    Framfor gravplassen til Nils Hertzberg, opplysningspresten som dreiv stort i marmor (Foto: Jens Litlabø)

    Restaurerte kalkomnar (Foto: Jens Litlabø)

    Restaurerte kalkomnar (Foto: Jens Litlabø)

    Med Gunnar Danbolt  og Rune Jørgensen på rusletur på Rommetveit

    Fredag 31. oktober  2014 var den store jubielumsdagen ved HSH/lærarskulen på Rommetveit. Då var det 175 år sidan lærarutdanninga starta på Stord, og denne storhendinga vart markert på ymse vis. Klokka 15.30 fredag 31. oktober 2014 tok Rune Jørgensen og Gunnar Danbolt oss med på ei vandring rundt i og omkring bygningane på høgskuleområdet.
    Dette var eit samarbeid mellom HSH og Stord sogelag. Om lag 50 personar var med på denne vandringa.