Stord sogelag

Meny

Faste avispalter 2021

 

«Sunnhordland» 13.12. 2021

Kaia Eide i Borggata

Egil Nysæter

Den 28. november 1935 opna Kaia Eide sin nye manufakturforretning i Borggata på Leirvik. Aasta frå Røssbø (gift Hidle) var då tenestejente på Rommetveit, og fekk fri den dagen for å gå på Vikjo. Ho kjøpte seg «eit ull-kjolety, for 3-4 kroner meteren.» som ho skulle få sydd kjole av. «– det var no ikkje snakk om å kjøpa ferdige klede den tida.»

Kaia Eide (døypt Kari Elisa) var fødd i 1885 på Halsnøy. I 1900 var ho heime på Eide, men ti år seinare finn me henne som «Butikpige» hos ein handelsmann på Bryne. Der, og kanskje andre stader, lærde ho så mykje at ho i juli 1920 opna manufakturforretning på Leirvik saman med Ragna Knudsen frå Bergen. Dei leigde lokale i Borggata 44.

Butikken Eide & Knudsen selde undertøy for damer, herrar og barn, strømper og sokkar, golfjakkar og påteikna handarbeid med brodergarn. Kaia vart også med i Stord husmorlag då det vart skipa i 1922, og reiste same året som laget sin representant til eit fjortendagars feriekurs for husmødre på Ås landbrukshøgskule. Butikken tok elles i mot påmeldingar til dei kursa husmorlaget sjølv arrangerte. Men i 1925 gifte Ragna seg og flytta til Bergen. Året etter vart butikken avvikla og Kaia reiste då til Sandnes der ho 27. april 1927 opna manufakturforretning under eige namn i Langgata 53. Men då forretningsmannen Rabinowitz frå Haugesund kjøpte bygget der, måtte ho flytta i 1935.

Dermed kom ho tilbake til Vikjo. Ho kjøpte tomta mellom Risans privathotell og Vattendal si forretning, i dag Borggata 23, og fekk reist eit staseleg treetasjes forretningsbygg teikna av Valdemar Hansteen frå Stavanger. Bygget var kanskje det første på Vikjo med store glasruter ut mot gata. Glasrutene kom i ein stor kasse som Kjell Berger sikra seg til hyttebygging.

Hos Kaia Eide kunne ein i 1935 kjøpa julegåver både til mor og far, og til jenter og gutar. Der var også stort utval i gardiner, slik som «norske husflidsgardiner» frå 80 øre meteren.

Kaia engasjerte seg også no i det lokale organisasjonslivet. Ved gravferda på Halsnøy i 1966 heitte det at med «sitt vinnende vesen og sin hjertegodhet fant hun sin plass i fremste linje i de humanitære organisasjoner.» Det galdt m.a. Sjømannsmisjonen, Samemisjonen og Hvite Bånd (fråhaldslag). Men også Gamleheimsforeningen og som styremedlem i Stord Kjøpmannsforening 1945-50.

Kaia trekte seg ut av drifta i 1961. Då overtok Aasta Landre og Tordis Eide Lande og dreiv butikken vidare som såkalla etterforretning, men med same namnet, til våren 1992. Kaia var tante deira, og dei hadde begge alt arbeidd lenge i butikken. Vareutvalet var sterkt endra i nyare tid. «Manufakturvarer, stoff i stuv, har me så godt som ikkje lenger», kunne dei fortelja til Sunnhordland i 1985. Folk kjøpte då for det meste ferdige klede og dessutan mykje garn til strikking.

Kjelder: Sunnhordland sitt arkiv, Digitalarkivet og Nasjonalbiblioteket.

Egil Nysæter

pastedGraphic.png

Foto: Det norske næringsliv. Hordaland Fylkesleksikon (1952)

——

 

Sunnhordland

Historietimen, forteljingar frå vår nære fortid. 

Stord sogelag ynskjer å markere tida etter coronaen med eit nytt tilbod til historieinteresserte stordabuar. Historietimen, der vi med utgangspunkt i vår lokale historie; verksemder, organisasjonar og menneske som har sett tydelege fotefar i samfunnet vårt, skal vere tema.

Mykje går raskt i gløymeboka om ikkje vår felles historie blir dokumentert, fortalt og teke vare på. Det kan gjerast på ulike måtar, og vi har heldigvis profesjonelle aktørar som gjer eit viktig arbeid i så måte. Her kan nemnast;  museum, universitet og høgskular, der fagfolk på ulike område forskar, skriv og formidlar på ulike måtar.  Men også  frivillige organisasjonar og lokale krefter gjer ein stor innsats, lokale historielag t.d. Ofte er det lokale, kunnskapsrike eldsjeler vi kan takke for at viktige deler av lokalhistoria blir teke vare på. 

Stord sogelag , som mange ande sogelag, gir ut lokalhistoriske  årsskrift og skriv om lokale emne i lokalaviser. Her hos oss har vi hatt dyktige lokalhistorikarar, m.a. no avlidne, Arnstein Lohndal, som forska og var produktiv forfattar. Han skreiv om og formidla mange viktige emne frå  vårt lokalsamfunn, men som også hadde allmenn  interesse.  Oddbjørn Kvålsvoll, som nett har avslutta ein årelang innsats med intervju og samling av livsminne, dokumentasjon og presentasjon av ulike deler av vår felles lokale historie, har gitt oss ein unik historisk skatt. I den lokalhistoriske spalta  i Sunnhordland har lesarane fått innsyn i og kunnskap om farne tider,  og ikkje minst, personar med ulik erfaring og yrkesbakgrunn frå mange deler av samfunnet vårt.

Men det er framleis mykje som må dokumenterast og forteljast om. 

Eksempel på dette er butikkar og handelsverksemda på Leirvik og elles i kommunen,  bakeriverksemdene, slaktarverksemda og manufakturhistoria. Og kva med frisørhistoria ? Når blei den første frisørsalongen etablert, av kven og kvar ?  Industrihistoria i kommunen er gjerne det som er best dokumentert, men det er sikkert mykje som framleis burde sikrast kunnskap om for framtida. 

Stord sogelag vi gjerne ha kontakt med folk som sit inne med kunnskap om og dokumentasjon av verksemder og levd liv, spesielt frå vår nære fortid.

I Historietimen, skal folk kunne komme å fortelje, både lek og lærd, om mange ulike emne. Stoff kan samlast og ende opp som artiklar både i Årskriftet og i lokale media.

Først ute er lektor og forfattar, Sara Vatne, oppvaksen i Fitjar, men busett i Valdres.

Ho har skrive dokumentarromanen, Morgonrauden – Størst av alt er kjærleiken, med forankring i vårt nærmiljø og eigne forferdre.

Stord sogelag har gleda av å presentere henne og historia bak romanen, på eit møte i Sunnhordland museum, Museumshallen i midten av november. Dette blir den første av vonaleg mange historietimar i  kommande år. 

 

 

«Sunnhordland»  25. okt.  2021

Innsamling  av lokalhistorie frå Stord

Då eg vart styremedlem i Stord Sogelag i 2012, tok eg på meg å samla inn minnestoff frå levde liv på Stord, eit prosjekt som eg har arbeidd med fram til no. Dette arbeidet har gjeve meg mange gode stunder i samtale med dei eldre innbyggarane i kommunen. Heile 108 personar har fortald frå barndom, oppvekstår og vaksenliv. Den eldste er fødd i 1915, dei fleste i mellomkrigstida og nokre inn i 40-åra. Dei har fortalt om ein kvardag der dei aller fleste måtte setja tæring etter næring. Mang ei spanande forteljing om ei tid der borna byrja tidleg i arbeid, for sjølv å kunna tena pengar til ein sykkel eller klede, eller hjelpa til i heimen med økonomien. Men og om skarvelege buplassar og møblar laga av dynamitt- eller appelsinkassar. 

Etter at eg vart pensjonist har eg prøvt meg som skribent. Såleis er nokre av dei ca. 90 timane med digitale opptak nytta i artiklar. Noko har eg nytta i Stord sogelag sine årsskrifter, eller som små tema artiklar i bladet Sunnhordland. Forteljingar eg har samla brukte òg Johanne Øvstebø Tvedten, i årboka Sunnhordland museum  gav ut i 2019, «Det starta med silda». Etter kvart som artiklane vart publiserte i Sunnhordland, var det mange som oppmoda meg om å gje dette ut i bokform. Då avisa sa seg villig til å vera med på utgjevinga, let dette seg realisera, så før jul i 2019 kom boka, «Minneglimt frå levde liv» – 116 små temaartiklar. 

For meg har arbeidet med dette lokalhistoriske prosjektet vore ein viktig del av pensjonisttida mi. Ei stor takk til alle informantane som har vist meg tillit og fortald om vår nære fortid. Få av forteljarane er mellom dei som har delt noko av si livssoga i det offentlege rommet før. Ja, eg er glad for dei gode samtalane me hadde, og bilete eg fekk ta av dei. Ekstra stas var det at Stord kommune i 2017 gav meg Kulturprisen for dette arbeidet. Ein gjennomgang av opptaksdokumenta, fortel at førtifire av forteljarane er gått ut av tida, – men ikkje av historia. Deira minneglimt frå levde liv er samla mellom to permar og i bladet Sunnhordaland sitt arkiv. Vidare veit me  at både bøker og aviser vert teke vare på av Nasjonalbiblioteket.

Når eg no gjev «penna» over til andre i sogelaget, vil eg òg retta ei takk til leiing og redaksjonen av bladet Sunnhordland, for godt samarbeid  gjennom 8 år og oppsett av mine 144 artiklar.

Med helsing

Oddbjørn Kvålsvold 

——————–

«Sunnhordland»  6. okt.  2021

Mitt møte med industrien 

Oddbjørn Kvålsvold

 

Ein maidag i 1958 stempla eg inn ved Stord Verft for første gang. Dette var ein stor dag i ein 17- årings liv, og ei avgjer som fekk vesentleg innverknad til mitt seinare livslaup. Lærlingkontrakten ved Stord’ s største verksemd og miljøet eg vart ein del av, vart med å forma mitt vaksenliv og interesser fram til pensjonistalderen. Verftet hadde på denne tid vel 800 tilsette, men var i sterk vekst. Det var stor trong for arbeidskraft, og arbeidsfolk vart henta inn frå heile landet. 

Det var personalsjefen, Harald Lindeflaten, som tok imot meg på personalkontoret. Lite visste eg den gang om kva det innebar og byrja i skipsbyggarlæra og verta industriarbeidar. Etter samtalen på personalkontoret vart eg geleida ned til arbeidsleiar Olav Andersen, sjefen på ”Universitetet”. Han hadde ansvar for ei mørk krå nede i gamle plateverkstad 1, der det vart laga mindre komponentar/ utstyr til båtane. Her var mykje nytt og skummelt å oppleva for meg, – spesielt hugsar eg skjerebrennaren. Den slengte ut eldtunger og small og var ein villstyring kvar gong eg skulle tenna den. Men heldigvis var det folk i nærleiken, som forbarma seg over denne nye bondeguten. Eg var nok meir fortruleg med  hestar og motorsag, enn ein rebelsk acetylen/oksygen brennar. Dei få dagane eg var på «universitetet», kjendest lange og lite givande. Men så kom redninga. Platearbeidar Trygve Olsen kom og henta meg. Eg skulle vera med han og fagsveisar Victor Gillstrøm og ferdiggjæra den nye opplæringsavdelinga. Snart kom det fleire nytilsette og dei òg, skulle vera med på det første kombinerte plate og sveisekurset som verftet arrangerte i 1958. Dei første dagane på opplæringa førte og til ei vond og vanskeleg vakenatt. Eg svei og brann på auga og trudde eg held på å miste synet, men Trygve hadde forklaringa, eg hadde hatt sveiseglimt. Opplæringsleiar Hans Knutsen hadde ansvar for teorien på kurset. Med sine treklossar fekk han oss til å sjå konstruksjonar forma seg på ei flat teikning. Med grunnriss, oppriss, sideriss  og snitt. Ja, etter kvart dukka bileta av kneplater, webbar og maskinfundament fram i hovuda våre. Treklossane til Knutsen var eit pedagogisk opplegg som gav oss ei god tilnærming og innføring i teiknelesing, sjølv om mange i byrjinga vitsa med leikeklossane til ingeniør Knutsen. 

Etter nokre veker som hybelbuar på Kårevik Pensjonat, sto det nye hybelhuset på Bjelland klart til innflytting. Dette var etter samtidas standard, eit godt tilbod, med rom i to storleikar, med ein eller to soveplassar og tekjøkken. Det var felles dusj og toalett i midtpartiet i kvar etasje og på badegolvet i dusjrommet vaska vi arbeidsbuksene med grønsåpa og skurekost. Eg flytta inn på ein tomannshybel i lag med Arne Vik frå Fitjar. Hybelen kosta kr 45 pr månad for kvar av oss, så det vart få kroner att i lønningsposen den veka dei trekte leiga og skatt. Lønna var kr 1.25 pr. time det første halvåret, med nokre kroner i akkordtildeling av og til. Etter kort tid utvikla det seg eit nært og godt venskap mellom læregutane. Både på jobb, den 3-årige tekniske kveldsskulen og i fritida. På hybelhuset budde mange av oss som var innflyttarar; Leif Skogseth, Ottar Flotve og Kåre Kvalvik frå Hardanger og Karl Olav Vestvik og Arne Vik frå Fitjar for å nemne nokre. 

For meg var tida som læregut ved Stord Verft ei god og trygg tid. Her var eit miljø som inkluderte og tok vare på unggutane. Eg vart kjent med mange flinke og kjekke fagfolk, i eit industrimiljø med ei fantastisk utvikling. Me vart ein del av dei som la grunnlaget for Stord og Sunnhordland som kompetanse- og industrisenter. Berre det å oppleva dette miljøet som læregut, var stort i samtida. 

 

 

«Sunnhordland»  25. sept.  2021

Det starta med ein lastebil i 1936

Oddbjørn Kvålsvold

Torstein Haugland Foto: Oddbjørn Kvålsvold

Ei verksemd som har vore med å utvikla Stord med sine tenester er lastebilverksemda Johannes T. Haugland starta i 1936. I ein samtale med familien hans på Fjellgardane, fekk eg innsyn i historikken rundt det som i dag heiter Haugland Transport. Eit firma som gjennom denne tidsbolken har vore ein aktiv medspelar innan  bygg- og anleggsverksemd og vegutbygginga i Sunnhordland.

Tradisjonen fortel at lastebilen som Johannes T. Haugland hadde kjøpt i 1936, vart beordra til transport for dei tyske styrkane på Osternes festning under okkupasjonsåra. Dette var arbeid Johannes ikkje likte, fortel sonen Torstein. Difor køyrde Johannes lastebilen utføre ei vegskråning og kardangen på bilen vart skada. Her vart bilen ståande til den tyske hermakta kapitulerte i 1945 og norske vaktstyrkar overtok Osterneset. Torstein minnast at det var ei storhending for ungane, då faren kom slepande med lastebilen til Haugland og dei fekk oppleva med sjølvsyn dei mange kulehola i karosseriet. Nokre av dei tyske soldatane hadde nok falle for freistinga å sende nokre skotsalver mot den havarerte bilen. Det høyrer med til soga at bilen vart lappa saman og var i bruk dei fyrste fredsåra.

I ein periode hadde Johannes T. Haugland veivoktaransvar for Fjellgardsvegen, frå Frugarden til Borevika, fortel Torstein.  Han minnast at han fyrst i tenåra var med faren og drog vegskrapa etter lastebilen. Torsten fekk køyra bilen i sniglefart, og faren gjekk bak å rakte vekk dei største steinane som kom opp. Etter at Torstein vart eldre og fekk sertifikat for tunge køyretøy vart snøbrøyting årfaste oppdrag med mange spanande opplevingar. Han fortel at før Fjellgardsvegen vart utvida, var Eikekleivo utfordrande dei verste snøvintrane. Då køyrde dei brøytebilen opp til Fjellstova om kvelden, overnatta der oppe, og køyrde nysnøen vekk på nedtur. Når me pratar om dei verste snøvintrane i 1950-60år, vert det og nemnt ein snøvinter som spesielt råka vestsida av Stord. Torstein fekk då i oppdrag å halda vegane i området Rydland – Fitjar sentrum farbar. Med to meter brøytekantar og full snøstorm vart dette eit minne for livet for brøytesjåføren. Nokre episodar med bremsesvikt i kritiske situasjonar vert og hugsa og er lagra på hjerneborken. Brørne Torstein og Jakob Øystein Haugland overtok transportfirma etter faren i 1974, og oppretta da Haugland Transport.

Det vart etter kvart meir moderne lastebilar, med motorbrems og «fjernstyrt» bakluke på transportkassen. Men Torstein minnast godt  korleis to vegvaktarar sto bak på lasteplanet og strødde ut veggrus med spader dei første åra bilane var innleigt av vegvesenet. Dei første åra oljegrus vart teke i bruk som vegdekke, vart denne fordelt på vegbanen ved hjelp av ein utleggerslede som dei drog etter lastebilen. Denne hadde ein liten lastekasse med fordelingsskjær, som dei tømte  oljegrusen oppi etter kvart som dei drog den bortover vegen. Verksemda hadde mykje av oppdraga i Sunnhordland, men òg oljegruslegging på Voss, Austevoll og transport av morene-masser i Jondal. 

Eit oppdrag med oljegruslegging i Sveio vert hugsa spesielt. Torstein budde då i ei campingvogn i Mølstrevågen, der han fekk vitjing av ein eldre mann som klaga på tannverk om kveldane. Mannen bad om at Torstein måtte hjelpa han med å få den lause, verkande tanna ut. Etter fleire kveldar med klaging, tok lastebilsjåføren mot til seg, gjekk ut i verktøykassa og henta ei vann-pumpetang, tok eit fast grep om tanna og vippa den ut. Den gamle mannen let vel, og for Torstein vart det eit minne for livet.

Det høyrer med til soga at verksemda som starta med ein bil i 1936 framleis er i drift. Haugland Transport vart  i 2007 selt til nye eigarar og me treffer ofte på dei i Sunnhordland.

Munnlege kjelder: Torstein Haugland f. 1942

  og familien Haugland

Oddbjørn Kvålsvold

———-

«Sunnhordland»  10. sept.  2021

Høyland – ein buplass med tradisjonar

Oddbjørn Kvålsvold

Per Høyland 06.07.12

Bilete: Forteljaren Per Høyland gjekk ut av tida dette året. Per var ein kunnskapsrik bonde som var med å setje Stord på kartet i 1993. Då var han med på vinnarlaget frå Hordaland,  som vann landskonkurransen i «Manns minne». Foto: Oddbjørn Kvålsvold.

For ein som sjølv har vokse opp på landsbygda gjev det gode kjensler å koma inn på eit velstelt gardstun. På Stord er me heldige og kan enno oppleva fleire tun der husklyngja vitnar om ei anna tid. Ei tid då garden hadde mange hus og fleire generasjonar budde, levde og arbeide i eit fellesskap. I det fyljande vil eg skriva litt om det min gode samtalepartnar Per Høyland, har fortald om sin oppvekst og tradisjonar i heimen.

Våningshuset som Per og kona Bjørg overtok og moderniserte på Høyland, er bygd i 1873 av oldefaren til Per, og romma tidlegare to generasjonar med felles kjøkken. Ei buform som kravde godt samarbeid for dei som hadde ansvar for matlaginga. Familiane hadde kvar si stova som dei nytta til måltid og opphald, men samhandlinga rundt den store vedkomfyren på kjøkkenet var nok krevjande for kvinnfolka. I ein periode var det faktisk 16 – 17 personar som budde i hovudhuset på Høyland. I Per sinoppvekst vart straum  berre nytta til ljos, så kjøkkenkomfyren måtte fyrast opp mange gonger kvar dag. Ja, sjølv om det var 25 – 30 varmegrader  om sumaren måtte kokkane takla strålevarmen i tillegg. Samtida hadde ikkje verken kjøleskap eller frys, så mat vart lagra i kjellar og stabbur. «Gamlebesten» var den som hadde ansvaret for brenne, både til oppvarming og kokning. Ola Olson d.e. som budde i vilkårshuset saman med ei syster, var «fullt ut sysselsett» i vedskuten. Dette var i ei tid då alt av skogvyrke vart nytta, smågreinene og kvist vart køyrt til tuns og kutta opp til brenne til kjøkkenomnen. Vedstrangane kappa han etter mål  på 20 cm., ikkje meir eller minder, og vedlada skulle vera strokne. På Høylandsgarden har alltid skogen vore ein  viktig del av inntektsgrunnlaget, fortel Per. Ja, dei gamle sa at skogen var banken på garden. Han fortel om korleis dei i vår nære fortid tok ut tømmer til skipsbyggeria. Den gong vart det ikkje snauhogst slik det er i dag, men bonden tok ut enkelttrær som var hogstmoden. 

Eldhuset var ein viktig arbeidsplass for kvinnfolka på garden, her vart vatn til klesvask varma opp og kviteklede kokt, – før dei fekk ein «omgang» på vaskebrettet. Vatnet måtte dei bæra frå kjelda med vassele, og mykje av såpa som vart nytta var heimeprodusert av kaustisk soda, vatn og talg. Sild, fisk, kjøtt og flesk vart røykt i eldhuset, men lagra på stabburet. Sjølv om avlivinga av dyra og flåing var mannfolkarbeid, var slakteprosessen ei travel tid for kvinnfolka i hushaldet. Dette var ei tid då alt på dyret vart nytta og starta med at dei måtte røra i blod, slik at det ikkje levra seg. Blod var ernæringsrikt råstoff som dei seinare laga både blodkomla og blodpølser av. Mesteparten av kjøttet vart salta og røykt, men noko vart hermetisert på 2 liter Norgesglas. Ein mykje brukt foredlingsmetode før fryseboksane vart allemanns eiga. 

Frå årshjulet på garden fortel Per fyldig om kvardagen, slåtteperioden og innkøyring av turrhøyet. Før moderne driftsmåtar fekk innpass, varte grasslåtten frå jonsok og ut i august månad. Sjølv om dei hadde hesteslåmaskin så var det òg  mykje ljåslått på Høyland.  Ei samtid som kravde at alt gras skulle nyttast til dyrefor. Det som vart turka på bakken kravde tre dagar med solskinn og resten vart turka i hesjar. Då det vart kjent at enkelte hadde byrja å nytta gaffel for å leggja graset på strengane, skapte dette reaksjonar hjå dei eldre, minnast forteljaren min. Men dette var berre byrjinga. Per Høyland fekk oppleva den tekniske revolusjonen i jord- og skogbruket til fulle, – før han gjekk ut av tida 13. februar i 2021.

Munnleg kjelde: Per Høyland – (1931 – 2021)

————

«Sunnhordland»  1. sept.  2021

Ei forteljing om tvangsekteskap

Oddbjørn Kvålsvold

For mange år sidan fekk eg kjennskap til eit tvangsekteskap som for oss i notid kan verka både avskyeleg og skremmande, men som samtida aksepterte. Forskarar og historikarar fortel oss at det på slutten av 1800-talet vart meir slutt på arrangerte ekteskap i Europa og vesten. Idéen om at kjærleik skulle vera fundamentet for at to unge gifter seg og stiftar familie fekk fotfeste. Før den tid, men og seinare, var det ofte ein avtalebasert allianse mellom foreldra til dei unge som avgjorde kven sonen eller dottera skulle gifta seg med.  Familiane tilrettelagde samkomer og selskap slik at ungdom frå same «stand» skulle få møtast i festlege lag og verta kjende. Fagfolk deler samfunnet inn i  sosiale grupper på ulike måtar, men på denne tid var det viktig at dei unge fann ein passande partner frå same sosiale klasse for å sikra eit best mogleg økonomisk og sosialt grunnlag.

Så attende til tvangsekteskapet eg fekk kjennskap til gjennom truverdige kjelder. Det var Sigmund Lavik frå Bruvik som i 1980 åra fortalde kona mi om modalsjenta som vart plassert på ein holme i Steinslandsvatnet av far sin. Innerst i Modalen ligg vatnet med holmen som faren plasserte dottera på, då ho ikkje ville gifta seg med ein bonde som hadde vorte enkemann. Soga fortel oss om eit tvangsekteskap som faren og enkemannen vart einige om i 1837 -38. Tradisjonen fortel at enkemannen sat att med sju born og hadde stor trong for ny kjerring på garden. Dette tilbodet fekk fyrst Anna Gulleiksdotter Almelid, som jenta heitte, og seinare far hennar, men ho sa som sant var at ho hadde kjærast og dei hadde tenkt å gifta seg. Ein kjekk og bra mann, sjølv om han hadde lite eige og slett ingen gard, meinte ho. Men faren godtok ikkje dette. Han instruerte dottera til å gifta seg med enkemannen som kunne brødfø henne på ein trygg måte. Faren meinte at dette var til hennar eige beste, sjølv om han hadde sju born frå før. Men vonde ord og trugsmål hjelpte ikkje, ho som var både ung, vakker og stolt kunne ikkje tenkja seg eit ekteskap med ein aldrande enkemann med stor ungeflokk, fortel soga. Faren vart da arg og rodde ungjenta ut på holmen i Steinslandsvatnet, utan mat og ly. Soga fortel oss om kor langt ein familiefar kunne nytta tvang og tukt for å sikra eit «godt gifte» til sine etterkommarar utan at sambygdingane greip inn. 

Etter tre kalde vårdøgn bøygde ho av og signaliserte at ho måtte hentast, og alt same våren vart ho gift med den 23 år eldre enkemannen. Tradisjonen fortel at då ho først hadde gitt tapt, hadde ho utan meir motstand tatt si bør og utført sine plikter. Stille og roleg tok ho over det store hushaldet og godtok sin lagnad. Sjølv fekk ho etter kvart fem born som voks opp, ein gut og fire jenter. Ei av desse jentene, Anna d.y. (1847-1924), er oldemor til kona mi.

Kjelder: 

Notat v/ Sigmund Lavik – 1982

  «Vårt blad» v/ Sverre Nymoen -1966

  norgeshistorie.no

   

 

———

«Sunnhordland»  16. august  2021

Fjernundervisning , – ikkje noko nytt

Oddbjørn Kvålsvold

I ei tid med mykje fokus på fjernundervisning og dei problem dette kan føra med seg for studentane, vil eg i denne artikkelen fortelja litt om korleis mange av oss eldre tileigna oss kunnskap gjennom «fjernundervisning». Mange av dei eg har gjennomført digitale opptak med, har systematisk nytta dei tilbod korrespondanseskulane gav ungdom og eldre gjennom brevundervisning. For dei unge som i dag nyttar fjernundervisninga på internett og kan «spola seg» fram og attende, er det vanskeleg og forstå kunnskapstilnærminga me hadde med brevundervisning. Pensum måtte me tileigna oss gjennom læreboka og dei skriftlege svara og veileiing  vandra mellom elev og veileiar per post. Sjølv hadde eg ein flittig periode under militærtenesta, då «velferden» refunderte kostnadane med kursa. Norsk Korrespondanseskole som vart etablert allereie i 1914, og dei andre brevskulane,  har vore ein kunnskapsformidlar som mange av oss eldre har hatt stor nytte av. 

Ein av dei som nytta brevkursundervisning på veg mot høgare utdanning var Anstein Lohndal. Under innhenting av stoff til den vesle biografien eg skriv om han i 2017, og som stod i Årsskriftet til Stord sogelag same år, fortalde han at første brevkurset vart gjennomført i 1943. Dette var samtidas fjernundervisning og kurset i rekning vart nyttig då han skulle gjennomføra opptaksprøve til «Kvinesdal private realskule». Seinare i livslaupet, etter gymnaset i Flekkefjord, og lærarskulen i Kristiansand og praksis i Lødingen, Flokenes og Bokn , byrja han med sjølvstudium att. Han gjennomførte studiar i norsk og historie og faget gamalnorsk, med eksamen som privatist ved Voss landsgymnas. Anstein nytta seg òg av korrespondansekurs i latin med eksamen i Stavanger. Vidare fylde studiar i filosofi, psykologi og logikk på eige hand og eksamen ved Universitetet i Bergen. Som me ser var Anstein Lohndal ein flittig brukar av datidas fjernundervisning, – brevkurs. Anstein tok eksamen i 1961 ved Universitetet i Bergen og fekk graden cand. philol. med hovudfag i historie.

Eg vil og fortelja litt frå samtalane eg har hatt med Torbjørn Langeland som i 1946 flytta frå Skjold til Stord. Torbjørn er ein av dei innflyttarane som har hatt eit variert og spanande yrkeskarriere på Stord, med mange mellomstasjonar før han enda som interiørarkitekt ved Aker Stord. Han var ein av dei som mista arbeidsplassen  då produksjonen av møbler vart lagt ned ved verftet, og innreiing av båtar vart overført til Aker i Oslo. Han fekk då tilbod om nytt arbeid på maskinverkstaden, der han fekk opplæring i maskiner som planerte stål. Arbeidet gav nok lite stimuli til Torbjørn sine kreative evner, for han vart ofte ståande å sjå på at maskina jobba. Men arbeidet gav mykje tid til tenking. Som han sa; «dette førte til at eg byrja å vurdera brevkurs utdaning». Han fortel om eit sjølvstudium som både Arne P. Sortland og Åge Nygård hadde gjennomført tidlegare. Etter ei tid på maskinverkstaden tok såleis òg Torbjørn Langeland fatt på fjernundervisning ved den danske brevskulen, «Indendørs arkitekt akademiet, København». Studiet var bygd opp over fire semester med svarsendingar og eksamenar per korrespondanse. Torbjørn fortel om oppgåvene han arbeide med, m.a. design av møblar, plassering av innreiing, val av materiell og fargar, og teikning av kjøkken innreiingar for å nemna nokre. Oppgåvesvara vart sende til Danmark i spesielle konvoluttar og svar frå lærar kom som oftast attende på ei veke. Sjølv om det var krevjande å gjennomføra ei slik utdaning på sida av full jobb, så nådde Torbjørn Langeland målet; 1. april 1968 vart han tilsett som arkitekt på teiknekontoret ved Aker Stord.

Munnleg kjelde: Anstein Lohndal  (1926 – 2021) 

Torbjørn Langeland – f. 1930

————–

«Sunnhordland»  3. august  2021

Oddbjørn Kvålsvold

Eit kommunepolitisk jordskjelv

Mange eldre fortel om dei store motsetningane det var mellom det etablerte bondesamfunnet, politisk leiing og representantane som etter kvart vart valde inn  i heradsstyre frå Litlabøområdet. Dette vert skildra i jubileumsboka i høve 50-årsoga til Stordø Kisgruber som Herbrand Lavik skreiv i 1957. Arbeidarane ved Gruo hadde allereie i 1918 vunne seg ein liten plass i heradsstyra då dei fekk inn 5 mann på ei fellesliste frå området. I lenger tid hadde gruvearbeidarane betalt 33% av budsjettet i skatt, og dette skulle gi ein viss rett til å verta høyrt, skriv Lavik. Men på Stord som andre stader, var det lett for eit stort borgarleg fleirtal å oversjå dei, då etiketten «revolusjonær»  ofte vart brukt til motangrep sjølv om argumenta deira var saklege i mange høve.

Verre vart det då gruveingeniør Brodtkorb vart valt på ei borgarleg liste i 1928, ei liste som var ein allianse med dei konservative i heradet. Brodtkorb vert skildra som «ein skarp og utrettlig energisk mann, som ikkje gav sjølv de mest sjølvtrygge bønder i heradsstyret noke etter når det galdt arrogant form».  Men «revolusjonen» mot bondestyret var signalisert tidlegare då direktør Nilsen i Gruo hadde sendt eit skriv om dei store skatterestansane, og hevda at skatteøret kunne skrivast ned  frå 14 til 10% dersom dei styrande sytte for ei effektiv skatteinnkreving. Heradstyret på Stord fann ingen grunn til å innskjerpa uteståande skattekrav, endå gruvedirektøren  sende saka til fylkesmannen. Ingeniør Brodtkorb vart ein aktiv politikar og skarp i replikkane på heradsstyremøta. Det vart ofte «holmgangar» og godt stoff til pressa på Vestlandet. Haugesundsavisene hadde stadig utsende bladfykar som skreiv om striden mellom gruva og heradet.

Lokalavisa «Sunnhordland» , som under heile striden var «heradstyret og heradskasserarens sitt organ», vert sitert med fylgjande, «Det gode og fredfulle borgarlege samarbeidet innan heradstyret hev vorte uhugleg skipla». Det  vart vidare insinuert at heradsstyret måtte syta for å ha ekstra politi «for gruesluskens fyll», noko politiet var ute og straks dementerte. Men angrepa frå representantane frå Gruo var altfor direkte og udiplomatiske, skriv Lavik, sjølv om han forstår harmen frå dei i kravet om at den ilikna skatten skal betalast, og ikkje ettergjevast av heradsleiinga gong etter gong. Representantane frå Litlabøområdet førte ein direkte og udiplomatisk kamp mot fleirtalet, med skuldingar om rekneskapsrot, store skatterestansar og ettergjeving av heradsskatten. Etter at Brodtkorb vart medlem av ein skattekomité og fekk tilgang til bøkene/ dokumentasjonen, offentleggjorde han at det alltid var gardbrukarane som slapp unna skatten. Vidare sto 80% av formannskapet og 60% av heradsstyret på restanselistene. Han kalla skattesystemet i heradet ei «premiering» av dei dårlege skattebetalarane. 

Om ingeniør Brodtkorb var hard i formuleringane, så brukte heller ikkje den etablerte heradsleiinga med heradskasserar Rasmus Rommetveit i spissen «silkehanskar», fortel Lavik. Heradskasseraren skulda Stordø Kisgruber for heradet sin dårlege økonomi, fordi «forsorgsbudsjettet» svulma så uhyggeleg opp kvar gong det var driftsstans eller lockout i gruva». Dette argumentet vart avvist av gruveleiinga med eit rekneskapsoppsett som synleggjorde at heradet hadde eit overskot i sine skatteinntekter frå gruvefolket, endå om stønader periodevis var store. I kapitelet om «Gruve og herred» konkluderer Herbrand Lavik slik: «På somme vis seiret gruverepresentanten ingeniør Brodtkorb i heradsstyret. Heradskasseraren fikk et nytt og meir rasjonelt rekneskapssystem og meir hjelp på kontoret. Og restansepolitikken ble reformert, selv om en del av æren for dette skyldes den økonomiske oppgangen fremover mot krigsutbruddet».

Skriftleg kjelde: : Herbrand Lavik, «Stord Kisgruber …»

 

——

«Sunnhordland»  15 .juli  2021

Seter- og stølsdrift før i tida

Oddbjørn Kvålsvold

Seterdrift var gjennom mange hundre år ein viktig del av ressursutnyttinga i landet. Slik eg hugsar det, hadde mest alle gardsbruka i heimbygda mi Orkdal seterdrift. I eldre tider var seter eit beiteområde med hus for folk og dyr og der budeia og gjetargut/jente budde i sumarhalvåret. Mens støl var ein plass der ein samla buskapen for mjølking, ofte med ein liten fjøsbygning som vart kalla Mjøstølen. Desse låg ofte i skilje mellom inn- og utmarka på garden, men desse skiljelinjene er for lenge sidan viska ut. I dag nyttar me orda seter og støl om kvarandre. Tradisjonen fortel at før separatoren vart teke i bruk utover på 1900-talet, var  prosedyren at ferskmjølka vart slått opp i trekjerald. Her sto den til ho vart tjukk og sur, og rømmen la seg gylden og fin på toppen. Denne vart så «bretta» saman med ei skei eller ause og lagt over i rømmeambaren. Skjøret (surmjølka) vart teke vare på og nytta m.a. til tystedrikka og kokt til prim. Både kona og eg opplevde separatoren og kinna som to viktige tekniske hjelpemiddel i drifta på sætra. Ja, me måtte tidleg læra oss å halda jamn fart på sveiva.  Enno kan me minnast korleis rette klangen på separatoren skulle vera, eller lydforskjellen når rømmen brast og smør og saup «skilde lag» i kinna. 

I denne artikkelen vil eg òg nytta noko som Per Lundemannsverk fortalde meg. Gardane på Lundemannsverk hadde felles seterdrift i lia vest frå Fjellstova, og Per fortel soga om seterdrifta etter sin far, Peder. Budeiene frå dei to bruka på Lundemannsverk gjekk i lag til kveldsstellet på setra.  Dei gjekk den gamle driftevegen på ca. fem kilometer, framom Vad og Hauglandskverna, opp Storefosslia, kryssa så vegen mellom Vatnedalen og Lundseter opp til Lundemannsverksetra. På setra samla budeiene kyrne og mjølka dei før dei gjekk til ro for kvelden. Neste morgon mjølka dei buskapen før kyrne vart slept ut på beite og mjølka vart boren med heim. Dette var ei form for stølsdrift som vart nytta mange plasser i landet, stølsjentene gjekk opp i kveldinga, overnatta og gjekk ned dagen etter.  Tradisjonen fortel at stølsjentene var oppe i halv seks-tida. Dei skulle mjølka, løysa ut kyrne, måka etter dei og vaska mjølkeutstyret. Mjølka vart tømt opp i høveleg transport-spann og hengt i børetrekrokane (vassele) eller transportert i ein holk på ryggen. Ofte var det tung bør og lang veg heim. Samtidskjelder fortel at rutinane var tilpassa slik at heime sat gardsfolket ved kjøkkenbordet med frukosten når seterjentene kom heim. Etter ein matbit var det rett ut i slåtten. I fire- femtida om ettermiddagen fekk budeiene fri for å gå opp til stølen att. 

Per Lundemannsverk fortel meg òg soga om dei to illgjerningsmennene som kom til Stord i eldre tider, og tok livet av seterjentene på stølen deira. Det var far til Per som fortalde han historia om dei to vandringsmennene som tok seg inn til stølsjentene. Mennene tok livet av jentene og sette fyr på Lundemannsverksetra, før dei rømde vidare nordover. Tradisjonen fortel at mennene vart fakka på Voss, fekk dom og vart avretta for ugjerninga.

Munnleg kjelde: Per Lundemannsverk (1937 – 2018)

———–

 

«Sunnhordland»  30.juni  2021

Gode opplevingar i naturen

Oddbjørn Kvålsvold

Friluftsmannen Gunnar Høgås. Foto: Oddbjørn Kvålsvold

For oss som er glade i fjell, skog og mark, gjev Stord mange gode opplevingar og minneglimt frå eit variert landskap. Sjølv har eg gjennom 60 år fått mange gode synsinntrykk som har festa seg på hjerneborken frå turar i ein variert natur. Stord er på mange måtar eit Noreg i miniatyr. Dei store rovdyra er forlengst borte, men stadnamn som Bjørnahiet og Ulvatjørndalen vitnar om at dei har våre her. Reven er òg vekke, men eg får påminningar om at det har vore rev på Stord, når eg fyljer skogsvegen vest for Ulvatjørna og passerer Revasteinane eller går framom Revabåsen på stien mellom Stuva og Falkåsen.

Gunnar Høgås som eg hadde samtale med i 2012 er ein av dei som har nytta friluftslivet på Stord til fulle. For Gunnar vart friluftsliv, jakt og fiske ein viktig del av livslaupet og spesielt etter at han kjøpte ei hytte litt nord for den austre Stuasetertjørna i slutten av 1950-åra. Dette var ei hytta bygd av gamle kassefjøler og spikrane var gjenbruk. Gunnar fortalde meg at han ofte pakka sekken, tok geværet på aksla, og gjekk til fjells rett frå ettermiddagsskift ved midnatt på fredagskvelden. Vintersdagen med  mykje snø var det tungt å brøyta seg veg opp til hytta. Traseen han ofte gjekk var inn Stordalen og opp Bjørnastegen  til hytta som den gong var lita, trekkfull og held ikkje på varmen. Men friluftsmannen fortel om dei gode kjenslene det var og  koma opp til hytta og kjenna strålevarmen frå omnen og prata med hunden om komande jaktdag. På denne tid var det mykje småvilt i området og  forventningane før ei jakthelg i fjellet var det gode liv for gruveguten. Han fortel at det var, «tjåkande fullt med orrfugl og rypa. Ja, det hendte at rypeflokkane fauk over hyttetaket».

Hundane han hadde var dei beste turkameratane gjennom mange år, han fortel om buhunden som likte å sitja bak på bagasjebrettet på sykkelen. Om cocker spanielen som henta endene han skaut i Storavatnet. Og beagle’n  han jakta med i 13 år, var ein fantastisk harehund, og god «samtalepartnar» på fjellturane. Engelsk setter’en var og ein av friluftsvenene Gunnar fortel om. Denne var flink til å finna fugl i mange år, men etter kvart fekk den større interesse av teften av hjort.

Mellom forteljarane mine som har hausta vilt i skogane på Stord er òg Rasmus Haga. Rasmus var ein ivrig jeger både av storvilt og hare i mange år. Kanskje er kronhjorten han la i bakken oppom lysløypa ved vassverket ein av dei største frå skogane på Storden? Ein hjort med slaktevekt på 150 kg. Rasmus arbeide i Nordsjøen på denne tid, og kom heim til friperiode på valdagen. Sjølv om haustdagen var både sur og våt reiste han til Vikjo og kjøpte seg eit nytt regnsett, før han og komande svigerson Vikanes, køyrde til fjells. Rasmus fortel at jaktspenninga vart utløyst mest alt for raskt, då dei etter kort tid  gjekk rett på hjorten som hadde søkt ly i striregnet. Ja, eit velretta skot med gjeverstøtte frå ein furulegg la kjempen i bakken.  Rasmus jakta på Sigmund Økland sine jaktrettigheiter og det var Økland som vart med og slakta storbukken og stadfesta slaktevekta.

Munnlege kjelder:            Gunnar Høgås (1934- 2017)

Rasmus Haga f. 1935

——————–

 

«Sunnhordland»  21.juni  2021

Ådlandsvatnet – til hjelp, glede og gru 

Oddbjørn Kvålsvold

Då Stord sogelag hadde rusletur i området Grimsåsen og Sagneset i vår, fortalde Tore Lande  Mo, om ei dramatisk drukningsulukke i Ådlandsvatnet nær Sagneset. Sjølv les eg om denne hendinga  i bygdeboka, « Heimar og folk i Vikebygd». Her vert det fortald om eit driftig kvinnfolk, Rakel Larsdotter fødd i 1799 i Strandebarm, som mista mannen sin i Ådlandsvatnet i 1832. Soga fortel at mannen Johan Larsson og Rakel var plassfolk frå Eidsvåg i Valestrand, men ynskte ein ny buplass. I boka står at ekteparet hadde kjøpt eit utmarksstykkje ved austre kanten av Ådlandsvatnet og tragedien skjedde då tømmeret skulle transporterast på vatnet. Dette var i ei tid, då det var vanleg å ta stovehus med seg, og setja dei oppatt på nye buplassar. Såleis vart huset deira i Valestrand teke ned og frakta med ei skute til Leirvik. Derifrå bar dei og dugnadsfolk tømmeret opp til Ådlandsvatnet for vidare transport med båt. Men under transporten på vatnet, med kona og borna i båten, drukna husbonden. Soga fortel at Johan Larsson drukna då han skulle skuve båten lenger innåt land i eit område med laus søylebotn/ mudder. 

Ei anna tragisk hending på Ådlandsvatnet fortel likkistesnikkar på Vikjo, Halvard Olai Hanson Dahle om i ei bok som familien har teke vare på. Her har Halvard i Holo som han vart kalla, sirleg nedteikna, mellom notat om utført pliktarbeid hjå grunneigar Reinert Leirvik og kisteproduksjonen; «1. november 1921. Blåste en orkanagtig storm som foraarsaket stor skade samt omkom Ole Hansen Økland i Odlandsvandet. Vinden blaaste frå norvist»

Me kjenner til at vassvegane og vatna vart nytta som ferdselsåre både sumar som vinter, slik òg då far til Per Lundemannsverk skulle byggja ny løa i 1932. Tømmeret som vart hogge i Rossekleiv, vart transportert med flaumstor elv til Ådlandsvatnet og ført vidare til saga i Frugarden. Om vinteren med trygg is vart Ådlandsvatnet nytta som transportveg av mange, men bygdesoga fortel òg om ein som aldri våga seg utpå islagt vatn. Ola Høyland skriv om plassmannen Lars frå Tysnes som til vanleg vart kalla «Ponten» og som var husmann på Åsen i meir ein 50 år. Ein plass som låg under Vatnagardane og som vart kalla Pontåsen. Tradisjonen fortel at Ponten var redd å gå på isen, sjølv om andre køyrde, våga han seg ikkje utpå. Nei, han gjekk langs vatnet på land og folk hadde denne herma etter han: «Da è be’re å gå på land i kroka, enn å liggja på vatne å ropa».

Vidare fortel dei eldste om store folkesamlingar på Ådlandsvatnet, med snødekt eller speilblank is, om kappkøyring med hest og fleire skeisemesterskap. Sjølv hugsar eg vintrar med trygg stålis, då eg skeisa langs strandlinja rundt heile vatnet. Ein rundtur på ca.5 km. Om korleis Ådlandsvatnet fungerte som matkjelda, skriv Ivar J. Helleland i bind III i bygdeboka; «her var eit framifrå fiske i si tid». Skriftleg kjelde fortel m.a. at sokneprest Peder Olsen Svegning, klaga i 1648 over det gode «fiskeriet» han mista, då han måtte flytta frå prestegarden på Nedre Ådland til Tyse. Me kjenner òg til soga om den ringe fisken som vart teken seinhaustes og salta, og som ofte vart lakebrend og elendig. «Det var sovoren fisk drengene nekta å eta meir enn to gonger i veka», fortel Ivar J. Helleland om i bygdeboka.                                                                                                                                                                      

Skriftlege kjelder: Heimar og folk i Vikebygd, v/ Per Ivar Tautra m. f. – 2018

Stord bygdebok, bind II og III v/Ola Høyland – 1966 /1973

 ———-

 

«Sunnhordland»  9. juni  2021

Smeden og smia

Oddbjørn Kvålsvold

Paul Magne Storebø. Foto: Oddbjørn Kvålvold

Frå lokalhistoria kjenner me til mange smedar som vert omtalt med vyrdnad på grunn av sitt renommé som fagperson. Tradisjonen fortel at smedane Olav Bjørnberg og Haakon Koppang som arbeidde i borsmia ved Litlabø Gruber var viktige fagfolk i produksjonen.  Det var desse som hadde ansvar for å kvessa  mineborane som vart nytta før moderne boreutstyr vart teke i bruk etter 1945. I «Smio på Vikjo» var det smeden Alf Åsen og seinare Ola Litlabø som var dei mest profilerte smedane fortel informantane mine. Ein annan kjent smed på Stord var Olaf A. Gjesdal som i 1941 starta smie på Ådland. Av skriftlege kjelder ser eg at Gjesdal dreiv ei omfattande bygdesmie, med produksjon av prydkunst i smijern, gitterportar og reperasjonar av landbruksmaskiner og bilfjærer.                                                                                                                  Dei mange smiene som var i drift i vår nære fortid, var viktige arbeidsrom for dei små og større verkstadane. Sjølv var eg 4 månader av læretida mi hjå smeden Mikal Tveita i smia ved Stord Verft der beslag, spesialverktøy og kilar vart forma.

I det fyljande vil eg fortelja litt frå eit opptak eg gjorde med Paul Magne Storebø i 2013. Han fortel om sitt første møte med smedyrke i 10-årsalderen. Det var faren som trong hjelp til å kvessa borar då dei skulle skyta vekk nokre bergnebbar rundt huset. Paul Magne minnast at smeden som hjelpte dei, herda borestålet ved å stikka boren ned i molda. Ein herdemåte som gav varierande kvalitet på egga. I slutten på tenåra fekk Paul Magne høve til eit skuleår ved Framnes ungdomsskule i Kvam. På skulen var det den flinke smeden Alfred Aa som underviste i smedyrke og varmehandsaming. Her fekk han både sjå og prøva korleis stålet skifta farge etter temperaturen og smi og forma både beslag, reiskap og kvessa borstål. Under kjøling i vatten var det viktig å forstå korleis varmen  «løpe an mot egga» ved herdeprosessen. Etter vinteren på Framnes fekk Storebø lærlingplass ved Bergen Mek. Verkstad (BMV), der han fekk eit spesialoppdrag av arbeidsleiaren; smi og fila til ein «hane» på eit gjever han laga «på privaten». Dei grunnleggjande kunnskapane Paul Magne fekk på Framnes i fileteknikkar var avgjerande for at han lykkast som «børsesmed». Etter fagutdaninga ved BMV byrja Storebø som faglærar ved  yrkeskulekurs og vart seinare faglærar ved Stord Yrkesskule då  den opna i 1977. 

Smia Paul Magne Storebø bygde på Langeland, er ein plass der det gamle handverket vert helde i hevd. Sjølv har eg råka på knivselgarar på messer i Sunnhordland som fortel at knivbladet er kjøpt hjå smeden på Langeland og er av jamn god kvalitet. I ein detaljert gjennomgang av metoden han nyttar, får eg kjennskap til dei faglege finessar. Grunnmaterialet er platekapp med rette karbon- innhald og til eggstål nyttar han stålbetar frå gamle sagblad. Spillolje vert brukt til kjølemedium ved herding og eit 20- 30 minuttar opphald (anløpe) i bakaromn på 200-240 gr. gjev jamn god kvalitet på knivbladet. Ein god kniv må vera lett å setta opp og halda godt på bite, understrekar knivsmeden på Langeland.

Munnleg kjelde: Paul Magne Storebø – f. 1934

Skriftlege kjelder: Gruva – 100 år v/ Øyvind Bjørnson – 1991


«Sunnhordland»  26.mai.  2021

Husmannsplassane    Grimsåsen og Saneset

Jens Litlabø

Saneset Foto: Jens Litlabø

Svartedauden midt på 1300-talet og påfølgjande pestbølgjer førte til meir enn halvering av folketalet i Noreg. I år 1500 er folketalet estimert til om lag 150000 menneske, medan det i 1800 er på 883000, og då har me fått relativt nøyaktige folketeljingar. I dei påfølgjande hundreåra skal folketalet koma til å auka mykje meir og år 1900 var det kome opp i 2,2 mill. innbyggjarar, og dette trass i at nærare 0,8 mill. nordmenn då hadde reist til Amerika.

Før folkeauken tok til på ny hadde innbyggjararne i Noreg rikt ressursgrunnlag i landbruk og fiske, men etter kvart vart det mangel på gardsbruk til sjølveige eller bygsel, utan ei omfattande oppdeling av eigedomane. Veksande næringar som fiske, trelasthandel og gruvedrift kunne ikkje skaffa nok sysselsetjing og inntekt, dessutan var det naudsynt med stor innanlands matproduksjon i eit dominerande naturalhushald, der ein produserte det meste sjølv.

Ei løysing vart husmannsordninga som vaks fram frå 1600-talet. Husmannen fekk då bygsla (leiga) eit jordstykke på ein sjølvstendig gard. Storleiken på husmannsplassane kunne variera mykje, slik at ein del kunne fø meir enn to kyr og ha fleire mål åker, medan andre berre bygsla ei tuft til huset, den sistnemnde gruppa kunne vera strandsitjarar som det vart ein del av i Leirviksområdet. Husa åtte dei oftast sjølv, medan det vart betalt leiga for jorda. Det var vanleg at husmennene betalte jordleiga gjennom onnearbeid på garden, og det vart avtala eit visst tal dagsverk, men i tillegg var det også ofte med pengar eller andre ytingar. Husmennene i dei beste jordbrukstroka arbeidde gjerne fast på hovudbruket, medan dei kunne ha ulike yrke ved sida av plasset dei fleste stader kringom i landet.

På Stord vaks det også fram mange husmannsplassar, og særleg frå slutten av 1700-talet og utover 1800-talet. I 1865 var det såleis 126 registrerte husmenn, medan talet på sjølvstendige gardsbruk var 175. Særleg mange husmannsplassar vart det på gardane Orninggård, Nordre Bjelland og Leirvik, som utvikla seg til ein strandstad med ulike servicefunksjonar på Vikjo. Elles var det mange husmannsplassar i Hornelandsområdet, i Sagvåg og kring Gruo på Øvre Litlabø. Husmennene på Stord kunne ha ulike yrke ved sida av plasset, og ofte var det ulike slag handverk som skomakar, smed og bygningsmann. I Holo under Leirvik vart det lik-kisteproduksjon, medan det i Sagvåg gjerne var skipstømrarar og i Litlabø-området vart det mange gruvearbeidarar frå siste halvdel av 1800-talet.

På Nordre Tveita låg husmannsplassen i Grimsåsen eit godt stykke frå innmarka på garden. Dette er ein gamal husmannsplass som vart rydja kring midten av 1600-talet. Plasset kunne nok fø eit par kyr, og var kontinuerleg i bruk til det vart skilt ut som eige småbruk i 1914. På slutten av 1700-talet var plasset kårbruk til gardbrukaren på hovudbruket, etter at han hadde gjeve garden over til neste generasjon. Det tidlegare plasset har i nokre generasjonar vore i familien Losnegård si eiga. Brørne Bernt og Andreas Losnegård dreiv ulike slag bygnings og handverksarbeid med utgangspunkt i Grimsåsen. Mellom anna dreiv dei sagbruk og produksjon av trerøyr til vassleidningar.

Ved Ådlandsvatnet eit lite stykke nedom Grimsåsen ligg Saneset, som var eit av fire husmannsplass under Ådland. Plasset er truleg ein god del eldre, men i 1872 fekk plassmannen Ole Olsson frå Tyse kjøpa plasset. Han var gift med Johanne Kannelønning og dei fekk fem born.Ole Sagenes vart kjend i bygda både som rosemålar og sjølvskriven kjøkemeister i bryllup og gravferder. Mange har kister, ølboller, ambrar og anna som Ole har dekorert med si særeigne rosemåling.

Talet på husmannsplassar vart mindre mot slutten av 1800-talet, og i 1900 er talet i Stord nede i 43. Nokre tiår seinare er ordninga langt på veg borte. Kvar vart det av alle desse husmannsplassane? Som i dei to sistnemnde døma, vart mange av dei skilde ut som eigne sjølveigande småbruk. Andre plass kunne verta inntekne i innmarka på hovudbruket, medan ein del har vorte liggjande brakk og har grodd att, slik at me berre kan sjå vister att etter gamle åkrar og hustufter.

Førstkomande tysdag skipar Stord sogelag til rusletur, der me ser nærare på Grimsåsen og Saneset. Representantar frå oppsitjarane vil fortelja om bruket og folket der. Tore Lande Moe vil fortelja om Ole Sagenes. Sjå eiga lysing i «Sunnhordland».

Dei viktigaste kjeldene eg har nytta er: Stord bygdebok-Gards og ættesoga og Stord frå steinalder til oljealder-band II.

 

———

«Sunnhordland»  5.  mai 2021

Soga om potetferien som vart haustferie

Oddbjørn Kvålsvold

Forteljar: Tordis Vikene. Foto: Oddbjørn Kvålvold

Mange av informantane mine har gode oppvekstminne frå ei tid då skulane ikkje hadde haustferie, men noko som i «skuleruta» vart kalla potetferie. Andre hugsar potetferien som «ein pest og plage», ein periode med tungt arbeid og med store påkjenningar for ein spinkel kropp i vekst. I oppvekståra til oss eldre, var potet ein viktig del av kostholdet og høyrde til på alle middagsbord, så åkrane kunne vera store sjølv på mindre bruk. Tradisjonen fortel at poteter kom til Noreg i 1740-åra. Presten på Finnås, Peder Harboe Hertzberg vart ein pådrivar for å få fart i dyrking av poteter i Sunnhordland og vidare med, då han gav ut ei bok om potetdyrking i 1774. Med hjelp av internett ser eg at dei «lærde stridest» om kva tid potetferien gradvis vart innført hjå oss, men fleire fortel at den vart ein del av skuleåret under krigsåra på 1940 talet. Mange meiner at dette var eit tiltak for å hjelpa bøndene og sikra  potetavlinga, mens andre trur at å få fri nokre dagar frå skulen til nyttig arbeid kan sporast lenger attende. Ja, potet og sild var i alle fall ernæringsmessig viktig i okkupasjonsåra med lite tilgang på mat.  

På folkeskulen eg gjekk i slutten av 1940-åra og byrjinga av 50-åra, trur eg det berre var dei eldste klassane som fekk ei veka fri. Då vart me hyrt inn av bønder som hadde bruk for arbeidskraft i samband opptak av potetavlinga. Som oftast var det mykje folk på åkrane og potetopptakaren, trekt av to hestar gjekk mest i eit. Det vart ofte lange dagar og måltida var eit høgdepunkt. Eg hugsar at dei aller fleste serverte god mat, sausekjøtt, kjøttkaker eller god lapskaus. Men på ein gard i bygda var måltidet ei påkjenning. I kjøttsuppa låg det store fleskbitar og på nokre av desse var det tydleg bust på svoren. Desse svorbetane låg og flaut på toppen av skåla i lag med det gule feittet. 

Tordis Vikene som vaks opp på Ådland har fortald om oppvekstminne der skuleungane fekk potetferie og hjelpte bønder med innhaustinga. Minne frå åkrar der mange var engasjert med tre bytter. Ei for dei store matpotetene, ei for småpotetene og så ei for å samla opp dei skadde og med svart skurv på. Tordis var med på fleire gardar å hjelpte til i potetonna, slik det var sedvane på denne tid. Minna frå åkeren til Torbjørn Haga er gode, og ho fortel at dei lange potetforene vart velta opp med plog og potetene grove fram av vaksne. Matøkta vert hugsa som eit høgdepunkt. Det å sitja rundt eit stort middagsbord med mange vaksne var gjævt for ungar på denne tid. Då kjende me på at ein hadde vore med å utført gagns arbeid. Tordis minnest òg ein episode frå ein gard der dei serverte graut til middags, ein graut av det «grove slaget». Då reiste søstera til Tordis seg og sa; «eg går heim og et middag, eg likar ikkje graut».

Sjølv om betalinga var lita så kom kronene vel med, òg me utførte gagns arbeid i skuleferien som skifta namn til haustferie ein gong utpå 1980 talet. 

Munnlege kjelder: Tordis Vikene f. 1936

Digitale kjelder: Søk på internett

———-

 

«Sunnhordland»  19.  april 2021

Gjenreisinga etter siste verdskrigen og skogplanting

Oddbjørn Kvålsvold

 

Forteljar Rasmus Haga. Foto. Oddbjørn Kvålsvold

 

 

For generasjonen som vaks opp etter siste verdskrigen, vart gjenreisinga av landet ein viktig del av kvardagen. Gjenreisingsdirektoratet som vart oppretta i 1946, hadde tilsyn med byggeverksemda i landet og skreiv ut tilvisingar på bygge- materialar. Dei førte og kontroll med forsyningsnemnda i fylket si handsaming av søknader om bustad og landbruksbygg. Rasjonering av mjølk- og mjølkeprodukta varte til hausten 1949, og for sukker, te og kaffi måtte ein nytta rasjoneringskort fram til hausten 1952. For å kjøpa klede vart det nytta kort (merke) fram til 1954, og regulering av bustadbygging og bilsal varte til 1960. Det var lite varetilfang og rasjonering av mange vareslag påverka kvardagen vår.

Etter krigen var det politisk einigheit om styrking av skogbruket etter mange år med mykje tømmerhogst. Dette var såleis eit eige punkt i Fellesprogrammet frå dei politiske partia føre stortingsvalet i 1945. Tiltaket var ein del av gjenreisinga etter krigen og Skogkommisjonen som Stortinget sette ned i 1951 tilrådde  ambisiøse mål. Vestlandsfylka skulle plantast med skog, og gran var hovudproduktet. Fagfolk fortel at produksjonsevna til gran er tre- fire gangar så stor som furu. Planen var at det skulle plantast 27 millionar planter kvart år og skuleborna skulle delta i arbeidet. Mange av dei eg har hatt samtaler med under innsamling av livsminne, fortel om årvisse utflukter til skogsområder der areal vart tilplanta med gran. 

I ein samtale med Rasmus Haga fortel han om skogplantinga han var med på først i tenåra, truleg i åra 1947-48 og 49. Rasmus gjekk på folkeskulen på Rommetveit, og hugsar godt den årvisse plantedagen som vart tilrettelagt med hjelp frå lærarskulestudentane. Årskullet han var ein del av, hadde få elevar og han nemner; Hans Presthaug, Trygve Tveit, Nils Aksel Mjøs, Eilert Hystad og jentene Madly Økland og Bjørg Tyse. Elevane stilte med niste, drikke og den spesielle plantehakka som var i bruk på denne tid. Borna gjekk i samla tropp frå skuleområde til plantefeltet dei hadde fått tildelt. Rasmus meiner det var i området mellom Vad-vegen og Hauglandsgardane dei planta. Plantinga var tilrettelagt som ein akkord, slik at klassen skulle få i jorda ein visst mengde buntar før «skuledagen» var over. Men i sluttfasen av dagen gjekk det ofte litt fort, minnast Rasmus. Då hendte det at både to og tre granplanter hamna i same plantegropa, – viss studentane ikkje var i nærområdet. 

Skogen er hogstmoden  når veksten vert så låg at det løner seg å plante ny skog. Fagfolk reknar at dette skjer etter 60 – 120 år etter planting. På mark med god produksjonsevne (bonitet) og eller ved kysten, produseres større volum på kortare tid. Me som liker å ferdast i skog og mark registrerer at skogeigarane på Stord har hausta mykje av desse  plantefelta dei siste 2- 3 åra, og store hogstflater har opna landskapet. Ikkje minst har hogst langs E 39 ved Grov, Litlabø og frå Ådlandsvatnet mot Landåsen gjeve oss nye synsinntrykk over kulturlandskapet. Granfeltet som Rasmus Haga var med å planta, mellom Vad-vegen og Hauglandgarane for ca. 70 år sidan er mellom dei som er hausta.

 

Digitale kjelder: Norsk institutt for bioøkonomi.no

Kystskogbruket.nø

Stortinget .no

Munnleg kjelde: Rasmus Haga f. 1935

——

«Sunnhordland»  7.  april 2021

Det kom mange innflyttarar til Stord

Oddbjørn Kvålsvold

Om ein stiller med innflyttarblod av første, andre eller tredje generasjon, så er tankespelet rundt kva har strandstaden Vikjo  vore utan  innflyttarar  interessant? Ved folketeljinga i 1900 vart det registrert 50 hus og 334 menneskje på Leirvik, mens det i 2020 budde vel 14000 i tettstaden.

Den bergverkskyndige konsulenten Christian A. Münster  ville satse på gruvedrift på Stord i 1906,  men meinte det var trong for å tilføra arbeidskraft skulle ein få fart på gruvedrifta på Øvre Litlabø. Han skreiv i sin rapport om forholda. « Problemet er at dei innfødde, (som han kalla dei), eller fiskerbonderacen, ikkje arbeider raskt nok… Mens dei profesjonelle gruvearbeidarane, den såkalla gruveslusken drakk for fire, men arbeidde for to». Ja, fram mot 1920- åra kom det mange «gruvesluskar» til Litlabø.

I det fyljande vil eg trekkja fram nokre av dei framsynte, idérike gründerane som busette seg, og starta aktivitet på Leirvik og nærområde i det 20. århundre. Me kjenner godt til kor viktig hermetikkindustrien vart for tettstaden då fabrikkeigar C. Hoge Thiis med hjelparane Maria og Kristoffer Blom  frå Stavanger starta opp «Thiisafabrikken» i 1907. I 1957 tok stavangerfirmaet  Rønneberg Preserving over  og held fram drifta til 1964.

Chr. Baardsen frå Haugesund kjøpte strandlinja mellom Nattrutekaien og Kloven i 1916 og bygde hermetikkfabrikk på tomta. Fabrikken hadde fleire eigarar og namn, men er nok best kjent som «Bøschen». Ein fabrikk som var i drift fram til 1960. Inne i Evjo var det òg fabrikkar som dreiv og foredla sjømat alt frå 1909. Og i 1946 kjøpte Ivar Landrè d.e.. frå Oslo ein av dei, Stord Canning. Sonen med same namn tok over drifta og foredla krabbe m.m. til midten av 1950 åra. Nye eigarar frå Stavanger utvida drifta og foredling m.a. hønsekjøtt i 1950-åra under namnet Lester  Preserving. Fabrikken avslutta drifta rundt 1960. Meir om hermetikkindustrien på Leirvik og kvifor dei vart nedlagde, finn ein i årsskriftet til Stord sogelag for 2013.

Av driftige tilflyttarar som etablerte seg på Leirvik er det mange, og nokre av verksemdene har eg heidra før med omtale i årsskrift eller i boka, «Minneglimt frå levde liv» som kom ut i 2019. Her vil eg berra nemna nokre av dei med namn, driftige folk som har sett varige fotefar etter seg i stordsamfunnet. Ole Olvik etablerte Furuly helseheim i 1908, og som i 1959 vart distriktssjukehus for Sunnhordland.  Ole Oma frå Strandebarm starta båtbygging på Døso  i 1909. Karl Gulliksen kom frå Stavanger i 1894 og starta først ei urmakarverksemd, men etter kvart etablerte han Leirvik mek. verkstad og utvikla «Stord» – motoren.

Teodor Onarheim flytta frå husmannsplassen Vågen i Kvinnherad og etablerte seg på Stord i 1919. Dette vart eit vegskilje for bondesamfunnet på Stord, og mange ville ikkje ha den «stinkande» sildoljefabrikken i nærområdet. Men ei rettsavgjerd avviste klagene. Då skipsbyggeriet utvikla seg på Kjøtteinen etter siste verdskrigen, vart det trong for nye fagfolk. Stord hadde lange tradisjonar med treskipsbygging, men stålkonstruksjonar vart nye utfordringar. Difor måtte Onar Onarheim som då var disponent, henta mykje av spisskompetansen frå omverda. Frå Bergen kom skipsingeniør Rolf Ellefsen og frå Horten sveiseforman Karlsen. Og skipsbyggjar Leif  J. Nilsen frå Moss, vart tilsett som merkeleiar på avslåingsloftet. Frå Bergen mek. verkstad kom fagarbeidarar innan faga; plate, sveis og rør; Trygve Olsen, Victor Gillstrøm og Harry Neset for å nemna nokre.

Skriftlege kjelder:Øyvind Bjørnson: Gruva – 1991

Yngve Skjeæveland: Stord frå olje….., bind III

Stord sogelag – årsskrift 2013

Særutgåve av «Systemposten» – 1949

———-

«Sunnhordland»  17.  mars 2021

Produksjon av piassavakostar på Fitjar

 Oddbjørn Kvålsvold

Birger Thorland f. 1934 Foto: Oddbjørn Kvålsvold

 

Ein av mine gode vener fortalde ein gong at han hadde vore med og produsert piassavakostar i oppvekståra. Han vaks opp på Fitjar og mi interesse for lokalhistorie vakna, og Birger Thorland måtte fortelja om farbroren som etter at han vart blind starta opp produksjonen av piassavakostar.

Farbroren Lars Thorland Vesbestad (1896-1967) vaks opp i ein syskenflokk på 10 born, der fleire reiste til Amerika. Bygdeboka for Fitjar fortel at Lars òg var der borte ein tur. Birger fortel at onkelen segla i utanriksfart ei tid, og at han gjekk på kunst og handverkskulen på Voss. Me veit at Lars vart ein flink kunstsmed og laga både smijernslampar, lysestakar og spenne. Seinare kjøpte han ein engelsk kutter som hadde namnet «Rimsvarden». Kutteren hadde mannskap frå Fitjar og gjekk i kystfart på vestlandet, den førte m.a. kvernsteinar frå Hyllestad i Ytre Sogn. Onkelen som hadde hatt problem med synet ei tid og var synshemma, fekk etter kvart så redusert syn at han måtte slutta med fraktefarten.

Etter at synet svikta søkte Lars Thorland opptak på blindeskolen i Oslo og vart elev der. Her lærte han blindeskrift og fekk opplæring i korleis ein kunne  laga feiekostar med enkle hjelpemidlar sjølv om ein var blind. Den blinde Lars vart no eit ledd i produksjonen av piassavakostar, der han fekk tilsendt halvfabrikata frå ein annan leverandør og starta produksjon av kostar i «Dahlebua». Mange av unggutane i grenda fekk høve til å tena nokre kroner etter skuletid og var til god  hjelp for den blinde. Sjølv var Birger fast medhjelpar og fortel korleis dei forma til og bøygde  dei stive fibrane frå palmeblad. Desse vart stukke inn gjennom hola i det rektangulære trestykke  og låst med hampetau i bukta på oppsida før «topploket» vart stifta på. Busta vart stussa jamlange med saksa før dei monterte skaft. Dette er ein kosttype som truleg har vore i bruk sidan midten av 1800 talet, og det vart nytta mange typar palmeblad med ymse kvalitetar før ein tok til og bruka «plastbust», skriv Wikipedia. Sjølv om samfunnet ikkje var tilrettelagt for dei synshemma og blinde slik som i dag, så hadde onkelen òg eit spesielt lommeur der talskiva var tilrettelagt med «punktskrift», fortel Birger.

Etter opphaldet på blindeskulen kjøpte Lars Thorland ein tandemsykkel som vart nytta i lag med hjelpere, og Birger og onkelen hadde mange sykkelturar. Tradisjonen fortel at tandemsykkelen òg var i bruk då Lars reiste på friarferd til Lykling på Bømlo. For på sine eldre dagar vart Lars kjent med systera til Anton Lykling, som òg var elev på blindeskulen. Ja, friarturen til Bømlo var vellykka, for Emma Lykling vart kona hans og dei bygde hus i Fitjar sentrum. Det høyrer med til soga at Emma starta butikk i Fitjar og dei eldste i bygda vil hugsa ekteparet som dreiv tøy- og trådutsal og kosteproduksjon i lokalar ved Fitjarsjøen. I lokalmiljøet vart dei kalla «tråd Emma og blinde Lars’en».

Munnleg kjelde:            Birger Thorland -f. 1934

————-

«Sunnhordland»  3.  mars 2021

250 år sidan den første vaksineringa i Sunnhordland

Egil Nysæter

Av dei mange epidemiane i eldre tid var det særleg koppar (ofte kalla barnekoppar, variola på latin) som tok mange liv. «De Kopper, her gaaer, ere meget farlige. I Fieldbergs Hoved-Sogn er død en mengde Børn» skreiv Andreas Juel, futen i Sunnhordland, i 1771, i avisa «Efterretninger frå Adresse-Contoiret i Bergen i Norge». Frå ein apotekar i Bergen fekk han tilsendt eit par skrifter om «Smaakoppernes Indpod-ning». På denne bakgrunnen utførte frua i futegarden på Halsnøy kloster, Anna Juel, innpoding – vanlegvis kalla inokulasjon – på deira tre born.

Innpodinga skjedde ved å leggja ein tråd gjennomtrekt av koppesmitte frå ein annan person i eit risp i huda. Det førte til ei mildare form av sjukdommen med immunitet. Metoden kom tilEuropa frå Kina/India via Tyrkia. Med få legar spelte prestane sentrale roller i å ta i bruk denne tidlege forma for vaksinasjon. Første distriktslegen kom til Sunnhordland i 1832 og til Stord i 1853.

Ein av desse prestane var sokneprest Eric Olsen i Stord prestegjeld frå 1792 som då også femnde om Fitjar og Valestrand. Han var å rekna som ein halvstudert lege. I eit skrift frå 1798 skreiv han om inoku-lasjonen som han sjølv hadde praktisert både i Sunnhordland og Hardanger. Metoden var elles omdiskutert og risikabel med ein dødsprosent på to.

Den engelske legen Edward Jenner gjennomførte i 1796 ein vellukka vaksinasjon mot koppar ved hjelp av puss frå kukoppar, ein ufarleg sjukdom for menneske. Det blir fortalt at han fekk ideen frå pene budeier i England som ikkje var kopparra på grunn av naturleg smitte frå kyr. Han skapte også ordet vaksine («vaccinæ») frå det latinske ordet for ku: «vac-ca». Han kunne også bevisa at dei vaksinerte vart immune. Han vart først møtt med mistru og kritikk. Men metoden vart snart teken i bruk.

I Danmark-Noreg vart det i 1801 sett ned ein offentleg kommisjon som organiserte og sette i verk vaksinasjonen i dei to rika. I Noreg var den første vaksinasjonen i desember 1801 med vaksinemateriale frå Danmark. Lenge var det vanleg å bruka såkalla «human lymfe», dvs. at ein let materiale gå vidare frå vaksinasjons-utslettet frå eit menneske til eit anna. Men mange vart ikkje immune og andre sjukdommar kunne vidareførast. Det Animale Vaccine-institut blei opna i Oslo i 1891 med framstilling av vaksine frå kalvar under vitskapleg kontroll. Det var først ved kongeleg forordning av 3. april 1810 om koppevaksinasjon i Danmark og Noreg at det kom fart i vaksinasjonen. Samtidig vart ino-kulasjonen på det strengaste forboden. Vaksinasjonen var på papiret frivillig. Men prestane skulle sørgja for at konfirmantane var vaksinerte og brurepar måtte leggja fram vaksinasjonsattestar. Dermed var det i praksis likevel obligatorisk å vaksinera seg. Vaksinasjonen vart registrert i kyrkjebøkene.

Den mest kjende hjelpevak-sinatøren i Stord prestegjeld var Ole Georg Olsen (1780-1868) på Einstadbøvoll i Valestrand; son til sokneprest Olsen. Ein stordabu kunne seinare fortelja at «da va inkje ein einaste man eg va så levande ræd for som gamle Olsen. Mor brukte å skræma os når me va uskikkelige; «eg ska senda bo itte Olsen så kjæme han å stikke dåko i armen. Å når ungane såg han komma i ein sie frakke (pjekkert) å ein store hat, tok me te skogs.»

Forordninga av 1810 var gjeldande heilt til Lov om vaksinasjon vart vedteken i 1954 med heimel for helsedirektøren å påby vaksinasjon. Det var påbod om vaksinering for sjømenn i utanriksfart, militært og medisinsk personell skulle vera vaksinerte mot koppar. Obligatorisk koppevaksinasjon av born varde til1976; fire år før Verdas helseorganisasjon erklærte sjukdommen for utrydda.

Viktige kjelder:

  1. Malm: Kapper og vaccination i Norge (1915). Sunnhordland årbok 1949. Wikipedia.

———

«Sunnhordland»   22. februar 2021

Brennaryrket – ein del av mitt arbeidsliv 

Oddbjørn Kvålsvold

Adolf Rongevær. Foto: Oddbjørn Kvålsvold

I vår nære fortid satsa Stord Verft på arbeidskraft med oppvekst og erfaring frå småbruk og fiske. Slik var det òg då svigerfar til Adolf Rongevær, Halvard Haga, spurde personalsjef Lindeflaten om arbeid til svigersonen. Spørsmålet var; «Kva var han ifrå og kva arbeidserfaring  har han»? Haga fortalde då at Adolf var frå ei øy i Nordhordland, vakse opp på eit småbruk og hadde vore fiskar og hjelpt foreldra med gardsdrifta. «Det er slike folk me treng så han kan byrja på måndag», svara Lindeflaten.

Adolf Rongevær minnest at det vart spesielt å koma inn porten på ei så stor verksemd som Stord Verft i 1961. Eit yrande liv med folk, støyande maskiner, gneistar, kvasse lysglimt og kranar både på bakken og under taket i hallane. For han som ikkje hadde peiling på kva industriyrke innebar, vart dette overveldande dei første dagane. På brenneavdelinga med Sverre Evanger som arbeidsleiar fekk han sin arbeidsplass og her tok arbeidskameratane vel i mot han. 

Rongevær rosar arbeidskollegaene i avdelinga, som Evanger gav i oppgåve å læra han det mest elementære ved bruk av brenne- og skjereutstyr. Den unge lærevillige mannen frå Nordhordland fekk først instruksjon i korleis acetylen- og oksygen vart nytta til å skjera stål med handbrennarar. Så vart det opplæring i bruk av små brenneautomatar, men etter kvart òg større brennemaskiner styrde med holkortsystem. Adolf var tydeleg ein som likte denne jobben og tykte det var spanande å få nye oppgåver. Han fortel om den gode kjensla han bar på etter kvart som han takla dei nye utfordringane, og han registrerte at kvaliteten var tilfredsstillande. Ei slik oppgåve var å handsama tjukke stålplater som skulle tynnast ut med tre skjerebrennarar i forskjellige vinklar i ein operasjon. (overmålkutt, uttynning og v-fuge). Dette var før dataprogramma tok over og styrer mange av maskinene våre, så brennarane måtte kunna sit fag skulle resultatet verta godt. 

Eit anna område som Rongevær etter kvart måtte læra var å bruka fugebrennaren. Dette var viktige brenneoppgåver i faget før bruk av kolstift og andre arbeidsteknikkar tok over. Då Adolf fekk demonstrert fugebrennar første gongen, uttalte han at dette såg svært vanskeleg ut. Men instruktøren spurde om han kunne mjølka, noko han stadfesta.  «Ja, då lærer du dette fort», sa hjelparen. Me varmar opp stålet og så blæs me vekk den glødane massen med oksygenstrålen. Du må innarbeida ein jamn pulserande rytme», vart han forklart. 

Adolf lærte teknikken og fekk etter kvart mange krevjande oppgåver med fugebrennaren. Ikkje berre hundrevis av meter med fuging av baksveis, eller oppgåver med fjerning av knastar. Med krevjande oppgåver i tronge rom m.a. bak i maskinrommet. Her måtte Adolf krype gjennom fleire tronge «mannhull», dragande på lange slangar. Når så den  kraftige fugebrennarar vart tent steig temperaturen raskt, og oksygenforbruket auka. Dette var i 1960-åra, så kunnskap om nitrøse gassar var mangelfull. Som  andedrettsvern vart det berre nytta nokre enkle støvmasker som fanga opp dei grove støvpartiklane. 

Adolf Rongevær var ein av dei mange som var eit lite hjul i det store samspelet som bygde dei store tankskipa i verdsklasse. I dei ni åra han arbeidde som brennar ved verftet, var det ca. 1600 faste tilsette i produksjonsavdelingane og 400 i administrasjonen. For oss som var ein del av «tannhjulet» i denne tida, var det ein god arbeidsplass med samhandling mot felles mål. 

Munnleg kjelde: Adolf Rongevær f. 1935

…………

«Sunnhordland»   12. februar 2021

Med ein tysk festning som nabo  på Osterneset

Oddbjørn Kvålsvold

Henry Tveit (f.1935). Foto: Oddbjørn Kvålsvold

Henry Tveit frå Fitjar var 5 år da tyske styrkar okkuperte landet i 1945.  Mellom dei første minneglimt er at det kom ein sverm med fly som fauk nordover. Minne om sterk motordur og uhygga dette skapte vart eit varig livsminne. Nokre veker seinare var familien til gudsteneste i Fitjar då to tyske soldatar uroa kyrkjefreden. Dei kom opp midtgangen og forkynte; «no hadde dei teke over landet».

Henry Tveit fortel om den store aktiviteten som etter kvart starta opp i området. Vegen som slutta ved nabobruket skulle forlengast framom tunet deira  og vidare ut til festningsområdet. Tradisjonen fortel at det var entreprenørselskapet Høyer Ellefsen som var hovudentreprenør for prosjektet og det kom fleire bussar med arbeidsfolk frå Leirvik. På heimegarden til Henry vart det og laga ein tunell på 25 – 30 meter som fungerte som tilfluktsrom for soldatane på festningen. Ved tunellen vart det støypt bunkers med mitraljøsestilling, eit lite ammunisjonslager og laupegraver for nærforsvar. Området hadde vaktpostar døgeret rundt. På Tveitafjellet var det òg vaktpost stasjonert. 

For dei som budde og hadde festninga som nærmaste nabo var minebeltet og piggtrådgjerdet som vart plassert frå Tveitavågen over neset til Selbjørnfjorden eit stort fareelement. Eit av minna Henry har frå krigsåra er då faren Alfred kom heim og fortalde at soldatar hadde «pepra sjøen» rundt båten med maskingjeversalver då han rodde utover til Stokkneset for å sjå om fiskegarna. Faren vart arg og  tok kontakt med kommandanten og offiseren lova å gjeva sine instruksar, slik at tveitamannen kunne ha fiskegarn ved Stokkneset. Henry fortel og om ein anna gong faren var til festningssjefen og ordna opp i uønskt åtferd av okkupantane. Ein haust med mykje nøtter gjekk ein tropp soldatar laus og hausta nøtter i beste hasselskogen deira. Faren mislikte dette og sa til  offiseren at dette var grunneigaren sine nøtter, men då trekte han pistolen og sikta mot faren. Då òg var faren til kommandanten og ordna opp slik at julenøttene vart sikra for grunneigaren. 

Ei anna dramatisk hending som vart sterke minne hjå familien, er då systera som var i 12-13-årsalderen kom vettskremt heim. Ja, ho var så oppskjørta at ho klarte mest ikkje å fortelja kva som hadde hendt. Men så vart hendinga kjent og den var dramatisk! Systra fortalde at då ho skulle samla kyrne om kvelden oppdaga ho at eine kua hadde bråte seg gjennom gjerdet  og sto ute i minefeltet. Første tanken var og henta henne, men så minnast ho alle åtvaringane om faren med miner og stagga seg. Snart snudde kua og tragedien var eit faktum. Eksplosjonen og kua som vart sprengt i betar er minne som aldri vart viska ut. Eit minne om husrassia etter at nokre fangar hadde rømt har og festa seg hjå han som var mellom 5 og 10 år i okkupasjonstida. Hendinga då ein tysk vakttropp dukka opp i tunet og brauta seg veg inn i huset med skotklare våpen. To sprang opp på loftet og fire fordelte seg i søre og nordre stova i førsteetasjen. Då mora gjekk etter inn i stova og spurde offiseren, som stod å rota ned i ei kommodeskuffe, kva framferd dette var? Svara han; «engelskmenn, engelskmenn». 

Småbruka som vart drifta på Tveit og Stokken desse 5 okkupasjonsåra kravde vaksenpersonar som var trygg på seg sjølv og som hadde ei roleg åtferd, viss ikkje hadde dei kanskje vorte tvangsevakuert.  

Munnleg kjelde: Henry Tveit – f. 1935

—–

«Sunnhordland»   2. februar 2021

Då DS «Austri» forliste ved Eldøyane

Oddbjørn Kvålsvold

Johannes Matre. Foto: Oddbjørn Kvålsvold

Eit av samtidsvitna som opplevde då kystskipet «Austri vart angripen av britiske Mosquito-fly  og sokk i februar 1945, var Johannes Matre. Redselssenene tenåringen opplevde denne føre- middagen ved Eldøyane gløymte han aldri. Som han sa, «dei var der gjennom heile livet, men kom sterkare og oftare til overflata dei siste leveåra». Men kvifor hamna 16-åringen Johannes midt oppi den mest dramatiske hendinga på Stord i krigsåra?

Sildoljefabrikken på Kjøtteinen  var ei god inntektskjelda for mange under siste verdskrigen og mange av dei eg har intervjua arbeidde i korte eller lenger periodar på Kjøtteinen. Johannes Matre og Odd Bjelland arbeidde med å transportera trematerialar inne på fabrikkområdet då flyalarmen gjekk. Dei registrerte raskt at båtane som låg ved kaiene for vedlikehald og reperasjon var mål for dei allierte sitt angrep. Men ungdommane visste at bak mjøllageret var det tillaga bomberom og gutane «sprang for livet» mot dette. Johannes fortel om lysglimta dei registrerte frå flya som kom inn i låg høgde og «pepra» området med maskinkanonar og granatar. Lyden av større og mindre smell som splintra treverk, glas og murar var intens mens dei sprang mot bomberommet. Johannes minnest at dei registrerte og sterk flydur og smell ute i fjorden. 

Då dei kom ut etter angrepet såg dei at kystruta «Austri» seig inn mot Eldøyane med røyk rundt seg. Fleire av båtane ved kaiene på Kjøtteinen var skada av flyangrepet og dette opplevdes kaotisk og uverkeleg. Nokre ville prøva å få start på ei skøyta ved sildoljefabrikken og Johannes minnest at nokon sa den mangla startluft. Han og Odd Bjelland oppdaga ein liten robåt med to årar ved kaien, og denne tok dei og rodde ut mot havaristen. Dei la seg 20 -25 meter frå båten då dei såg at den tok inn sjø og var på veg ned i djupet. Johannes minnest at på andre sida av «Austri» var det båtar som var kome til og arbeidde med å berga folk, m.a. rutebåten MK «Aakrafjord» og «Bekkenes sin båt». 

Frå hendinga er det dei sterke lydane, redselsskrika, smella og fresinga frå den skada stimkjelen som  festa seg i minnet til Johannes. Vidare ser han for seg dei to jentene som kjempa for livet om bord, innelåst på lugarar.  Den eine var kome med hovudet ut gjennom ein lugarventil, men kom ikkje lenger. Den andre hang fast i ei flerra i skutesida som ein granat hadde reve opp. Men etter kort tid byrja «Austli» med skrogdelen som enno var over sjøen å siga bakover og gjekk under. Då vart alt så stille, minnest Johannes.

Dampskipet var på veg til Leirvik då det vart angrepet av allierte fly i Bømlafjorden. Det var om lag 150 menneske om bord, av dei var 42 norske passasjerar og eit mannskap på 21, resten var tyske soldatar og russiske/ polske krigsfangar. Me antek at senkinga av rutebåten kravde livet til om lag 40 menneske. Når me i ettertid kjenner til kva som eigentleg hende, så er senkinga av «Austri» ein svart plett på dei allierte si krigføring. Heile bombeåtaket på rutebåten og Kjøtteinen var eit misstak, ei hending som vart eit ømtolig  tema. Dei 15 britiske Mosquito-flya med 12 Mustang-fly som eskorte, var tungt væpna, på jakt etter skip i tysk teneste på norskekysten. Leiaren for toktet kjente godt til avtalen mellom den norske eksilregjeringa og dei allierte om at skip under 1500 tonn som ikkje går i konvoi skal sparast mot angrep, og DS «Austri» var på 491 bruttotonn. 

Munnleg kjelde: Johannes Matre (1927-2017)

Skriftleg  kjelde: Artikkel om hendinga v/Ove A. Olderkjær – 2015

————-

«Sunnhordland»   12. januar 2021

Sosiale møteplassar i vår nære fortid

Oddbjørn Kvålsvold

: Vaktmeister Astrid Stokken. Foto: Oddbjørn Kvålsvold

Mange av dei sosiale møteplassane me eldre nytta i ungdomsåra er ikkje i bruk lenger. Våre barn og barnebarn vaks inn i ei tid der mykje av kontakten med jamaldrande går føre seg i den digitale verda eller etablerte restaurantar. Men om me tenkjer oss 60 år attende var bruken av Ungdomshallen, Turnhallen, Samhald og Samfunnshuset viktige arena for det sosiale liv både for ungdom og dei eldre. Eg minnast at mange av oss som budde på Hybelhuset til Stord Verft i slutten av 1950-åra, tok bussen frå Leirvik for å sjå filmar eller delta på dansetilstilling i Samfunnshuset. Men i 1971 vart hotellet til Tveita på Bjelland opna og i 1976 vart «Condeep Dansebar» teke i bruk. Same året opna òg første restauranten på Vikjo, Panorama Restaurant og Pub. Etter kvart fekk mange «smaken på»  restaurantlivet og gradvis innarbeidde me ein ny livsstil.

I ein samtale med Astrid Stokken i 2015 fekk eg innblikk i «livet bak kulissane», i ein av dei tradisjonsrike  møteplassane i Stord kommune, Samfunnshuset på Litlabø. Astrid og mannen Mikal Stokken hadde vaktmeisteroppgåve og reinhald av huset i 20 år. Desse to drifta det i lag med kokkane Ødegård, Fjellheim og Bergeland, og kjenner det meste av soga til eit hus med sjel. Innleidningsvis fortel Astrid om korleis heile bygda var med og realiserte planen om ei storstova for bygdelaga Litlabø og Sagvåg. Ikkje minst var det mange som ytte mykje til fellesskapet gjennom å arbeida overtid i Gruo, der betalinga gjekk til Samfunnshuset. Jau, bygda var stolt over det flotte huset når det stod ferdig og dei kunne ta det i bruk våren 1955. Ekteparet var vaktmeistrar i ein tidsbolk med mange aktivitetar i Samfunnshuset, og fortel om ei travel tid. Her var bryllaup, jubileumsfeiringar og dansefestar, men og gymnastikk-grupper, song- og musikkøvingar og ikkje minst vart biblioteket svært populært. I 50-60åra var utelivstilbodet for ungdommar laurdagsdans i Samhald, Samfunnshuset eller Turnhallen.

Med så mykje bruk av Samfunnshuset var reinhald og vask mellom dei forskjellige arrangementa ei travel tid for vaktmeistrane og  Mikal måtte ofte vera «glasmeister» etter laurdagsdansen. Astrid dreiv med litt sal av brus, smågodt og sjokolade, – eit populært tiltak. Spesielt var tida rundt avslutninga av dansane litt ekstra travel. Ho og mannen måtte saumfara huset før dei gjekk heim, for ofte var det nokon som hadde sovna bak flygelet eller på do. I garderoben vart det trongt og mange ville få tak i klede og drosje  i ein fart. Det hendte det «flaut blod», men ikkje ofte. Ho fortel at hjelparar frå lensmannskontoret kom innom og ordna opp når det var trong for det.

Ei hending som vart eit livsminne, var då ho fann ein sovande mann i renna på herretoalettet. Ho fekk vekt han og tinga drosje, men drosjesjåføren kjende ei «ram lukt» og ville ikkje køyra han til Vikjo. Astrid forhandla med sjåføren slik at han skulle venta, så tok ho med den hjelpelause inn på lageret for «gløymte klede». Her gjennomførte dei av- og påkledning og han sjangla med ho ut til drosjen, iført  treningsdrakt og ein varm vinterfrakk. Etter episoden hende det at Astrid råka på  mannen og kvar gong fekk ho helsinga, «du skal ha takk for at du fekk meg heim den kvelden».

  • Munnleg kjelde:             Astrid Stokken – (1921- 2017)
  • Skriftleg kjelde:            «Soga om Sagvåg» v/ Asbjørn Aasheim – 2012

 

——-

 

«Sunnhordland»   6. januar 2021

Oddbjørn Kvålsvold

Entreprenørverksemda til Meyer Mortensen

 

Bilete av entreprenør Meyer Mortensen Foto :privat

I fylkesleksikonet «Det norske næringsliv» finn eg eit oppsett om entreprenørverksemda til Meyer Mortensen på Stord. Boka som kom ut i 1952, fortel i korte trekk om verksemda Mortensen starta opp i 1913 og som han dreiv heilt fram til pensjonistalderen. Han var nok ein av dei mange aktive, initiativrike tilflyttarane til stordsamfunnet som sette mange «fotefar» etter seg. Då eg skreiv soga om samvirkelaget på Stord råka eg òg på Meyer Mortensen sitt namn. Han var ein av dei aktive pådrivarane i 1936 under skipinga av forretninga.

Meyer Ingenius Gaarde Mortensen (1892-1974) flytta frå Helgeland til Stord. Tradisjonen fortel at han byrja som snikkar ved Litlabø gruver i byrjinga av 1900-tallet. Han arbeidde i gruveområdet og på kiskaien. Vidare vert det fortald at han var med på demningen ved Svartevatnet i 1920-åra, oppdemminga av Tysevatnet og vegarbeid i Uføro.

I nedre Hagebyen, Bjelland hadde entreprenør Mortensen ansvar for mange husgrunnar. Dette var i ei tid då små- entreprenørane enno nytta handbor og massane vart teke ut med grafse, brett og trillebåre. Grunnmurar vart sett opp med forskaling og dei nytta ofte «prosentstein» frå tomta for å dryga ut betongen. Trematerialane vart godt utnytta fortel sonen Kjell Mortensen. Ja, han hadde mange økter med å trekkja ut spiker og skrapa og reinska forskalingsborda for betongrestar. Nokre av grunnmurane vart oppført av «Dimmelsvik» betongstein. Ei nyvinning for grunnmurs- entreprenørane og sjølvbyggarane. Ein byggemåte med mykje mindre forskalingarbeid- og betongblanding. Den første tida blanda dei sement for hand, så kjøpte faren  sementblandar med handsveiv og seinare vart den «motorisert». Etter ei tid vart det og investert i ein liten kompressor og borehammrar, fortel Kjell.

I samtalen med dei to sønene, Kjell og Egil Mortensen, fekk eg kjennskap til nokre av dei prosjekta verksemda gjennomførte etter siste verdskrigen. Entreprenøren Mortensen arbeidde med fjellsprenging, betong- og murarbeid. Faren utførte  grunn- og murarbeid då Saue og Myhre-familien bygde forretningsbygg i Sagvåg-brekka og kaiarbeid for Valvatna høvleri & trelastforretning. Og det var han som planerte ut Notahaugen på Vikjo og forlenga dampskipskaia på Naustneset. Under dette arbeidet vart det nytta ein liten krane med vinsj som vart driven av ein dieselmotor. Kranen var til stor lette då dei la steinblokkene på plass i kaifronten, fortel Egil. Han var og i arbeid då entreprenøren bygde husgrunnen for Karl Gravdal på Skotaberg. Faren hadde avtale med Helland kafé, der dei gjekk bort for å ha matøkt. Då leksikonet vart skreve i 1952, arbeide 10 mann i verksemda. Kjell arbeidde i lag med faren i fire år, og fortel om ei anleggstid då «rå muskelkraft» var utslagsgjevande for framdrifta. Bransjen var tufta på fysisk arbeid då tekniske hjelpemidlar var fråverande hjå dei små entreprenørane.

Seinare var Kjell med då «Diversen» vart bygd i Osen. Eit nybygg som viste att på Vikjo og var eit signalbygg i samtida. Som ein kuriositet vil eg ta med  presentasjonen av denne forretninga i «Det norske næringsliv».

«Møbler og utstyrsforretning,  innehavar Ingeborg Eide.

Presang avdeling i keramikk og bruksting. Steintøy og kjøkkenutstyr. Lysarmatur.       Nye, lyse rommelege lokalitetar. Forretninga ligger like ved dampskipskai og busshaldeplass. Fører alt av nytt i bransjen, og i godt utval».

Munnleg kjelder:            

  • Egil Mortensen – f. 1941
  • Kjell Mortensen – f. 1938

Skriftleg kjelde:                       

  • «Det norske næringsliv» – 1952