Stord sogelag

Meny

Årsmelding 2018

 

Årsmelding 2018 – Stord sogelag

Styret 2018

Leiar               :  Kjellbjørg Lunde

Nestleiar        :  Atle Bjørn Mæhle

Skrivar            : Gunnar Strand

Kasserar         : Peggy Husevik Bærøy

Styremedlem : Asbjørn Aasheim

Varamedlem  : Jens Litlabø

Varamedlem  : Bjørn Bjørlykke

Revisor            : Bjørnar Withbro

Valnemd          : Nils Tore Økland, Lars Mæland og Turid Tresselt Melheim

Medlemstal : Ved årsskiftet hadde Stord sogelag 149 medlemer, 105 einskildmedlemer, 36 familiemedlemer og 8 institusjonar.

Lagsaktivitet 2018:

Det har vore 8 styremøte  : 15.03., 25.04, 30.05., 10.09., 18.10., 21.11.  23.01 og 20.02.( dei to siste i 2019 )  

Den årlege « Skrivestova « hos Jens Litlabø på Nordre Tveita blei avvikla 15.11. med presentasjon av Sogeskriftet 2018 ved Lars Mæland og fleire av forfattarane. Verten fortalde om restaurerings/ bygningsvernarbeidet i tunet. Forutan skriftstyret og styret i sogelaget var fleire inviterte og til stades, bl.a. turleiarane frå rusleturane og representantar frå Sunnhordland museum.

Sogeskriftet 2018 blei også presentert på eit ope møte i Stord bibliotek den 11.12.  Lars Mæland innleia om arbeidet med skriftet og fleire av forfattarane fortalde om sine artiklar. 

I 2018 har desse oppgåvene stått i fokus for styret sitt arbeid :

Prosjekt adopsjon kulturminne.  

Det er ynskjeleg at samarbeidet mellom skular og barnehagar held fram, og styret har teke initiativ overfor skulane som ikkje er med, om mogelege samarbeidsprosjekt. Men vi har ikkje fått respons på initiativet. 

Dei nye skilta til kulturminna i Hystadmarkjo er no på plass, og laget var representert på opnings markeringa.

Krigsminna i Gullberg og på Bjelland : 

Stord sogelag har vendt seg til kommunen for eit samarbeid for å sikre krigsminna i Gullberg og på Bjelland.  Skriftleg dokumentasjon og munnlege kjelder bør samlast, fysisk rydding og sikring av dei anlegga som er igjen, bør gjennomførast, og i området bør det leggast til rette for kulturminnesti med merking og skilting. Dette kunne også gå inn i Prosjektet adopsjon kulturminne.

Kommunen har svart at dei p.t. ikkje har kapasitet til å gå inn i eit samarbeid om dette.

Stord sogelag vil arbeide vidare med å eit slikt samarbeid i stand, og vil i samarbeid med m.a. grunneigarane, sette ned ei arbeidsgruppe for føremålet. Og dette bør med i revisjon av Kulturminneplanen som no er igangsett.

Hatland skule :

Styret tok raskt etter sist årsmøtet kontakt med kommunen v/rådmannen, om behovet for å sikre Hatland skule mot forfall og korleis dette viktige kulturminnet kan sikrast vidare liv og funksjon, helst på ei ny tuft ved Langeland skule. Rådmannen skulle undersøke status på bygget m.m. og gi tilbakemelding. Etter fleire purringar, munnleg og skriftleg, blei styret inviterte til eit møte med kommunalsjef Lovise Vestbøstad  11. januar 2019. På møtet, der leiarar/representantar frå Bygg og Eigedom og Kulturtenester møtte, blei ein samde om at sikring av bygget mot vidare skade skulle ha prioritet. Som eigar har kommunen ansvar for dette. Det skal bli lagt fram sak for politisk behandling om Hatland skule. Skulebygget skal også vurderast i samband med revisjon av Kulturminneplanen. 

Kommunen skal vurdere Hatland skule i samband med pågåande revisjon m Kommuneplanen, flytting til skuleområdet m.m.

Samarbeidspartane må arbeide for å finne fram til ulike finansieringsordningar for restaurering og ev. flytting av bygget, samt skipe ei prosjektgruppe.

Stord sogelag arbeider vidare med å skipe eit venelag for Hatland skule.

 Asbjørn Aasheim er sogelaget sin kontaktperson i dette arbeidet.  

Stord sogelag er blitt førespurd om å vere med i ei plangruppe for revisjon av Kulturminneplanen som no er igangsett. Styret er svært tilfreds med at Jakob Gullberg har teke på seg oppdraget.

Innsamling av livsminne.

Oddbjørn Kvålsvold har halde fram med det viktige arbeidet med å samle inn livsminne.  Mange av desse er gjort tilgjengelege via Sogelagsspalta i bladet Sunnhordland, i årsskriftet og på heimesida vår.

Historisk spalte i bladet Sunnhordland i 2018.

12.01.18 : Då Sagvågs-bygda fekk seg brannpumpe. Oddbjørn Kvålsvold

19.01.18: Sykkelen vart nytta i mange samanhengar. Oddbjørn Kvålsvold

05.02.18 : Avlshingstar i Nordbygda. Oddbjørn Kvålsvold

05.02.18 : Ei av våre tradisjonsberara. Oddbjørn Kvålsvold

05.03.18 : Oppvekstminne frå Vikjo. Oddbjørn Kvålsvold

19.03.18 : Telefonen før i tida. Oddbjørn Kvålsvold

04.04.18 : Takla usynkronisert girboks med mellomgass. Oddbjørn Kvålsvold

18.04.18 : Det starta i Borggata i 1936. Oddbjørn Kvålsvold

27.04.18 : Ein tur på dei store hav. Oddbjørn Kvålsvold

14.05.18 : Ein av pelsdyroppdrettarane på Stord. Oddbjørn Kvålsvold

09.07.18 : Lærarinna Eli Hannisdal kjørde « Tempo Lett «. Oddbjørn Kvålsvold

23.07.18 : Ein for alle og alle for ein. Oddbjørn Kvålsvold

10.08.18 : Dugnad i bygda. Oddbjørn Kvålsvold

20.08.18 : Bygde hus av tyskerbrakker. Oddbjørn Kvålsvold

17.09.18 : Ei tid med krav om heimstadrett. Oddbjørn Kvålsvold

Sep.    18 : Krig på Stord. Jens Litlabø

08.10.18 : Sildoljefabrikken – ei god inntektskjelde. Oddbjørn Kvålsvold

18.10.18 : Slakteriet på småbruket Myro i Sagvåg. Oddbjørn Kvålsvold

29.10.18 : Søndagsskule og barne- og ungdomsarbeid. Oddbjørn Kvålsvold

10.11.18 : Ein arbeidsmann fortel om vegarbeid i Uføro. Oddbjørn Kvålsvold

26.11.18 : Lokomotivet i Sunhordland feirar snart 100 år. Oddbjørn Kvålsvold

12.12.18 : Den siste reisande av « Sanderfamilien «. Oddbjørn Kvålsvold

24.12.18 : Ungdom og eldre gjorde gangs arbeid i skogen. Oddbjørn Kvåsvold

I tillegg livsminne ( ikkje datert )

Far var ein av Shetlandsgjengen. Oddbjørn Kvålsvold

Oppvekst på « Derneset « – i ei anna tid. Oddbjørn Kvålsvold

« Leirvik brand- og bygningskommune» m.m. Oddbjørn Kvålsvold.

Årsmøte i Hordaland sogelag og lokalhistoriske  dagar 2018. 

Voss 7. – 8. april. Stord sogelag representerte ved Peggy H. Bærøy og Bjørn Bjørlykke.

Turar i 2018:

Kulturhistoriske rusleturar : 

28.juni : Grov- Agdestein.  Om lag 40 deltakar. Turleiar Liv Ingrid Grov.

30. august :  Festningsverka i Gullberg og på Bjelland. Om lag 60 deltakarar. Turleiar Hans Kristian Junge.  

13. september : Rommetveit . Per B. Tyse skulle vore turleiar, men måtte melde avbod p.g.a. sjukdom. Om lag 30 deltakarar. Olav Fjell, Nils Tore Økland og Atle Bjørn Mæhle tok over som turleiarar for kvar sin del, på kort varsel.

Avlutning av turen i den gamle Børtveitskulen på Høgskulen sitt område.

Samarbeidet med Sunnhordland museum :

Stord sogelag låner møtelokale på museet og alle styremøte blir haldne der. Trine Kyvik er vår faste kontakt der. Atle Bjørn Mæhle er kontaktpersonen i styret for samarbeidet med museet.

Tilskipingar :

Vi har vore saman om møte i serien museet har hatt om fiske og fiskeriindustrien  i Sunnhordland, i samband med utstillinga om dette temaet.

Vi har delteke i arrangementet « Haust på museet»  1. september og » Jul i museet» 1. desember.

Fleire av styremedlemene deltok, med bl.a. billettsal, servering og sal av sogeskriftet 1. desember.

Eit planlagt fellesarrangement med tema « fotodokumentasjon « er utsett p.g.a. det omfattande arbeidet som pågår som fylgje av vasskader i museumsanlegget.

Årsmøtet var 6. mars i Stord bibliotek .

I samband med årsmøtet og i samarbeid med biblioteket, var det eit ope møte i forkant. 

Informasjonssjef på Kværner Stord, Odd Naustdal, heldt eit engasjerande kåseri med tittel : «Frå sildolje til Nordsjøolje». 

Årsmøtet blei avvikla etter gjeldande vedtekter.  

23 medlemmer møtte, og det blei servert snittar, kaffi/te til samtalen i pausen mellom det opne møtet og årsmøtet.

 

 Årskriftet 2018 :

Desse har vore i skriftstyret : Lars Meland ( leiar ), Bjørn Bjørlykke, Magne Misje, Turid Tresselt Melheim og Vigdis D. Dahl.

Årsskriftet for 2018 er på 114 sider med variert innhald. Alle medlemer i sogelaget får skriftet som del av medlemskontingenten. Elles blir det lagt ut for sal hos bokhandlarane og i lokale butikkar, også i Bømlo. Sunnhordland hadde ein lengre artikkel med smakebitar frå innhaldet, noko ein merka på etterspurnaden på salstadane. Oversikt så langt, viser at julesalet har vore betre enn gjennomsnittet tidlegare. Men vi må arbeide meir målretta med marknadsføring og sal.

Opplaget dette året var på 

Innhald : Føreord med sentrale setningar frå etterfylgjande artiklar.

Oddbjørn Kvålsvold : Eit attersyn etter 30 år som tilsynsinspektør.

Helge Heiberg-Andersen : Eit viktig innslag i musikklivet på Stord.

Atle Bjørn Mæhle : Forteljinga om hyttetomter og hytter.

Jens Litlabø : Oppvekst på Digernes.

Anstein Lohndal : Eit blad av den lokale kyrkjesoga.

Steinar Hystad : Åst i markjo etter øykjen.

Magne Bjelland: Husmann på Bjelland i det nittande hundreåret.

Frode Rekve : Årets viktigste dag.

Ture Tresselt Melheim : Kommentar til Frode Rekve sin tale.

Oddbjørn Kvålsvold : Mange vart jaga frå heimane sine.

Sigrun Røssbø : Bruse – eit eventyrleg båtliv.

Stord sogelag – årsmelding 2018.

Vi minner om sogelaget si nettside : www. stordsogelag.no

Der finn ein informasjon om laget sine aktivitetar, innlegg frå den historiske spalta og livsminneartiklar.

Sjå også : www. hordalandsogelag.no