Stord  sogelag
  • Meny

  • Faste avisspalter 2020

    «Sunnhordland»   17.02.20

    Fotografiske kulturskattar og wienerbrød

    Asbjørn Aasheim

    Dei eldste registrerte fotografia me har frå Stord kan tidfestast attende til siste halvpart av 1860-åra. Opphavsmannen er den landskjende fotografen Knud Knudsen (1832-1915). Øya Stord skal han ha vitja to gonger. Truleg var han her første gong i 1868, men eit par fotografi med motiv frå Seminaret vitnar om at han også må ha vore her i 1871-72. Fotografia til Knudsen gir oss ein interessant glytt inn i fortida, og syner på ein god måte korleis det var på Leirvik for 150 år sidan.

    Gabrielle Dietrichson er den første fotografen som hadde eiga forretning og atelier på Leirvik. Ho var dotter til sakførar David Gabriel Dietrichson, og fødd på Stord i 1870. Faren døydde tidleg og let etter seg fleire mindreårige born og stor gjeld. Dårleg økonomi førte til at Gabrielle måtte skaffa seg eit levebrød, og då kunne fotografyrket vera eit høvande val. I 1896 vart Gabrielle, eller Bella som ho vart kalla, gift med ein jurist i hovudstaden. Forretninga på Leirvik tok søstera Julie Marie over, og ho dreiv som fotograf fram til 1904. Det året vart ho gift med enkjemannen etter Gabrielle. Me ser at Marie Dietrichson leigde sidebygningen til landhandlar Peder M. Sætre på Leirvik i 1900, men i 1902 sa ho opp denne avtalen og flytta forretninga si lenger ned i Borggata, til urmakar Gulliksen sitt nye hus. 

    Cecilie Aarre frå Stavanger overtok fotoverksemda i Gulliksen-huset då Marie reiste, men ho vart berre verande på Stord i tre år. I august 1907 tok kusinene Amalie Knudsen og Villi Brækhus over verksemda, og dreiv fotoforretninga under namnet «C. Aarre’s Eft.». Amalie Knudsen var dotter til kjøpmann Sjur Knudsen på Leirvik. Ho opplevde å verta hundre år og fortalde på sine gamle dagar litt om fotograferinga si. Prospektkort-fotografering var ei viktig inntektskjelde, men det kunne vera utfordrande å bera det tunge utstyret med seg opp i haugane. I 1918 selde jentene forretninga med alt utstyret og heile platesamlinga til konkurrenten Severin Kannelønning.

    I tillegg til dei profesjonelle fotografane var det òg nokre dugande og interesserte amatørar som fotograferte på Stord kring førre hundreårsskiftet. Jørgen Grundvig Olsen og Toralf Thorvildsen er dei mest kjende av desse. Det er likevel Severin Kannelønning (1873-1935) som har sett dei djupaste fara etter seg som fotograf på Stord. Sunnhordland Museum har ei unik samling av det fotografiske pionerarbeidet Severin Kannelønning utførte. Mannen var ikkje berre dyktig. Han var òg flittig, for samlinga på museet inneheld 13.820 fotografiske glasplater. Dette er ein eineståande kulturhistorisk og kunstnarleg skatt, som få andre museum kan framsyna. Bileta er den beste kjelda me har til å forstå det som har vore, og ikkje minst for å skjøna kva rivande utvikling Stord-samfunnet har opplevd det siste hundreåret.

    Å gå til fotograf var ei storhending, men folk var likevel flinke å ta portrett og gruppebilete i atelier. Fotografane reiste også rundt på gardane med utstyret sitt og fotograferte. Ofte vart det tilkalla fotograf i samband med bryllaup, men og når folk skulle gravleggjast. Både arbeidsliv, gards- og gatemiljø, klesmotar, teknologiske framsteg og anna samfunnsutvikling vert synleggjort på fotografia. I tillegg dokumentarar fotografia historiske hendingar. 

    Etter krigen dukka det opp nye fotografar på Stord. I rask rekkjefølgje kan me nemna Trygve Kannelønning, Sven O. Dahle, Egil Halvorsen, Torleif B. Krogstad, Walter og Fritz Nygård, Tor Resser, Bjørn Østrem, Gunnar Hollund, Frank Håvik og Gudrun Storesund. Av desse er det først og fremst Tor Resser som har vidareført tradisjonen etter Kannelønning. Han har fotodokumentert det meste av kva som har rørt seg i distriktet dei siste 60 åra.

    Fotografia er kulturminne som er viktig å ta vare på. Tysdag 18. februar kl. 12.00 inviterer Sunnhordland museum og Stord sogelag til foto-kafé i Museumshallen. Samkoma har som mål å skapa blest om fotosamlingane på museet, men kanskje like viktig er det å få opplysningar om personar og hendingar på fotografia. Ta gjerne med deg gamle fotografi og album viss du har lyst å dela desse med andre. Dei som har levd ei stund kan sjå og mimra, dei som er unge kan sjå og læra. Sogelaget vil servera kaffi og wienerbrød.

     

    «Sunnhordland»  februar 2020

    For fem hundre år sidan. Tilbakeblikk på 1520.

    Egil Nysæter

    Den viktigaste enkelthendinga i Norden i 1520 var blodbadet i Stockholm. Etter at den dansk-norske kong Kristian 2. i november vart krona til svensk konge, let han avretta ikkje færre enn 94 av den svenske eliten. Men tre år seinare var likevel Sverige ute av Kalmarunionen som hadde vart frå 1397. 

    Nordmennene var heilt på sidelinja i dette oppgjeret. Men ikkje heilt. Dei måtte vera med å betala for eit mislukka felttog i Sverige sommaren 1518. Det vart skrive ut ein ekstraskatt, den såkalla tomarksskatten. To mark frå kvar bonde og tenestedreng. På grunnlag av den bevarte skattelista frå 1519 er det rekna ut at det då truleg budde rundt 210 personar innan dei noverande grensene for Stord kommune.

    Kva veit me så om desse fjerne stordabuane som levde for 17 generasjonar sidan? Indirekte faktisk ein del. Men om kvar enkelt av dei mykje mindre, i skattelista berre namn og kvar dei budde, og talet på tenestedrenger (utan namn). Men dei bevarte lensrekneskapane for Bergen kongsgard 1516-1523 fortel at mange frå vårt område leverte kalk til byen, kor mykje dei leverte og kva dei fekk som betaling. Eit lite gløtt inn i økonomien. I desse åra hadde den driftige dansken Jørgen Hanssøn, Kristian 2. sin ombodsmann på slottet i Bergen, sett i gang omfattande byggjearbeid med sikte på gjera kongsgarden til eit tidsmessig administrativt sentrum og festning for Vestlandet, eit Bergenhus. Då var det behov for kalk som vart henta først og fremst frå Huglo og frå Tysnes.

    Anders på Huglo var ein av dei som selde kalk i 1520. Oppgjeret 10. mars viser at han bytte til seg pengar og sølvlodd, men også eit par tønner korn og ei slegge. Dessutan fire alen grått ufarga vadmål – omtalt som «sølffar» som nok betyr vanleg «salsvare» innført frå Island. Anders kom i gjeld som vart ført inn ei eiga «skuldbok» han fekk med seg. 

    «Olaff i Store Brandwig» vart også skuldig etter å ha fått med seg heim tre mark i pengar, ein laup smør (15,4 kg), ei slegge og 15 alen med kvitt ufarga vadmål. I juli 1520 er det notert at han hadde levert 20 lestar kalk (lest: 12 tønner, kvar på 139 liter). Han kvitta seg då med gjelda, og overskotet fekk han utbetalt som sølv, kopar og pengar.

    I all hovudsak vart kalken henta av Jørgen Hanssøn sine sveinar på eigne kalkjekter. Rekneskapane gjer greie for kva proviant dei var utrusta med, såkalla «Udspisning». Vederlaget til kalkbøndene i form av pengar og varer skjedde i Bergen. Men det var unntak. Såleis skulle Jon på Haukanes få 15 «tynner korn som han hente pa Hesby» (Finnøy i Ryfylke). Futen der var underlagt kongsgarden i Bergen og hadde ansvaret for innkrevjing av skattar og avgifter i form av korn og ulike husdyrprodukt slik som smør.

    Alle dei gardane på Huglo som då var i drift, leverte kalk. Men i tillegg finn me folk frå både Føyno, Haga og Lunde. Om Sevald står berre at han var frå «Stollenn» (Storden). Kalkbøndene leigde gardane sine, var leiglendingar, men disponerte nokså fritt over ressursane på bruket. Det vart ei god attåtnæring som mange huglarar dreiv med heilt til på slutten av 1800-talet.

    Kjelder: Lensrekneskapane finst i «Norske regnskaber og jordebøker» (NRJ), tilgjengeleg via Digitalarkivet og Nasjonalbiblioteket. Grundige utgreiingar om kalkproduksjonen, sjå Anstein Lohndal/Arne Sortland: Kalkbrenning på Huglo (Huglo bygdelag 1999). B.E. Bendixen har skrive om «Jørgen Hansen skriver» i Bergens Historiske Forening. Skrifter 1923-1924. Om Stord på 1500-talet: Stord frå steinalder til oljealder bd. I.

     

    ——–

    «Sunnhordland»  januar 2020

    Det var den gongen

    Atle Bjørn Mæhle

    Stord sogelag har i mange år hatt ei fast spalte i Bladet Sunnhordland kvar fjortande dag. Det er eit samarbeid Stord sogelag har sett pris på. Me har også fått mange gode tilbakemeldingar frå lesarane. Medlemmer i Stord sogelag, og i nokre høve andre, har skrive forteljingar frå eldre og nyare tid.

    I Bladet Sunnhordland 8. januar 2020 er det eit bilete på side 35 under tittelen «Det var den gongen». Biletet er frå eit skirenn på Solhaug på Fjellgardane i 1979, for 41 år sidan. Det var mykje folk og eit yrande liv. Det var 182 deltakarar. Biletet står også på framsida av boka som eg skreiv i samband med hundreårsjubileet til Stord IL i 2014. Boka heiter «Skisport i havgapet. Soga om skiidretten på Stord». Biletet fortel også om det gode samarbeidet me har hatt med Bladet Sunnhordland. Eg fekk bruka bilete i boka som eg fann i arkivet deira og i gamle blad. Forteljinga om skisporten er nyare historie, men det er viktig å ta vare på, for det fortel om endringane som har skjedd, og det fortel om korleis folk levde og hadde det i ei anna tid.

    Under krigen hadde ein ikkje lov å arrangera idrettstevlingar dersom dei ikkje var i regi av den tyskvenlege idrettsorganisasjonen. I Bladet Sunnhordland fann eg ingen referat frå skirenn under krigen. Eg tenkte at då var det truleg ikkje renn dei åra. I arbeidet med boka etterlyste eg stoff som handla om skiidretten på Stord. Eg fekk inn mykje stoff og mange bilete. Ein dag kom dei og sa til meg at dei hadde funne nokre kladdebøker på loftet der Dagfinn Vatna hadde budd. Dagfinn Vatna var ein sentral person i Skigruppa i Stord IL både før og etter krigen. I kladdebøkene stod om skiløp i 1941 og 1942. I 1941 skipa Stord Skilag, som Skigruppa i Stord IL heitte den gongen, fleire langrenn, og i slutten av februar arrangerte dei Sunnhordlandsmeisterskap. Dei siste bilaga var datert 16. mars  og 28. mars 1942. 16. mars kjøpte Stord Skilag 9 diplom hjå Grøndahl & Søns Bokhandel, og 28. mars kjøpte dei 4 pokalar hjå Gullsmed E. Underhaug. Alt måtte vera mest mogleg hemmeleg, så dei fekk koma til Underhaug om kvelden og ta ut pokalar. Skirenna var i området kring Lundarstøl eller høgare oppe i fjellet. Det står ikkje kven som var med.

    I 1946 finn eg igjen reportasjar i Bladet Sunnhordland om skirenn. Det var tydeleg stor interesse for skiidretten denne første etterkrigsvinteren. Det var fleire renn, og 10. mars skipa dei eit skirenn med over 100 deltakarar. Denne dagen var det elles to andre storhende i skiidretten på Stord. Hoppbakken Lundekollen vart opna, og det var første gongen det var registrert at det var damer med i tevlingane. Formannen i Stord Idrettslag opna hoppbakken med ein stutt tale, og formannen i Skigruppa Dagfinn Vatna opna rennet med eit flott hopp på 18 meter.

    Når ein går gjennom historia om skiidretten på Stord, ser ein at det også i tidlegare tider har vore ujamt med snø her på øya. Men jamt over var det meir stabilt enn det har vore dei siste 20 – 30 åra. Den flotte lysløypa i området Fjellstova/Lundarstøl har mange av desse åra mest ikkje vore i bruk som skiløype.  

    Klar til start. Langrenn på Heio januar 1980. 240 deltakarar.

    pastedGraphic.png