Stord sogelag

Meny

Årsmøte i Stord sogelag 24. mars 2022

Årsmøte i Stord sogelag 24. mars 2022

24 medlemer og interesserte hadde funne vegen til Stord folkebibliotek i Kulturhuset denne torsdagskvelden, der tilskipinga starta med eit føredrag om «Leirvik fyrstasjon – som del av norsk fyrhistorie». Føredragshaldar var Bjørn Angell Bergh. Han hadde sett seg godt inn i historia til dei bemanna fyra langs kysten, og då særleg til Leirvik fyrstasjon. Sidan Bjørn hadde budd på Fyrøya i oppveksten, fekk føredraget eit personleg preg som tilhøyrarane sette pris på. Med andre ord var timen der Bjørn sat på podiet og fortalde, både informativ og interessant.

Etter denne innleiinga var det matøkt og drøs ved langbordet. Deretter følgde det ordinære årsmøtet. Som vanleg vart Jakob Gullberg vald til møteleiar, Asbjørn Aasheim vart referent, medan Gunnar Strand og Åsta Lorentsen vart valde til å skriva under protokollen. 

Som punkt nr. 2 på sakslista stod godkjenning av innkalling og saksliste. Det var ingen merknadar til desse.

Punkt 3: Godkjenning av årsmelding 2021. Årsmeldinga var på førehand lagt ut på nettsida vår, men lagsleiar Kjellbjørg Lunde tok møtelyden gjennom innhaldet og fekk meldinga samrøystes godkjent slik ho låg føre. Sjølv om pandemien hadde prega lagsarbeidet også denne meldingsperioden, så hadde laget avvikla regelmessige styremøte og rusleturar, gjeve ut eit fyldig og godt årsskrift, og fått på trykk fleire historiske småartiklar i bladet «Sunnhordland». I tillegg hadde sogelaget vore vertskap då Hordaland Sogelag avvikla årsmøte og fagdagar førre haust. Medlemstalet ved årsskiftet 2021/22 var 112. Det var ein nedgang sidan sist teljing, og lagsleiaren presiserte at verving av nye medlemer ville verta ei prioritert oppgåve i tida frametter.

Punkt 4: Godkjenning av rekneskap 2021. Kasserar Odd Stuve Rommetveit gjorde greie for tala i revidert årsrekneskap. Det viste eit positivt resultat på kr. 58.136. Hovudgrunnen til det særs gode resultatet skuldast ei testamentarisk gåve på 50.000 kroner som sogelaget mottek i meldingsperioden, men også utan denne gåva ville drifta gått med overskot. Eigenkapitalen er god, med nærare 225.000 kroner i bank og kasse. Rekneskapen vart godkjend slik han låg føre.

Punkt 5: Val.

Styret i årsmøteperioden har vore:

Leiar:                Kjellbjørg Lunde

Nestleiar:          Liv Ingrid Grov

Skrivar:             Asbjørn Aasheim

Kasserar:           Odd Stuve Rommetveit 

Styremedlem:   Gunnar Strand

Varamedlem:    Bjørn Bjørlykke

Varamedlem:    Jens Litlabø

Revisor:            Peggy H. Bærøy

Valnemnd:        Terje Melheim, Atle Bjørn Mæhle og Peggy H. Bærøy.

Valnemnda si innstilling vart lagt fram og alle kandidatane vart valde med akklamasjon.

Det nye styret i Stord Sogelag ser slik ut:

Leiar Kjellbjørg Lunde (attval).                 Vald for eitt år.

Liv Ingrid Grov (attval).                             Vald for to år.                  

Odd Stuve Rommetveit (ikkje på val).  

Asbjørn Aasheim (attval).                      Vald for to år.

Gunnar Strand (ikkje på val).                                           

Møtande varamedlemer:

Bjørn Bjørlykke (attval).                       Vald for eitt år.

Jens Litlabø (attval).                              Vald for eitt år.

Revisor:

Peggy H. Bærøy (attval).                        Vald for eitt år.

I valnemnda held Atle Bjørn Mæhle og Peggy Huseby Bærøy fram. Styret fekk mynde til å finna eit tredje medlem. 

Punkt 6: Fastsetjing av kontingent for 2023. Styret sitt framlegg om at årspengane for medlemene skal vera som før, vart samrøystes vedteke. Satsen pr. medlem er kr. 300,-.

Punkt 7: Innkomne forslag. Styret hadde motteke eit forslag som vart drøfta på årsmøtet. Statens Vegvesen arbeidar for tida med reguleringsplan for vegprosjektet E39 Stord-Os, og i samband med dette arbeidet registrerer dei kulturverdiar. Forslagsstillar hadde motteke skriv om at det er planlagt arkeologiske utgravingar på hennar eigedom på Agdestein i løpet av våren og sommaren. Vedkomande undrast om sogelaget kunne engasjera seg, og følgja med på desse utgravingane. Ein rusletur i området, gjerne med arkeolog som omvisar, kunne også vera noko å tenkja på for sogelaget.

Styret hadde drøfta det innkomne forslaget, og var samd i at dette er eit interessant område for arkeologiske registreringar, særleg med tanke på at den bortkomne mellomaldergarden Selfall låg her. (Sogelaget har tidlegare arrangert tur til Selfall, og i årsskriftet frå 2001 finst det ein lengre artikkel om øyjorda). Styret sitt vedtak var å vurdera ein rusletur i området, og gi ein uttale i samband med høyringsrunden etter at utgravingane er gjennomført. 

Årsmøtet godkjente innstillinga til styret. I ordskiftet vart det opplyst at ein av dei første rusleturane i regi av sogelaget vart lagt til arkeologutgravingane i traséen til Trekantsambandet i 1995, med særs godt frammøte. Ein liknande tur til Agdestein burde absolutt vera av interesse. Styret registrerte innspelet.   

Punkt 8: Ymse. Under denne posten vart det opna for innspel frå medlemene. Dei vart oppmoda til å koma med saker, tankar og idear som styret kunne ta med seg vidare. Kjellbjørg Lunde sa litt om planane som styret hadde for året. Fire rusleturar er fastsette, to før sommarferien (Bjelland og Fyrøya) og to etter (Kyvik og Dale/Isdal). Styret ønskjer å vidareføra «Historietimen», der folk i kommunen snakkar om ulike lokalhistoriske tema. Til hausten vil ein også prøva å få i stand eit nytt fotodokumentasjonsmøte på dagtid. Årsskriftet vil koma til vanleg tid, og det er ønskjeleg å halda fram med spalta som sogelaget har i «Sunnhordland». Her treng ein fleire bidragsytarar. 

Det kom fleire innspel frå medlemene. Ein medlem meinte at Oddbjørn Kvålsvold framleis hadde mykje stoff på lager, og dette kunne med fordel verta offentleggjort. Også tidlegare museumsstyrar Tore Lande Moe vart oppmoda om å dela litt av den historiske kunnskapen sin, gjerne under ein «Historietime» på museet. I så tilfelle kunne husa på Leirvik og livet i dei vera eit høveleg tema. Tore stilte seg ikkje avvisande, og sa han hadde liggjande ei kulturhistorisk utgreiing om emnet.

Kva med å intervjua «kjøpmannsungane» på Leirvik, spurde ein medlem. Det er lett å finna intervjuobjekt, og ramsa sjølv opp fleire aktuelle namn. Og det er mykje å snakka om, som til dømes livet i gata, alle butikkane, slakteria og andre spesialforretningar. Styret noterte seg dette.

Elles så vart styre beden om å sjå på korleis ein kunne hjelpa turistkontoret med oppdatert innformasjon og historiske turløyper. Merking av historiske plassar og hendingar kunne vera aktuelt, slik andre kommunar har gjort med stort hell. Kjellaren på Hagerupshuset vart nemnd, som den første butikken på øya.

Siste punkt på sakslista var utnemning av Oddbjørn Kvålsvold til heidersmedlem i laget. Leiar overrekte plakett og blomar, og sa nokre velvalde ord til den nye heidersmedlemen. Ho la vekt på det omfattande arbeidet Oddbjørn har gjort med å samla inn munnleg kjeldemateriale dei siste ti åra. Mange stordabuar har med stor interesse lese dei lokalhistoriske artiklane hans i «Sunnhordland». Artiklane hans er også publiserte i årsskrifta, og på nettsida til sogelaget. I 2019 gav han ut boka «Minneglimt frå levde liv», der det meste av stoffet frå sogelagsspaltene er samla i eit felles verk. 

I tillegg til blomar og plakett, vil Oddbjørn få eit innramma bilete av kunstnaren Awa Rahimpour frå Iran, som bur på flyktningmottaket på Heiane. Sidan overrekking av plakett til heidersmedlemer var nytt av året, fekk også Nils Tore Gram Økland plakett på årsmøtet.   

Referent Asbjørn Aasheim.

Underskrift frå to medlemer:

…………………………………………..                                     ……………………………………

                Gunnar Strand                                                                                       Åsta Lorentsen