Stord sogelag

Meny

Faste avisspalter 2020

«Sunnhordland»   23. desember  2020

Oddbjørn Kvålsvold

 

Oppvekst på småbruket i Dybvik

Jens Petterteig Foto: Oddbjørn Kvålsvold

Ein av dei som har delt livsminne med meg er Jens Petterteig. Han fortel om korleis ungane vart vane med å bruka kroppen fysisk til gagns arbeid alt frå barneåra. Familien til Jens budde på eit småbruk i Dybvik og han måtte tidleg ta del i gardsdrifta i lag med mora og sysken. Faren som arbeide hjå Ottesen på vervet i Sagvåg hadde lange dagar så mora og barneflokken utførte mykje av arbeidet på småbruket. Dette var ei driftsform som mange av oss som vaks opp etter siste verdskrig minnast. Ja, det var sedvane i samtida at ungane som vaks opp der foreldra dreiv innan jord og skogbruk måtte delta aktivt i drifta. Eg har fleire informantar som hugsar kva kjensler som «kom til overflata» då dei registrerte at born frå dei jordlause heimane tok badeutstyret med til badeplassane for å leika.

Jens minnast at vårarbeidet starta med å køyra ut møk med trillebåre, og så spreia den med greip. Eit tungt arbeid for ungar i vekst. Så var det å spa åkrane, spreia gjødsla og få poteter og grønsaker i jorda. Seinare vart det lange økter med lugging av ugras. Hesjene var det faren som sette opp, men Jens hugsar kor vanskeleg det var å få graset opp på øvste strengen som smågut. Dei måtte rista og «saksa» graset skulle det hengja tilfredsstillande, og som smågut nytta han ein krakk for å nå opp. Dei mange og trøyttande øktene med slipesteinen er og pliktarbeid han fortel om. På småbruket var det ljåslått og på denne tid vart kvar ei grastuva nytta som fôr. Heimen til Jens var sjølvhjelpen med mjølk, flesk, egg, poteter og grønsaker. Han minnast at mora hermetiserte mange helgemiddager etter slakting. Ho steriliserte 2 liter Norgesglas i ein stor kjele, bruna kjøttet i jerngryta i kjellaren fylte opp glasa med kjøtt og fylte på brun saus eller sjy. Så vart glasa med delikatessene kokt opp i jerngryta med lokk og gummiring sett på. Dette var ein metode som sikra ferske kjøttmiddagar i mange heimar før fryseboksen vart «allemannseiga» i 1960-åra.

Sjølv om oppvekståra for mange var ispedd mykje arbeid, var det òg tid til leik og moro. Spesielt vart det utkjempa mange slag mellom «indianarar og kvit». At dei til slutt klarte å erobra indianarleiren til Jensanes -gutane var eit storhende. Jens meiner at det som vart utslagsgivande, var at gutane frå Dybvik og Vikanes hadde store mengder svartkrut som vart nytta i lag med fenghetter og lunta.

Jens Petterteig har og minne om lærarinna si, Anna Rydland, ei dama som kanskje var noko føre  si tid. Ho eigde bil, hadde sertifikat og ho røykte. Men ikkje minst var han fast grindgut for ho i mange år. Dette var ei tid då feristene ikkje var kome i bruk og bilvegen var «sperra» av grinder. Jens stod ved vegen klar til å opna første grinda kvar skuledag, og fekk såleis skuleskyss dei 4 km til skulen. Frå skuletida  fortel han om då han skulle til Sigurd Jonassen og handla nokre småting for lærarinna. Han sprang snarvegen ned til butikken så vegen var kort, men  ein gong måtte han attende og skifta toalettpapiret kan hadde kjøpt. På denne tid var det vanleg at folk nytta aviser og ukeblader på doen, men frøken Rydland nytta kjøpepapir med ei glatt side. Jens fortel at han aldri vil gløyma lattersalva frå dei som var samla på krambua til Jonassen då han kom inn og ropa ut; «eg må få byta dopapiret, for Anna Rydland skal ha det med glans på eine sida».

Munnleg kjelde: Jens Petterteig f. 1941

 

…………..

«Sunnhordland»   14. desember  2020

Me produserte maskiner for verdsmarknaden

Oddbjørn Kvålsvold

Karl Madsen (1911- 1978) byrja på Stord Sildoljefabrikk i 1926 og avslutta yrkeskarrieren på industriavdelinga som pensjonist. Bilete er utlånt av dottera Åsta.

I ein lang periode var Stord Verft A/S storprodusent av maskiner. Produksjonen ved industriavdelinga var ein viktig del av verdiskapinga med om lag 200 tilsette. Maskinar for sildoljefabrikkane byrja dei å laga på Kjøtteinen under siste verdskrigen. I boka «Min tørn», fortel Onar Onarheim om fordelen det var å ha  eigen sildoljefabrikk som næraste nabo. Samspelet og erfaringsutveksling mellom maskinutviklar og brukar vart ein konkurransefordel. Dette førte snart til  at verkstaden kom i første rekke som produsent  av maskineri for sild- og fiskemjølindustrien.

Etter kvart leverte industriavdelinga ikkje berre  industrimaskiner til marknaden i Noreg, men mesteparten av produkta vart eksporterte til mange verdsdelar. Det var Stord Bartz Industri (SBI) med hovudkontor i Bergen, som var den nære samarbeidspartnaren. I denne tidbolken hadde SBI ansvaret for teknologi, marknadsføring, kundeforhold og leveransar, og Stord Verft  for materialar, produksjon og verkstaddrift. Etter at verksemda byrja å produsera for nye bruksområde i slutten av 1960 åra, vart det ei svært hektisk produksjonstid. Verksemda som starta produksjon og leveransar av maskiner og utstyr til sildolje- og fiskemjølindustrien, vart i den perioden storleverandør  til sukkerindustrien på verdsmarknaden. Men avdelinga produserte òg utstyr for handsaming av tang og tare (alginat produksjon), frukt, kjøtbeinmjøl- og alkoholindustrien. Dette gav von om nye marknader. Stord– teknologien som vart teke i bruk i sukkerindustrien i slutten av 1950 åra, viste seg å vera både produktivitetsfremjande og energisparande for fabrikkane.

Sjølv arbeidde eg ved industriavdelinga i to periodar. Først ein kortare periode som ein del av læretida mi ved Stord Verft A/S , og seinare i tidsrommet 1966 til 1972 som fagarbeidar på skjermavdelinga. Me i produksjonen merka Stord Bartz Industri sin vellukka vidareutvikling av produkta og salssuksess med nye tingingar og gode sals- prognosar. Presseproduksjonen eg var med på hadde mange modellar, men det var suksesspressa BS 64 eg laga mest skjermar til og monterte. Av skriftlege kjelder ser eg at i 1998 vart dobbelskru-presse nr. 3000 eksportert til ein sukkerfabrikk i Tyskland. Etter at Stord Bartz fekk verdens-patent på rotadisctørke opna det seg ein stor og spanande marknad med avfallshandtering frå slakteri, bryggeri, destilleri og alkoholindustrien. Verksemda produserte 1450 slike  tørker som vart eksportert til 64 land. Av enkeltleveransar hugsar eg best småpressene TP 21 eller 24. Dei skulle sendast som «prøvepresser» til eit destilleri-konsern i Skottland. Stemninga var god då dei for ut gjennom dørene til rett tid, og arbeidsleiar Åsmund Jonassen forkynte at kanskje fekk me «smaksprøvar» tilsende. Men å konkurrera på verdsmarknaden er krevjande og kan gje svingingar i salstal. Så i slutten av 60-åra kom to nye dobbeltskruepresser på marknaden frå ein italiensk leverandør. Tradisjonen hevdar at begge desse pressene var svært like Stord-pressa, og konkuransen på verdsmarknaden spissa seg til. Sjølv flytta eg over på ei anna avdeling i 1972, så den vidare soga til industriavdelinga kjenner eg mindre til. Men skriftlege kjelder fortel om mange  opp- og nedturar, med skiftande samarbeidspartnarar og eigarar.

At me på Stord tidlegare laga supertankarar på «samleband» er godt kjent, men kva med maskinproduksjonen? Kvalitetsprodukta som industriavdelinga eksporterte til verdsmarknaden var ein viktig del av verdiskapinga heilt fram til 2000 talet. Industriavdelinga på Kjøtteinen hadde si blomstringstid i  siste halvdel av 1900-talet og er ein viktig del av lokalhistoria vår.

Skriftlege kjelder           

«Min tørn» v/ Onar Onarheim -1984           

  «I gjenvinningens tjeneste»  v/Thor Onarheim – 1994

  «Industriavdelingen Stord» v/ Leif Nilsen- 2018

—————-

«Sunnhordland»   23.november 2020

 

Difteri, – ein alvorleg smittsam sjukdom i vår nære fortid

Oddbjørn Kvålsvold

I samband med innsamling av livsminne var det informantar som fortalde om alvorlege sjukdommar òg før koronapandamien slo til. Difteri (ekte krupp) var ein sjukdom som folk hadde stor respekt for og som førte til mange dødsfall i Noreg. Av faglitteratur ser eg at dette er ein akutt bakterieinfeksjon i nase og hals som skuldast difteribakteriar. Bakterien gir betennelse i slimhinnen, i svelg og luftveier. Smitte skjer ved dråpesmitte fra den sjuke, for eksempel ved hoste. I dag inngår vaksine for difteri i barnevaksinasjons-programmet som beskyttar godt mot sjukdommen.

I ein samtale med Anna Barmen i 2012 fortel ho om då difteri sjukdommen skapte redsel og sorg i mange heimar på Stord. Under siste verdskrigen kom òg smitten til heimen hennar på Døso. Først vart eine søstera hennar sjuk, men etter kort tid fekk og ei av dei andre symtomar  og vart alvorleg sjuk. Jentene vart då plassert på eit soverom på loftet med liten kontakt med resten av familien. Helsesøster Astrid og doktor Mo hadde regelmessige tilsynsrundar og gav råd og støtte i ei spanande tid. Men ein dag kom tyske soldatar og befal og ville ha husundersøking i heimen og mora prøvde å stogga dei, men «herrefolket» trengte på og ville sjekka alle rom i huset. Anna minnast at spesielt den eine systera vart livredd når offiseren med «høghuva reiv opp døra inn til rommet deira. Då dokter Mo høyrde dette, vart han arg og skreiv eit kvast brev som mora kunne vise okkupantane om dei kom att. I heimen på Døso var søster Astrid regelmessig og tok prøvar, heilt til dei to jentene var symptomfrie. Så vart rommet «røykt ut» og grundig vaska fortel Anna

Anna Barmen fortel og om tragedien som råka familien til Henry Aas medan han sat i tysk fangenskap. Familien vart difterismitta og kona Kristine(1909-1943)døydde frå borna. Desse fekk omsut hjå andre til freden kom og Henry kom attende.

For å finna ut korleis stordsamfunnet takla ein slik sjukdom for snart 80 år sidan, gjekk eg inn på søkjarsida til bladet Sunnhordland. Eit fantastisk tilbod som abonnentane har til rådvelde. Ja, her fann eg raskt svar på det eg lurde på! I desse koronatider er det av interesse å sjå korleis lokalsamfunnet takla difteri- utbrot i 1940-åra. Eg vil ta med desse små sitata frå noko av det eg fann. Sunnhordland skriv 29.09.42 m.a.: « Difteri på Stord. …Helserådsformannen og kommunelege Knut Mo fortel om 5 -6 tilfelle kring Leirvik……For å hindra ein mogleg epidemi, har han førebels stengt alle skulane i Leirvik skulekrins.….». Sunnhordland skriv 04.12.42: Distriktslækjar Mo opplyser om 22 tilfelle av difteri, og vel halvparten av desse hev vore i Hystad-krinsen» …..   I avisa datert 23.07.43 står det. «Difterien på Stord i retur….Men det har i det siste vore så mange tilfelle av difteri at helserådet fann det påkravt å gå til offentleg og tvungen vaksinasjon av skuleborn….»

Avslutningsvis vil eg ta med kva lokalavisa vår rapporterer frå Moster 02.12.41: «Difteri- farang på Moster. – 30 sjuke innlagt på Skimmeland skule… skulen er teke i bruk som difteri-lasarett….Alle skuler er stengte og det er møteforbod yver heile heradet…»

Når me ser korleis dei med mynde kjempa mot smitte i vår nære fortid, er det viktig at me alle er lydhøyre og prøver å fylja råda deira i desse koronatider.

Munnleg kjelde:            Anna Barmen – f.1929  

Skriftleg kjelde:            Bladet Sunnhordland

 

——-

«Sunnhordland»   11.november 2020

Oddbjørn Kvålsvold

Kommunen nytta forkjøpsretten i Gruvesaka

Hans O Gravdal. Foto: Oddbjørn Kvålsvold

Då gruvedrifta ved Stordø Kisgruber vart lagt ned våren 1968 spurde mange seg, kva no? Sysselsetjings-messig gjekk det bra, for dette var i ein periode Stord Verft hadde trong for arbeidskraft. Men kva med eigendommen? Etter ei tid kom den for sal og Akergruppa viste si interesse. Men deler av det politiske miljøet meinte at kommunen måtte bruka forkjøpsretten Dette vart ei sak som skapte engasjement i «mange leirar». Knut Walde var leiar i eit utval som konkluderte med at kommunen ikkje burde kjøpa den store eigendommen, men eit fleirtal i kommunestyre ynskte i siste liten ei ny vurdering.

I arbeidet med å få ei ny utreiing kan ein med rette seia at Stord Arbeidarparti var den store pådrivaren i 1971, sjølv om veteranen frå Gruo, Erling Evanger hadde eit anna syn. Eit hurtigarbeidande utval med Hans O. Gravdal som leiar, og Husum, Djuve, Tufteland og Karlsson som medlemar fekk oppgåva til å vurdera saka på nytt. Som ein del av innsamling av minnestoff gjorde eg digitale opptak med nokre av aktørane i «Gruvesaka». Hans O. Gravdal fortel om ein svert aktiv periode om møter i departementet, synfaringar og verditaksering av bygningsmassen. Etter ein kort, men intens arbeidsperiode var «Gravdalutvalet» sin konklusjon klar, kommunen burde bruka sin forkjøpsrett og tileigna seg eigendomen til Stordø Kisgruber.

Etter dette starta ein intens lobbyverksemd frå aktørane som meinte at Fred. Olsen sitt selskap, Stord Verft, burde få kjøpt gruveeigendommen. Sjølv var eg både tillitsvalt ved Stord Verft og kommunestyremedlem på denne tid og hugsar godt presset frå industrigiganten sine «forlenga armar». Mellom anna vart me som var i kommunestyre kalla inn til møte med  generaldirektør Onarheim. Bodskapet var at fekk ikkje Stord Verft overta eigendommen, så såg det «svart ut» for hjørnesteinsverksemda. I opptak eg har med Torbjørn Haga fortel han om det «utidige presset» og lobbyverksemd han og Magne Vikanes i Krf. opplevde. Både i partigruppa og av lobbyistar vart det teke ille opp at dei braut ut og ville at kommunen skulle nytta forkjøpsretten og sikra seg eigedommen for 2.2 mill. kroner. Børtveit kraftstasjon kjøpte SKL for 850000 kroner. «Eit vedtak eg i etterkant har vore kry over», sa Torbjørn. Her fekk kommunen hand over stort område for bustadbygging, bygningar som vart vidareselde, kaiområde og eit stort skogområde. Senterpartiet var representert med Oskar Dahl og Per Høyland som begge meinte at kommunen mått få hand over området. Avstemminga med namneopprop viste at 19 stemte for å nytta forkjøpsretten mens 16 stemte mot.

Vedtaket om å nytta forkjøpsretten vart den gongen banka i gjennom. Mindretalet anka vedtaket til departementet, men anken vart avvist. Me hugsar at Arne Knutsen vart tilsett som dagleg leiar for drift. Ein «bulldosar» som fekk mykje utført på kort tid, bygningar vart selt til rimeleg pris og andre bygningar jamna med jorda. Det heiter at ein ikkje kan laga omelett utan å knusa egg, og slik var det òg i denne saka. Men etter  50 år innser dei fleste frå begge politiske sider, at kjøpet og bruken av forkjøpsretten  i desember 1971 var fornuftig og eit viktig vedtak. Nye areal har vorte planerte, bygningar reist og flotte bustadområde tilrettelagt. Ja, i dag har Litlabø-området vorte eit av Stord sine finaste turområde med traktorvegar, stiar og gapahukar.

 

Munnlege kjelder:            Hans O. Gravdal- (1934 – 2014)

                                    Torbjørn Haga  (1927-2019)

Skriftleg kjelder:            Stord frå steinalder til oljealder- 2006 v/ Yngve Skjæveland

 

——-

 

«Sunnhordland»   30.oktober 2020

Mange var i Tysklandsbrigaden

Oddbjørn Kvålsvold

MP soldat Harald Tjønn. Foto:priv

Sjølv om krigshandlingane under siste verdskrig ikkje påverka oppvekståra for ungdom på Stord så mykje, fekk nokre oppleva krigens øydeleggingar etter krigen. I mitt arbeid med innsamling av livsminne er det fleire som har fortald om tida i Tysklandsbrigaden, ei tid som sjølv etter 70 år vert hugsa, med mange dramatiske minneglimt. Synet av lemlesta krigsveteranar utan armar og bein som sat og tigga inne i byane, vert aldri viska ut. 

I etterkrigsåra var det omlag 50000 norske soldatar som fekk oppleva det krigsherja landet. Fleire av dei eg har intervjua, hadde si førstegongsteneste i Tysklandsbrigaden etter fullført rekruttskule i Noreg. Ungdommane fekk så eit opphald på 6 månader i tidsrommet januar 1947 til april i 1953 med vakthald og kamptrening, der mange av byane var jamna med jorda. Dei ulike brigadane vart omtalt med eit nummer der dei to første siffera viste året den var organisert, og tredje siffer om det var første eller andre brigade det året. Kor mange det var frå Stord som deltok i Tysklandsbrigaden, veit eg ikkje, men Odd Hetlesæter,  Johann Belsvik, Anders Børtveit, Torgils Engevik, Torbjørn Haga og Ole Litlabø har fortald om dette. Spesielt dei første kontingentane som vart stasjonert i Hartz, underlagt 5. britiske divisjon kom tett på resultatet av dei allierte si «teppebombing» av byane. Kjeldene mine fortel òg at Karl Dahl, Tor Eldøy, Lars Engelsen, Edmund Hystad, Leif Nysæter og Harald Tjønn tenestegjorde i Tysklandsbrigaden for å nemna nokre. 

Sjølv om brigaden var under britisk kommando, var det norsk administrativ leiing på rundt 200 personar som seinare vart kjernen i den nye Brigaden i Nord-Norge. Dei norske soldatane var ikkje «fagmilitære» slik dei britiske soldatane, men læreviljug norsk ungdom fekk god realistisk opplæring og røynsle som okkupasjonsstyrke. Mange av dei britiske soldatane hadde vore med på landgangen i Normandie og kjempa seg gjennom Europa mot endeleg kapitulasjon.  Desse hadde ein tøffare tone er meg fortald. Men enkelte av informantane mine var med på fleire skarpe oppdrag som arrestasjonar og avvæpning. Livsminna frå då dei skulle arrestera  SS- og Gestapo-folk som hadde flykta frå sovjetiske styrkar og okkupert ei tysk kaserne i Schleswig-Holstein vart eit minne for livet. 

Anders Børtveit var ein av mine viktige informantar då eg samla inn lokalhistorisk stoff. Som vernepliktig i etterkrigsåra vart Anders teken ut til teneste i Tysklandsbrigaden. Etter fullført rekruttskule på Hvalsmoen vart han med Ingeniørtroppen til Rendsburg- og Neumünsterområdet på nyåret i 1950. Anders var utdanna elektrikar og vart lagleiar for 8-10 soldatar som hadde vedlikehaldsansvar for m.a. batteri-depot og lys i alle telta under øvingar. Av skriftlege kjelder ser eg at det var mange tragiske ulykker mellom dei norske soldatane. Dei fleste skjedde som køyreulykker og under handsaming av sprengstoff. Anders fortel om den svarte, feitthaldige brusteinen som vart «såpeglatt» ved nedbør, og som var årsak til mange av trafikkulykkene. Eit av minna han har frå brigade 501, er ein deformert militærmotorsykkel som var plassert som ein skulptur ved innkøyrsla til kaserneområdet. På eit godt synleg skilt sto: «Køyr varsamt, me har gravlagt han. Vert du den neste?». I Wikipedia ser eg at nære 40 nordmenn av dei som deltok i Tysklandsbrigaden, omkom i åra  frå 1947 til 1953.

For mange av ungdomane var dette den første utenlandsturen og ei storhende i samtida. Fleire har fortald om spanande vaktoppdrag etter mørke stiar i skogsområde. Mange fyrte av ei salve og to inn mellom trena med automatvåpena, for ingen vart kravd rekneskap for ammunisjonsbruken. 

Internett: Wikipedia/ Tysklandsbrigade søk

Munnlege kjelder: Anders Børtveit, Torgils Engevik og Odd Hetlesæter 

 

—-

«Sunnhordland»   19.oktober 2020

Gardsdrengen på Høyland i 1950

Oddbjørn Kvålsvold

Endre Nagel-Alne

Endre Nagel- Alne som har vore busett på eit småbruk ved Falkåsen store delar av vaksenlivet, fortalde meg at han i 1950 hadde vore dreng på Høyland. På denne tid var det Marta Høyland, enka etter Nils Olsson Høyland som dreiv bnr. 1 og 2. Endre meiner å hugsa at ein eldre bror hadde vore dreng på Høyland tidlegare og systera hadde vore tenestejenta på nabogarden, slik at Marta hadde kjennskap til familien hans i Vikebygd.

Den 17 år gamle ungdommen var van med gardsarbeid frå oppvekståra, noko som kom godt med, for han var åleine mannfolk på garden. Til å stella hus og dyr hadde Marta hjelp av Anny Landa. På garden var det ein eldre hest som snart vart ein god medhjelpar for Endre, ein grei arbeidshest, men litt «sær». Kvar gong han køyrde gjennom gardstunet måtte han passe godt på, vist ikkje tok merra ein sving framom stovehusdøra og stoppa opp. Her stod den «gadd» til nokon kom ut med ein godbit i neven. Ute på beite hadde hesten ein annan uvane, han gjekk eit skritt og to til sides når Endre strekte fram handa for å ta den i grima. Dette løyste den hestevante med å bruka ein liten stiv strengstubb med krok som han huka i grimeringen.

Vårarbeidet tok til med å arbeida opp potet og grønsakåkeren etter vinterdvale og køyra ut husdyrmøka. Bikkvogna vart fylt opp med greip i møkakjellaren og tømt ut i dynger på åkrane, og seinare spreidd utover med greip. Alle som har sjølvoppleving av dette arbeidet i tenåra, veit kva slit det er for ryggmusklane å handsama dyremøk med greip. Me set stor pris på den tekniske revolusjonen i jordbruket. Endre fekk ut møkka, pløgde, harva og jamna ut åkrane, klart for potetsetjing, såing og planting av grønsakene. Når blautgjødsla i landkummen skulle køyrast ut, nytta drengen ein  stor trekasse med lôk og med spreiar bak. Eit retteleg skittarbeid, men eit viktig ledd i næringskjeda.

Høyonna var ei travel tid, minnest drengen, han visste at skulle ein sikra godt turrhøy, måtte ein spela på lag med veret. Ein sundag han sykla til  kino på Folkets Hus var det truande skyar på himmelen, og på Høyland sto fleire turre hesjer. I midtpausen då maskinisten skulle skifta filmrull var han ute å vurderte veret, det hadde hopa seg opp med truande uvêrsskyer. Han droppa då siste del av filmen og sykla attende til Høyland. Her fekk han hjelp til å riva turrhøyet ut av hesjene og køyrde fleire høylass av beste kvalitet inn i løa. Som ein kuriositet i samband med dette fortalde Endre, at månadslønna for «høyonn-månaden» vart heva til kr. 200. Etter avtalen var lønna kr. 150 pr. månad med fri kost og husvære.

Endre Nagel-Alne fortel òg om eit køyreoppdrag med hesten som han aldri vil gløyma. Det var ei kvinne på Høyland, Anette Kambo, som skulle gravleggjast og Knut Helland skulle låne  hest og kjerre for å køyra kista frå heimen på Bjelland til den gamle gravplassen i Frugarden. Gravferdsdagen vart Helland sjuk og kunne ikkje køyra, så Endre vart «beordra» av Marta til oppgåva. For ein 17-år gamal gut var dette ei ærefullt oppgåve, men som førte med seg stor spenning. Grindene vart teke av høyvogna, som vart vaska og pynta med granbar. Prosesjonen med kista starta ved heimen, køyrde vegen ned til Vikjo og inn Borggata til den gamle gravplassen. Endre hugsar godt spenninga han kjente på, ikkje minst å halda passe fart, slik at dei sørgande med presten i spissen fekk gå i ein verdig prosesjon. I etterkant ser han på dette som ein viktig del av livsminna sine.

Munnleg kjelde:             Endre Nagel- Alne f. 1933

 

 

 

«Sunnhordland»   5.oktober 2020

Ungdom i «Arbeidstjenesten» under 2. verdskrigen

Oddbjørn Kvålsvold    

Bilete er frå AT leiren på Mo i Vikedal

  

I denne artikkelen vil eg skriva litt om Arbeidstenesta (AT) som var ein kjent organisasjon under siste verdskrigen, men som i dag er ukjent for mange. Årsaka til at eg ville sjå nærmare på deira aktivitet, er at nokre av dei eg har intervjua i minneinnsamlinga måtte  tenestegjera i organisasjonen.

I fleire europiske land vart arbeidsteneste innført i mellomkrigstida, og Hitler-diktaturet i Tyskland såg på dette som førebuing til militærlivet og eit forum for idelogisk påverknad. I Noreg organiserte nokre privatpersonar eit slikt tiltak alt i 1937 og i 1940 sette Administrasjonsrådet i Noreg i gang  ei frivillig arbeidsteneste. Desse skulle hjelpa til i nyttig samfunnsoppdrag med anleggsarbeid., innhausting og skogsarbeid, og «Departementet for arbeidsteneste og idrett» såg dette som eit verktøy for å gjennomføra NS-regimet (Nasjonal Samling) sin politikk.

Frå 1941 gjorde okkupasjonsmakta i Noreg tenesta obligatorisk  for menn i vernepliktig alder. Forskarar fortel at storparten av AT-leiarane hadde vore norske offiserar, og at i 1944-45 var 90 % av stabsoffiserane i arbeidstenesta NS  medlemmar, 80 % av troppsførarane og 59 % av lagførarane. Eit gjennomsyra nazistisk styrt tiltak med Vidkunn Quisling på toppen.

Arne Berger frå Leirvik vart utkommanderte til å delta i AT, som frå 1941 var ei obligatorisk plikt for menn i vernepliktig alder, tilrettelagt etter militært mønster. Tradisjonen fortel at det var bygd opp ca. 50 AT-leirar rundt om i landet. Arne vart utkommandert til arbeidstenesteleiren på Mo i Vikedal. Denne leiren  vart nytta til ungdom  som var innkalla frå Hordaland og Rogaland. Frå mai i 1941 vart det mogleg å tvangsutskriva folk til Arbeidstenesta etter at NS-statsråd Axel Stang tok over departementet for «arbeidsteneste og idrett». I Vikedal var det bygd ein leir med eit titals store og små bygningar. Bilete frå leiren viser mannskap- og befalsbrakker, matsal, kjøkken, vaktbrakke med «kakebu» og kinosal. Vidare var det depot-brakker, vedhus og idrettsanlegg.

Arbeidstenesta var ei tre månaders pliktteneste under militær kommando, som seinare vart utvida til seks månader. Arne Berger fortel at dei 135 ungdomane som vart innkalla i kvart gruppe, fekk grøne / brune uniformer. Den første månaden hadde dei eksersis, der geværet var skifta ut med blankpussa spadar. Etter perioden med rekruttskuleopplæring var han med på ymse arbeid  rundt om i bygda. Arne fortel om fysisk arbeid med vedhogst, skogplanting, grøftegraving, vegarbeid og rydding av kulturbeite. Tradisjonen fortel at ungdomane frå leiren hogg fem hundre famnar bjørkeved og to hundre kubikk tømmer i 1944. Vidare sette dei varige fotspor etter seg i bygda, då dei starta opp eit større dreneringsarbeid med bygging av Eikelandskanalen. Dette er ein kanal på om lag 1,3 kilometer som skulle tørka opp store områder med myrlendt, uproduktiv jord.

Stort sett tykte folk at AT var eit nyttig tiltal, sjølv om både London-regjeringa og Heimefronten appellerte til boikott av Arbeidstenesta. Men då okkupantane byrja og tvangsutskriva arbeidskraft i 1944, og rykte om overføring av ungdom som hjelpestropper til Øst-fronten, snudde stemninga. I denne perioden utført Heimefronten fleire sabotasjeaksjonar mot AT- arkiv. Den mest kjente for stordabuane, var den John Hatland var med på i Oslo. Her vart dei rulleførte årsklassane for 1944-45 øydelagde, og innkallinga til teneste var uråd. John Hatland med røter frå Stord, var då 20 år. Han og to andre frå motstandsrørsla vart arresterte av tyskarane etter aksjonen. Dei vart utsette for tortur og avrett på Trandum 26. mai i 1944. Som kjent fekk Stord sogelag og andre gode krefter, m.a. Arne Horneland, reist eit minnesmerke ved Hatland skule om hendinga.

Kjelder:            Arne Berger (1923- 2017)

Anstein Lohndal: «Spadens soldater»

Digitale kjelder – artiklar i Wikipedia

 

 

 

 

 

«Sunnhordland»   21. sept 2020

Minneglimt frå eit gardstun med tradisjonar

Oddbjørn Kvålsvold

Per Lundemannsverk. Foto Oddbjørn Kvålsvold

Ein av dei som har gjeve meg innsyn i Stord si lokalhistorie, er Per Lundemannsverk. I ein samtale om gardsdrift kunne han fortelja at det i tidlegare tider t.d.v. slutten av 1800-talet, hadde vore hestevandring på garden. Hestevandring var ei teknisk innretning der ein nytta hestar til å trekkja roterande maskiner, m.a. treskeverk og kverner. Det vart ofte nytta to hestar som gjekk i ring og trekte drivverket til maskina som fekk krafta overført med tannhjul og aksling. På Lundemannsverk stod hestevandringa utanfor den eldre driftsbygninga som vart erstatta i 1933.

Far til Per fekk skøyte på garden i 1917, ei tid då produksjon av korn var vanleg òg på Stord. Driftsmåten den gong var arbeidskrevjande, for sjølv i Per sine oppvekstår vart kornåkrane hausta med sigd, og kornbanda turka på staur. Han minnest korleis dei skar for hand, laga bendlar og utforma passe store kornband. Banda vart sette i rauk, klynger med rotenden ned, før dei vart hengde på staurar. Dei nytta kraftige staurar som var spisse i kvar ende. For å nå opp med banda stod dei på ein staurkrakk, fortel Per. Dette var spesielle staurar der det var sett att ein liten kvisttapp litt oppe på stauren som skulle hindra at kornbanda seig ned på bakken. Var torkevêret lagleg med varm haustvind, turka kornet snart og var klar for innhausting. Staurane med kornbanda vart køyrde inn i låven, stauren dregen av og lagra til neste års  bruk. 

Treskedagane i bygda har eg skreve om tidlegare, men ei anna viktig hending var bakedagane. I Per sin oppvekst var det sedvane å ha faste bakedagar i eldhusa rundt om på gardane. Mora leigde alltid  inn tanta, Karina Lunde, som hjelp på bakedagane. Flatbrød, lefser og «haringekaker» vart produserte i store mengder. Eldhuset var eit av dei gardshusa som flittig var i bruk heile året. Når dyr skulle slaktast, var alltid eldhuset i bruk Her vart skåldevatn til å fjerna busta på grisen varma opp, og slaktet partert og foredla. På vaskedagane var òg eldhuset sentralt, fortel Per. Her vart vatn varma opp i ein stor koparkjel og kviteklede kokte  før vidare handsaming i trestampane og på vaskebretta. Per har òg livsminne om turar med hest og kjerre til sildoljefabrikken på Kjøtteinen for å henta storsild. Silda vart reinska og salta i eldhuset før ho vart hengt opp under taket klar for røyking. Spesielt under siste verdskrigen  var heile eldhuset fylt med sild som skulle foredlast til lubbesild. I eldhuset på Lundemannsverk er det ein turkeomn for korn. Denne var eit hjelpemiddel som vart nytta for å få kornet turt og «sprøtt» før dei køyrde det til Frugardsmølla. Korn som ikkje var turt nok, fekk difor eit opphald i turkeanlegget på den oppvarma flata. Turkeomnen i eldhuset vart og nytta under tilverking av øl, fortel Per, som har teke vare på mykje av utstyret dei nytta samband med ølbrygging i eldre tider.

Per Lundemannsverk fortalde at han heldt på tradisjonen med å så litt bygg og havre heilt inn i 1960-åra. Frugardsmølla slutta av drifta i 1950-åra, så Per måtta ta traktorlasset med til bygdemølla i Sagvågselva dei siste åra.

Munnleg kjelde: Per Lundemannsverk (1937-2018)

 

……..

«Sunnhordland»  mai  2020

Den gamle garden

Jens Litlabø


I skrivande stund har me morgon 17.mai 2020, men dette året er det ei annleis feiring som dels bryt med innarbeidde tradisjonar på grunn av Coronapandemien. Like fullt ligg vårlandskapet med med vaknande natur og bjørk i lauvsprett her, slik det har gjort i uminnelege tider. Dei gamle gardstuna i det vakre kulturlandskapet i Nordbygdo ligg slik dei har gjort i generasjonar, og vitnar om kontinuitet i ei foranderleg verd. 

Stord sogelag har bede meg skriva litt om garden vår, drifta og besøksverksemda, og det skal eg gjera, men eg vonar dette også kan sjåast i eit vidare perspektiv.

Nordre Tveita har vore sjølvstendig gard i om lag 1000 år, og vart delt i to likeverdige hovudbruk  midt på 1600-talet. Det første skriftlege dokumentet som fortel noko om garden er frå 1454, då deler av garden vart seld. Garden vart sjølveigande bondegods då leiglendingane fekk kjøpa garden kring 1770.

No rår me over båe dei gamle gardstuna, og samla har garden over 20 hus av ulik storleik. Eit av dei første husa me restaurerte er stabburet i Noratunet, som er i frå 1500-talet, medan det siste huset me restaurerte er stabburet i Søratunet frå 1700-talet. Me prøver å halda tun, hage og kulturlandskap vedlike gjennom aktiv drift av garden. Gardsdrifta er noko allsidig, men husdyrhaldet med sau og storfe av den gamle lokale storferasen Sørvestlandsk raudkolle utgjer ein vesentleg del av drifta. 

Sidan 1996 har me hatt besøksaktivitetar for små og store på garden, og «Julegarden» var tidlegare ein vesentleg vinteraktivitet. I 2001 byrja barnehagar og skuleklassar å vitja oss. Også denne våren fekk barnehageborn vera vera med å setja poteter, så får me håpa dei får vera med på innhausting av poteter og andre grøder til hausten. På vår gard er  verdiar knytt til kulturvern og estetikk viktige, men kunnskapsformidling om natur, landbruk og matproduksjon i eit berekraftsperspektiv er like meiningsfullt. Dette er også verdiar den nye læreplanen for skulen framhevar  som viktige. Eg er også nøgd med at læreplanen peikar på praktisk læring og skaparglede som sentrale verdiar. Som  lærar i samfunnsfag og historie i den vidaregåande skulen er det moro å oppleva  at elevar som vitja oss med barnehagen, etter 13 år, framleis kallar meg «Jens Bonde».

Me er så heldige at det er mange andre som som driv landbruk og matproduksjon, og elles tek vare på kulturlandskapet med dei ulike verdiane, også på Stord. Det synest å vera aukande interesse for «naturalhushald» med produksjon av eigen mat, ikkje minst i desse Coronatider. Dette er framtidsverdiar som me må verna om. Det er viktig at dei oppveksande generasjonane får sjå samanhengen mellom fortid, notid og framtid.

Den gamle garden har nok ei framtid.  

…………..

«Sunnhordland»  mai  2020

Åra som sette så djupe spor

Lars Mæland

-Me gøymde oss i potetkjellaren når flyalarmen gjekk. Eg synes endå eg kan kjenna kulden frå kalde Kerrs Pink-poteter i baken etter opphalda her.

Ivar Helleland vaks opp på Litlabø. Saman med kameraten Ansgar Vedå fekk dei oppleva   krigshendingane på nært hald ei laurdagsnatt i slutten av januar 1943. Denne natta kom norske og britiske soldatar til Stord, og raidet mot Stordø Kisgruber hadde som mål å øydeleggja gruveanlegget og setja ein stoppar for kisen som blei nytta i den tyske krigsindustrien. Arnfinn Haga, oppvaksen i Sagvåg, har skrive mange bøker om hendingane under andre verdskrigen, blant dei ”Raidet mot Stordø Kisgruber”.

”Lørdagskvelden 23. januar 1943 var Arnfinn, eldstesøsteren og faren på kino i Folkets Hus på Litlabø. Det var sånn omtrent fire kilometer å gå en vei, og det syntes søsknene var mer enn nok. Men opplevelsen var stor der de satt helt fremst i salen på en ekstra innsatt benk og stirret målløse på den makeløse skiløperen Trysil-Knut. Etterpå var det å traske de fire kilometerne hjem i tørrfrosten, spise svart brød med svart sirup på, og så legge seg. Før søsknene sovnet, fortalte faren om en som var like glup på ski som Trysil-Knut, han var frå Kongsberg og het Birger Ruud. Men de hadde ikke sovet så lenge før de våknet av en skjærende lar ute fra sjøen. Mor stod over dem og var redd i stemmen. ”De må reisa opp”. Søsknene spisset ører idet lange og smatrende skuddserier nådde dem fra sjøen, sikkert fra Kiskaien. Arnfinn hadde en brennende lyst til å løpe inn i stua og lette på blendingsgardinet, men ble bryskt bedt om å holde seg unna alle vinduer som vendte den veien. Skuddseriene var hissige. Det smalt rasende fra noen våpen, litt roligere og tyngre fra andre. Om en stund virket det som skytingen gav seg noe. ”Ka ska me gjera?” undret moren. ”Eg meina da roa seg”, svart e faren.”

Men det roa seg ikkje så fort, denne krigsnatta som ingen i området gløymer. Soldatane som gjekk landevegen frå Kiskaien i Grunnavågen opp til gruveanlegget på Litlabø, kommanderte folk som budde i området til å koma seg vekk.  Helleland og Vedå budde begge på Gjerde, eit lite steinkast frå Heishuset som var målet frå raidet.

-Eg er ikkje sikker på kven som kom med beskjeden, men det var folk som arbeidde i gruo. Eg sov på loftet saman med foreldre og to eldre søstre då me blei vekte like over midnatt, med beskjed å koma oss vekk snarast råd. Kan endå hugsa kor sterkt inntrykk det gjorde då søstrene sa det ikkje var sikkert eg fekk sjå far min igjen. Han blei kommandert til sløkkingsarbeidet etter brannane på gruveanlegget, seier Helleland.

Frå huset dei søkte tilflukt til, kunne dei sjå lysgranatane som farga himmelen denne kvelden med skyting både frå festningen på Bjelland og den på Tittelsnes, og frå MTB-ane som hadde teke turen ut retning Bømlafjorden for å avleia merksemda frå raidet på gruvene.

Bjelland fort var ein del av mange forsvarsanlegga som den tyske krigsmakta bygde etter invasjonen i 1940. Anlegget på Bjelland blei etter kvart utstyrt med fire 8,8 cm kanoner, to luftskytskanoner og kraftige lyskastarar både på Kjøtteinståa og i hagen til familien Junge. Den største av desse hadde ein diameter på 1,5 meter, og lyste opp Bømlafjorden og Sunnhordlandsbassenget når han var i bruk.

Dei som budde på Bjelland, vart jaga frå heimane då festningen blei bygt. For fleire av dei som måtte evakuera frå området i 1942, vart oppveksten omflakkande i krigsåra. Hans Kristian Junge er ein av mange som har fortalt om sine barndomsminne, og opp gjennom åra har ulike hendingar krigsåra  ofte vore tema både i Stord sogelag sitt årsskrift og sogespalta i denne avisa. Oddbjørn Kvålsvold har samla mange av desse historiene, blant anna dette som Junge fortel. Junge var fire år då dramatikken starta for familien. Dette er det første livsminnet han har lagra frå tidlige barneår. To tyske offiserar med høg huva, ridebukse og blanke støvlar stod plutseleg i døra. Hans Kristian sat i fanget til mora då inntrengarane kunngjorde at familien skulle tømma huset og flytta ut snarast mogleg. Han fortel om korleis hendingane denne tragiske dagen har festa seg i minnet. Innan dagen var omme hadde dei flytta ut av huset og etablert seg midlertidig i bedehuset på Bjelland, etter kvart måtte familien flytta til fleire ulike stader før dei igjen kunne koma tilbake til heimen på Bjelland fredsvåren 1945. 

Dei fem krigsåra har sett djupe spor, 8. mai er det 75 år sidan denne krigen tok slutt her til lands og Noreg igjen vart fritt frå det tyske åket.  

———

«Sunnhordland»  april 2020

Bygsel, bot, bord og bjelkar – Stord i 1620

Egil Nysæter

Noreg var godt inne i dansketida. Kristian 4. var konge. Og trettiårskrigen var i gang utan at det førebels hadde noko å seia lokalt.

I det som no er Stord kommune, hadde folketalet dobla seg til vel 400 sidan 1520. Samfunnet var i ferd med å koma til hektene etter den lange nedgangstida etter Svartedauden, den store pest-pandemien som tok livet av rundt halve befolkninga. I 1620 var det igjen folk på mest alle gardar.

Kva kan me finna ut om desse «stordabuane»? Dei spreidde opplysningane nedanfor er tekne frå rekneskapsmateriale (fute- og tollrekneskapar) som no er tilgjengeleg i Digitalarkivet. I originalmaterialet møter me gamal gotisk skrift som ikkje alltid er like lett tyda.

Bygsling av gardsbruk

Som tidlegare var det svært få som eigde den jorda dei brukte. Dei tre som i skattelistene er nemnde sjølveigarar, budde i Brandvik, Bjelland og Høyland. I tillegg kom adelsfolket på Vatna. Dei andre var leiglendingar og måtte betala årleg avgift i form av smør og huder, eller pengar. Men ikkje nok med det. For leigeavtala, førstebygsla, måtte dei også betala. Og dessutan kvart tredje år når avtala vart fornya, såkalla tredjeårstake. Men når så var gjort, sat leiglendingane nokså trygt på garden. Ja, det er sagt at dei så og seia var «herre over andre si jord». Etter ein uskriven regel kunne dei opplata – overføra – bruket til kven dei ville. Slik fekk Villum overta ein part av Horneland som svigerfaren, Hallvard, hadde opplate.

Bøter for lovbrot

Futen påtalte lovbrot, fekk folk dømde og fastsette også sjølv bøter. Dei såkalla sakefallslistene er register over lovbrot. Elling Sørhuglo gjorde direkte opp med futen, «avsona» som det heitte, fordi han hadde stukke Peder Vermedal frå Tysnes i armen, «dog thill Ingen schade». Det kosta han tre dalar.

Seksuell omgang før og utanfor ekteskap, såkalla «leiermaal», vart strengt straffa. Særleg ille ute var Sivert Kyvik. Først måtte han bøta seks dalar for å ha vore saman med «kvinnfolket» Anna. Dernest fekk han også bot for leiermål med festarmøya si før bryllaupet. Men då slapp han med to dalar; for armods skuld.

Skottehandel

Ei særs viktig utvikling i hundreåret etter 1520 var etableringa av sagbruk. Dei mange sagbruka i Sunnhordland førte til at det vart oppretta ein tollstad i Eldøy, truleg på 1590-talet. Last, utførselshamn og namn på skipperar særleg frå Skotland, men også frå Tyskland og Nederland, er registrert i tollrekneskapane. Den 14. juni 1620 kom såleis skipper Anders Finne frå Banff i Skotland til Sagvågen. Han drog tilbake 22. juni med bord, bjelkar, lekter og ved. Den 20. juli var han attende etter ny last med retur 31. juli. På same tid var også Jürgen Smart frå Dundee i Sagvågen og John Mortten frå St. Andrews på Leirvik. John sitt skip er nemnt som «pinke» (pink), eit vanleg handelsfartøy på denne tida. Og lasta kom frå saga i Vikabekkjen som Høyland eigde. Garden Leirvik der senteret og kulturhuset ligg, låg då under den garden.

Mykje meir om Stord på 1600-talet finst i Stord frå steinalder til oljealder bd. I. Sjå også Soga om Sagvåg. Om sagbruk og skottehandel skreiv And. Næss i Sunnhordland årbok 1919 og 1920 (på nettet i nb.no).

 

——-

«Sunnhordland» april 2020

Kjellbjørg Lunde  har skrive ned historia etter Jon Lunde

Fotballhistorie frå Nordbygdo

Jon Lunde ( f. 1932 ), veteran frå fotballmiljøet i Nordbygdo, har fortalt livsminne knytta til fotballkarieren sin i Nordbygdo.

Eg var 16 år og fotballinteressert då bror min, Tor, saman med Per B. Tyse og Birger Søreide i 1948 tok initiativ til å starte fotballag i Nordbygdo. Namnet blei Trott. Det første forslaget var Drott, men det blei nekta fordi eit anna lag heitte  det same.

Laget fekk låne grusbana på Seminariet, ei mindre bane enn slik ho seinare blei.

Vi var for få i bygda til å stille lag, men var heldige å ha lærarskulen/seminariet her, så vi fekk med elevar derifrå. Eg hugsar ein som heitte Solheim frå Fjellberg, Olav Hole frå Osterøy og Frette frå Etne bl.a.

På den tida reiste ikkje elevane heim i helgane, dei budde på hybel rundt om på gardane. Slik blei vi i stand til å stille fullt lag, men vi hadde ikkje heimebane for kampar.  

Vi heldt på fram til -53, då stoppa det opp p.g.a. for lite folk til å stille lag. 

Vi spelte kamp kvar helg i sesongen i desse første åra, og vi var både i 4. og 5. divisjon.

Vi spelte mot lag i Sunnhordland, men også mot Odda.

Det var langt til Odda. Vi reiste med skøyta til Søren Larsen frå Skottaberg, først til eit nes i Etnefjorden der vi blei henta av ein lastebil.  Vi sat på trebenkar på eit lasteplan med tak over.

Etter kampen var det same, lange  vegen tilbake. Men dette var den lengste transportetappen vi hadde. 

Vi betalte kontingent, men det rakk nok ikkje så langt for å dekke ugifter til transport m.m., så vi hadde dansetilstellingar, leigde Turnhallen kvar 14. dag, og fekk inn pengar på det.

Draktene var T-skjorter med blå stripe, overtekne frå Marinen sitt overskotslager, og elles hadde vi kvite shortsar.

Seinare blei det svarte drakter med stort Trottmerke på brystet. 

Hardaste motstandaren var Solid. Vi var patriotiske, så det var veldig viktig å slå dei. Men det gjekk begge vegar !

Vi trente to gonger i veka. Leif Steensohn var trenar. 

Det var ikkje så kjekt når nokon ikkje møtte til treninga, så stort sett møtte vi opp alle.

Kampane var ofte på Åsbana. Men det var helst lite publikum, mest når det var kamp mot Solid.

Trott låg nede til 1967.  

Frå 1952 til -54 var eg i militære i 18 månader, i luftforsvaret, stasjonert på Forus og på Lista. Lista var ein helsikes plass, bles støtt. Men eg var heldig og fekk jobbe på snikkarverkstad med sivil sjef. Øvingane måtte eg vere med på.

Tilbake frå militæret, melde eg meg inn i Stord, og blei der i 8-10 år. Då Trott starta opp igjen, melde eg meg inn der, det var våren  -67 .

Harald Tveit var pådrivar for gjenoppstarten, og blei leiar. Per Steinar Lunde var UK.

Første treningskampen tapte vi 10 -2 mot Solid.

 Treningsbana var framleis grusbana på lærarskulen. Trur at fleire etterkvart forlangte å få trene og spele på gras, og då måtte vi på Vikahaugane. Det kom grasbaner fleire plassar etter kvart på den tida. Vi spelte i same fotballkretsen då også, kom ikkje høgare i Trott. Men mens eg var i Stord , blei vi kretsmeister fleire gonger. 

Vi vaks til fleire i Nordbygda på 60-talet, men vi hadde også spelarar på laget heilt frå Kårevik, men mest herifrå.

Dessuten hadde vi fleire med frå lærarskulen, Carsten Selbakk og Wilhelm Sjøvoll t.d. hevda seg, og vi klarte oss bra.

Eg var med på A-laget i mange år, seinare på B-laget, og var aktiv då begge sønene, både den eldste, Roar, og den yngste, Atle, var aktive i Trott. Og eg spelte på Old boys-laget til eg var over 70 år.

Eit langt og godt liv med fotballen, med mange opplevingar.

Vi hadde kjekke treningsleirar i Skånevik bl.a.  Dette var familieleirar om sommaren.

Med Stord var eg på treningsleir i Danmark, i Roskilde, på eit nydeleg anlegg. Vi køyrde gjennom Sverige på heimturen og vidare til Skien, der vi spela kamp mot Skien Grane, og vann.

Leif Steensohn var trenar då også, så vi var innom der han var i frå, på nedtur til DK og spelte uavgjort mot Grimstad.

Vi spelte mot Roskilde to gonger på Åsbanen, ein uavgjort kamp, og eit knepent tap på heimebane.  

Vi var også på gjenbesøk i Roskilde i- 56. Ein kamp med knepent tap, den andre tapte vi 7-4.

Bror min, Tor, snakkar enno om eit mål eg skåra då. Eg spelte i venstre løparrekka og kom inn mot spissen på 16 meteren og smelte ballen i mål med venstrefoten. Eg var ganske god i begge beina, og kunne vere treffsikker med venstrebeinet også.

Trott hadde 50- årsjubileum i 1998 med stor fest i aulaen på Lærarskulen.

Det blei delt ut premiar og utmerkingar. Og då fekk eg høyre at det var eg som hadde flest obligatoriske kampar i den årsklassen i heile landet. Eg fekk to lysestakar frå Hordaland , og dessutan diplom frå Norges fotballforbund, saman med fleire andre på laget.

Det var ikkje så enkelt for meg i ungdommen, budde heime på garden, var i arbeid, men skulle hjelpe til i slåtten og alt anna. Difor kjøpte eg traktor for å bli tidlegare ferdig, ein liten Gråtass, saman med slektning og nabo, Per Lundemannsverk. Det blei ikkje noko betre, for det var berre eg som kunne køyre. Det var ikkje anna å gjere enn å bli ferdig med arbeidet, hive seg på sykkelen att og fram til treninga. Eg sykla på jobb også, så då seier det seg sjølv at det ikkje blei mykje fritid til andre gjeremål.

Det vil seie; eg var også med i litt friidrett, ikkje berre fotball, og så ski, sjølvsagt, når det var snøvintrar. Eg likte best spydkast, var ein av dei beste i Sunnhordland, fekk bronsemedalje med 48 meter i Sunnhordlandsmeisterskapen.

Så sjølv om dei fleste hugsar fotballspelaren Jon Lunde best, er det ein allsidig idrettsutøvar vi har fått innsyn i livsminne frå.

 Det takkar vi så mykje for !  

 

 

—-

«Sunnhordland»   29.03.20

Egil Nysæter

Bygsel, bot, bord og bjelkar – Stord i 1620

Noreg var godt inne i dansketida. Kristian 4. var konge. Og trettiårskrigen var i gang utan at det førebels hadde noko å seia lokalt.

I det som no er Stord kommune, hadde folketalet dobla seg til vel 400 sidan 1520. Samfunnet var i ferd med å koma til hektene etter den lange nedgangstida etter Svartedauden, den store pest-pandemien som tok livet av rundt halve befolkninga. I 1620 var det igjen folk på mest alle gardar.

Kva kan me finna ut om desse «stordabuane»? Dei spreidde opplysningane nedanfor er tekne frå rekneskapsmateriale (fute- og tollrekneskapar) som no er tilgjengeleg i Digitalarkivet. I originalmaterialet møter me gamal gotisk skrift som ikkje alltid er like lett tyda.

Bygsling av gardsbruk

Som tidlegare var det svært få som eigde den jorda dei brukte. Dei tre som i skattelistene er nemnde sjølveigarar, budde i Brandvik, Bjelland og Høyland. I tillegg kom adelsfolket på Vatna. Dei andre var leiglendingar og måtte betala årleg avgift i form av smør og huder, eller pengar. Men ikkje nok med det. For leigeavtala, førstebygsla, måtte dei også betala. Og dessutan kvart tredje år når avtala vart fornya, såkalla tredjeårstake. Men når så var gjort, sat leiglendingane nokså trygt på garden. Ja, det er sagt at dei så og seia var «herre over andre si jord». Etter ein uskriven regel kunne dei opplata – overføra – bruket til kven dei ville. Slik fekk Villum overta ein part av Horneland som svigerfaren, Hallvard, hadde opplate.

Bøter for lovbrot

Futen påtalte lovbrot, fekk folk dømde og fastsette også sjølv bøter. Dei såkalla sakefallslistene er register over lovbrot. Elling Sørhuglo gjorde direkte opp med futen, «avsona» som det heitte, fordi han hadde stukke Peder Vermedal frå Tysnes i armen, «dog thill Ingen schade». Det kosta han tre dalar.

Seksuell omgang før og utanfor ekteskap, såkalla «leiermaal», vart strengt straffa. Særleg ille ute var Sivert Kyvik. Først måtte han bøta seks dalar for å ha vore saman med «kvinnfolket» Anna. Dernest fekk han også bot for leiermål med festarmøya si før bryllaupet. Men då slapp han med to dalar; for armods skuld.

Skottehandel

Ei særs viktig utvikling i hundreåret etter 1520 var etableringa av sagbruk. Dei mange sagbruka i Sunnhordland førte til at det vart oppretta ein tollstad i Eldøy, truleg på 1590-talet. Last, utførselshamn og namn på skipperar særleg frå Skotland, men også frå Tyskland og Nederland, er registrert i tollrekneskapane. Den 14. juni 1620 kom såleis skipper Anders Finne frå Banff i Skotland til Sagvågen. Han drog tilbake 22. juni med bord, bjelkar, lekter og ved. Den 20. juli var han attende etter ny last med retur 31. juli. På same tid var også Jürgen Smart frå Dundee i Sagvågen og John Mortten frå St. Andrews på Leirvik. John sitt skip er nemnt som «pinke» (pink), eit vanleg handelsfartøy på denne tida. Og lasta kom frå saga i Vikabekkjen som Høyland eigde. Garden Leirvik der senteret og kulturhuset ligg, låg då under den garden.

Mykje meir om Stord på 1600-talet finst i Stord frå steinalder til oljealder bd. I. Sjå også Soga om Sagvåg. Om sagbruk og skottehandel skreiv And. Næss i Sunnhordland årbok 1919 og 1920 (på nettet i nb.no).

———-

 

«Sunnhordland»   17.02.20

Fotografiske kulturskattar og wienerbrød

Asbjørn Aasheim

Dei eldste registrerte fotografia me har frå Stord kan tidfestast attende til siste halvpart av 1860-åra. Opphavsmannen er den landskjende fotografen Knud Knudsen (1832-1915). Øya Stord skal han ha vitja to gonger. Truleg var han her første gong i 1868, men eit par fotografi med motiv frå Seminaret vitnar om at han også må ha vore her i 1871-72. Fotografia til Knudsen gir oss ein interessant glytt inn i fortida, og syner på ein god måte korleis det var på Leirvik for 150 år sidan.

Gabrielle Dietrichson er den første fotografen som hadde eiga forretning og atelier på Leirvik. Ho var dotter til sakførar David Gabriel Dietrichson, og fødd på Stord i 1870. Faren døydde tidleg og let etter seg fleire mindreårige born og stor gjeld. Dårleg økonomi førte til at Gabrielle måtte skaffa seg eit levebrød, og då kunne fotografyrket vera eit høvande val. I 1896 vart Gabrielle, eller Bella som ho vart kalla, gift med ein jurist i hovudstaden. Forretninga på Leirvik tok søstera Julie Marie over, og ho dreiv som fotograf fram til 1904. Det året vart ho gift med enkjemannen etter Gabrielle. Me ser at Marie Dietrichson leigde sidebygningen til landhandlar Peder M. Sætre på Leirvik i 1900, men i 1902 sa ho opp denne avtalen og flytta forretninga si lenger ned i Borggata, til urmakar Gulliksen sitt nye hus. 

Cecilie Aarre frå Stavanger overtok fotoverksemda i Gulliksen-huset då Marie reiste, men ho vart berre verande på Stord i tre år. I august 1907 tok kusinene Amalie Knudsen og Villi Brækhus over verksemda, og dreiv fotoforretninga under namnet «C. Aarre’s Eft.». Amalie Knudsen var dotter til kjøpmann Sjur Knudsen på Leirvik. Ho opplevde å verta hundre år og fortalde på sine gamle dagar litt om fotograferinga si. Prospektkort-fotografering var ei viktig inntektskjelde, men det kunne vera utfordrande å bera det tunge utstyret med seg opp i haugane. I 1918 selde jentene forretninga med alt utstyret og heile platesamlinga til konkurrenten Severin Kannelønning.

I tillegg til dei profesjonelle fotografane var det òg nokre dugande og interesserte amatørar som fotograferte på Stord kring førre hundreårsskiftet. Jørgen Grundvig Olsen og Toralf Thorvildsen er dei mest kjende av desse. Det er likevel Severin Kannelønning (1873-1935) som har sett dei djupaste fara etter seg som fotograf på Stord. Sunnhordland Museum har ei unik samling av det fotografiske pionerarbeidet Severin Kannelønning utførte. Mannen var ikkje berre dyktig. Han var òg flittig, for samlinga på museet inneheld 13.820 fotografiske glasplater. Dette er ein eineståande kulturhistorisk og kunstnarleg skatt, som få andre museum kan framsyna. Bileta er den beste kjelda me har til å forstå det som har vore, og ikkje minst for å skjøna kva rivande utvikling Stord-samfunnet har opplevd det siste hundreåret.

Å gå til fotograf var ei storhending, men folk var likevel flinke å ta portrett og gruppebilete i atelier. Fotografane reiste også rundt på gardane med utstyret sitt og fotograferte. Ofte vart det tilkalla fotograf i samband med bryllaup, men og når folk skulle gravleggjast. Både arbeidsliv, gards- og gatemiljø, klesmotar, teknologiske framsteg og anna samfunnsutvikling vert synleggjort på fotografia. I tillegg dokumentarar fotografia historiske hendingar. 

Etter krigen dukka det opp nye fotografar på Stord. I rask rekkjefølgje kan me nemna Trygve Kannelønning, Sven O. Dahle, Egil Halvorsen, Torleif B. Krogstad, Walter og Fritz Nygård, Tor Resser, Bjørn Østrem, Gunnar Hollund, Frank Håvik og Gudrun Storesund. Av desse er det først og fremst Tor Resser som har vidareført tradisjonen etter Kannelønning. Han har fotodokumentert det meste av kva som har rørt seg i distriktet dei siste 60 åra.

Fotografia er kulturminne som er viktig å ta vare på. Tysdag 18. februar kl. 12.00 inviterer Sunnhordland museum og Stord sogelag til foto-kafé i Museumshallen. Samkoma har som mål å skapa blest om fotosamlingane på museet, men kanskje like viktig er det å få opplysningar om personar og hendingar på fotografia. Ta gjerne med deg gamle fotografi og album viss du har lyst å dela desse med andre. Dei som har levd ei stund kan sjå og mimra, dei som er unge kan sjå og læra. Sogelaget vil servera kaffi og wienerbrød.

 

«Sunnhordland»  februar 2020

For fem hundre år sidan. Tilbakeblikk på 1520.

Egil Nysæter

Den viktigaste enkelthendinga i Norden i 1520 var blodbadet i Stockholm. Etter at den dansk-norske kong Kristian 2. i november vart krona til svensk konge, let han avretta ikkje færre enn 94 av den svenske eliten. Men tre år seinare var likevel Sverige ute av Kalmarunionen som hadde vart frå 1397. 

Nordmennene var heilt på sidelinja i dette oppgjeret. Men ikkje heilt. Dei måtte vera med å betala for eit mislukka felttog i Sverige sommaren 1518. Det vart skrive ut ein ekstraskatt, den såkalla tomarksskatten. To mark frå kvar bonde og tenestedreng. På grunnlag av den bevarte skattelista frå 1519 er det rekna ut at det då truleg budde rundt 210 personar innan dei noverande grensene for Stord kommune.

Kva veit me så om desse fjerne stordabuane som levde for 17 generasjonar sidan? Indirekte faktisk ein del. Men om kvar enkelt av dei mykje mindre, i skattelista berre namn og kvar dei budde, og talet på tenestedrenger (utan namn). Men dei bevarte lensrekneskapane for Bergen kongsgard 1516-1523 fortel at mange frå vårt område leverte kalk til byen, kor mykje dei leverte og kva dei fekk som betaling. Eit lite gløtt inn i økonomien. I desse åra hadde den driftige dansken Jørgen Hanssøn, Kristian 2. sin ombodsmann på slottet i Bergen, sett i gang omfattande byggjearbeid med sikte på gjera kongsgarden til eit tidsmessig administrativt sentrum og festning for Vestlandet, eit Bergenhus. Då var det behov for kalk som vart henta først og fremst frå Huglo og frå Tysnes.

Anders på Huglo var ein av dei som selde kalk i 1520. Oppgjeret 10. mars viser at han bytte til seg pengar og sølvlodd, men også eit par tønner korn og ei slegge. Dessutan fire alen grått ufarga vadmål – omtalt som «sølffar» som nok betyr vanleg «salsvare» innført frå Island. Anders kom i gjeld som vart ført inn ei eiga «skuldbok» han fekk med seg. 

«Olaff i Store Brandwig» vart også skuldig etter å ha fått med seg heim tre mark i pengar, ein laup smør (15,4 kg), ei slegge og 15 alen med kvitt ufarga vadmål. I juli 1520 er det notert at han hadde levert 20 lestar kalk (lest: 12 tønner, kvar på 139 liter). Han kvitta seg då med gjelda, og overskotet fekk han utbetalt som sølv, kopar og pengar.

I all hovudsak vart kalken henta av Jørgen Hanssøn sine sveinar på eigne kalkjekter. Rekneskapane gjer greie for kva proviant dei var utrusta med, såkalla «Udspisning». Vederlaget til kalkbøndene i form av pengar og varer skjedde i Bergen. Men det var unntak. Såleis skulle Jon på Haukanes få 15 «tynner korn som han hente pa Hesby» (Finnøy i Ryfylke). Futen der var underlagt kongsgarden i Bergen og hadde ansvaret for innkrevjing av skattar og avgifter i form av korn og ulike husdyrprodukt slik som smør.

Alle dei gardane på Huglo som då var i drift, leverte kalk. Men i tillegg finn me folk frå både Føyno, Haga og Lunde. Om Sevald står berre at han var frå «Stollenn» (Storden). Kalkbøndene leigde gardane sine, var leiglendingar, men disponerte nokså fritt over ressursane på bruket. Det vart ei god attåtnæring som mange huglarar dreiv med heilt til på slutten av 1800-talet.

Kjelder: Lensrekneskapane finst i «Norske regnskaber og jordebøker» (NRJ), tilgjengeleg via Digitalarkivet og Nasjonalbiblioteket. Grundige utgreiingar om kalkproduksjonen, sjå Anstein Lohndal/Arne Sortland: Kalkbrenning på Huglo (Huglo bygdelag 1999). B.E. Bendixen har skrive om «Jørgen Hansen skriver» i Bergens Historiske Forening. Skrifter 1923-1924. Om Stord på 1500-talet: Stord frå steinalder til oljealder bd. I.

 

——–

«Sunnhordland»  januar 2020

Det var den gongen

Atle Bjørn Mæhle

Stord sogelag har i mange år hatt ei fast spalte i Bladet Sunnhordland kvar fjortande dag. Det er eit samarbeid Stord sogelag har sett pris på. Me har også fått mange gode tilbakemeldingar frå lesarane. Medlemmer i Stord sogelag, og i nokre høve andre, har skrive forteljingar frå eldre og nyare tid.

I Bladet Sunnhordland 8. januar 2020 er det eit bilete på side 35 under tittelen «Det var den gongen». Biletet er frå eit skirenn på Solhaug på Fjellgardane i 1979, for 41 år sidan. Det var mykje folk og eit yrande liv. Det var 182 deltakarar. Biletet står også på framsida av boka som eg skreiv i samband med hundreårsjubileet til Stord IL i 2014. Boka heiter «Skisport i havgapet. Soga om skiidretten på Stord». Biletet fortel også om det gode samarbeidet me har hatt med Bladet Sunnhordland. Eg fekk bruka bilete i boka som eg fann i arkivet deira og i gamle blad. Forteljinga om skisporten er nyare historie, men det er viktig å ta vare på, for det fortel om endringane som har skjedd, og det fortel om korleis folk levde og hadde det i ei anna tid.

Under krigen hadde ein ikkje lov å arrangera idrettstevlingar dersom dei ikkje var i regi av den tyskvenlege idrettsorganisasjonen. I Bladet Sunnhordland fann eg ingen referat frå skirenn under krigen. Eg tenkte at då var det truleg ikkje renn dei åra. I arbeidet med boka etterlyste eg stoff som handla om skiidretten på Stord. Eg fekk inn mykje stoff og mange bilete. Ein dag kom dei og sa til meg at dei hadde funne nokre kladdebøker på loftet der Dagfinn Vatna hadde budd. Dagfinn Vatna var ein sentral person i Skigruppa i Stord IL både før og etter krigen. I kladdebøkene stod om skiløp i 1941 og 1942. I 1941 skipa Stord Skilag, som Skigruppa i Stord IL heitte den gongen, fleire langrenn, og i slutten av februar arrangerte dei Sunnhordlandsmeisterskap. Dei siste bilaga var datert 16. mars  og 28. mars 1942. 16. mars kjøpte Stord Skilag 9 diplom hjå Grøndahl & Søns Bokhandel, og 28. mars kjøpte dei 4 pokalar hjå Gullsmed E. Underhaug. Alt måtte vera mest mogleg hemmeleg, så dei fekk koma til Underhaug om kvelden og ta ut pokalar. Skirenna var i området kring Lundarstøl eller høgare oppe i fjellet. Det står ikkje kven som var med.

I 1946 finn eg igjen reportasjar i Bladet Sunnhordland om skirenn. Det var tydeleg stor interesse for skiidretten denne første etterkrigsvinteren. Det var fleire renn, og 10. mars skipa dei eit skirenn med over 100 deltakarar. Denne dagen var det elles to andre storhende i skiidretten på Stord. Hoppbakken Lundekollen vart opna, og det var første gongen det var registrert at det var damer med i tevlingane. Formannen i Stord Idrettslag opna hoppbakken med ein stutt tale, og formannen i Skigruppa Dagfinn Vatna opna rennet med eit flott hopp på 18 meter.

Når ein går gjennom historia om skiidretten på Stord, ser ein at det også i tidlegare tider har vore ujamt med snø her på øya. Men jamt over var det meir stabilt enn det har vore dei siste 20 – 30 åra. Den flotte lysløypa i området Fjellstova/Lundarstøl har mange av desse åra mest ikkje vore i bruk som skiløype.  

Klar til start. Langrenn på Heio januar 1980. 240 deltakarar.

pastedGraphic.png