Stord sogelag

Meny

Rusleturar sommar og haust 2018

Rusletur 28. juni Grov – Agdestein

Undervegs til Agdestein

Stord sogelag skipa til i  rusletur  i området Slettedalen – Boravik – Agdestein torsdag 28. juni. Liv Ingrid Grov var turleiar og fortalde med bakgrunn i sin oppvekst på Grov. Gunnar Strand som har budd på Agdestein, fortalde om hus, gardar og hytter der. Matøkt ved gamleskulen. Om lag 40 var med på turen.

Rusletur 30. juli: Festningen på Bjelland

På veg mot Bjelland

Stord sogelag skipa til rusletur på Bjelland og i Gullberg. Hans Kristian Junge viste rundt og fortalde om festningsanlegget  under 2. verdskrig. Turen gjekk frå Vabakkjen. Om lag 60 var med på turen. Jens Litlabø la opp turen og skreiv ein artikkel i Sunnhordland om Bjellands-festninga under krigen. (Sjå: «Faste avisspalter» i nedrekksmenyen)

Hans Kristian Junge fortel

 

Rusletur på Rommetveit 13. sept 2018

Atle Bjørn Mæhle fortel om nausttufta

Stord sogelag sin siste rusletur i år gjekk i eit kulturhistorisk svært interessant og vakkert område. Rommetveitgardane er gamle busetnader på øya vår, og turen starta i tunet til Per B. Tyse.

Olav Fjell var turleiar og tok oss med gjennom det gamle kulturlandskapet, over Knappane og ned mot Klingenberg, Breivikjo og høgskulen, det historiske Stord Seminarium sitt område.

Nils Tore Gram Økland overtok som omvisar og fortalde om lærarutdanning og bygningar frå starten i 1839 i prestegarden på Tyse. Han greidde ut om mange fasar i bygningshistoria frå 1866 fram til i dag.

Den parkliknande seminariehagen er vide kjent bl.a. for eksotiske treslag . Han fungerte i si tid som ein læringsarena for studentane

Atle Bjørn Mæhle overtok som omvisar og sette Rommtveits-området inn eit historisk perspektiv frå bronsealder til i dag   – med utgangspunkt  i restar etter langskipsnaust og gravhaugar.

Turen vart avslutta med kaffi/te og noko attåt i skulestova frå Børtveit!  Om lag 30 var med på turen.

Kaffidrøs på Børtveit skule