Bjørn Bjørlykke

Meny

Rusleturar 2024

RUSLETUR   1   2024      

Tysdag  14.  mai  kl  17.30  frå parkeringsplassen ved skogsveg,  ovom  brua og svingane.

Stord sogelag  startar årets rusletursesong  med ein tur på Vatna og Øvre Økland.  Gardane der har sjeldan mykje interessant å by på. Desse smakebetane vitnar om det: 

Fyrst ruslar me oppover til tunet på bruk nr 1 på Øvre Økland.  Her vil eigarar,  noverande og førre fortelja frå ei rik soge. Historiske fakta, slekt, driftsmåtar, bygningar, hendingar og anna vil bli fortalt, for det meste av Anders P. 

Nedover gardsvegen vil me få vita meir om dei andre bruka og bygningane der.  Mange hus er gamle, nokre svært gamle, men godt restaurerte. Kunnige Bjørn Arve vil ausa frå sin kunnskap. Grustaket vil få sin omtale.  Veit med kor mykje av grusen vart nytta? Ei spesiell soge. Vidare nedover passerer med Silje sitt nye Kattnakk1-slott. Uthuset i svingen nedanfor.  Kva vart det nytta til?  Steinkvelvingsbrua får sin velfortente omtale.  Det same gjeld Vatnaelva sin påverknad og bruk. Kanskje står det ein hjort i skogkanten medan me ruslar forbi. Vatna-karane som bygde kraftverk for over hundre år sidan får omtale. Vegen, inntaksdammen, røyrgata og demninga ved Ravatnet. Om alt dette,  og meire til,   vert det brei omtale.  

På dei flotte og velstelte bruka på Vatna blir det fleire stopp, med beretningar om slekt, soger, hus og lagnader av ymse slag.   

Avslutninga vert på tunet hos Vigdis, bruk nr 1 med drøs, mimring og kanskje ei skrøne eller to. F. eks. om «den sorte dame». 

Me rettar stor takk til Gunnar Strand.  Han har komponert denne rusleturen med stor iver.   Velkomne  alle  med  sans for soga.