Stord sogelag

Meny

Rusletur i Nordbygdo 2002

Russletur i Nordbygdo   Onsdag 29.04 2002.
Jens Litlabø skreiv ein omfattande førehandsomtale i Sunnhordland under tittelen ’Kulturland-skapet og mennesket. Ein rusletur i Nordbygdo’. Turen starta ved Samhald og me fylgde den gamle vegen opp til den nyreataurerte Prestagarden. Jens Litlabø fortalte om gardsdrifta og om tunet på Tysehaugen. Nils Tore Økland orienterte om korleis Seminaret på Stord vart grunnlagt på Tyse. Bjørn Arve Lunde fortalde om restaureringa av prestebustaden. Prost Svein Arne Theodorsen viste rundt innomhus.Vidare førde Jens Litlabø dei mange turdeltakarane gjennom kulturlandskapet fram til Tveita Nordre, der han også fortalde om husa i tunet og om gardsdrifta. Turen gjekk så til Lundemannsverk der Per Lundemannsverk synte fram det nyrestaurerte eldhuset. Turen vart avslutta på den store gravhaugen Skjelmarhaug like aust for tunet på Lundemannsverk.Om lag 60 deltakarar var med på turen i den fine vårkvelden.
Den gamle vegen frå Samhald til Tyse prestagard.

Den gamle vegen frå Samhald til Tyse prestagard.

Bjørn Arve Lunde fortel om restaureringsarbeidet

Bjørn Arve Lunde fortel om restaureringsarbeidet

Tyse prestagard

Tyse prestagard

Tunet på Lundmannsverk

Tunet på Lundmannsverk