Stord sogelag

Meny

Børtveit og Lundsæter 2002

Rusletur til Børtveit og Lundsæter kraftstajonar  Søndag 15.9.
Harald Kvarme skreiv ein brei førehandsomtale i Sunnhordland med tittelen ’Kraftverk på Stord’.

Ved Børtveit kraftstasjon tok Anders Børtveit, pensjonert mangeårig driftstyrar, mot oss. Han fortalde om bygging og drift både av demning, tunnelar, røyrgate, bygningar og maskineri heilt frå starten på byrjinga av 1920-talet. Saman med Bjarne Agdestein fortalde han levande om dei utrulege arbeidtilhøva i samband med bygginga av ei ny røyrgata i det bratte terrenget i 1938. Me fekk også omvising på ein fin og velhalden arbeidsplass.

Frå Børtveit køyrde me vidare til Lundsæter kraftstasjon der Lars Saue frå BKK tok imot oss. Her fekk me også høyra historia bak anlegget (1930-talet) og korleis det har vorte modernisert etter kvart. Me fekk også forklart og demonstrert korleis maskinane fungerte.

Dette var også ein gjevande tur. At turen vart lagt til sundag ettermiddag var truleg grunnen til at ti deltakarar var med denne gongen.